Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Ullensvang - bygdebokoppslag garden Oppedal kring 1825


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Er det nokon som sit med bygdebøkene for Ullensvang og som kan hjelpa meg med eit oppslag?

 

Ole Larsson og Anna Marie Andersdotter var husmannsfolk på ein plass under Oppedal der minst åtte born var fødde mellom 1809 og 1828.

 

* Er det mogeleg å få greie på kva denne husmannsplassen heitte?

 

* Vart Ole og Anna Marie buande på denne plassen levetidi ut, eller flytte dei bort etter 1828?  I so fall kvar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I følge bygdeboken het plassen Mønsahuset og at de bodde der til 1823, men ikke noe om hvor de ble av. Det står ikke noe annet enn at sønnen Lars Olsson overtok husa etter foreldrene. Siden han er født 1811 må han ha overtatt omtrent på den tiden han giftet seg.

Når Ola begraves i 1856 står det Oppedal.

Endret av Knut Frode Hansen
tilleggsinformasjon
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut Frode for avklarande svar!

 

Formuleringi om at dei budde på Mønsahuset til 1823 høyrest noko merkeleg ut.  Dei var jo plassfolk under Oppedal so seint som i 1828 då yngste dotteri Ingeborg vart fødd!

 

Står det forresten noko om lagnaden til denne Ingeborg?

 

Eg takkar igjen for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har OCR scannet fra Bygdesoga IV / 2, Odda, Ullensvang og Kinsarvik av 1971. side 123 og 124.

(Har forsøkt å rette scannefeil men mulig flere)

 

Plass II, Opedal (Mønsahuset).

1.       Ola Larsson Gjertveit br. 1 (1781-1856, festa ei hustuft under

br. 5 13/10 1823 og fekk opp ei lita stove (som enno står). Bane-

flokken vart så stor at del yngste borna kom på legd.

 

Gift 1808 m. Anna Maria Larsdtr. Møn, Lofthus hr. 8 (1786-

1856) og dei budde i Mønsgarden til 1823. I 1840 melde Rytter

henne for noko smånasking. Det heiter då at ho var «tilbøielig

til drik».

Born:

a.       Anders Riber (1809— ), g. 1834 m. Ingebjørg  Jonsdtr. LoteK

br. 15, bygsla plass på Tveit ved Ålvik (Æb. Kvam II, s. 527)

og var ein flink smed. Sonen Jon Andreas starta mek. Verkstad

i Svolvær.

b. Lars Opedat nf.

c. Magne (1815-1902), b. Espe br. 4, p1. III, Djupevik.

d. Kristina (1819— ), g. 1859 m. em. Ola Olson Lægreid, Eidfjord

(Æb. Eidfjord s. 85).

e. Ola (1822— ), flytte til Stavanger.

f. Lars (1825—67), b. Y. Meland U. br. 3, pl. I, Koren.

g. Ingebjørg (1826— ).

 

 

2. Lars Olsen ovf. (1811-99), overtok huset etter foreldra og

var skomakar.

Gift 1. 1832 m. Gurid Torsteinsdtr. Seljestad O. br. 1 (1810

—1883).

Born:

a.       Anna Maria (1841— ), g. 1858 m. Sjur Larsson Hesthamar K.

br. 1. Dei reiste til Amerika i 1870 med fire bom.

b. Ingrid (1842— ), ug., utv. i 1876 m. dottera Anna (f. 1871).

c. Kristina (1845— ), utv. 1874 til U.S.A., g. der m. Jakob Meyer

Rytter frå Lofthus br. 8, Mønsgarden.

f. Torstein (1849-55), drukna under bading i sjøen.

Gift 2. 1885 m. Pernilda Olsdtr. Fjetland (1845-1931), frå Tysnes.

Born:

g. Gurid Opedal (1885-1947), ug. og budde i huset etter foreldra

    til ho kom på gamleheimen.

Endret av Harald Husebø
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut Frode, Harald og Grethe for nye interessante innlegg om denne huslyden i Ullensvang!

 

Det går fram av bygdeboki at Ole og Anna Maria budde på denne plassen frå 1823 og utover, so då er bustaden avklart.

 

Min interesse i denne huslyden ligg i dotteri Ingeborg.  Ho gifte seg på Voss i 1863 med vognmann og skysskar Paul Moltzau Jæger (med mor frå Luster i Sogn) og døydde i Eau Claire, WI i 1916.

 

Problemet er løyst, og eg takkar igjen for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.