Gå til innhold
Arkivverket

Ragnhild Olsdotter frå Luster (1741-18??) - to ekteskap i Bergen - huslyden hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

So vil eg gjerne få henta fram ei utfordring frå seint 1700-tal/1800-tal i Bergen som eg står ganske so fast på!

 

Denne Ragnhild Olsdotter må ha vore ei «sprek dame» som fekk yngste barnet sitt i 1791 i ein alder av 50 år, 26 år etter det første, men eg tykkjer huslyden ser noko «merkeleg» ut!  Det er undeleg at ho i første ekteskapet ikkje fekk meir enn den eine dotteri, og eg lurer på om Hans og Ragnhild kanskje kan ha butt ein annan stad før dei kom til Bergen?

 

Uansett, eg er interessert i fleire detaljar om denne huslyden og vonar at nokon kan hjelpa meg?

 

Manuskriptet mitt ser for tidi slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Hansson Steig, frå Skår, vart døypt i Luster 10.2.1737 og gifte seg her 15.11.1764 med Ragnhild Olsdotter frå Bøen under Berge i Dale, f. i Luster kring 1741.  Hans og Ragnhild flytte kring 1765 inn på Steig som paktarar og budde her fram til kring 1767.

Hans Hansen og kona Ragnhild flytte kring 1767 til Bergen der Hans arbeidde som smeddreng.  Han d. i Bergen 13.1.1778, og 1.4.1782 gifte Ragnhild seg att i Bergen med Erik Knutson frå Hovland i Årdal, i Berfgen kjend som Erik Knudsen.  Han var son av husmann Knut Ingebrigtson på Plassen i Offerdalen under Hovland, opphavleg frå

 

 

##### (opphavet hans?)

 

 

og kona Ragnhild Monsdotter frå

 

 

##### (opphavet hennar? – Langevold?)

 

 

og vart døypt i Årdal 16.2.1748.  Erik var ei tid jekteskippar og sidan brannmann, men vart til sist bøkkar.  Han og Ragnhild budde i Vestre Muralmending i Bergen der Ragnhild d. som bøkkarkone 17.6.1815.  Erik Knudsen d. som bøkkararbeidar same staden 6.6.1826.  Me kjenner til fem born etter Ragnhild, eitt frå første ekteskapet og fire frå det andre:

 

 

##### (kan godt ha vore fleire? – oppl.?)

 

 

a. Anna Hansdotter, døypt i Luster 20.6.1765,

 

 

     ##### (lagnaden hennar? – døydde før 1781?)

 

 

b. Anna Karine Eriksdotter, f. i Bergen 9.5.1781,

 

 

     ##### (lagnaden hennar? – pigebarn gravlagd 17.3.1781 – 18 uger – kan det vera ho?)

 

 

c. Karen Agathe Eriksdotter, f. i Bergen 23.8.1785, vart gravlagd i Bergen 6.4.1790.

d. Knut Olai Erikson, f. i Bergen 31.3.1788, gravlagd i Bergen 26.6.1789.

e. Erik Søren Olai Erikson, f. i Bergen 4.3.1791,

 

 

     ##### (n. 1804 med far sin – i stolemakarlære! – n. 1815 som Erich E. Knudsen, sjømann! - lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for nye interessante innlegg!

 

Det stemmer at det er huslyden i 9. rode nr. 123 eg arbeider med.  Det syner seg at Erik og Ragnhild vart buande der levetidi ut, og eg har no òg finne dødsfalli deira, som eg har føyd til i manuskriptet i innlegg #1 ovanfor!

 

Eg er forundra over alderen til smedsveinen Hans Hansen.  No finn eg ikkje den originale innførsli, men eg lurer på om ikkje eg har lese alderen der som 41 år i staden for 21!  Det hadde vore kjekt å få sjekka det...

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne husyden og vponar på eitt og anna «gullkorn»...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er faksimile av klokkerboka for Nykirkens sogn fra 1778. Det er vanskelig å lese alderen til noe annet enn 21 år her, men kanskje finnes det andre kilder?

 

HansHansen.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut for eit interessant innlegg!

 

Eg er samd med deg i at alderen til Hans Hansson heilt tydeleg er oppgjeven til 21 år, og dersom det stemmer, lyt ein sjølvsagt stilla eit spørsmål ved om Ragnhild Olsdotter i det heile var gift med denne smedsveinen.  Det er uansett påfallande at ho ikkje er registrert som mor til nokon fleire born før etter at ho kom i lag med Erik Knutson i 1781!  Hadde ho kan henda endå eit ekteskap imellom dei to?  Eller er alderen til smedsveinen rett og slett feil?

 

Elles har eg hatt spørsmål i Arkivforum om skiftet etter den nemnde Erik Knutson

 

 

og særleg spennande var det jo å sjå at han etterlet seg «en sig i Frankrig opholdende Søn Erich Søren Olay Erichsen, som skal være myndig»!  So veit me kvar ein bør leita vidare...!

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og vonar på fleire spennande opplysningar, særleg om livet til Ragnhild før 1781!?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i kveld gjort ei spennande oppdaging med omsyn til Ragnhild Olsdotter.  Trulovingi hennar med Erik Knutson fann stad i Domkyrkja 24.3.1781:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/4560/90

 

og her står det vitterleg om enkja Ragnhild Olsdotter, at ho var «afg. Ole Sørensens», og ut til høgre meiner eg å tyda at det står noko om at «hustrus trolovede Fæstemand [er] død i Amsterdam»!

 

Og endeleg, etter mykje leiting, fann eg trulovingi 18.10.1778 i Nykyrkja til «ungekarl Ole Sørensen, matros og pigen Ragnilde Olsdatter»:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8723/143

 

Men, då tyder dette samstundes at denne Ragnhild Olsdotter IKKJE hadde vore gift med Hans Hansson i Luster, og leitingi etter lagnaden deira lyt halda fram...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget i dette emnet.  Eg hadde ikkje fått med meg denne dotteri, men sidan denne Ragnhild Olsdotter tydeleg høyrer til ei anna ætt enn den eg trudde, so går opplysningane inn i arbeidsarkivet...

 

Eg takkar på ny for den framifrå hjelpi eg har fått med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.