Gå til innhold
Arkivverket
Ove A. Olderkjær

Harald Olsen Myklebust

Recommended Posts

Ove A. Olderkjær

f. 18/9 1840. Etterlyser hans dødsdato og dødsstad. Var jekteskipper og landhandlar i Uskedalen i Kvinnherad, gift med Marta Johannesdatter (f. 1843) frå Vikedal, fire barn, yngstebarnet Maren Alette fødd i 1872. Harald Olsen (Myklebust evt. Døssland) konkurs 3.mai 1873. Kona titulert som enke i desember samme år, i søknad til Baroniet Rosendal om økonomisk støtte. Harald Olsen ikkje registrert som død i kyrkjebøker i Kvinnherad, heller ikkje som emigrert frå Noreg eller immigrert til USA. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Ser ut som samme familie har vært oppe før her i brukerforumet:

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hei Ove Arne!

 

Eg kan attgje frå manuskriptet mitt (Gards- og Ættesoge for Luster kommune, band VII under gnr. 111, Fet i Hafslo (husmannslassen Fetbakken 1) følgjande:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Mari Lassesdotter (Fedtbakken), døypt i Hafslo 30.6.1799,

Maren Larsdotter flytte i ung alder til Sandeid, Vikedal i Ryfylke der ho 7.1.1824 gifte seg første gongen med Lars Johan Wennberg som visstnok var frå Tengene i Grästorps kommun, Skaraborgs län i Sverige.  Me kjenner ikkje foreldri til Lars, men han skal vera f. i Tengene, Skaraborgs län i Sverige kring 1796.  Lars kom truleg til Noreg kort etter svenskekrigen som hattemakar, og han og Maren slo seg ned som gardbrukarar på Vestbø i Sandeid, Vikedal der Lars d. 22.9.1837.  Maren gifte seg 26.12.1844 att i Sandeid, Vikedal med Johannes Thorson frå Vestbø.  Han var son av husmann Thor Halvorson på Tangen under Vestbø, opphavleg frå Håland søndre, og kona Martha Ellefsdotter frå Austbø og vart døypt i Sandeid, Vikedal 17.3.1816.  Johannes tok over styringi av garden på Vestbø der han og Maren vart buande levetidi ut.  Maren d. som gardbrukarkone på Vestbø 30.10.1875, medan Johannes Thorson d. som kårmann same staden 3.3.1883.  Maren fekk i alt sju born, seks frå første ekteskapet og eitt frå det andre:

a. Johan August Larsson, f. i Sandeid 28.7.1823, flytte i 1843 til Stavanger og sidan vidare til Håland der han miste livet ved drukning 10.7.1876.  Han gifte seg i Håland 1.6.1853 med Christina Knutsdotter frå Tananger i Håland, f. i Håland 26.6.1829.  Ho levde framleis i Håland i 1900, men d. truleg i Stavanger, dato ukjend.  Johan var bøkker, tollrorskarl og fiskar, og han Christina busette seg som strandsitjarar på ein plass under Tananger i Håland.  Dei fekk ti born i lag.

b. Maren Birgitte Larsdotter, f. i Sandeid 6.10.1825, d. i Sandeid 30.6.1828.

c. Carl Martin Larsson, f. i Sandeid 14.2.1829, flytte i 1848 til Håland, men den seinare lagnaden hans er førebels ukjend.

d. Lovisa Birgitte Larsdotter, f. i Sandeid 25.3.1832, d. som kone på Hellandsmoen i Sandeid, Vikedal 18.1.1892.  Lovisa gifte seg i Vikedal 1.7.1858 med Ole Johnson frå Helland i Sandeid, f. i Sandeid 5.5.1833.  Han d. som gardbrukar og enkjemann på Helland 9.5.1909.  Ole og Lovisa slo seg ned som gardbrukarar på Moen, Helland i Sandeid, Vikedal og fekk visstnok to døtrer i lag, men Lovisa hadde òg ei dotter frå før.

e. Lorentz Gustav Larsson, f. i Sandeid 3.7.1834, d. som gardbrukar på Nag i Strand 14.5.1910.  Han gifte seg i Håland 24.9.1854 med Siri Paulsdotter frå Nordlandslia under Nordland, f. i Strand 26.8.1826.  Ho d. som enkje på Nag 27.12.1915.  Lorentz var husmann og gardbrukar på Klemmen under Nag i Strand, og bortsett frå ei tid som bryggearbeidar på Vestbø i Sandeid, Vikedal, budde han og Siri på Nag levetidi ut.  Dei fekk fire born i lag.

f. Aselina Davide Larsdotter, f. i Sandeid 9.4.1837, d. som gardbrukarkone på Myklebust i Kvinnherad 14.12.1919.  Aselina gifte seg i Sandeid, Vikedal 3.2.1857 med Torger Olson frå Nybø, Myklebust i Kvinnherad.  Han var f. på Døssland i Kvinnherad 17.2.1836 og d. som kårenkjemann på Myklebust 21.1.1927.  Torger og Aselina var ei tid gardbrukarar på Skeie i Sandeid, Vikedal, men flytte sist i 1860-åri til eit bruk på Myklebust i Kvinnherad der dei sidan budde levetidi ut.  Dei fekk åtte born i lag.

g. Martha Johannesdotter, f. i Sandeid 26.2.1843, d. som landhandlarenkje på Myklebust i Kvinnherad 27.1.1915.  Martha gifte seg i Sandeid, Vikedal 23.8.1867 med Harald Olson frå Nybø, Myklebust i Kvinnherad.  Han var f. på Døssland i Kvinnherad 18.9.1840 og d. kring 1873, dato og stad ukjende, men truleg på sjøen.  Harald var jekteskipper og landhandlar, og dessutan var han og Martha gardbrukarar på Nybø, Myklebust i Kvinnherad.  Dei fekk fire born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Som du ser, har heller ikkje eg fleire opplysningar om lagnaden til Harald, men kanskje har noko av dette likevel interesse?  Mari Lassesdotter var fødd i Hafslo i Sogn og har ei stor slekt der!

 

PS: Veit du forresten noko om lagnaden til Carl Martin Larsson, fødd i Sandeid 1829?  Han flytte i 1848 til Håland og vert borte for meg...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ove A. Olderkjær

Lars E. Øyane

Takk for svar, som for første gong gjorde meg merksam på oldemor Marta sitt hafsloiske og nesten-svenske opphav! Interessant at du skriv om Harald at han truleg døydde på sjøen i 1873. Eg veit ikkje kva som ligg bak den slutninga, men eg har tenkt det samme, at han forsvann på sjøen og aldri vart funnen. Då er det vel berre å gå til Statsarkivet og leita etter eventuelle sjøforklaringar eller forlismeldingar for det året i ymse sorenskrivar-/rettsarkiv langs kysten. Det er jo mulig at han som jekteskipper hadde fraktoppdrag både sør til Stavanger og nordover mot Nordland.

Når det gjeld C.M. Larsson er eg heilt blank, men skal gjera nokre kyrkjeboksøk.

 

Helsing Ove A. Olderkjær

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Bente L. Skjager
På 3/16/2017 den 18.46, Ove A. Olderkjær skrev:

Harald Olsen (Myklebust evt. Døssland) konkurs 3.mai 1873. 

Ser at det var auksjon i konkursboet i oktober 1872. Der er han omtalt som Harald Olsen Døsland.

 

Notis i Bergens Adressecontoirs Efterretninger mandag 9. september 1872.

 

Mvh Bente 

Myklebust.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ove A. Olderkjær

Tusen takk! Dette var óg ny og nyttig info for meg.

 

Helsing

Ove A. Olderkjær

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×