Gå til innhold
Arkivverket

Sjur Pederson og Ragnhild Pedersdotter - busette på Holmestad i Luster 1804 - var dei frå Vågå/Lom? - opphav og lagnad?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Sjur Pederson og Ragnhild Pedersdotter fekk ein einaste son i Luster:

 

Ole Sjurson, døypt i Luster 19.8.1804: https://media.digitalarkivet.no/view/11590/10

 

So forsvinn dei like brått som dei er komne!

 

Etter litt leiting hjå FamilySearch kan det sjå ut som om dei same foreldri, Ragnhild Pedersdotter Grasdalen og Syver Pederson Sandvigen frå Vågå, fekk ein son Ole døypt «uekte» i Lom 10.12.1780: https://media.digitalarkivet.no/view/9241/65

 

Og her gifte dette parfolket seg i Vågå 15.11.1784: https://media.digitalarkivet.no/view/9247/134

 

MEN, eg kan ikkje sjå noko til dette parfolket i FT1801 korkje i Lom, Vågå eller Luster!  Kvar kan dei ha butt?  Og hadde dei fleire born?

 

Og kvar vart det av dei etter 1804??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne saki som har lege «urøyrd» sidan eg la ho ut for elleve dagar sidan.

 

Kanskje er dette for vanskeleg å finna ut av utan ekspertise frå Lom/Vågå?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette bringer deg ikkje vidare, men til orientering finn eg ikkje Ragnhild og Syver nemnt korkje under Grasdalen eller Sandviki i band 2 av bygdeboka for Lom.

 

Med helsing

 

Per

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Per for ny kommentar.

 

Då kan eg nemna at eg alt har sendt denne saki over til bygdebokskrivar Arnfinn Kjelland og likeins til Atle Brandsar, so får me sjå om nokon av dei greier dette...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ragnhild og den "uekte" sonen Ola er nemnde under Grindstugu i band 1 av bygdaboka: http://www.nb.no/nbsok/nb/0ab2f10f7319de73df0b9e38f4ebdb2e?index=1#313 

 

...her står det att litt arbeid for å finne ut kor Ola og Ragnhild kom ifrå (og om det fanst fleire Ragnhilder...for denne ser ut til å leva saman med Ola Johannesson i Lom, utan ein svipptur til Lyster). 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Atle for siste meldingi i dette emnet!

 

Herifrå Tyskland får eg ikkje òpna den boksidi som du syner til, men utifrå det du seier, KAN det høyrest ut som me talar om to ulike Ragnhild'er?  Det høyrest ut som det er denne Ragnhild som i 1801 budde på Lyngved austre, du syner til i innlegget ditt:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058251001165

 

Men det kan vel ikkje vera ho som i 1784 gifte seg i Vågå med Syver Pederson?

 

Merkeleg huslyd dette...  Kvar kan dei ha vore?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om Ragnhild, Syver og son deira!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Etter over to år «i dvale» ønskjer eg i kveld å henta fram att dette utfordrande emnet som eg ikkje er komme noko lenger med i mellomtidi.

 

For å oppsummera, so veit me i dag at Sjur (Syver) Pederson og kona Ragnhild Pedersdotter tydeleg kom til Luster frå Vågå i Gudbrandsdalen, men me har framleis ikkje finne dei i FT1801, og kvar det kan ha vorte av den einaste kjende sonen, fødd i Luster i 1804, er framleis ei kjempegåte!

 

Manuskriptet mitt ser pr. i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sjur Pederson Holmestad, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans?)

 

     Han gifte seg i Vågå 15.11.1784 med Ragnhild Pedersdot­ter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     var husmanns­folk under Holmestad kring 1804, og me trur dei budde på denne plassen, men me kan ikkje seia noko sikkert om det no.

Sjur og Ragnhild vart borte fra bygdi like brått som dei kom, og me trur dei flytte attende til Gudbrandsdalen.

 

##### (opplysningar om lagnaden deira?)

 

Me kjenner til ein son som vart f. her på Holmestad:

a. Ole Sjurson, døypt i Luster 19.8.1804,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips kring denne huslyden!  Eg lever i voni!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gunnar for siste innlegget frå i aftes.

 

Eg trur nok godt at Sjur (Syver) og Ragnhild godt kan ha vore ein snøggtur i Romsdalen, men det er so merkeleg at dei ikkje finst nokon stad i FT1801!  Truleg er minst eitt av namni feilskrive, men greier me likevel å løysa denne floka?

 

Det hadde vore kjempebra om ei løysing kunne finnast, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er nok Sandviken i Vågå det gjeld i alle fall.

Står litt om Syver (f.1753) m.foreldre/syskjen i denne artikkelen frå Vågå Historielag; https://vaagaa-historielag.org/Gard-og-slekt./Knut-Raastad/Sandviken.pdf

Bygdabøkene for Vågå og Sel omhandlar dessverre ikkje slekt. Mogleg at det er meire å hente i denne boka (for den som har ho);   P.Ø.Kvarberg 2000: Slekter i Vågå og Lom 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kåre for siste innlegget frå tysdag!

 

Eg trur me lyt gå ut ifrå at det var paret som gifte seg i Vågå i 1784 som alt i 1780 fekk sonen Ole og som sidan var innom Luster!

 

Og når du, Kåre, nemner at Sjur/Syver må vera frå Sandviken i Vågå, er det at eg «spisser øyrene».  Eg veit absolutt ikkje noko i det heile om denne Syver Pederson Sandviken, og ein veit jo aldri...; kanskje står det i alle fall noko som eg ha nytte av i den nemnde artikkelen frå Vågå Historielag (som eg diverre ikkje greier å lada opp hjå meg!) eller i boki til Kvarberg?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand for å klara opp i denne gåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.