Gå til innhold
Arkivverket

Olina Johannesdotter Holmestad - fødd i Luster 1851 - skal ha født eit barn i «dulgsmål» og so «stukke av» til Amerika kring 1870 - først innom tukthuset i Christiania? - lagnaden hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg vart på 1970-talet av ei lokal kjelde fortald denne soga:

 

Olina Johannesdotter Holmestad, fødd i Luster 25.2.1851 som dotter av husmann Johannes Torkildson og kona Eli Olsdotter på plassen Volden under Holmestad,

 

skal ha vorte gravid med ein gift mann, men fødde i «dulgsmål» (d.v.s. at ho tok livet av det nyfødde barnet sitt straks etter fødsli) og skal deretter ha «stukke av» til Amerika.  Dette skal ha skjedd kring 1870.

 

Kor mykje av dette som er sanning, veit eg ikkje, men eg finn følgjande dokument på Digitalarkivet:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/84/pc00000000373994

 

So er det eit spørsmål kva som var kriminallovi 14-16 første del!?  Eg ser ho vart send frå Bergen til tukthuset i Christiania i 1877!!

 

Eg vonar at nokon kan hjelpa meg finna ut meir om lagnaden hennar og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ola for eit interessant og spennande innlegg!

 

Då syner det seg altso at den gamle soga har eit ganske so stort innslag av sanning!

 

Neste spørsmålet vert jo då sjølvsagt kvar det vart av Olina...

 

Nærare omstende kring saki vil jo elles òg vera av interesse...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er det søsteren Sofie som bor i Stoughton, Wisconsin?
https://www.ancestry.ca/genealogy/records/sophia-johannesdotter-holmestad_55682505

 

Kanskje Olina dro til sin søster? I Stoughton, Wisconsin er det i 1910 ei "Oljarne" født ca 1850, imm. 1904, gift med "Bjarut A Bankfield".
https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MPV5-K4R
MEN: Ser ut til at de har vært gift i 27 år...

Endret av Jan Peter
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jan Peter for eit interessant og utfordrande innlegg!

 

Det stemmer at Sophia Johannesdotter gift Landerud var søster av Olina.  Eg hadde kontakt med denne Landerud-ætti for mange år sidan, men ingen av dei kunne gjera greie for Olina...

 

No finn eg forresten den nemnde Oliane Bankfield i ei passasjerliste frå 1904:

 

http://interactive.ancestry.com/7488/NYT715_464-0416/4013393098?backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2fcgi-bin%2fsse.dll%3fgst%3d-6&ssrc=&backlabel=ReturnSearchResults#?imageId=NYT715_464-0416

 

Her går det fram følgjande:

 

Bernt J. Bankfield, 44 år, engineer, hadde vore i Amerika i 10 månadar frå august 1903 til april 1904 - utvandra til svoger Smith Ludvig Olsen in Stoughton, WI!

Oliane Bankfield, 54 år, kona

Wilborg Bertine Bankfield, dotter, «dead on board»

 

Huslyden kom frå Bergen, og her er dei i passasjerlistene:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000707867

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000707868

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000707869

 

Denne Olianne var med andre ord fødd i Førde, so ho er nok ikkje den Olina Johannesdotter Holmestad som me leiter etter...

 

Men det var «nesten»...

 

Eg takkar på ny for framifrå bidrag med denne huslyden og lever framleis i voni om noko «stort»...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opplysninger om Olines opphold i tukthuset i Christiania kan finnes i Statsarkivet i Oslo. Da kan man kanskje finne ut hvor lenge hun satt på tukthuset. 

På Arkivportalen ser jeg at materialet står som sperret pga fysisk tilstand:

 

"Det er identifisert enkelte muggskadede protokoller i denne serien. Hele serien må derfor gjennomgås for å vurdere omfanget av skaden og planlegge eventuelle tiltak. Adgang til materialet i serien er begrenset av hensyn til dette.". 

 

Det betyr at man må henvende seg til statsarkivet, slik at de kan se om dette også gjelder for eventuelle protokoller som kan inneholde opplysninger om Oline. Men det kan være forsøket verdt å spørre om det er mulig å finne henne i fangeprotokollene. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit interessant innlegg!

 

Eg har i kveld sendt ein forespørsel til Statsarkivet i Oslo om denne saki og vonar på eit positivt svar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg motteke ein kopi av fangejournalen til Olina Johannesdotter Holmestad frå Statsarkivet i Oslo:

 

a.pdf

 

Det er ikkje so lett å lesa alt som står der, men for meg ser det ut til at ho vart slept fri hausten 1880 for å reisa heimatt til foreldri sine i Luster!

 

Men då er det underleg at me ikkje kan finna noko meir om ho i Luster.  Ho er ikkje i Luster i 1900 eller i 1910 (FT1891 har eg ikkje studert!), og noko dødsfall har i alle fall ikkje eg kunna registrera for ho i Luster!  Kan ho ha utvandra til Amerika likevel?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for eit nytt innlegg!

 

Diverre so byggjer denne anetavla på den utgåva av bygdeboki for Luster, der eg seier ordrett følgjande om lagnaden til Olina:

 

«Olina flytte fra Luster kring 1870, ryktet vil ha det til at ho utvandra til Amerika, men me veit ikkje noko sikkert om det.»

 

Diverre er dette vorte oppfatta som faktum, og so går det vidare....

 

Faktum pr. i dag er at Olina framleis var i Noreg i 1880, so ei eventuelln utvandring må ha skjedd etter den tid...

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sofie J. Holmestad ankom Quebec den 16. mai 1882 med 'Circassian'. Hennes reisemål er Stoughton, Wisconsin. Hvis man blåser opp bildet, så har hun nummer 751, litt ovenfor midten av listen.

 

Sofie J. Holmestad immigration.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil, Carsten og Kurt for nye spennande innlegg!

 

Av passasjerlista i innlegg #13 går det fram at søsteri Sophie utvandra direkte til Stoughton, WI i 1882, men eg har ikkje sett noko til Oline Johannesdotter der i byen, enno...!

 

Om det er «vår» Olina, ho som i 1881 utvandra frå Christiania?  Eg veit ikkje, men ein god «kandidat» er ho uansett!

 

Når det gjeld reisemålet hennar i Minnesota, kjenner eg ikkje til nokon stad som heiter Odta, men me har Eyota i Olmstead Co., MN.  Kan det ha vore målet hennar?

 

Kanskje hadde det vore ein tanke å freista finna mor hennar i FT1891?  Faren Johannes Torkildson døydde på Holmestad (plassen Volden) i 1890, men mori Eli Olsdotter, fødd i 1816, levde heilt fram til 1902, då ho døydde hjå sonen Henrik på Ormelid i Luster, her i FT1900: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037351000005

 

Eg meiner eg har saumfare dødsmeldingane frå Luster før, men for å vera heilt sikker vil eg sende eit spørsmål i Arkivforum om å sjekka meldingane etter Johannes, Eli og søsteri Agatha, som døydde ugift i 1908.

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og lever i voni om at tidi for «gullkorn» held fram..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

det gjeld reisemålet hennar i Minnesota, kjenner eg ikkje til nokon stad som heiter Odta, men me har Eyota i Olmstead Co., MN.  Kan det ha vore målet hennar?

 

Dette er vel samme dame, emigrasjon, redigert utgave, reisemål Adda Min - Ada, Norman County, Minnesota?

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000952347

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil og Sven for nye spennande og interessante innlegg!

 

So kan me altso sikkert slå fast at Olina IKKJE var heime hjå mor si i 1891, og eg børjar meir og meir å tru at det verkeleg er ho som i 1881 utvandra over Christiania til Amerika!  Og stadnamnet ADA, MN er eg vel kjend med, for der budde det andre emigrantar frå Fortun sokn i Luster, t.o.m. ein annan huslyd med ættenamnet Holmestad.  Dei ætta frå same garden, men var ikkje i nær slekt!

 

Og hjartet mitt sprang litt ekstra då eg såg at ei Olena Johnson gifte seg i Norman Co., MN 17.5.1884 med ein Ole P. Olson.  MEN, FT1885 og 1895 syner båe at denne Olina var fødd i Noreg kring 1858, so ho kan det nok ikkje vera..., med mindre ho ljugde solid på alderen sin??  FT1895 for Anthony township, Norman Co., MN syner:

 

OLSON, O. P. 39  WI  farmer

OLSON, Olina  37  Nor  housekeeper

OLSON, Petter  4  Nor!  son?

 

FT1900 syner ho som enkje same staden, Alena P. Olson, fødd Noreg november 1857 og utvandra i 1881.  Nei, det er nok ikkje ho...

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand med denne jenta!  Før eller sidan må ho jo dukka opp!?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg kikket litt i census for 1900 hvor jo også fødsels-måned vises. Fant ingen gode kandidater for Oline/Olina, men stoppet opp ved noen kandidater som vi sammen kanskje kan ekskludere/inkludere i søket etter Oline Johannesdtr.

 

Name: Lena Opsahl 

Birth: Feb 1851 - Norway

Arrival: 1882

Residence: Manhattan, New York, New York

 

Name: Lena Huderson 

Spouse: Charles Huderson

Birth: Feb 1851 - Norway

Birth: Sweden

Residence: Perth Amboy Ward 1, Middlesex, New Jersey

 

Name: Oliana C. Gronnestal

Spouse: Daniel Gronnestal

Birth: Feb. 1851 - Norway

Residence: Chippewa Falls, Pope, Minnesota

 

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Kurt Østbye skrev:

Name: Oliana C. Gronnestal

Spouse: Daniel Gronnestal

Birth: Feb. 1851 - Norway

Residence: Chippewa Falls, Pope, Minnesota

 

Denne kandidaten kan vel da avskrives - https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=64497980

Giftet seg dessuten i 1870!

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Når det gjeld reisemålet hennar i Minnesota, kjenner eg ikkje til nokon stad som heiter Odta, men me har Eyota i Olmstead Co., MN.  Kan det ha vore målet hennar?

 

 

Eg tenkte Otter Tail då eg las Odta...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sven: Jeg så nærmere på originalskjemaet for census for 1900 for familien 'Huderson', og synes tydelig at Ancestry har feiltolket håndskriften. Det står 'Anderson', ikke Huderson. Er du enig ? (Dette paret giftet seg i 1886).

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er denne Olina Anderson som enke med datteren Valborg i census 1910.

Name:Elina Anderson Age in 1910:55 Birth Year:abt 1855 Birthplace:Norway

Home in 1910:Perth Amboy Ward 4, Middlesex, New Jersey

Street:Washington Sreet Race:White Gender:Female

Immigration Year:1888

Relation to Head of House:Head

Marital Status:Widowed

Father's Birthplace:Norway

Mother's Birthplace:Norway

Native Tongue:English

Home Owned or Rented:Rent

Farm or House:House

Able to Read:Yes

Able to Write:Yes

Number of Children Born:4

Number of Children Living:1

Household Members: Name Age

Elina Anderson 55

Walborg E Anderson 23

James Goritz 25

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.