Gå til innhold
Arkivverket

Tre småjenter av Bremer-ætti frå Luster til Bergen på 1790-talet, men kva lagnad fekk dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Johannes Paulson (1745-1791), frå garden Loven i Luster, gifte seg i 1769 med Kirstina Ørbech Jensdotter Bremer (1747-1790) frå Marifjøra i Hafslo, og dei busette seg som husmannsfolk på Ongelsneset under Nes i Luster.  Dei fekk i alt åtte born, men to døydde som barn.  Seks born levde att etter dei då dei båe døydde i 1790/1791.  Dei tre eldste, sønene Jens Bremer Johannesson og Jan Johannesson og dotteri Øllegaard Ørbech Johannesdotter, var nesten vaksne då foreldri døydde, og dei greidde seg på eigi hand i Luster og Hafslo, men dei tre yngste jentene vert borte for oss:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 nedanfor!

 

Borni er nemnde i eit stort utskifte som vart halde etter Anna Bjørnsdotter på Bolstad i Luster i 1792: https://media.digitalarkivet.no/view/24143/229?indexing=

 

Referansa til at Metta skulle vera på hospitalet i Bergen i 1799 er eg i farten ikkje i stand til å finna att, men eg vil tru det er ho som er lista opp her på St. Jørgen i FT1801:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390013679

 

og her er konfirmasjonen hennar på St. Jørgen i 1798: https://media.digitalarkivet.no/view/8743/117

 

Kanskje var Bertha der òg?  https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390013704

 

Elles hadde mor deira, Kirstina Ørbech Jensdotter Bremer, fleire søstrer i Bergen, og det kan vera grunn god nok til at småjentene hamna der:

 

** Anna Nagel Jensdotter Bremer (1740-1801) var gift med skoflikkar Knut Olsen (1732-1807) - hadde ingen overlevande born

 

** Metta Marie Jensdotter Bremer (1742-1809) var gift med matros Lars Pedersen (1722-1799) - hadde heller ingen born - 1801: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390009173

 

** Alida Marie Jensdotter Bremer (1744-1822) var gift med landhandlar Nils Paul Elbing Kofoed (1741-1787) - hadde sju born som voks opp, og fleire av dei var alt gifte og hadde egne huslydar på den tidi som småjentene etter Kirstina vart «utplasserte»...

 

Eg ville sett stor pris på opplysningar om dei tre jentene frå Ongelsneset og vonar at dei kan sporast opp - i Bergen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

? En Berthe Christine Johannesdtr. født 1778 død i Bergen 9.3.1824

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000454036

 

Kan være Berthe og Anne i 1815? http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1815&gardpostnr=11627&merk=11627#ovre

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. og Ottar for spennande og interessante innlegg!

 

For å ta Metta først, so var det ei kusine av Metta den Mette Christine Ørbech Bremer som i 1810 gifte seg med Lars Johnsen.  Metta og søstrene hennar hadde nemlig òg ein morbror Hans Ørbech Jensson Bremer (1734-1814) som vart buande i Hafslo, og eldste dotteri hans var denne jenta:

 

~~~~~~~~~~

 

 2. Metta Kirstine Ørbech, kjend som Kirstina Hansdotter Bremer, døypt 16.5.1784,

Kirstina Bremer flytte i ung alder til Bergen der ho 13.5.1810 vart gift med Lars Johnson frå Totland i Hosanger, i Bergen kjend som Lars Johnsen.  Han var son av husmann John Hansson i Totlandsvik under Totland, opphavleg frå Reknes i Masfjorden, og kona Aasa Andersdotter frå Sætre på Lindås og var truleg f. i Hosanger kring 1782, men er ikkje innført i kyrkjeboki der.  Lars var matros og sidan arbeidsmann.  Parfolket busette seg i Søndre Bothullet i Bergen der Lars d. 20.11.1826.  Kirstina Johnsen d. same staden 25.12.1847.  Dei fekk fire born i lag:

a. Hans Jørgen Fredrik Larsson Johnsen, f. i Bergen 25.7.1811, d. i Bergen 8.3.1846.  Hans gifte seg i Fana 18.6.1840 med Mille Juul Rosenvinge Hansdotter Schøller, f. i Verdalen 9.3.1817.  Ho d. i Bergen 10.9.1884.  Som enkje gifte Mille seg 28.5.1855 att i Bergen med Gerhard Olsen Nicolaysen, f. i Bergen 15.9.1822.  Han d. i Bergen 11.2.1912.  Hans Johnsen var skreddarmeister, medan Gerhard var matros og sidan arbeidsmann.  Mille budde i Bergen med båe ektemakane sine og fekk i alt seks born; av dei var tre frå første ekteskapet med Hans Johnsen.

b. Johan Larsen, f. i Bergen 28.12.1812, var matros, men d. ugift i Bergen 26.8.1840.

c. Aase Charlotte Larsdotter Johnsen, f. i Bergen 13.7.1815, d. i Bergen 24.7.1846.  Ho gifte seg i Bergen 16.6.1839 med Iver Martin Nielsen.  Han var f. i Bergen 27.12.1811 og flytte som enkjemann til Barbodal i Austre Moland, Arendal der han gifte seg att. 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - Arendal etter 1865?)

 

     Iver Nielsen var hattemakarsvein i Bergen og hattemakar i Arendal.  Han fekk i alt seks born; av dei var fire frå første ekteskapet med Aase Johnsen.

d. Georg Fredrik Larsen, f. i Bergen 13.4.1817, vart gravlagd i Bergen 26.6.1817.

 

~~~~~~~~~~

 

Bortsett ifrå lagnaden til hattemakar Iver Nielsen i Arendal, er denne biografien «komplett»...

 

Når det gjeld Metta Johannesdotter, er det vel meir truleg at ho døydde ung på St. Jørgen Hospital, men so var det å finna ho...?

 

Elles ser Bertha Christine frå 1824 absolutt ut til å kunne vera den eldste av dei tre søstrene, og då er det nok ho og søsteri Anna som var der i 1815!?  Rett nok står det om Bertha at ho var «af Byen», men ho hadde jo butt  Bergen sidan 1790-åri og var soleis ikkje «innsend» frå nokon annan stad.  Det næraste me kjem om Bertha Christine Johannesdotter skulle vera fødd i Bergen, er denne jenta fødd i Krosskyrkjesokni 8.9.1774:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=13540&personpostnr=38930&merk=38930#ovre

 

men aldersavviket vert vel litt i største laget...

 

Eg har oppdatert og erstatta manuskriptet mitt frå innlegg #1 med dei nye opplysningane:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

 6. Bertha Kirstine Johannesdotter, døypt i Hafslo 28.5.1778,

Bertha Johannesdotter flytte

 

##### (n. 1792 - ikkje konfirmert i Luster – lagnaden hennar? – truleg på St. Jørgen Hospital i 1801 og 1815 og d. der 9.3.1824, ugift?)

 

 7. Metta Kirstine Johannesdotter, døypt 12.3.1781,

Metta Johannesdotter flytte til Bergen

 

##### (n. 1792 – ikkje konfirmert i Luster – 1799: «svag og patient paa Hospitalet i Bergen» - kan henda spedalsk? – truleg konfirmert på St. Jørgen Hospital i 1798 og busett der i 1801 – lagnaden hennar?)

 

 8. Anna Marie Johannesdotter, døypt 23.3.1783,

Anna Marie Johannesdotter flytte

 

##### (n. 1792 – ikkje konfirmert i Luster – truleg på St. Jørgen Hospital i 1815 – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar nok ein gong for framifrå bistand med denne huslyden og vonar på fleire «gullkorn»...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.