Gå til innhold
Arkivverket

Ole Erikson (1607-1670) - frå Råum i Luster til Langeteig i Fjærland - kvar vart det av borni hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg stod konfrontert med alt på 1980-talet, og som eg aldri har greidd å finna ut av.

 

Kanskje er det nokon som har ein «glup» idé?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Erikson Raaum/Langeteig, son av føregåande brukar og herifrå Råum, var f. i Luster kring 1607 og tok over heimebruket etter at foreldri var borte kring 1636.  Ole var gift,

 

     ##### (kven var k0na hans?)

 

     Dei dreiv heimebruket hans på Råum fram til delingi kring 1655.

Kring 1655 flytte Ole Erikson med huslyden sin til Langeteig i Fjærland for å ta over den jordi han åtte i den garden.  Der vart han sidan buande til han d. kring 1670.

 

##### (lagnaden til kona hans?)

 

Manntalet frå 1666 nemner tre søner etter Ole Erikson, og dei var nok alle fødde her på Råum:

 

##### (kan henda fleire born?)

 

 1. Mikkel Olson, f. kring 1638,

Mikkel Olson flytte med foreldri til Langeteig i Fjærland kring 1655 og

 

##### (levde framleis i 1666 – lagnaden hans?)

 

 2. Erik Olson, f. kring 1641,

Erik Olson flytte òg til Langeteig i Fjærland med foreldri sine kring 1655 og tok over heimebruket der etter far sin kring 1670.  Men det gjekk ikkje så mange åri før både mannen og bruket vart borte frå skattelistene,

 

##### (lagnaden hans?)

 

 3. Ole Olson, f. kring 1645,

Ole Olson flytte likeins med foreldri sine til Langeteig i Fjærland kring 1655 og

 

##### (levde framleis i 1666 – lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

No vonar eg at kanskje ein eller annan dreg kjensel på denne huslyden og kan hjelpa meg på veg??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Desse 3 sønnene KAN ha flytta på seg, Lars !

 

Ved å søkja på Sleksforum i "Slekt og Data", Sogn og Fj, Vik kommune, og emnet "2 damer frå Texas ...". Innlegg nr 2, søkte eg på First name, start with: Mi

Birth year, less than: 1640 

så fekk eg 16 stk. Ein av dei var Mikkel Olson Gjerde f ca 1636 i Sogn. Gift 2 ganger. Med ektefelle nr 2 har han ei stor etter slekt. Som du ser på Desendants.

----------

Så blir det mannen der nede i Bayern, deg, som avgjerd om dette er eit bom skot, eller blink !

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner skiftet en Mikkel Olsen Gjerde - det kan se ut som han har barn med første Qvinde og "jedsige Qvinde" - men dette er vel neppe din Mikkel, Lars?

 

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 1a (1698-1700), Skifteprotokollside, Side 23b-24a
Permanent bilde-ID: sk20081121680438
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081121680438
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081121680438.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon og Grethe for spennande og interessante innlegg!

 

Den gamle bygdeboki for Balestrand nemner Mikkel Olson som brukar på Gjerde frå 1660-åri, og han kan godt vera identisk med Mikkel Olson frå Råum/Langeteig, men det hadde vore kjekt å sjå om det er ein eller to Mikkel Olson i Fjærland i manntalet frå 1666!?  Dette manntalet finn eg ikkje digitalisert på nettet!?  Kvar er det?

 

Eg vil vera interessert i å samla detaljopplysningar om dei seks borni etter Mikkel Olson, Ole frå første ekteskapet og Endre, Anders, John, Lucia og Ingrid frå det andre med Solvi Andersdotter, men berre dersom me kan vera so nokolunde sikre på at det berre er ein Mikkel Olson i Fjærland i 1666?  Ifølgje bygdeboki for Balestrand døydde Ole Mikkelson ugift same året som faren (1698), medan Endre (1667-1733) gifte seg med Synneva Andersdotter og tok over garden på Gjerde, Anders forsvinn, John gifte seg og budde likeins på Gjerde, Lucia var ugift, medan Ingrid gifte seg til Vangsnes!

 

Eg har forresten lyst til å nemna at ein annan person med namn Mikkel Olson, fødd i ytre Sogn, i 1701 var tenestedreng på Rønnei i Luster, då 36 år gamal.  Denne Mikkel gifte seg i 1702 til eitt av dei andre bruki på Råum i Luster og døydde der i 1738.  Kanskje var han son av Ole Olson på/frå Langeteig og ein brorson av Mikkel Olson på Gjerde??

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand med denne huslyden og vonar me kan stadfesta at Mikkel Olson på Gjerde verkeleg er «vår» Mikkel...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Manntalet i 1664-66 ser du på øverste linje når du ser på Startsida i DA.

 

MEN materialet er ikkje transkribert, så kva du vil finna ut  av desse "kroke-teikna" ( les: Gotisk skrift ) det er opp til deg, Lars !

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.