Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Mathias Pedersen (1753-1794) - frå Luster til Bergen - undertollbetjent - kven var kona hans? - har han etterkomarar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Mathias Pedersen frå Luster flytte til Bergen kring 1780 og fekk arbeid som tollburøyert eller undertollbetjent.  Han gifte seg og fekk to born.  Sonen Peder voks opp, men døydde som «almisselem» i 1830 utan at eg kan sjå at han var gift eller fekk born!  Eg har òg vanskar med å finna opphavet til kona Bertha Thorsdotter!

 

Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt for denne «vesle» huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Mathias Pederson (Stokkenes), døypt i Luster 30.1.1753, vart konfirmert i Luster i 1770.

Mathias Pedersen flytte visstnok kring 1780 til Bergen der han 2.7.1786 gifte seg med Bertha Thorsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar? – fadder 1789: Anders Thorsen – bror?? - Fjaler??)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1748!?)

 

Mathias var undertollbetjent, og han og Bertha busette seg i Nordnæsveien på Nordnes i Bergen (1. rode nr. 147) der Mathias d. alt 21.10.1794.  Enkja, som sidan tok til å kalla seg Bertha Mathiesen, d. same staden 24.8.1811.  Dei fekk to born i lag:

a. Anna Birgitte, kjend som Birgitte Mathiesen, f. i Bergen 24.11.1786, vart gravlagd i Bergen 11.1.1792.

b. Peder Mathiesen, f. i Bergen 18.7.1789, d. som almisselem i Bergen 25.11.1830.

 

     ##### (budde ved dødsfallet i Haukelandssmuget – opplysningar elles om Peder?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Her er dåpsforretningane til dei to borni:

 

Anna Birgitte 1786: https://media.digitalarkivet.no/view/8635/136

Peder 1789: https://media.digitalarkivet.no/view/8635/160

 

Ein av fadrane til Anna Birgitte er ein Anders Thorson, som kanskje var ein bror av Bertha, men elles ser eg ikkje nokon namn mellom fadrane som kan hjelpa oss vidare for å finna opphavet til mori...

 

Dersom Anders Thorson framleis budde i Bergen i 1804, er det berre ein som høver i Undersøkjingskommisjonen: Anders Thorson, bordarbeidsmann (snikkar), 55 år, fødd i ytre Holmedal:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=4268&merk=4268#ovre

 

Men eg finn ingen databasar for fødde i Fjaler før 1756, og det vert for seint...!?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×