Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Ullensvang (eller Kvam?) - bygdebokoppslag garden Bjotvedt seint 1700-tal?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eit nytt spørsmål er dukka opp hjå meg når det gjeld Ullensvang!

 

Ein Ole Olsen løyste borgarbrev i Bergen 9.12.1800 som høker, oppgjeven fødd i Hardanger:

 

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bergensbbok&sideid=103&innhaldid=5&storleik=

 

Truleg er det same mann den gesell Ole Olsen Bjotvedt som døydde i Bergen 1.2.1827, 56 år gamal:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/23995/51

 

Bjotvedt er to gardar (indre og ytre) i Ullensvang, og no lurer eg på om bygdeboki for Ullensvang har opplysningar om denne Ole og huslyden hans på Bjotvedt?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
ErlingUtne

Ein kjapp gjennomgang av det som står i bok 5.2 om begge gardane nemner ingen som eg finn kan passe. Det er ein Ola Omundson som døyr i 1818. Om han står det at han døyr i Hardanger men har halde seg i Bergen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Erling og Hans for interessante meldingar!

 

Eg har no endra titelen på emnet for å ta høgd for at det kan vera Kvam som er heimstaden til Ole Olson...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Hans Gangstø

Ingen entydig kandidat på Bjotveit i Kvam, Øystese sokn, men mulig kan være Olav Olavsen Bjotveit født i 1775 i flg "Ættarbok for Kvam" Bind II, Øystese sokn.

Han er ikkje nemnt vidare i boka.

Kvam.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Hans for eit skikkeleg spennande innlegg med opplysningar frå Bjotveit i Kvam!

 

Eg har studert denne huslyden på Bjotveit litt nærare og fann følgjande:

 

Ein lang «epistel» er skriven om lærar Ole Olson Bjotvedt etter at han drukna 25.12.1806: https://media.digitalarkivet.no/view/11542/96

 

Men presten har, so vidt eg kan sjå, ikkje skrive noko om kor gamal Ole var!

 

Derimot finn eg læraren i FT1801 på Bjotvedt: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058379001825

 

Her er alderen hans oppgjeven til 27 år, d.v.s. fødd kring 1774!

 

Yngste sonen til Ole Stenson og Britha Gjertsdotter på Bjotveit, Ole Olson d.y., vart døypt i Kvam 28.2.1775: https://media.digitalarkivet.no/view/11541/106

 

medan nestyngste sonen til paret, Ole Olson d.e., vart døypt i Kvam 18.9.1771: https://media.digitalarkivet.no/view/11541/99

 

Eg er nesten overtydd om at bygdebokskrivaren her har «bytt om» dei to brørne, at det var den yngste som var lærar og klokkar, medan den eldste var gesell i Bergen.  Alderen til gesellen peiker jo helt tydeleg mot 1771 som fødselsår!

 

Skal me våga å seia at problemet med dette er løyst?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Hans Gangstø

Eg trur du har funne rett konklusjon. Kvam er vel å rekna som midt i Hardanger :-)

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Hans for siste kommentar!

 

Då seier me at problemet er løyst, og eg takkar endå ein gong for kjempefin hjelp!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.