Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Halvor Pederson (1731-1782) og Synneva Pedersdotter (1742- ), søsken frå Hafslo via Luster til Lom - huslydane deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Huslyden til Halvor Pederson vart første gongen drøfta i det gamle Brukarforum i 2006:

 

 

og mange fine opplysningar kom til den gongen.  Sidan har eg supplert med nokre detaljar, og dessutan har eg teke med søsteri Synneva Pedersdotter, som òg forsvann frå Luster nokre år etter Halvor, og som eg mistenker for å vera flytt til Lom, men so langt har eg ikkje finne prov på dette.  Det som me veit sikkert, er at Synneva var avlidi før 1809 utan å etterlata seg levande born.  Ho er nemlig ikkje nemnd i skiftet etter den barnlause broren Iver Pederson som døydde i Hafslo dette åretr:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24146/409?indexing=

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for dei to søskeni og borni deira:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Halvor Pederson Feigum, frå Morki i Hafslo, vart døypt i Hafslo 4.8.1731 og gifte seg første gongen i Luster 15.10.1761 med enkja Siri Larsdotter, opphavleg frå Bakken i Jostedalen.  Ho var f. i Jostedalen kring 1697 og hadde før vore gift med gardbrukar Aamund Tørrisson på Feigum (bnr. 1) (1686-1753).  Ho d. som husmannskone på Feigum hausten 1762.  Truleg hadde Siri alt butt på Feigøyri ei tid før ho vart attgift med Halvor, so han flytte inn her då han gifte seg med ho.  Men då Siri fall ifrå alt året etter, slutta Halvor med plassen.  Dei fekk ikkje born i lag.

Halvor Pederson flytte som enkjemann kring 1764 til Lom der han 7.4.1766 gifte seg med Brit Olsdotter frå Storøygarden, Lyngvesøygarden nordre.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Olson på Storøygarden, opphavleg frå Laingi, og kona Marit Johannesdotter frå Bøye i Skjåk og vart døpt i Lom 28.11.1734.  Halvor og Brit tok over som gardbrukarar på Storøygarden, Lyngvesøygarden nordre i Lom etter foreldri hennar, og derifrå vart Halvor gravlagd 16.3.1782.  Brit Olsdotter budde ved hundreårsskiftet på Graffersøyi i Lom, men vart gravlagd frå Frøysehagen i Lom 12.5.1805.  Brit fekk i alt seks born, fire frå ekteskapet med Halvor Pederson og to frå før:

a. Mari Pedersdotter, dotter av Brit og gardbrukarsonen Peder Olson frå Kroke søndre (1732-

 

     ##### (dødsåret hans?)

 

     vart døypt i Lom 24.3.1748, men vart gravlagd i Lom alt

 

     ##### (6.9.1748? – 1 ½ år?)

 

     1748.

b. Ole Halvorson, son av Brit og gardbrukarsonen Halvor Syverson frå Marstein søndre i Lom (1725-

 

     ##### (sidan busett på Kvamme i Lom og d. der 1775, 49 år?)

 

     vart døypt i Lom 11.11.1753 og d. som husmann under Gaupar i Lom 12.8.1822.  Han gifte seg i Lom 30.6.1784 med Anna Knutsdotter frå

 

     ##### (ukjent opphav – NB: 50 år ved dødsfallet!)

 

     Ho var f. kring 1743, truleg i Lom, og vart gravlagd frå Hoftastugu i Lom 17.3.1801. 

 

     ##### (husmann fleire stadar – Rustahaugen under gnr. 123, Søre Øyjordet under Gaupar søndre i Lom frå 1790-åri, 1801 under Hoft, husmann under Gaupar då han døydde!)

 

     Dei fekk fire born i lag.

c. Anna Halvorsdotter, døypt i Lom 31.5.1767, d. som husmannskone på Graffermoen i Lom 25.8.1836.  Ho gifte seg i Lom 19.1.1798 med Jacob Madsson frå Graffersøyi under Graffer.  Han vart døypt i Lom 27.12.1772 og d. på Grafferøyi 22.3.1844.  Jacob og Anna tok over som husmannsfolk etter foreldri hans på Graffersøyi under Graffer i Lom og fekk fem born i lag.

d. Marit Halvorsdotter, døypt i Lom 9.4.1769, d. som kårenkje på Haukdalen i Lom 9.9.1852.  Marit gifte seg i Lom 12.4.1795 med Ole Rasmusson frå

 

     ##### (opphavet hans? – frå Haukdalen?)

 

     Han vart døypt i Lom 16.5.1765 og d. som kårmann på Haukdalen 5.12.1846.  Marit og Ole var husmannsfolk på Haukdalen undert Lii i Lom, men kjøpte ut plassen og var sjølveigarar frå 1810.  Dei var barnlause.

e. Johannes Halvorson, døypt i Lom 24.11.1771, d. som husmann i Frøisehagen i Lom 18.2.1838.  Han gifte seg i Lom 16.4.1799 med Synne Johnsdotter frå Kjæstadkjørri under Kjæstad, døypt i Lom 20.9.1778.  Ho d. som kårenkje i Frøisehagen 29.3.1855.  Johannes og Synne var plassfolk i Frøisehagen under Åbustrand søndre i Lom og fekk tre born i lag.

f. Ole Halvorson, døypt i Lom 17.12.1775, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1839!)

 

     Ole gifte seg i Lom 22.10.1799 med Anna Olsdotter frå Duvdalen i Lom, døypt i Lom

 

     ##### (dåpsdatoen hennar?)

 

     1778.  Ho d. som legdelem og enkje under Kvåle i Lom 2.10.1839.  Ole og Anna var plkassfolk fleiure stadar i Lom, til sist på Kvalsstugu nordre under Kvåle i Lom.  Dei fekk fire born i lag.

 

~~~~~~~

 

Synneva Pedersdotter Feigum, søster av føregåande husmann og likeins frå Morki i Hafslo, vart døypt i Hafslo 4.2.1742, men flytte til Feigøyri på same tid som broren i 1761.  I motsetnad til Halvor vart ho visstnok buande her på plassen like til kring 1770, også etter at det var kome nye folk hit.

Synneva Pedersdotter flytte kring 1770 til

 

##### (seinare lagnad? – kan henda til Lom??)

 

##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – d. før 1809 utan å etterlata seg born!!!)

 

Synneva fekk to born, medan ho budde på Feigøyri:

a.

 

     ##### (namn? – då leigarmålssaki kom for retten, vart det utlagt to barnefedrar, gardbrukar Ove Andreas  Jonasson Leyrdahl i Kroken (1728-1784) og husmann Svend Pederson på Skophammar under Kroken i Hafslo (1737-1816), men begge nekta skyld, og noki avgjerd kan me ikkje sjå at saki fekk)

 

     f. kring 1762,

 

     ##### (seinare lagnad? – d. barnlaus før 1809!)

 

b. Peder Tollefson, døypt i Luster 3.1.1769, var son av Synneva og sagmeister Tollef Anfindson på Feigesagi under Feigum (1711-1790), vart døypt i Luster 3.1.1769, flytte

 

     ##### (lagnaden hans? – d. barnlaus før 1809!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar det let seg gjera å føya til ein og annan detalj, og særleg hadde det vore kjekt å finna spor etter Synneva og borni hennar!?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Legger for ordens skyld inn skiftet etter Iver: 

 

Namn arvtakar: Iver, Pedersen 
Gard: Lemvigsgaarden, nr.:1
Husmannsplass:  
Yrke: Mann
Skipreide: Solvorn
Protokoll/side: 12b-415
Datering: 1809-1813
Dato: 11.4.1809
Eiga: 256 Dalar, 1 ort, 15 skilling
Gjeld: 253 Dalar, 1 ort, 15 skilling
Netto: 3 Dalar, 0 ort, 0 skilling
Merknad: To Anna i skiftet
Personar i skiftet :
(1) Halvor Pedersen Død Bror
(2) Anna Halvorsdatter Gudbrandsdalen Brordatter
(3) Gudbrandsdalen Gift med Anna
(4) Martha Halvordatter Brordatter
(5) Gift med Martha
(6) Johannes Pedersen Død Bror
(7) Peder Johannesen Brorsøn
(8) Christopher Johannesen Myndig Brorsøn
(9) Ingerie Pedersdatter Død Søster
(10) Peder Gierdsen MyndigStenehiem, Sogndal Søstersøn
(11) Anna Johannesdatter Søsterdatter
(12) Anna Johannesdatter Søsterdatter
(13) Ole Pededrsen Kreditor
(14) Guro Siursdatter Kreditor
(15) Ingeborg Christopherssdatter Kreditor
(16) Hartvig Irgens Kreditor
(17) Peder Gierdsen Kreditor
(18) Sorenskrivaren Kreditor
(19) Sorenskrivaren Kreditor
(20) Lensmand Bremer Kreditor
(21) Lensmand Bremer Kreditor
(22) Lensmand Bremer Kreditor
(23) Lars Arnesen Grov Kreditor
(24) Niels Jensen Hagen Gift med Anna
(25) Niels Jensen Hagen Kreditor
(26) Peder Kiørlaug Kreditor
(27) Ole Pedersen Siøthun Kreditor
(28) Lensmand Westrem Kreditor
(29) Hans Johannesen Steenehiem Myndig Søstersøn
(30) Lars Erichsen Øvrebøe Kreditor
(31) Peder Larsen Øvrebøe Kreditor
(32) Johannes Halvorsen MyndigGudbrandsdalen Brorsøn
(33) Lensmand Bremer Kreditor
(34) Christen Bremer Kreditor
(35) Lars Arnesen Grov Kreditor
(36) Ole Halvorsen MyndigGudbrandsdalen Brorsøn
(37) Lensmand Bremer Kreditor
(38) Ole Pedersen Lemvigsgaarden Gift med Anna
(39) Johannes Lilleskow Kreditor

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for innlegging av den transkriberte utgåva av skiftet etter Iver Pederson frå 1809.  Opplysningane er dei same, men denne utgåva er jo lettare å lesa...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.