Gå til innhold
Arkivverket

Christen Olsen, truleg fødd i Årdal på 1730-talet


Atle Onar Knapskog
 Del

Recommended Posts

Christen Olsen og Gjertrud Halvorsdotter gifta seg i Årdal i 1757. Gjertrud (f. 1726 i Årdal, d. 1798 i Kvinnherad) var dotter til Halvor Olsen, ein arbeidar på koparverket som òg kallast «Halvor Vossen» og «Halvor i Hagen» i kyrkjeboka. Mora hennar heitte Rønnov.

Har nokon opplysningar som kan seia noko meir om opphavet til Christen? Dersom han var ein lokal gut, skulle ein tru at dåpen hans var å finna i kyrkjeboka for Lærdal. I heile perioden frå 1711 til etter 1740 har eg berre greidd å finna to kandidatar:

1. Christen, son til «Ole Baatelsøn», døypt 13. juli 1732

2. Christian, son til «Ole Tolsgaarden», døypt 1. februar 1733

Neste gong eg finn ein Christen Olsen døypt er i 1748.

Begge kandidatane er nemnde i denne tråden:

https://forum.arkivverket.no/topic/104773-19036-christen-olsøn-wirkeland-wirchesdahl-opphav/

Ut frå dette vert den første kandidaten uaktuell. Er det nokon som veit meir om kven Ole Tolsgard var, så han eventuelt kan sjekkast heilt ut av saka?

Christen vart gruvearbeidar i Kvinnherad, og det er dermed nærliggjande å tenkja at han kan ha vore son til ein arbeidar ved koparverket i Årdal. Men eg finn ingen gode kandidatar mellom dei Knut Bryn omtalar i «Rekruttering av arbeidere og funksjonærer til Årdal kobberverk 1702-1734».

Her følgjer ei tidsline med opplysningar om Christen og den næraste familien hans:

14. nov 1756: Brite, eit «uægte pigebarn av Aardals sogn» døypt. Mora var Gjertrud Halvorsdotter og faren Christen Olsen «tienende for Jørgen Øren» (dersom eg forstår skrifta rett). Gudmor var Marthe Gjertrud Grondt, og fadrane var Jon Jørgensen, Anfinn Halvorsen (bror til Gjertrud), Johanne Larsdotter og Anne Christophersdotter (truleg kona til Wilken Rønne). Brite vart truleg gift i Kvinnherad med Anders Tollevsen.

7. apr 1757: Offentleg skriftemål for Gjertrud.

19. mai 1757: Ein Christen Olsen konfirmert (i Tønjum kyrkje?)

26. juni 1757: Offentleg skriftemål for Christen i Årdal kyrkje.

31. juli 1757: Christen og Gjertrud «af Aardals sogn» trulova. Trulovarane var Wilken Rønne og Jørgen Øren.

28. aug 1757: Christen og Gjertrud «af Aardals sogn» gift.

Feb. 1759: Ole, eit «drængebarn af Aardals sogn» døypt i Tønjum kyrkje. Foreldra var Christen Olsen og Gjertrud Halvorsdotter, gudmora var Sofia Persdotter og fadrane Anders Halvorsen (truleg bror til Gjertrud), Anfinn Halvorsen (bror til Gjertrud) og Guri Jakobsdotter. Ole vart konfirmert i Kvinnherad i 1776 og var siste gong nemnt som fadder i 1780.

16. okt 1760: Christen var mellom fadrane då dottera til svogeren Anfinn vart døypt i Kvinnherad. Anfinn og kona må ha flytta dit sommaren 1760, og Christen og Gjertrud kan ha reist på same tid. I kyrkjeboka for Kvinnherad har arbeidarane ved koparverket, og gjerne òg familiemedlemmane deira, tilnamnet «Bergmand». Christen kallast nesten konsekvent for «Christen Olsen Bergmand».

11. jul 1761: Christen si dotter Rønnor (?) døypt.  Anfinn var mellom fadrane. Ho er ikkje funnen i kyrkjebøkene seinare.

21. jan 1764: Christen si dotter Eli døypt. Ikkje funnen seinare.  

28. mai 1767: Christen sin son Nils døypt. Anfinn var mellom fadrane. Nils vart konfirmert i 1783, og det var truleg han som vart gift i Bergen i 1791 med Karen Pedersdotter, sannsynlegvis frå Gloppen. Han arbeidde som reipslagar på Møhlenpris. I 1801 hadde han fetteren Peder Anfinsen og kona som leigebuarar.

1769: Siste gong eg har funne Christen nemnt i kyrkjebøkene for Kvinnherad er som fadder for ein av sønene til Anfinn Halvorsen. Han er ikkje å finna i folketeljinga i 1801.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ut frå namna til barna er det vel stor sjanse for at mor til Christen heitte Brite, men det hjelper vel ikkje stort.

 

Elles har eg bladd litt i tingboka og ser at i den aktuelle perioden kom nokre av leiermåla i Årdal opp for tinget, men diverre (for oss) ser det ikkje ut til å gjelda Christen og Gjertrud si sak.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her var det mange interessante opplysninger om en familie som jeg bare så vidt har støtt på før. Jeg har ikke tid til å studere problemstillingen så grundig nå, men vil bare komme med noen raske kommentarer.

  1. Jeg kan bekrefte at Christen Olsen (f.1732) som var sønn av Ole Botolvsen, helt kan utelukkes.
  2. Christian Olsen (f.1733) som var sønn av Ole Tolvsgård, kan være en aktuell. Jeg har tidligere med en viss usikkerhet funnet ut at faren kan være den Ole Sjursen fra Loven i Aurland som var g.m. Mette Margrete Teiste fra Kroken. Jeg bygger dette på at "Magrethe Teiste" ble introdusert i Årdal i februar 1733. Dette paret flyttet visstnok til Bergen ca. 1734, så denne Christian er nok ikke en særlig sannsynlig kandidat.
  3. Jeg regner det som mer sannsynlig at Christen Olsen var utenbygds fra. Driften ved Årdal kobberverk ble gradvis gjenopptatt på slutten av 1750, så det kom en del folk fra nær og fjern for å søke arbeid der. Han er for øvrig nevnt i dokumentene fra kobberverket fra denne tiden, men jeg må legge til at han ikke var i den faste arbeidstokken ved verket.

Kanskje kan det være et spor at Christen var tjenestekar hos Jørgen Øren? Han hadde vel slekt i Sogndal?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk for svar!

 

Det er interessante opplysningar at Christen òg var innom koparverket og at det framleis kom folk dit frå andre bygder på 1750-talet. Takk for tipset om at Jørgen Øren hadde slekt i Sogndal!

 

Når det gjeld Ole Sjursen og Magrethe Teiste, ser eg i eit gammalt innlegg av Lars Øyane at dei skal ha budd på Fleskheller i Lærdal i ein periode: https://forum.arkivverket.no/topic/105744-20017-peder-janson-teiste-1667-1722-og-mari-jensd-engslef-hafslobergendanmark/

 

Mvh,

Atle Knapskog

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Atle og Knut som gjort meg merksam på dette emnet!

 

Som det går fram av dette emnet,

 

 

har eg i mange år vore på leiting etter denne huslyden frå Kilen i Luster, der fem søsken i alderen 3 - 14 år sat att foreldrelause i 1741:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ole Nilsson Kilebotten, frå Kolstad, var f. kring 1702 og vart gravlagd frå Kilebotn 15.6.1738.  Han gifte seg kring 1725 med Britha Østensdotter frå Berge i Dale.  Ho var f. kring 1700 og var som enkje attgift med gardbrukar og enkjemann Ole Knutson på Myklemyr i Jostedalen (1703-1741) og vart gravlagd derifrå 10.9.1741.  Ole og Britha tok over som plassfolk i Kilebotten frå kring 1732, og Britha budde her til ho i 1741 flytte til Myklemyr.  Kven som so hadde plassen i Kilebotn dei næraste åri. veit me ikkje sikkert, men det ser ut til at borni til Ole Nilsson har butt her, i alle fall ei tid, for eldste dotteri Gjertrud vart konfirmert her i 1751.  Me kjenner til seks born etter Ole og Britha i Kilebotn:

 1. Gjertrud Olsdotter, f. kring 1727, vart som nemnt konfirmert frå Kilebotn i 1751.

 

     ##### (seinare lagnad? – truleg flytt frå bygdi – kan henda yttre Sogn??)

 

 2. Sølfest Olson, f. kring 1729,

 

     ##### (n. i skiftet 1741 – truleg flytt frå bygdi – kan henda yttre Sogn??)

 

 3. Østen Olson (1732-1732?)

 4. Christen Olson, f. kring 1733,

 

     ##### (n. i skiftet 1741 – truleg flytt frå bygdi – kan henda yttre Sogn??)

 

 5. Nils Olson, døypt 4.9.1735,

 

     ##### (n. i skiftet 1741 – truleg flytt frå bygdi – kan henda yttre Sogn??)

 

 6. Ole Olson, døypt ?.5.1738,

 

     ##### (n. i skiftet 1741 – truleg flytt frå bygdi – kan henda yttre Sogn??)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Eg har lenge tenkt at dei voks opp i ytre Sogn, særleg etter at eg fann ein god «kandidat» for sonen Christen i Gulen.  MEN, det synte seg at eg «bomma» med Christen, og då er me eigenleg «like langt»...

 

Når du Atle no kjem med spørsmål om denne gruvearbeidaren Christen Olson, som dukka opp i Årdal i 1756, ser eg heilt klart ein ny kjempegod «kandidat» for guten frå Kilen.  Alderen synes å høva godt, og eldste dotteri har namnet Britha som godt kan vera ei oppkalling etter mor hans!

 

MEN, dersom Christen dukka opp i Årdal, hadde det vel ikkje vore urimeleg å tenkja seg at ogso andre av søskeni flytte dit?

 

Eg ser at ei Gjertrud Olsdotter «Jevnager» fekk ein «uekte» son Torger, døypt 30.7.1752.  Barnefaren var Thomas Torgerson Mjelde frå Lærdal (1727-1802), som sidan gifte seg med ei anna jente og vart gardbrukar på Mjelde: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/107

 

Denne Gjertrud KAN vera ei søster av Christen, men prova det, kan me ikkje...

 

Dei andre søskeni er det vanskeleg å identifisera, bortsett ifrå at Sølfest Olson ikkje førekjem i det heile...!

 

Derimot finn eg ein «mistenkeleg» huslyd på Voss, sjå Giljarhus i Opheim sokn 1801: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058378007084

 

Her har me ein jordlaus blind husmann Sølfest Olson på 50 år med kone Gunbjørg (skal vel helst vera Gunvor) Sjursdotter, 67 år.  Eg finn ikkje vigsli deira, men dei fekk i alle fall to born:

 

** Britha Sølfestsdotter, døypt Voss 28.1.1769 - bustad Hauge: https://media.digitalarkivet.no/view/7089/172

** Ole Sølfestson. døypt Voss 1.9.1771 - bustad Uhre: https://media.digitalarkivet.no/view/7089/197

 

Kan det tenkjast at Sølfest har fått feil alder i 1801??  Einaste dotteri hans heitte Britha - oppkalling??

 

Elles trur eg det må vera den same Christen Olson som vart konfirmert i Lærdal prestegjeld i 1757.  Konfirmantlista for dette året er ført samla for heile prestegjeldet, og me kan ikkje seia i kva sokn dei ulike konfirmantane var heimehøyrande!  Men dette tyder samstundes at Christen ikkje enno var konfirmert då han laut skrifta for leigarmålet i 1756!

 

Dette vart eit langt filosoferande innlegg, men eg ber om òrsaking!  Spørsmålet om Christen er skikkeleg utfordrande, og det hadde vore so kjekt endeleg å finna ei løysing på utfrdringi...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Søskenflokken som Lars presenterer, er absolutt interessant. Vi kan jo merke oss at Christen og Gjertrud hadde en Ole Olsen som fadder ved dåpen av Else i Kvinnherred i 1764. Vi får tro at også dette er en bergmann for alle de øvrige faddere er bergmenn eller bergmennskoner. Derfor er det ansporende å se at de særskilte ekstraskattlistene for de ansatte ved Lilledals kobberverk bare har én Ole Olsen og han er ført som "Ole Olsen Aardal". Han arbeidet ved verket i alle årene som listen omfatter, nemlig 1764-1767. Så må nevnes en merknad om at denne Ole ikke lenger bodde i Kvinnherred i 1771 da listen ble skrevet. Han må enten være død eller ha flyttet fra Ølve.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk, Lars og Knut! Med dykkar eineståande oversikt både over folket i Indre Sogn generelt og dei tilreisande gruvearbeidarane (dokumentet eg refererte til i første innlegg er jo reine gullgruva), så er dette verdfulle bidrag. Eg får sjå om det let seg gjera å grava vidare med utgangspunkt i desse opplysningane.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette børjar verta skikkeleg spennande!

 

Om ein ser på konfirmantlistene for Lærdal/Årdal, so vart det samstundes med Christen Olson i 1757 òg konfirmert ein Ole Olson, men igjen, kva sokn han høyrde til, veit me ikkje..., men etter han lyt me heilt fram til 1767 før me igjen finn namnet Ole Olson som konfirmant i Årdal sokn.

 

Ser me på fødselslista for Årdal, finn me følgjande:

 

* Ole Olson Pladsen, døypt 2.12.1731, son av Ole Olson og Elisabeth Ingebrigtsdotter, levde og var «til stades» då mori døydde i 1763: https://media.digitalarkivet.no/view/24139/136?indexing=

 

* Ole Olson Lægreid, døypt 10.10.1735, son av Ole Olson og Mari Halvorsdotter.  Ifølgje basen til Knut Bryn døydde denne Ole i 1767 (men ikkje i Årdal!), og han hadde ei dotter Maren, fødd i 1764 (ikkje registrert døypt i Årdal) - MEN Ole Olson Lægreid med kone Britha Halvorsdotter hadde ei dotter Mari fødd i Årdal 24.12.1759 og ein son Ole døypt i Årdal 22.11.1763!

 

* Ole Olson Røti, døypt 28.9.1738, son av husmann Ole Andersson og Gro Olsdotter, gifte seg i Årdal 23.10.1768 med Mari Bottolfsdotter og budde framleis i Årdal i 1770.

 

Ingen andre Ole Olson ser ut til å vera fødde i Årdal mellom 1730 og 1740.

 

Eg trur ikkje nokon av desse kan vera identisk med «Ole Olson Aardahl», gruvearbeidaren som er nemnd i Kvinnherad, men kan det vera Ole Olson frå Kilen i Luster, fødd 1738, bror av den nye «kandidaten» Christen Olson?

 

Eller har det vore to ulike Ole Olson Aardahl?  Eg finn nemlig denne skiftereferansen frå Kongsberg frå 1777: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/27/pa00000000546586

 

Her kjem det fram at dei var tre brør, Ole, Jacob og Knut Olssøner Aardahl, alle gruvearbeidarar på Kongsberg(?), og då børjar dette likna på denne huslyden frå Årdal:

 

Ole Olson Nagløren (1681-1737), gift 1717 med Metta Knutsdotter - tre kjende born:

* Ole Olson, døypt 14.8.1718 - skal ifølgje Knut Bryn vera avliden på Kongsberg alt i 1764 - truleg nemnd i skiftet frå 1777 som far til Ida Marie (28), Christen (22) og Mette Malene (20) - som alle var fødde på Kongsberg!

* Knut Olson, døypt 17.8.1721 - døydde på Kongsberg 1776 - gift på Kongsberg alt 20.7.1743 med Martha Halstensdotter

* Jacob Olson, døypt 17.9.1724 - skal ifølgje Knut Bryn vera avliden på Kongsberg i 1799 - gift på Kongsberg 20.5.1752 med Gjertrud Christensdotter (frå Brekka i Årdal?)

 

Sidan «vår» Ole Olson Aardahl skal ha vore ved gruvene i Kvinnherad på 1760-talet, MÅ det vera tale om to ulike Ole Olson Aardahl, og Ole Olson frå Kilen framstår i mine auge som ein stadig betre «kandidat».  Veit ein kven denne Ole Olson Aardahl var gift med?  Fekk han born i Kvinnherad?

 

Eg er spent på nye bidrag...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, dette er spennande!

Ein ting som forkludrar teorien om at bergmennene Christen Olsen og Ole Olsen var brør er at vi ikkje finn dei nemnt saman fleire gonger i kyrkjeboka. Eg ser i notata mine frå då eg såg gjennom kyrkjeboka for Kvinnherad at eg rekna med at Ole Olson som var fadder i 1764 var Ole Næbye. Bergmannen Ole Olsen Næbye (frå Neby i Tynset?) trulova seg i 1761: https://media.digitalarkivet.no/view/11552/77 (øverst s. 147). Eg hadde ikkje då sett i skattemanntalet at det òg fanst ein Ole Olsen Aardal (nr. 20 på høgre side: https://media.digitalarkivet.no/view/47234/220). Denne Ole Olsen Aardal har eg faktisk ikkje støytt på i kyrkjeboka, men så har eg ikkje lest alt heller.

Når det gjeld Ole Aardal som står oppført som nr. 65 under «Arbeidernes Børn» , kan vel det heller vera sonen til Christen frå 1759 enn ein son for Ole Olsen?

 

Elles trur eg diverre at Sølfest Olson på Giljarhus må vera eit blindspor. Eg har ikkje Ættebok for Vossestrand tilgjengeleg, men eg ser at nokon har skrive om opphavet hans med ætteboka som kjelde: http://www.ancestorsfromvoss.com/uploads/7/1/4/0/7140454/arnetveit-24a.pdf

 

Mvh,

Atle Knapskog

Endret av Atle Onar Knapskog
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er ikkje lett å halda styr på dei ulike Ole Olson i Årdal. Ein av dei var tenestedreng hos Jørgen Øren i 1763:

https://media.digitalarkivet.no/view/47516/137?indexing= 

Det kan vera av interesse ettersom Christen Olson var i teneste same stad då han fekk dottera Brite i 1756.

Endret av Atle Onar Knapskog
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det var mange Ole Olsen i Årdal på 1700-tallet, og det er ikke så lett å holde dem fra hverandre. Men Lars har en god oppsummering av det vi vet om hvem som kan skjule seg bak navnet "Ole Olsen Aardahl" i skattelistene fra kobberverket i Kvinnherred. Jeg har likevel noen kommentarer og tilføyelser:

  1. Ole Olson Pladsen (f. 1731): Vi kan vel ikke 100 % utelukke ham. Han var til stede ved skiftet etter moren 8.11.1763. Teoretisk kan han ha reist til Kvinnherred og vært fadder for Christen Olsens datter i Kvinnherred 21.1.1764, men det virker ikke sannsynlig.
  2. Ole Olsen Lægreid (f. 1735): Opplysningene Lars presenterer her, er ikke helt korrekte. Denne Ole døde 2.12.1764., trolig i Årdal. Han ble iallfall begravet der en knapp uke senere. Datteren Mari ble for øvrig døpt i Årdal 30.12.1759. Selv om det teoretisk er mulig at han har vært en snartur i Kvinnherred i januar 1764, så mener jeg vi kan se bort fra ham.
  3. Ole Olsen Røti (f. 1738): Her har jeg ikke mer å tilføye enn at han var hjemme ved skiftet etter moren i 1769. Skiftet ble for øvrig holdt på en husmannsplass under Øvsttun der plassnavnet vel må leses som "Støren", - et stedsnavn jeg ikke kan huske å ha støtt på i Årdal før. Det kan vel ikke helt utelukkes at han var en tur i Kvinnherred på tiden rundt 1764, og at han returnerte til Årdal f.eks. i 1768.
  4. Ole Olsen Aardahl (f. 1718): Dette er altså den Ole som er nevnt i et skifte fra Kongsberg 1777. Han giftet seg på Kongsberg i 1744 og hadde barn til dåpen der så sent som i 1756, og viktigere - han ble begravet i Kongsberg 1764. Når han er nevnt i skiftet fra 1777, så er det fordi hans barn var arvinger. Han kan helt utelukkes.

Jeg er enig med Lars i at Ole Olsen fra Kilen framstår som en bedre kandidat til å være den Ole Olsen Aardahl som opptrer i skattelistene fra Kvinnherred, enn de ovenstående. Atle er inne på at han kanskje burde ha vært mer synlig bl.a. som fadder for flere av barna til Christen og Gjertrud. Dette er jeg ikke bekymret for. Jeg har fulgt ganske mange bergverksfolk som har flyttet mellom bergverk i Årdal, Røros, Kvinnherred, Kongsberg m.fl.. Det var svært vanlig at man brukte andre bergverksfolk som faddere, men ikke nødvendigvis slektninger.  Jeg har flere eksempler på at søsken bodde i samme gruvesamfunn i årevis, men ikke brukte hverandre som faddere en eneste gang.

 

Når det gjelder den Ole Næbye som Atle nevner, så ser vi av skattelistene fra verket i Kvinnherred (1764-1767) at han ikke kan være identisk med Ole Olsen Aardahl. De opptrer hver for seg.

Endret av Knut Bryn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jau, denne «problemstillingi» er ei skikkeleg utfordring!

 

Når det gjeld Ole Olson Lægreid, so ser at han som døydde i Årdal 2.12.1764, ikkje har nokon alder oppgjeven: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/247

Men skiftet hans halde på Lægreid i februar 1765 syner det var han: https://media.digitalarkivet.no/view/24139/270?indexing=

 

Elles døydde det ein Ole Olson i Årdal 12.1.1773.  Han var 34 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/253

Men skiftet hans halde på Årebru syner at dette var mannen frå Røti: https://media.digitalarkivet.no/view/24140/244?indexing=

 

Då har me etter mitt syn INGEN fleire kandidatar til Ole Olson Aardahl i Kvinnherad enn mannen frå Kilen i Luster, under føresetnad at det var broren Christen som gifte seg der og som flytte til Kvinnherad!?

 

So kanskje børjar nettet kring Christen å «snøra seg saman»!?

 

Elles kan me slå fast at Sølfest Olson på Voss IKKJE kan vera «vår» Sølfest frå Kilen, so lagnaden hans er framleis eit «mysterium»...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg trur diverre ikkje vi kan utelukka at Ole Olsen Aardal i Kvinnherad er Ole Olson frå Røti. I 1763 finn vi foreldra hans på ein husmannsplass under Øvstetun (nr. 24 og 25): https://media.digitalarkivet.no/view/47516/137?indexing= Ole bur tydelegvis ikkje heime då, så han er vel i teneste ein eller annan stad. Det kan ikkje utelukkast at han har reist til Kvinnherad og vore der fram til 1767/1768 og så reist tilbake og gifta seg.

 

Det spørs vel om det er mogleg å finna nok opplysningar til å kunna konkludera i denne omgang, men det kan jo dukka opp nye spennande leietrådar.

 

Takk igjen for gode bidrag!

 

Mvh,

Atle Knapskog

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har nok rett, Atle, i at Ole Olson frå Røti KAN vera identisk med Ole Olson Aardahl som var i Kvinnherad fram til 1767.  Han gifte seg jo ikkje før i 1768...

 

Nei, enkelt skal det ikkje vera å finna ut av dette...

 

Men eg er likevel meir og meir overtydd om at Christen Olson i Kvinnherad var komen frå Kilen i Luster.  So mange «variablar» synest å passa...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.