Gå til innhold
Arkivverket

Malena Larsdotter (1781-1866) - frå Luster til Bergen - gift med Peder Pedersen (Hole) frå Voss - vanskar med opplysningar om borni deira - ein son Cornelius forsvinn heilt!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg slit med å finna alle dei manglande detaljane om denne huslyden der mori Malena Larsdotter (Lindgjerde) (1781-1866) flytte til Bergen i ung alder, gifte seg og fekk sju born.

 

Eitt av desse borni, sonen Cornelius Olai, fødd i 1823, forsvinn heilt, men kanskje andre auge ser betre enn kva mine gjer?

 

Eg manglar òg ein del andre detaljar...

 

Her følgjer eit manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Malena Larsdotter (Lindgjerde), døypt i Hafslo 28.9.1781,

Malena Larsdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 8.12.1811 gifte seg i Krosskyrkja med Peder Pederson frå Hole på Voss, i Bergen kjend som Peder Pedersen.  Han var son av gardbrukar Peder Pederson på Hole, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – truleg frå Hole!?)

 

og kona Martha Larsdotter frå Igdetveit og vart døypt på Voss 2.11.1783.  Peder var komen til Bergen som soldat ved første livkompani, men fekk sidan arbeid som gesell og daglønar.  Han og Malena busette seg kring 1815 i Nøstegaten i Bergen, og der vart dei buande levetidi ut.  Peder d. i Bergen 15.8.1832, medan Malena Pedersen d. som enkje same staden 3.4.1866.  Dei fekk sju born i lag:

a. Peder Pedersen, f. i Bergen 22.11.1811, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kort etter fødsli?)

 

b. Peter Olai Pedersen, f. i Bergen 1.4.1813, d. i Bergen 21.7.1813.

c. Lars Andreas Pedersen, f. i Bergen 26.8.1815, d. i Stavan­ger 30.4.1904.  Han gifte seg i Domkyrkja i Stavanger 5.4.1848 med Inger Serine Rasmusdotter frå Stavanger, f. i Stavanger 28.8.1827.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – før 1875)

 

     Lars var styrmann og skomakar, og han og Inger budde først i Stavanger til han i 1860-åri tok over barndomsheimen i Nøstegaten i Bergen.  Der vart dei so buande til Lars som enkjemann kring 1890 flytte til ei dotter i Stavanger.  Han og Inger fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Inger Malene, f. Stavanger 14.9.1849

            * Rakel Pernille, f. Stavanger 11.7.1851

            * Peder, f. Stavanger 9.3.1854

            * Laurits Severin, f. i Stavanger 13.6.1858)

 

     i lag.

d. Martha Pedersen, f. i Bergen 2.3.1818, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1875!)

 

     Martha stelte for mor si so lenge ho levde og var sidan hushaldar hjå andre.  Ho var ugift.

e. Petter Martin Pedersen, f. i Bergen 12.12.1820, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1854!)

 

     Han gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 2.3.1849 med Brytteva Johannesdotter frå Brekkhus på Voss, f. på Voss 8.5.1826.  Ho d. som dikselsmannskone i Bergen 9.9.1874.  Som enkje gifte Brytteva seg 29.10.1854 att i Krosskyrkja i Bergen med Anders Sjurson frå Østreim i Lindås, i Bergen kjend som Anders Sjursen.  Han var f. på Lindås 27.2.1829 og d. som dikselmann i Bergen 18.10.1910.  Petter var matros, medan Anders var dikselmann.  Dei budde båe i Bergen, men Brytteva fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

f. Cornelius Olai Pedersen, f. i Bergen 24.3.1823,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

g. Olai Stephanus, visstnok kjend som Stephanus Pedersen, f. i Bergen 11.5.1826, d. i Bergen 29.7.1902.  Han gifte seg i Bergen 10.2.1850 med Severine Oline Olsdotter, f. i Bergen 3.2.1826.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – 1880-åri?)

 

     Stephanus Pedersen var matros, og han og Severine budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – minst ni!)

     born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg set stor pris på hjelp til å finna dei manglande detaljane, særleg sonen Cornelius, og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

g. Olai Stephanus, visstnok kjend som Stephanus Pedersen, f. i Bergen 11.5.1826, d. i Bergen 29.7.1902.  Han gifte seg i Bergen 10.2.1850 med Severine Oline Olsdotter, f. i Bergen 3.2.1826.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – 1880-åri?)

 

     Stephanus Pedersen var matros, og han og Severine budde i Bergen levetidi ut.  Dei fek

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – minst ni!)

     born i lag.

 

Sønnen Julius Andreas, død 1856

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000644736

 

Stephine Peroline Dororthea, død 1853

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000646351

 

Stephanus Olai, 1855

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000007381928

 

Julius Andreas, 1856

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000007382552

 

Stephine Peroline Dorothea, 1853

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000007386513

 

Familien i 1865: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038249008569

Familien i 1875: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052295014184

Familien i 1885? https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01053295037498

Det ser ut som Severine levde i 1891:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052994052419

 

Gamle DA - Severine Oline Pedersen, født Olsen, død 01.02.1894 - arbeidsanstalten???

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=doed1881&gardpostnr=15675&merk=15675#ovre

 

Her er Olai Stefanus og kona i fattigmanntallet for Bergen:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/51/pc00000000049895

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/51/pc00000000049897

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bgfatt274&sideid=427&innhaldid=1&storleik=

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/51/pc00000000052665

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/51/pc00000000052667

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bgfatt275&sideid=262&storleik=125

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det har vore svært so hektiske dagar, og eg seier meg lei for seint svar på dette emnet.

 

Men ikkje desto mindre:  Ein hjarteleg takk går til Lars J., Sven og Grethe for skikkeleg spennande og utfordrande innlegg om denne huslyden!  Eg er direkte imponert, særleg over at du, Sven, fann Cornelius i Amerika.  Det var berre ein mann med dette namnet fødd på Vestlandet kring 1823, so det må vera «rett» mann!  Han verva seg altso til marinen i 1857 og stod framleis i 1860.  Kvar kan han sidan ha vorte av, mon tru...?  Han må vel òg ha fått pass hjå politimeistaren i Bergen då han reiste?

 

Huslyden til Olai Stephanus har òg vore ei sann utfordring!  Då Olai døydde på sjømannshuset i 1902, står det at han var sjømann utan ervingar!!  Det står endåtil at han var ugift!  Men det må jo vera han, tross alt...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #9 nedanfor!

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og vonar sjølvsagt på fleire «gullkorn»...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for interessante og nyttige meldingar.

 

Eg har studert litt på Martha Pedersen, og er komen til at det MÅ vera «vår» Martha som døydde i 1881.

 

Eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #6 følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Malena Larsdotter (Lindgjerde), døypt i Hafslo 28.9.1781,

Malena Larsdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 8.12.1811 gifte seg i Krosskyrkja med Peder Pederson frå Hole på Voss, i Bergen kjend som Peder Pedersen.  Han var son av gardbrukar Peder Pederson på Hole, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – truleg frå Hole!?)

 

og kona Martha Larsdotter frå Igdetveit og vart døypt på Voss 2.11.1783.  Peder var komen til Bergen som soldat ved første livkompani, men fekk sidan arbeid som gesell og daglønar.  Han og Malena busette seg kring 1815 i Nøstegaten i Bergen, og der vart dei buande levetidi ut.  Peder d. i Bergen 15.8.1832, medan Malena Pedersen d. som enkje same staden 3.4.1866.  Dei fekk sju born i lag:

a. Peder Pedersen, f. i Bergen 22.11.1811, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kort etter fødsli?)

 

b. Peter Olai Pedersen, f. i Bergen 1.4.1813, d. i Bergen 21.7.1813.

c. Lars Andreas Pedersen, f. i Bergen 26.8.1815, d. i Stavan­ger 30.4.1904.  Han gifte seg i Domkyrkja i Stavanger 5.4.1848 med Inger Serine Rasmusdotter frå Stavanger, f. i Stavanger 28.8.1827.  Ho d. som styrmannskone i Stavanger 7.1.1867.  Lars var styrmann og skomakar, og han og Inger budde hjå foreldri hennar i Stavanger til Lars som enkjemann sist på 1860-talet tok over barndomsheimen i Nøstegaten i Bergen.  Der vart han buande til han kring 1890 flytte inn hjå ei dotter i Stavanger.  Han og Inger fekk fire born i lag.

d. Martha Pedersen, f. i Bergen 2.3.1818, d. som almisselem i Bergen 25.12.1881, ugift.  Martha stelte for mor si so lenge ho levde og livnærte seg sidan som hushaldar i Bergen.

e. Petter Martin Pedersen, f. i Bergen 12.12.1820, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1854!)

 

     Han gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 2.3.1849 med Brytteva Johannesdotter frå Brekkhus på Voss, f. på Voss 8.5.1826.  Ho d. som dikselsmannskone i Bergen 9.9.1874.  Som enkje gifte Brytteva seg 29.10.1854 att i Krosskyrkja i Bergen med Anders Sjurson frå Østreim i Lindås, i Bergen kjend som Anders Sjursen.  Han var f. på Lindås 27.2.1829 og d. som dikselmann i Bergen 18.10.1910.  Petter var matros, medan Anders var dikselmann.  Dei budde båe i Bergen, men Brytteva fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

f. Cornelius Olai Pedersen, f. i Bergen 24.3.1823, utvandra til Amerika

 

     ##### (utvandringsår mellom 1851 og 1857!?)

 

     og verva seg til den amerikanske marinen i Norfolk, Va. i 1857. 

 

     ##### (tente framleis i marinen Philadelphia, PA i 1860 – seinare lagnad?)

 

g. Olai Stephanus Pedersen, f. i Bergen 11.5.1826, d. på sjømannshuset i Bergen 30.7.1902.  Han gifte seg i Bergen 10.2.1850 med Severine Oline Olsdotter, f. i Bergen 3.2.1826.  Ho d. som arbeidarkone på arbeidsanstalten i Bergen 1.2.1894.  Stephanus Pedersen var matros og sidan lausarbeidar, og han og Severine budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk åtte born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det er no ikkje so mange detaljane som manglar om denne huslyden.  Eg har nettopp lagt inn eit spørsmål i Arkivforum for å sjekka sjømannsrullane for Bergen for Petter Martin og Cornelius Olai.   Kanskje er me heldige...

 

Eg takkar på ny for framifrå innsats for å komplettera denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil gjerne få melda attende at sjømannsrullane no har vorte undersøkte

 

 

og som resultat er dødsfallet til Petter Martin Pedersen komme til rette.  Samstundes veit me litt meir ogso om Cornelius Olai Pedersen.

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Malena Larsdotter (Lindgjerde), døypt i Hafslo 28.9.1781,

Malena Larsdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 8.12.1811 gifte seg i Krosskyrkja med Peder Pederson frå Hole på Voss, i Bergen kjend som Peder Pedersen.  Han var son av gardbrukar Peder Pederson på Hole, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – truleg frå Hole!?)

 

og kona Martha Larsdotter frå Igdetveit og vart døypt på Voss 2.11.1783.  Peder var komen til Bergen som soldat ved første livkompani, men fekk sidan arbeid som gesell og daglønar.  Han og Malena busette seg kring 1815 i Nøstegaten i Bergen, og der vart dei buande levetidi ut.  Peder d. i Bergen 15.8.1832, medan Malena Pedersen d. som enkje same staden 3.4.1866.  Dei fekk sju born i lag:

a. Peder Pedersen, f. i Bergen 22.11.1811, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kort etter fødsli?)

 

b. Peter Olai Pedersen, f. i Bergen 1.4.1813, d. i Bergen 21.7.1813.

c. Lars Andreas Pedersen, f. i Bergen 26.8.1815, d. i Stavan­ger 30.4.1904.  Han gifte seg i Domkyrkja i Stavanger 5.4.1848 med Inger Serine Rasmusdotter frå Stavanger, f. i Stavanger 28.8.1827.  Ho d. som styrmannskone i Stavanger 7.1.1867.  Lars var styrmann og skomakar, og han og Inger budde hjå foreldri hennar i Stavanger til Lars som enkjemann sist på 1860-talet tok over barndomsheimen i Nøstegaten i Bergen.  Der vart han buande til han kring 1890 flytte inn hjå ei dotter i Stavanger.  Han og Inger fekk fire born i lag.

d. Martha Pedersen, f. i Bergen 2.3.1818, d. som almisselem i Bergen 25.12.1881, ugift.  Martha stelte for mor si so lenge ho levde og livnærte seg sidan som hushaldar i Bergen.

e. Petter Martin Pedersen, f. i Bergen 12.12.1820, d. på reise som matros, uvisst kvar,

 

     ##### (kan henda til Østersjøen?)

 

     7.1.1852.  Han gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 2.3.1849 med Brytteva Johannesdotter frå Brekkhus på Voss, f. på Voss 8.5.1826.  Ho d. som dikselsmannskone i Bergen 9.9.1874.  Som enkje gifte Brytteva seg 29.10.1854 att i Krosskyrkja i Bergen med Anders Sjurson frå Østreim i Lindås, i Bergen kjend som Anders Sjursen.  Han var f. på Lindås 27.2.1829 og d. som dikselmann i Bergen 18.10.1910.  Petter var matros , medan Anders var dikselmann.  Dei budde båe i Bergen, men Brytteva fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

f. Cornelius Olai Pedersen, f. i Bergen 24.3.1823, reiste ute som matros frå 1839 og siglde mange år i utanriksfart, men skal ha desertert i Rio de Grande i Brasil i 1853 og er stroken frå sjømannsrullane i Bergen i 1854.  Han verva seg i 1857 til den amerikanske marinen i Norfolk, Va. og tente framleis i marinen i  Philadelphia, Pa. i 1860. 

 

     ##### (seinare lagnad?)

 

g. Olai Stephanus Pedersen, f. i Bergen 11.5.1826, d. på sjømannshuset i Bergen 30.7.1902.  Han gifte seg i Bergen 10.2.1850 med Severine Oline Olsdotter, f. i Bergen 3.2.1826.  Ho d. som arbeidarkone på arbeidsanstalten i Bergen 1.2.1894.  Stephanus Pedersen var matros og sidan lausarbeidar, og han og Severine budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk åtte born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det er ikkje mykje som no manglar her...

 

** Dødsfallet til den første Peder Pedersen, fødd i 1811, er tydeleg ikkje å foinna...?

 

** Men kanskje nokon med lokalkunnskap på Voss kan svara på spørsmålet om opphavet frå Hole?

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 24.3.2017 den 10.44, Lars E. Øyane skrev:

a. Peder Pedersen, f. i Bergen 22.11.1811, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kort etter fødsli?)

 

Jeg kjenner ikke så godt til kirkebøkene for Bergen, men det ser ut til å være forskjellige gravsteder som er notert i ministerialboken ("St. Martini") og i klokkerboken ("Fredens bolig"). Jeg har funnet dødsfallet til Peder i klokkerboken. Død 15.04.1812 og gravlagt 21.04.1812: https://media.digitalarkivet.no/view/8698/14

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for kjempeflott innlegg!

 

Eg har studert den originale kyrkjeboki som du la ved, og dette er ganske sikkert guten me leiter etter!  Korkje eg eller andre har greidd å finna dødsfallet i det digitaliserte dødsfallsregisteret for Bergen, so kan henda er ikkje dette registeret 100% komplett!?

 

Etter dette er det vel, av realisérberre manglar, berre opphavet til bestefaren på Voss som utestår, men kanskje det kjem òg, etter kvart...

 

Ein ny kjempetak for framifrå bidrag!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.