Gå til innhold
Arkivverket

Ingebrigt Nilsson (1744-1802) og Britha Sørensdotter (1748-1809) - frå Luster til Bergen kring 1784 - ho attgift med Anders Pederson frå Røsetsæter i Stranda (1778- ) - lagnaden til denne huslyden?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring frå Luster som eg slit med å finna ut av, og no vil eg gjerne høyra om nokon i Brukarforum kan sjå fakta som eg har oversett?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingebrigt Nilsson Dulsvig, frå Dvergsdalen (Svåi) under Nes, vart døypt 12.7.1744 og gifte seg 28.11.1774 med Britha Sørensdotter frå Råumsberget under Råum, f. kring 1748.  Ingebrigt og Britha fekk kring 1776 hand om ein plass i Dulsviki, og me trur det var plassen som Nils Aamundson før hadde hatt her i Dulsviki 3, dei då busette seg på.  Her vart dei buande som plassfolk fram til kring 1784.

Ingebrigt Nilsson og kona Britha flytte kring 1784 til Bergen.  Ingebrigt var arbeidsmann, og han og Britha busette seg på Engen i Bergen.  Ingebrigt vart gravlagd i Bergen 26.9.1802, og 14.8.1803 gifte Britha seg att i Krosskyrkja i Bergen med Anders Pederson frå Røsetsæter i Stranda på Sunnmøre, i Bergen kjend som Anders Rødsetter.  Han var son av Peder Andersson på Røsetseter, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Astrid Arnesdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og vart døypt i Stranda 14.5.1778.  Han var komen til Bergen som soldat og flytte inn på Engen hjå Britha.  So d. Britha Sørens­dotter i Bergen 3.10.1809, og 25.2.1810 gifte Anders Rødsetter seg att i Krosskyrkja i Bergen med Bertha Olsdotter Opland,

 

##### (opphav og opplysningar?)

 

##### (seinare lagnad?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet til Anders Rødsetter?)

 

Me kjenner til tre born etter Britha Sørensdotter, og dei var alle frå første ekteskapet med Ingebrigt:

 

##### (fleire born?)

 

a.

 

     ##### (førenamn? – ikkje oppgjeve i kyrkjeboki for Luster!)

 

     Ingebrigtson/Ingebrigtsdotter, døypt i Luster 31.1.1776,

 

     ##### (lagnad?)

 

b. Nils Ingebrigtsen, døypt i Luster 25.12.1781, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – Bergen 1844??)

 

     Nils flytte med foreldri til Bergen der han 4.12.1814 gifte seg i Domkyrkja med Inger Dorthea Marquardsdotter frå Sandvik i Svanø sokn, Kinn, døypt i Kinn 29.12.1769.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Nils Ingebrigtsen var sjømann, og han og Inger budde ei tid i Haukelandssmuget i Bergen. 

 

     ##### (seinare lagnad? – kvar vart det av dei??)

 

     ##### (fekk dei born?)

 

c. Ole Ingebrigtsen, døypt i Bergen 13.8.1786,

 

     ##### (lagnaden hans? – døydde han ung?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det er underleg korleis denne Anders Pederson Rødsetter berre ser ut til å «forsvinna», og det same gjeld dei tre borni etter Ingebrigt og Britha.  Det første har me ikkje ein gong namnet til...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En enkemann Johannes Olsen Opland gifter seg i KK i 1813:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000434617

 

Men han behøver ikke å ha noe med Berte å gjøre. Du kjenner vel også denne dåpen i KK i 1811:

 

Anna Bertine, datter av Anders Pedersen Røsætter og Berte Olsdatter Opland:

Bergen fylke, Korskirken i Korskirken, Ministerialbok nr. A 6 (1790-1820), Fødte og døpte 1811, Side 146
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321610591.jpg
 

Ane Bertine gravlagt fra Fredens Bolig, KK 20.05.1811:

Bergen fylke, Korskirken i Korskirken, Klokkerbok nr. A 1a (1809-1832), Døde og begravede 1811, Side 8
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321680517.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for innlegget frå sundag om denne huslyden.

 

Det er ikkje so godt å seia so mykje om funni dine.  Johannes Olson Opland KAN sjølvsagt vera ein bror av Bertha Olsdotter Opland, men kvar kan i so fall desse søskeni(?) vera komne ifrå?

 

Hadde me endå greidd å finna Johannes Olson Opland med kone Anna og/eller Bertha med mann Anders Pederson Rødsæter i FT1815?  Eller i dødsfallslistene frå Bergen...?

 

Elles er det nok lagnadane til borni etter Ingebrigt Nilsson som ligg hjartet mitt nærast...

 

Dette vert nok ikkje noki enkel sak å løysa, men eg har lært ikkje å gje opp so lett, og eg vonar sjølvsagt at andre auge kan sjå fakta som eg har oversett...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har sett litt meir på bakgrunnen til Anders Pederson frå Rødsetsæter i Stordalen sokn i Stranda.

 

Foreldri Peder Andersson «Stavseng» og Astrid Arnesdotter «Liid» gifte seg i Stranda 10.6.1770, og i perioden fram til 1787 får dei seks born på Rødsetsæter:

 

* Synneva, døypt 18.8.1771

* Anna Gurine, døypt 21.2.1773

* Arne, døypt 13.8.1775

* Anders, døypt 14.5.1778

* Oline, døypt 14.3.1784

* Anna Sophie, døypt 18.2.1787

 

Men i 1801 er foreldri vortne plassfolk utan jord under Ringset i Stranda: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058417000950

 

Kanskje ei bygdebok for Stordalen/Stranda kan supplera med fleire opplysningar?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordrande huslyden som har lege «i dvale» i over to år.

 

Eg har leitt og leitt, men finn ikkje ut noko meir om desse folki.

 

** Nils Ingebrigtsen og kona Inger Dorthea Marqvardsdotter forsvinn fullstendig!

 

** Ole Ingebrigtsen forsvinn òg fullstendig!

 

** Anders Rødsæter og andre kona Bertha Olsdotter Opland forsvinn likeins fullstendig!

 

Kan dei vera flytte frå Bergen?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingebrigt Nilsson Dulsvig, frå Dvergsdalen (Svåi) under Nes, vart døypt 12.7.1744 og gifte seg 28.11.1774 med Britha Sørensdotter frå Råumsberget under Råum, f. kring 1748.  Ingebrigt og Britha fekk kring 1776 hand om ein plass i Dulsviki, og me trur det var plassen som Nils Aamundson før hadde hatt her i Dulsviki 3, dei då busette seg på.  Her vart dei buande som plassfolk fram til kring 1784.

Ingebrigt Nilsson og kona Britha flytte kring 1784 til Bergen.  Ingebrigt var arbeidsmann, og han og Britha busette seg på Engen i Bergen.  Ingebrigt vart gravlagd i Bergen 26.9.1802, og 14.8.1803 gifte Britha seg att i Krosskyrkja i Bergen med Anders Pederson frå Røsetsæter i Stordalen, Stranda på Sunnmøre, i Bergen kjend som Anders Rødsetter.  Han var son av gardbrukar Peder Andersson på Røsætseter,

 

##### (NB: var i 1801 strandsitjarar under Ringset i Stranda!!)

 

opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – ved vigsli i Stranda 10.6.1770 kalla Stavseng)

 

og kona Astrid Arnesdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – ved vigsli kalla Lid)

 

og vart døypt i Stranda 14.5.1778.  Han var komen til Bergen som soldat og flytte inn på Engen hjå Britha.  So d. Britha Sørens­dotter i Bergen 3.10.1809, og 25.2.1810 gifte Anders Rødsetter seg att i Krosskyrkja i Bergen med Bertha Olsdotter Opland,

 

##### (opphav og opplysningar?)

 

##### (seinare lagnad?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet til Anders Rødsetter?)

 

Me kjenner til tre born etter Britha Sørensdotter, og dei var alle frå første ekteskapet med Ingebrigt:

 

##### (fleire born?)

 

a.

 

     ##### (førenamn? – ikkje oppgjeve i kyrkjeboki for Luster!)

 

     Ingebrigtson/Ingebrigtsdotter, døypt i Luster 31.1.1776,

 

     ##### (lagnad?)

 

b. Nils Ingebrigtsen, døypt i Luster 25.12.1781, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – Bergen 1844??)

 

     Nils flytte med foreldri til Bergen der han 4.12.1814 gifte seg i Domkyrkja med Inger Dorthea Marquardsdotter frå Sandvik i Svanø sokn, Kinn, døypt i Kinn 29.12.1769.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Nils Ingebrigtsen var sjømann, og han og Inger budde ei tid i Haukelandssmuget i Bergen. 

 

     ##### (seinare lagnad? – kvar vart det av dei??)

 

     ##### (fekk dei born?)

 

c. Ole Ingebrigtsen, døypt i Bergen 13.8.1786,

 

     ##### (lagnaden hans? – døydde han ung?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips som kan bidra til oppsporing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Innlegg #6:

 

Det er gått endå halvtanna år sidan denne huslyden var «i fokus», og diverre har eg ikkje greidd å finna ut noko meir om lagnaden deira.

 

Dei kan no vel ikkje berre «forsvinna»?

 

Eg syner til manuskriptet i føregåande innlegg og takkar endå ein gong for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.