Gå til innhold
Arkivverket

Anders Olson - fødd i Lærdal i 1800 - voks opp på Havraberg i Luster, men flytte til Nordland på 1830-talet! Lagnaden hans der i nord?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Er det nokon som greier identifisera denne karen og lagnaden hans i Nordland?

 

Anders Olson, fødd på Skjær i Lærdal 9.7.1800, flytte kring 1803 med foreldri sine, Ole Olson og Martha Andersdotter, til Havraberg i Luster og voks opp der.  Han budde framleis på Havraberg då faren døydde i 1833, men då mori døydde som enkje i 1841, heiter det seg at Anders var busett i Nordland, utan nærare adresse, og no er spørsmålet:

 

** Er det mogeleg å finna lagnaden til Anders Olson i Nordland??

 

Egt takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for eit utfordrande innlegg!

 

Først av alt lyt eg få seia, eg følgjer ikkje ALLE indresogningar som flytte nordover, berre dei som på eitt eller anna vis hadde tilknytting til Luster kommune.

 

Lista di inneheld forresten fleire «dublettar»

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038373002359

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052428003840

Den første av desse har du nemnt 3 gongar! - gjeld denne huslyden omskriven under Gnr. 94, La i Joranger sokn, Hafslo:

Anders og Sophia budde først nokre år som innerstfolk på nedre Jørongo.  Ho var f. 20.2.1822.  Anders Olson, døypt 4.5.1815, gifte seg 8.6.1841 med Anna Sophie, kjend som Sophia Johannesdotter frå nedre Jørongo.

Dei fekk sju born i lag:  Anders d. som innerst på Lilleseter i Steigen 2.4.1890, medan Sophia d. som husmannsenkje same staden 23.4.1907.  Der finn me dei først som innerstfolk på Brunes, men kring 1855 slo dei seg ned som husmannsfolk på ein plass under Lund i Steigen der dei sidan vart buande mestedelen av levetidi.  Men i 1848 flytte Anders Olson og Sophia Johannesdotter til Steigen i Nordland.

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052442001000

Denne har du òg nemnt to gongar! - gjeld denne huslyden omskriven under Gnr. 198, Kjervik i Jostedalen:

Anders og Britha var truleg dei som kring 1849 rydda opp att dette bruket som til dagleg har fått namnet Tuften, og her vart dei buande som paktarar fram til 1851.  Ho var f. på Fossen 25.2.1821.  Anders Olson Bjørnskinn, frå Ottemoen under Alsmo i Luster, var f. i Luster 28.1.1821, men flytte tidleg til Jostedalen og gifte seg her 12.10.1848 med Britha Andersdotter frå Flatane under Ormberg.

Anders Olson og Britha flytte våren 1851 til Bergen, men f$pr alt same året vidare til Dverberg i Nordland der dei slo seg ned som plassfolk på garden Bjørnskinn.  Britha gjekk gjennom isen og miste livet ved eit ulukkeshende ved Bjørnskinn 6.12.1862, medan Anders d. på Bleik i Dverberg 9.2.1914.  Han hadde då i mange år butt som enkjemann hjå dotteri Berit.  Me kjenner til fire born etter dei:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038380001376

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000001909097

Den første av desse har du nemnt tre gongar - denne karen er frå Lærdal og ukjend for meg!

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052437002219

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038381001478

gjeld denne huslyden omskriven under garden Hengesteg i Luster (som vert teken opp til drøfting i eige tema)

b. Anders Olsen, f. i Luster 25.5.1848, flytte likeins i 1850-åri med foreldri til Vågan der han 16.6.1881 gifte seg med Edvarda Alida Knutsdotter Knutzen, f. i Kristiansund 31.3.1860.   Dei budde på Holmen i Svolvær og fekk minst åtte born i lag.


 

Då skulle vel liste vera gjennomarbeidd, men framleis ikkje spor etter Anders Olson frå Havraberg, so kvar har han gjort av seg??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne utfordringi!

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.