Gå til innhold
Arkivverket

Sjømannsregisteret Bergen kring 1850 - brørne Pedersen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Petter Martin Pedersen, fødd i Bergen 12.12.1820, var sjømann i Bergen då han gifte seg i Krosskyrkja 2.3.1849 med Brytteva Johannesdotter frå Brekkhus på Voss.  Brytteva gifte seg att i Krosskyrkja 29.10.1854 som enkje, utan at dødsfallet til Petter Martin er innført i kyrkjebøkene i Bergen.

 

Cornelius Olai Pedersen, fødd i Bergen 24.3.1823, er kalla «ungkarl og matros frå Bergen» då han i desember 1851 vart sagd vera far til ei «uekte» jente Alvilde Petrine fødd i Bergen.  Innan 1857 var Cornelius i Amerika.

 

Kan sjømannsrullane for Bergen fortelja oss noko meir om lagnadane til desse brørne?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Hovedrulle 1840 finn vi Peter Martin på fol. 217 og Cornelius Olai på fol. 221:58cfa4bf4bc93_1PeterMartin.thumb.jpg.bf461aae7f15d0c9a73e1a1a61752dd0.jpg58cfa4be9b867_1CorneliusOlai.thumb.jpg.074b1d47d45434c69616583131b06b83.jpg

 

I Ekstrarulle Bergen 1817-1840(nr 150) finn vi brørne igjen (rode 6 under h):58cfa51fa4179_2PederMa.thumb.jpg.7a5c2b8cf291a363d191b072c6124ee9.jpg58cfa51ef2d7c_2CorneliusOl.thumb.jpg.33c4b4cbb4d2c9f4bfb059701cf73885.jpg

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anita for interessante opplysningar frå sjømannsrullane!

 

Det har ikkje vore so heilt enkelt å tolka desse, men eg er komen fram til at

 

** Petter Martin Pedersen er sist nemnd på ein reise til Østersjøen i september 1851 og at han er stroken i 1852 som «død på ein reise».  Det vert synt til ein journal, men eg har vanskar med å forstå samanhangen...

 

** Cornelius Olai Pedersen er sist nemnd i 1853 då han desserterte frå (Philadelphia er stroke og erstatta med) Rio de Grande (Brasil).  Han synest vera utgått «for alder» i 1854.

 

Cornelius er nemnd første gongen i Amerika i 1857.  Og når det gjeld Petter, bør han vera i dødsfallsregisteret i Bergen for siste del av 1851 eller i 1852!

 

Og ganske riktig:  Her er matros Petter Martin Pedersen med dødsdato 7.1.1852: https://media.digitalarkivet.no/view/23996/115

 

Her finn me ei av òrsakene til at eg ønskjer meg digitalisering av dødsfallsprotokollane for Bergen by...

 

Diverre står det i dødsmeldingi ikkje noko om kvar Petter døydde, men kanskje det går fram av journalen nemnd ovanfor?

 

Eg takkar igjen for framifrå hjelp med å finna fram desse rullane!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anita for siste oppdateringi.

 

Då er det vel ikkje noko meir me kan gjera i denne saki, men eg er glad for dei opplysningane som ligg føre!  Nok ein gong ein kjempetakk for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.