Gå til innhold
Arkivverket

Ole Danielsen (1746-1797) - frå Feigum i Luster til Nytappen i Sogndal - gift med enkja etter Henrik Pederson Nitter (1735-1776) og flytte til Bergen - huslyden deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ole Danielsen var ein av mange lustringar som flytte til Bergen på slutten av 1700-talet.  Han gifte seg med ei enkje og flytte i Bergen.  Det var i alt tolv born i denne huslyden, og fleire av desse har eg vanskar med å halda «styr» på!

 

Kanskje nokon ser noko som mine auge har oversett?

 

Manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter interessant oppdaging av Ivar er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #$3 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

a. Øllegaard Helene Henriksdotter Nitter, døypt i Sogndal 23.6.1771, d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

-------------------------------------------------------------------

Øllegaard Helene Nitter var død da sønnen Herman Didrich ble døpt 6.12-1805 -(moren afgangen)

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000009227269

   
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for eit interessant innlegg!

 

Her er då dødsfallet hennar:  http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=64064&merk=64064#ovre

 

Det går elles fram av undersøkjingskommisjonen 1804/1805 at Henrik Olai f. 11.12.1799 budde «hos Faderen som er Borger og Høcker»

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=6467&merk=6467#ovre

 

so då er kanskje dette borgarskapet til Ole Olsen, høker, fødd i Hardanger?

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bergensbbok&sideid=103&innhaldid=5&storleik=

 

Eit oppdatert manuskript følgjer som erstatning for manuskriptet i innlegg #1;

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter at det har vorte oppdaga at eldste barnet i denne huslyden var utelete, har eg erstatta dette manuskriptet med eit nytt i innlegg #8 nedanfor!

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten og Ivar for nye interessante og verdifulle innlegg!

 

Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #3 tilsvarande.

 

Kven kan Elisabeth Marie vera?  Hjå FamilySearch finn eg i grunnen berre ei som høver, fødd i Øksnes i 1776...

 

Den Abraham Tosche som døydde i 1809, er ein annan og mykje eldre person, jmf. FT1801: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390001852

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg fått avkrefta at Elisabeth Mare Andersen/Andersdotter kan vera frå Øksnes.  Jenta frå Øksnes vart gift på ein annan kant og flytte ikkje til Bergen!

 

Elles har det skjedd at eg er vorten gjort merksam på at eit det eldste barnet i denne huslyden mangla, ei Øllegaard Helene #1.  Eg har difor erstatta manuskriptet i innlegg #3 ovanfor med eit nytt, der referansane til borni er retta opp:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #12 nedanfor!

 

So vil eg gjerne få retta ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å komplettera denne huslyden!  Kanskje greier nokon å få «styr» på sonen Daniel i Bergen?  Har eg finne «rett» Daniel Olsen?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg fann ut eg ville setja meg ned med spørsmålet kring Daniel Olsen i Bergen og ser følgjande:

 

Her er mannen i FT1865 busett hjå sonen Ole Danielsen i 15. rode nr. 35:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038249016456

 

Teljingi syner at Daniel var fødd i Bergen kring 1777 (89 år)

 

Sonen Ole Danielsen syner seg vera døypt i Årstad, Bergen 20.3.1808: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=54336&personpostnr=159940&merk=159940#ovre

 

Foreldri Daniel Olsen og Kari Danielsdotter budde då på Lille Solheim!

 

I 1813 var bustaden deira Sandvikens 1. rode nr. 23 då sonen Daniel var fødd: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=19363&personpostnr=56385&merk=56385#ovre

 

Og her er vigsli til foreldri i Hamre (Åsane) 2.7.1807, ungkarl Daniel Olson Hetland og «pige» Kari Danielsdotter Øvre Eide: https://media.digitalarkivet.no/view/1906/53

 

Både ved barnedåpen i 1813 og ved vigsli i 1807 har Daniel ættenamnet HETLAND!

 

I 1801 finn me Daniel Olson Hitland som tenestedreng på Bogetveit i Hamre (Åsane): https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058386001685

 

Og Daniel Olson Hitland er først som døypt i Hamre 24.4.1781!

 

Altso er den Daniel Olsen, som døydde i Bergen i 1868, IKKJE «vår» mann!!  Kvar vart det då av han?  Og kvar vart det av den yngre søsteri Bertha Marie??

 

Eg takkar igjen for alle gode tips for å komplettera dette manuskriptet!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for skikkeleg spennande oig utfordrande innlegg!

 

Eg ser at «kandidaten» din er kalla Ole Olsen Jortvedt i kyrkjeboki då han døydde 1.2.1827, men sjå dødsmeldingslista:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/23995/51

 

Her er mannen kalla Ole Olsen BJOTVEDT!

 

Medan Jortvedt er eit ukjent namn for meg, syner det seg at Bjotvedt er i Ullensvang i Hardanger, nettopp i den landsdelen der «vår» Ole skal vera fødd, dersom me i borgarboki har finne «rett» mann!

 

Det kan vera vel verd å sjå nærare på denne karen.  Dødsmeldingi seier diverre ikkje noko meir, men kanskje bygdeboki for Ullensvang kan by på noko?  Eg legg ut eit eige spørsmål om det, so får me sjå kva som skjer...

 

Eg takkjar igjen for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So er me komne til den konklusjonen at Ole Olsen, mann hennar Øllegaard Helene, må vera frå Bjotveit i Kvam, Hardanger - jmf.:

 

 

og eg har etter dette sett opp eit oppdatert manuskript for denne huslyden som erstattar manuskriptet i innlegg #8 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Danielson (Feigum), døypt i Luster 2.1.1746,

Ole Danielsen flytte i ung alder til Bergen, men kom attende til Sogndal der han 18.12.1777 gifte seg med enkja Bertha Marie Jensdotter frå Nytappen i Sogndalsfjøra, Sogndal, dotter av gardbrukardotteri Bertha Hansdotter frå Leri (1714-1776).  Bertha Marie vart døypt i Sogndal 11.7.1752 og gifte seg første gongen i Sogndal 26.1.1768 med Henrik Pederson Nitter, dotterson av øltappar Jonas Henrikson Nitter i Bergen (1661-1709), opphavleg frå Tandla.  Henrik vart døypt i Sogndal 17.7.1735.  Han dreiv landhandleriet på Nytappen i Sogndalsfjøra, Sogndal i lag med svigermori, men vart gravlagd der alt 18.4.1776.  Ole Danielsen tok over som landhandlar på Nytappen då han gifte seg med enkja, men kring 1791 flytte han og kona til Bergen.  Der finn me att Ole som gesell.  Huslyden budde i Nordnæsveien i Bergen der Bertha d. alt 26.4.1796.  Ole Danielsen d. same staden 25.6.1797.  Bertha Marie fekk i alt tretten born, fire frå første ekteskapet og ni frå det siste:

a. Øllegaard Helene Henriksdotter Nitter, døypt i Sogndal 14.2.1768, vart gravlagd i Sogndal 8.4.1771.

b. Øllegaard Helene Henriksdotter Nitter, døypt i Sogndal 23.6.1771, d. som gesellkone i Bergen 18.11.1805.  Øllegaard flytte med mori og stefaren til Bergen der ho 9.5.1798 gifte seg med Ole Olsen frå Bjotveit i Kvam, Hardanger, døypt i Kvam 18.9.1771.  Han d. som gesell i Bergen 1.2.1827.  Ole Olsen fekk 9.12.1800 borgarskap som høker i Bergen og livnærte seg stort sett som høker og gesell levetidi ut.  Han og Øllegaard budde mellom anna i Baneveien i Bergen og fekk fire born i lag.

c. Jens Henrikson Nitter, døypt i Sogndal 3.10.1773, d. i Bergen 27.11.1812.  Jens flytte òg til Bergen der han 11.12.1798 gifte seg med Elisabeth Marie Andersen frå

 

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar? – kring 1774/1776)

 

 

     Ho d. i Bergen 21.8.1814.  Jens Nitter tok 14.3.1798 borgarskap som gullsmed­meister, og han og Elisabeth budde ei tid i Hollændergaten og sidan i Nøstegaten.  Då Elisabeth fall ifrå i 1814, budde ho i Knøsesmuget.  Dei fekk fem born i lag.

d. Henrik Henrikson Nitter, døypt i Sogndal 12.5.1776, d. på sjømannshuset på Årstad, Bergen 14.12.1839.  Henrik flytte til Bergen med mori og stefaren og budde ved hundreårsskiftet hjå søsteri Øllegaard i Baneveien i Bergen.  Han var matros og reiste til sjøs

 

 

     ##### (var han gift? – oppl.?)

 

 

e. Daniel Olsen, døypt i Sogndal 17.9.1778, vart gravlagd i Sogndal 27.1.1779.

f. Bertha Marie Olsen, døypt i Sogndal 30.10.1779, d. i Sogndal kort etter fødsli.

g. Daniel Olsen, døypt i Sogndal 25.12.1780,

 

 

     ##### (nemnd 1805 – lagnaden hans?)

 

 

h. Bertha Marie Olsen, døypt i Sogndal 29.3.1782,

 

 

     ##### (nemnd 1805 – lagnaden hennar?)

 

 

i. Nils Olsen, døypt i Sogndal 1.5.1784, vart gravlagd i Sogndal 8.5.1789.

j. Dortha Karine Olsen, døypt i Sogndal 12.8.1786, vart gravlagd i Sogndal 18.9.1787.

k. Abraham Tosche Olsen, døypt i Sogndal 28.9.1788,

 

 

     ##### (reiste til sjøs – desserterte sommaren 1811 frå båten han reiste med, medan dei var i Messina på Sicilia, men budde i Bergen i 1821 – seinare lagnad?)

 

 

l. Ole Olsen, f. i Bergen 13.1.1792, vart gravlagd i Bergen 19.11.1792.

m. Lucretia Dorthea Olsen, f. i Bergen 30.1.1794, d. i Bergen 21.2.1795.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det er påfallande kor godt dei overlevande borni etter Ole Danielsen «gøymer seg» i kjeldene våre.  Daniel og Bertha Marie skal båe ha vore i live i 1805, men kvar er dei??  Og kvar vart det av sjømannen Abraham?

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.