Gå til innhold
Arkivverket

Anders Christopherson - fødd på Råum i Luster kring 1729 - visstnok oppvaksen på Dvergedal i Sogndal og framleis ilive i 1753, men kvar kan han so ha teke vegen??


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Christopher Sølfestson (1687-1732) og kona Anna Arnesdotter (1683-1739), båe barnefødde på Hafslo, men busette som gardbrukarar på Råum i Luster, fekk berre ein einaste son i lag:

 

** Anders Christopherson, fødd i Luster kring 1729.  Anders vart foreldrelaus i ung alder og skal ha vokse opp hjå skyldfolk på Dvergedal i Sogndal.  Me veit han framleis levde i 1753, men so vert han borte for oss!

 

Er det i det heile mogeleg å finna ut noko om lagnaden hans?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

PS: Det var ein annan Anders Christopherson i Luster på denne tidi, Anders Christopherson Svendsøy (Forthun) (1722-1792), som eg sjølv ættar ifrå, men han var altso ein annan person!!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit nytt innlegg!

 

Det er truleg 30 år sidan eg noterte meg denne referansa til Anders Christopherson, og det står ganske sikkert på kartotekkortet til denne huslyden, men det kortet er lagra i Noreg, og eg er ikkje i stand til å seia kva som står der...  Kan han ha vore fadder ved ein barnedåp i 1753 - kan henda på Dvergedal i Sogndal?  Uansett; det går klart fram at han levde i 1753...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til Anders Christopherson!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne utfordringi frå i fjor.

 

Ein eller annan stad må jo denne karen «gøyma» seg, men kvar i all verdi skal me leita?

 

Eg ser det var ein Anders Christopherson som 12.4.1775 gifte seg i Fjaler med ei Pernille Corneliusdotter, men det er vel ikkje heilt «rett» område...

 

Derimot dukkar det opp ein Anders Christopherson som får fleire born i Gulen:

 

* Christopher Andersson, døypt Randal i Gulen 2.10.1774: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/175

 

* Ingeborg Andersdotter, døypt Randal i Gulen 29.9.1781: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007112875

vart gravlagd i Gulen 2.10.1781: https://media.digitalarkivet.no/view/11444/56

 

* Mons Andersson, døypt Sellvåg i Gulen 30.1.1785: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007113267

 

Ein Anders Christopherson Riisøen vart gravlagd i Gulen 14.1.1795, men ingen alder er oppgjeven: https://media.digitalarkivet.no/view/8643/390

 

I 1801 finn me ei enkje Anna Monsdotter på Sellvåg i Gulen, 61 år, med son Mons Andersson på 16 år: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058391001086

 

MEN, då Christopher vart døypt i 1774, heitte ein av fadrane Haagen Christopherson, og nokon slik bror hadde ikkje «vår» Anders Christopherson!!

 

Elles finn eg ei spennande vigsle i Domkyrkja i Bergen 27.12.1822 der bruri, enkja Maren Hansen, fødd i Nykyrkjesokni kring 1780, vert sagt vera dotter av ein Andreas Christopherson DAHL: https://media.digitalarkivet.no/view/8643/390

 

Kunne han ha teke Dahl-namnet etter Dvergedal?  Det har eg sett døme på før!!

 

MEN, eg finn ikkje denne barnedåpen i Nykyrkja!!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å spora opp Anders Christopherson!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Innlegg #5:

 

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» i fleire år.  Eg har ikkje greidd å trylla fram fleire opplysningar om Anders sidan emnet var oppe sist, men vonar likevel at ein eller kan komma opp med ein «glup» idé om kvar Anders Christopherson kan ha vorte av!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kan PRØVA å skyta på blink, det er du Lars, som er dommar.

 

Anders Andersen Dal døyr i 1783. Antatt født i 1727. Farsnavnet var så som så ...

Kjelda: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000441943

 

Pluss han som døyr i 1785: Andres Dahl, f anttt 1721.

Kjelde: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000445637

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.