Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Hjermannsætti frå Lærdal - ei grein via Luster til Bergen på 1700-talet, men kva lagnad fekk dei?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne huslyden jobba eg med for over 30 år sidan, og eg har no sett på den på ny.  Nokre detaljar har eg greidd å supplera med, men eg kjem ikkje skikkeleg «til botnen».  Eg står rett og slett «fast», men kanskje andre auge ser betre enn mine?

 

Anna Sophie Pedersdotter Hjermann (1705-1798) gifte seg med husmannen Hans Petterson (1702-1750) på Ongelsneset under Nes i Luster og fekk seks born med han.  Fire av dei har eg bra oversyn over, men so var det dei to som hamna i Bergen, Elen og Nils....

 

Eg attgjev manuskriptet mitt for dei to slik det ser ut i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

 2. Elen Hansdotter (Næs/Hjermann), f. i Luster kring 1728,

Elen Hansdotter gifte seg

 

 

##### (dato og stad for vigsli hennar? – kring 1757?)

 

 

med Knut Pederson frå

 

 

##### (opphavet hans?)

 

 

i Bergen kjend som Knut Pedersen.  Han var son av

 

 

##### (foreldri hans?)

 

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – kring 1721!?)

 

 

Knut og Elen busette seg i Sandviken i Bergen der Knut livnærte seg som fiskar.  Han vart gravlagd frå Sandviken 21.2.1777, medan Elen vart gravlagd same staden 29.8.1783.  Me kjenner til sju born etter dei:

 

 

##### (kan ha vore fleire, men dei var i so fall avlidne før 1798!)

 

 

a. Wilken Hjermann Knudsen, f.

 

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans? – kring 1758!? – kalla Giermand 1801 – kalla Gjerman ved gravferdi! – 1818 bustad Sandv. 1-19)

 

 

     d. som matros i Bergen 28.1.1818.  Wilken var matros og fløtmann og budde i Bergen levetidi ut.  Han var ugift.

b. Synneva Sophie Knudsen, f. i Bergen 5.10.1760, d. som ugift almisselem i Bergen 20.11.1836.

 

 

     ##### (budde 1801 hjå broren Wilken i Sandviksveien i Sandviken som ugift handarbeidar – lagnad?)

 

 

c. Hans Peter Knudsen, f. i Bergen 26.10.1763, d. i Bergen 25.7.1765.

d. Hans Peter Knudsen, f. i Bergen 7.7.1766, d. i Bergen

 

 

     ##### (døydde før 1798 – ikkje funnen konfirmert!!)

 

 

e. Andreas Knudsen, f. i Bergen 18.1.1771, vart gravlagd i Bergen 25.6.1771.

f. Anne Martine Knudsen, f. i Bergen 13.1.1773, vart gravlagd i Bergen 3.8.1779.

g. Anna Kirstine Knudsen, f. i Bergen 1.10.1776,

 

 

     ##### (budde 1801 hjå broren Wilken i Sandviksveien i Sandviken som ugift handarbeidar – lagnad? – kan det vera ho den Anna Kirstine Knudsdotter som 13.6.1813 gifte seg i Krosskyrkja med Ole Ingebrigtson Øyjorden?)

 

 

 

 6. Nils Hansson (Næs/Hjermann), døypt im Luster 25.3.1740,

Nils Hansson Hjermann gifte seg i Luster 25.4.1769 med Engel Christophersdotter Nibe frå Svanø i Kinn.  Ho var dotter av handelsmann og gardbrukar Christopher Olson Nibe på Svano, opphavleg frå

 

 

##### (opphavet hans?)

 

 

og kona Wibecke Christine Ludvigsdotter Martens frå Bergen og vart døypt i Kinn 14.10.1736.  Nils og Engel flytte straks til Bergen og busette seg i Sandviksveien i Sandviken der Nils livnærte seg som

 

 

##### (yrket hans?)

 

 

Nils Hjermann vart gravlagd frå Sandviken alt 4.12.1780, medan Engel vart gravlagd frå dei sjøfarandes fattighus i Bergen 5.3.1802.  Nils log Engel fekk ein son i lag:

 

 

##### (kan det ha vore fleire? – i so fall var dei avlidne før 1798 utan etterkomarar!)

 

 

a. Hans Nilsson Hjermann, f. i Bergen 23.6.1778,

 

 

     ##### (levde i 1798 – lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg ville setja svært stor pris på eventuelle detaljar som måtte kunne finnast om desse huslydane og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for ein viktig dato!  Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #1 tilsvarande!

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ottar for eit svært interessant innlegg!

 

Eg har saumfare skiftet etter Nils Hansson Hjermann frå 1780 i von om at eg kunne finna opplysningar som fortel kva YRKE Nils hadde, men lukkast ikkje med det.

 

Elles stadfester jo skiftet at Nils og Engel ikkje hadde fleire born enn den eine sonen...

 

Men er det «vår» Hans som døydde i Bergen i 1837?  Eg ser det vart halde skifte etter mannen i 1838, so eg har sendt eit spørsmål i Arkivforum for å sjekka dette...

 

Elles ser eg ingen opplagde «kandidatar» til Hans Nilsson korkje i 1801, 1804  eller 1815.  I 1801 er det to Hans Nilsson på 26 år, som båe bur i Krosskyrkjesokni; den eine er tenestedreng, medan hin er ein gift fiskar.  I 1804 har me denne «sjømannsbøkkaren» frå Stavanger, som òg bur i Krosskyrkjesokni:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=4427&merk=4427#ovre

 

I 1815 har me to Hans Nilsson som bur i Krosskyrkjesokni, men alderen er 16-31 år for båe, og då vert dei litt i yngste laget...

 

Ikkje so heilt enkelt dette, men eg takkar igjen for framifrå bistand!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

No er du innom etterkommare etter Hanseaten, Lars.

For svigermor til Nils Hansson som giftar seg i 1769 i Lyster: Wibecke Kirstina Martens f. 1699 er ein Hanseat, iflg Hanseater.no.    

Kjelde:  Person ID I11518 

Hanseater.  

Ein kan også lesa meir om Wibecke Ludvigsdtr på s. 280 / 316 i ei bok som kom ut i 1932, og som ein vil finna på nb.no:

Bergensere på Grønland. Søk på Nibe.http://www.nb.no/nbsok/nb/2d65eff74bc1363cb3c0db3d130bb4df?index=3#315 

Wibecke Ludvigsdtr (1699 - 1742) giftar fyrst m/ Skippar Erik Larsen 6.4.1722 i Nykirken.  Erik Larsen døyr anntagelig i 1729, og ekkja giftar seg då med

Christopher Olson Nibe, gårdbrukar, landhandler og gjestgiver på garden Hellevik, i dåv Svanø sogn. 

3 søner og 2 døttre f. 1731-39.  Ei av desse dtr er Engel som "forvillar" seg inn i Lyster og blir gift der i 1769.

__________________________________________________________

Dette er ikkje noko om ætterkomare, Lars !

 

 

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for eit interessant innlegg om denne hanseatar-ætti!

 

Eg visste ikkje nøyaktig kvar i Kinn Christopher Nibe budde, men non veit eg det: på Hellevik.

 

Eg får ikkje opna denne boki herifrå Tyskland, men kanskje kan du, Jon, fortelja meg om det står noko om kvar Christopher Olson Nibe kom ifrå?  Var ogso han bergensar??

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Bryn

Her er siden som Jon Sværen viste til:

ErikLarsen.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut og Ivar for nye interessante innlegg.

 

Diverre ser eg ingen supplerande opplysningar om opphavet til Christopher Olson Nibe, so då er me like langt...

 

Det finst diverre ikkje noko skifte etter korkje Hans Nilsson Heggernes i 1837 eller Wilken Knudsen Gjermann i 1818, men eg har sett litt meir på yngste dotteri til Elen Hansdotter og Knut Pedersen i Sandviken, Anna Kirstine, og eg har finne opplysningar som heilt klart syner at det verkeleg var ho som i 1813 gifte seg med Ole Ingebrigtson Øyjorden:

 

Her er gravferdi hennar i Sandviken i 1829, dødsdato 15.2.: https://media.digitalarkivet.no/view/8684/567

 

Ikkje berre er alderen temmeleg nøyaktig, men ho budde i same huset i Sandviken (Sandv. 1. rode nr. 19) som broren Wilken og ho sjølv hadde butt i mange år før!

 

Og då finn me òg dødsfallet til mann hennar, Ole Ingebrigtson Øjorden på arbeidsanstalten i 1842: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=1301begr&gardpostnr=21131&merk=21131#ovre

 

Men kven kan han ha vore?  Om fødselsåret stemmer med kring 1776, ser eg i grunnen berre eitt alternativ i Hordaland med Bergen i 1801:  ein (husmanns?)son frå Sørfonden på Stord: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058372001809

 

Men Øyjorden assosierar eg elles med eit område lengst ute i Sandviken der Handelshøgskulen i dag ligg!?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #16 nedanfor

 

Kanskje greier nokon å identifisera Knut Pedersen, fødd kring 1721?  Namnet på eldste dotteri Synneva Sophie KAN antyda Synneva, sidan mor hennar Elen Hansdotter heitte Anna Sophie!?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å kartleggja denne greini av Hjermanns-ætti og vonar på fleire «gullkanta» opplysningar...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Bryn

I "Haram bygdebok" bd. 1 fra 1947 står det om en tingsak i Vatne fra 1705 der "tollvisitøren Ole Nibe" ble budsendt. Han er vel trolig identisk med "tollbetjenten Ole Pedersen Nibe" som er nevnt i boka "Brunholmen og Molja", utgitt av Sunnmøre Museum 1987. Om ham står det under omtalen av Willum Henriksen Wessel (borgerskap i Bergen 1669, død 1702): "I 1704 ser tillbetjenten Ole Pedersen Nibe, seinare kremmar på Vattøya, ut til å ha budd på Brunholmen, men utan å drive handel."

 

I Herøyboka fra 1972 dukker denne Ole Nibe også opp, Han er involvert i en tingsak fra 1712. Da er han omtalt som "Ola Nibe på Flåvær" og et annet sted som "Ola Pederson Nibe, som i desse tider budde på Flåvær". Dette var i 1716-1717.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut for spennande opplysningar frå Sunnmøre.  Det høyrest jo ut som om Christopher Olson Nibe har vore ein son av denne Ole Pederson Nibe, men er det mogeleg å prova det?  Og kvar skal me seia at denne huslyden hadde siste bustaden deira, Flåvær i Herøy eller Vattøya i Ulstein?

 

Eg har kommentert saki i manuskriptet i innlegg #10 ovanfor...

 

Eg takkar nok ein gong for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Bryn

Når man googler "Ole Pedersen Nibe", finner man flere brikker til puslespillet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut for siste kommentar!

 

Eg har freista googla «Ole Pedersen Nibe», men får ikkje opp noko som helst av interesse.  Kanskje heng det i hop med at google her er «peila inn» mot Tyskland og «tyske behov»...?

 

Har du greidd å finna noko som syner den endelege bustaden til denne huslyden eller ei stadfesting av at Christopher var son til Ole Pederson Nibe?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Bryn

Jeg hadde ikke tid til å se på detaljene eller legge inn lenker i formiddag, men nå ser jeg at en av lenkene fører til skiftet etter Ole Pedersen Nibe.

Av skiftet framgår bl.a. flg:

  1. Skifteforretningen ble holdt på Vattøen i Ulstein 3. mars 1742 "for at Slutte og til Endebringe Skifftet effter Sal. Afgangne Ole Pedersen Nibe som fra Nest afvigte 28 Juny har henstaaet".
  2. Enken Engel Clausdatter Fentzen var til stede
  3. Tidlig i skiftet gjengis et brev fra Christopher Nibe datert Hellevigen 6. nov. 1741 hvorav det framgår at han var sønn av arvelateren.

Så da er i alle fall det avklart. Om det er behov for mer informasjon om Ole Pedersen Nibe, så går det kanskje an å lese noe ut av disse nettsidene:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut for avklarande svar med omsyn til opphavet til Christopher Olson Nibe.

 

Sjølv har eg søkt litt meir etter opphavet til Ole Ingebrigtson Øyjorden, og endeleg fann eg foreldri hans som kommunikantar i Krosskyrkja to gongar i 1790:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/321/pn00000000127994

 

og

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/321/pn00000000127994

 

og her er dåpen til Ole i Krosskyrkja 28.4.1784: https://media.digitalarkivet.no/view/8675/216

 

Kan henda budde dei på Øyjorden i Sandviken?  Uansett, den delen av problemet er løyst!!

 

Då legg eg her inn ein oppdatert versjon av manuskriptet til erstatning for manuskriptet i innlegg #10 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

     2. Elen Hansdotter (Næs/Hjermann), f. i Luster kring 1728,

Elen Hansdotter gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hennar? – kring 1757?)

 

med Knut Pederson frå

 

##### (opphavet hans?)

 

i Bergen kjend som Knut Pedersen.  Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – kring 1721!?)

 

Knut og Elen busette seg i Sandviken i Bergen der Knut livnærte seg som fiskar.  Han vart gravlagd frå Sandviken 21.2.1777, medan Elen vart gravlagd same staden 29.8.1783.  Me kjenner til sju born etter dei:

 

##### (kan ha vore fleire, men dei var i so fall avlidne før 1798!)

 

a. Wilken Hjermann Knudsen, kjend som Wilken Knudsen Gjermann, f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans? – kring 1758!? – bustad Sandv. 1-19)

 

     d. som matros i Bergen 28.1.1818.  Wilken var matros og fløtmann og budde i Sandviken i Bergen levetidi ut.  Han var ugift.

b. Synneva Sophie Knudsen, f. i Bergen 5.10.1760, d. som ugift almisselem i Bergen 20.11.1836.

 

     ##### (budde 1801 hjå broren Wilken i Sandviksveien i Sandviken som ugift handarbeidar – lagnad?)

 

c. Hans Peter Knudsen, f. i Bergen 26.10.1763, d. i Bergen 25.7.1765.

d. Hans Peter Knudsen, f. i Bergen 7.7.1766, d. i Bergen

 

     ##### (døydde før 1798 – ikkje funnen konfirmert!!)

 

e. Andreas Knudsen, f. i Bergen 18.1.1771, vart gravlagd i Bergen 25.6.1771.

f. Anne Martine Knudsen, f. i Bergen 13.1.1773, vart gravlagd i Bergen 3.8.1779.

g. Anna Kirstine Knudsen, f. i Bergen 1.10.1776, d. i Bergen som dikselsmannskone 15.2.1829.  Anna Kirstine gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 13.6.1813 med Ole Ingebrigtson Øyjorden frå Bergen, kjend som Ole Ingebrigtsen.  Han var f. i Bergen 23.4.1784 og d. som almisselem på arbeidsanstalten i Bergen 30.1.1842.  Ole var dikselmann, og han og Anna Kirstine budde i Sandviken i Bergen. 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – ingen?)

 

 6. Nils Hansson (Næs/Hjermann), døypt i Luster 25.3.1740,

Nils Hansson Hjermann gifte seg i Luster 25.4.1769 med Engel Christophersdotter Nibe frå Hellevik i Svanø, Kinn.  Ho var dotter av handelsmann, gastgjevar og gardbrukar Christopher Olson Nibe på Hellevik, opphavleg frå Vattøya i Ulstein, og kona Wibecke Christine Ludvigsdotter Martens frå Bergen og vart døypt i Kinn 14.10.1736.  Nils og Engel flytte straks til Bergen og busette seg i Sandviksveien i Sandviken der Nils livnærte seg som

 

##### (yrket hans?)

 

Nils Hjermann vart gravlagd frå Sandviken alt 4.12.1780, medan Engel vart gravlagd frå dei sjøfarandes fattighus i Bergen 5.3.1802.  Nils og Engel fekk ein son i lag:

a. Hans Nilsson Hjermann, f. i Bergen 23.6.1778,

 

     ##### (levde i 1798 – lagnaden hans? – ?kan henda d. på sjukehuset i Bergen 10.4.1837 som Hans Nilsson Heggernes?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Og då vil eg endå ein gong få takka for framifrå bistand til å kartleggja denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×