Gå til innhold
Arkivverket

Guri(ne) Andersdotter Feigum, fødd i Luster 1801 - gift i Bergen 1827 med feiarsvein Johann Friedrich Christian Hennichen - forsvinn etter 1834, men to av tre born vart buande i Bergen - sonen Sebastian forsvinn òg!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne jenta frå Luster og mann hennar synest forsvinna frå Bergen etter at huset deira vart selt i 1834, og eg er ikkje i stand til å finna ut kva som skjedde.  Ein av sønene dera forsvinn òg, medan dei to andre borni vart buande i Bergen!

 

Manuskriptet mitt for denne huslyden ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange fantastiske oppdagingar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #9 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nummer 35

 

Telemark fylke, Vestre Porsgrunn, Østre Porsgrunn i Porsgrunn, Ministerialbok nr. 5 (1828-1840), Døde og begravede 1837, Side 184
Permanent bilde-ID: kb20061206040138
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20061206040138
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061206040138.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er nok ein gong skikkeleg imponert!  Hjarteleg takk til Carsten og ikkje minst til Sven for rett og slett fantastiske innlegg om denne huslyden!

 

Carsten fann dødsfallet hennar Maria Magdalene, og so fann Sven att Sebastian Andreas i Vardø, men kanskje endå meir oppsiktsvekkjande var funnet av foreldri i Porsgrunn!!  Korleis i all verdi greidde du å finna ut om det, Sven?  Det er so godt å kunne «konsultera» «ekspertauge» for å finna ut av slike utfordringar, og eg må berre bøyga meg i støvet!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Guri Andersdotter (Feigum), likeins tvilling, vart døypt i Luster 8.2.­1801.­

Gurine Andersen flytte kring 1821 med mori og søskeni til Bergen der ho 22.7.1827 gifte seg i Nykyrkja med Johann Friedrich Christian, kjend som Fredrik Johannson Hennichen frå Schönbeck ved Magdeburg i Sachsen, Tyskland.  Han var son av Johann Michael Hennichen i Schönbeck

 

 

##### (yrkestitel og namn på mori?)

 

 

og f. i Schönbeck, Sachsen

 

 

##### (fødselsdato? – kring 1795?)

 

 

Fredrik Hennichen var feiarsvein, og han og Gurine budde ei tid i Værftsgaten i Bergen, men flytte i 1834 til Porsgrunn då Fredrik vart feiermeistar der.  Gurine d. i Porsgrunn 25.2.1840, medan Fredrik Hennichen d. same staden 3.6.1840.  Dei fekk fire born i lag:

a. Georg Fredrik Fredrikson Hennichen, f. i Bergen 17.11.1826, d. som bakarsvein i Bergen 15.6.1868.  Han gifte seg i Nykyrkja i Bergen 10.10.1852 med Marie Magdalene Rasmussen frå Bergen, f. i Bergen 2.1.1826.  Ho d. som bakarenkje i Bergen 14.5.1899.  Georg Fredrik Hennichen var bakarsvein, og han og Marie budde i Skudevigens Smalgang i Bergen.  Dei fekk fire born i lag.

b. Sebastian Andreas, kjend som Andreas Fredrikson Hennichen, f. i Bergen 19.1.­1829, d. som fiskar på sjukehuset i Vardø 18.3.1890.  Andreas var fiskar og tømmermann og flytte i ung alder til Vardø der han budde levetidi ut.  Andreas var ugift.

c. Augusta Christiane Fredriksdotter Hennichen, f. i Bergen 22.11.1832, d. som kone i Bergen 16.11.1900.  Ho gifte seg i Domkyrkja i Bergen 13.10.1861 med Ellert Rasmussen frå Bergen, ein bror av svigerinna Marie.  Ellert var f. i Bergen 7.4.1833 og d. som bøkkarsvein og enkjemann i Bergen 4.6.1907.  Ellert var bøkkarsvein, og han og Augusta budde i Krohnstad­smuget i Bergen.  Dei fekk seks born i lag.

d. Anna Gurine Fredriksdotter Hennichen, f. i Porsgrunn 30.5.1835, d. i Porsgrunn 19.7.1837.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Bortsett ifrå opplysningar om opphavet til feiaren i Tyskland, er problemet heilt løyst, og eg må igjen få takka for framifrå bistand!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars: Siden du lurer, så var det en liten notis i Den Norske Rigstidende 7. juli 1840 som satte meg på sporet i Porsgrunn

 

henniche.jpg

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for eit nytt interessant innlegg!

 

Eg lyt tilstå eg vert berre meir og meir imponert over kva du greier å finna av opplysningar sjølv frå dei mest «perifære» kjeldene.  Du er gull verd for Brukarforum, Sven!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.