Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Britha (1786) og Gjertrud (1794) Halvorsdøttrer frå Bringe i Luster til Askvoll (eller Hyllestad) og sidan vidare til Bergen - kvar vart det av dei og borni deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet handlar om to søstrer som i ung alder flytte til Askvoll (eller Hyllestad) og derifrå til Bergen, men som eg har hatt vanskar med å finna ut av lagnadane til.  Særleg gjeld dette den yngste søsteri Gjertrud.  Eg samla det meste av opplysningane på 1980-talet og har freista oppdatera desse no, men kjem ikkje so langt før eg står heilt fast!  Kanskje andre auge ser betre enn mine?

 

Manuskriptet mitt ser pr. i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande oppdagingar er dette manuskriptet no erstatta av to nye i innlegg #7 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Er dette samme Gjertrud ?

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038249021335

 

Se vielsen og merknad i 1837

 

SAB, St. Jørgens hospitals sokneprestembete*, Ministerialbok nr. A 3, 1815-1843, s. 203
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070418620289

 

Johannes død i 1835

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000453699

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg er skikkeleg imponert!  Hjerteleg takk til Carsten og Tore for svært spennande og nyttige innlegg!

 

Eg har sete i fleire timar og arbeidd med denne huslyden, og eg har gjort nokre oppdagingar, særleg når det gjeld Gjertrud!

 

** Ho gifte seg andre gongen med ein lustring som so langt var heilt «forsvunnen»!  Han levde då mori døydde i Luster i 1807, men har ikkje vore å oppdriva etter den tid!  No har eg flytt Gjertrud til sida hans og har lagt denne inn som ein del av dette emnet!

 

** Elias Johannesson ser verkeleg ut til å bu på Ramsgrov i Hyllestad i 1825, men det var òg ein Elias Johannesson fødd i Askvoll i 1827, og eg trur det kanskje var han som i 1865 var gardbrukar på Grov nedre i Askvoll.  Det går nemlig fram av dødsmeldingi etter Gjertrud frå 1870, at ho då ikkje hadde meir enn enkjemannen Ole Ingebrigtsen og den eine sonen Oluf Martin Olsen etter seg!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for dei to huslydane, til erstatning for manuskriptet i innlegg #1 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

 1. Britha Halvorsdotter (Bringe), døypt i Luster 9.7.1786,

Britha Halvorsdotter flytte i ung alder til Askvoll der ho 12.1.1812 gifte seg med Thomas Gregoriusson frå Ytrefjorden i Askvoll.  Han var son av gardbrukar Gregorius Johnson i Ytrefjorden, opphavleg frå Losna i Gulen, og kona Martha Andersdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – Nesja?? – vigde i Gulen 30.6.1776!)

 

og vart døypt i Askvoll 25.2.1787.  Thomas og Britha budde nokre år i Askvoll, men flytte kring 1822 til Bergen.  Der finn me dei att under namni Thomas og Bertha Gregoriussen.  Thomas livnærte seg som daglønnar og  budde i alle fall ei tid på Smørsalmenningen, men d. som almisselem i Bergen 6.2.1848.  Han budde då i Skivebakken, medan Bertha d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Me kjenner til fem born etter dei:

 

##### (hadde dei fleire?)

 

a. Gregorius Thomassen, døypt i Askvoll 3.1.1813, vart gravlagd i Askvoll 28.2.1813.

b. Gjertrud, kjend som Gjertrud Sophie Thomassen (1815‑    ), flytte med foreldri til Bergen og vart der gift med gardbrukarson og smedmeister Nils Pederson frå Kalhagen i Luster (1813‑1885) (s.d.) {NB: Dette parfolket flytte til Kristiansand og sidan til Christiania og so attende til Kristiansand – vert teke opp som eige tema!}.

c. Martha Thomassen, f. i Askvoll 4.3.1818,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

d. Halvor Thomassen, f. i Askvoll 28.12.1820, d. som oppsynsbetjent i Bergen 13.9.1873.  Halvor gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 5.12.1847 med Christine Benedicte Andreasdotter Tychesen frå Bergen, f. i Bergen 3.1.1820.  Ho d. som oppsynsmannsenkje i Bergen 9.3.1901.  Halvor var i mange år yrkessoldat, men vart sidan oppsynsbetjent ved tukthuset i Bergen der han og Christine vart buande levetidi ut.  Dei fekk seks born i lag.

 

     ##### (borni deira:

            * Thomasine Gjertine, f. KK 18.9.1847

            * Andreas, f. KK 16.3.1849 – n. 1865

            * Thomasine Berntine, f. KK 29.2.1852 – n. 1865

            * Gjertine Fredrikke, f. DK 10.12.1856 – n. 1865

            * Herman Christian, f. DK 3.3.1861 – n. 1865

            * Gerhard Severin, f. KK 23.11.1864 – n. 1865)

 

e. Arne Andreas Thomassen, f. i Bergen 9.10.1825,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

 1. Ole Ingebrigtson (Svad), son av Margretha og gardbrukar Ingebrigt Olson i Mordøla, Alme (1768-1826), vart døypt i Luster 2.11.1801 og budde framleis på Sva i 1807.

Ole Ingebrigtsen flytte i ung alder til Årstad i Bergen og budde på Fløen då han 30.7.1837 gifte seg i Årstad, Bergen med enkja Gjertrud Halvorsdotter, opphavleg frå Bringe.  Ho vart døypt i Luster 5.11.1794 og flytte i 1821 til Askvoll der ho 20.7.1822 gifte seg første gongen med Johannes Lasseson frå Smilden i Askvoll. 

 

##### (sjekka dette opphavet?)

 

Han var son av Lasse Johannesson frå Sundbotnen i Askvoll og jenta Johanna Halvorsdotter frå Våge i Askvoll

 

##### (sjekka status for desse foreldri?)

 

og vart døypt i Askvoll 10.2.1798.  Etter ei kort tid i Askvoll

 

##### (budde dei kan henda på Ramsfjord?? – Johannes innflytt til St. Jørgen derifrå i 1829!)

 

flytte Gjertrud og Johannes til Årstad, Bergen, men Johannes d. på St. Jørgen hospital 18.10.1835.  Ole og Gjertrud busette seg i Bergen der Ole var dagarbeidar og sidan vektar.  Dei budde i Væversmuget der Gjertrud d. 9.7.1870.  Ole Ingebrigtsen d. som enkjemann på arbeidsanstalten i Bergen 28.6.1891.  Gjertrud fekk to søner, ein frå kvart av ekteskapi:

 

##### (hadde ho kanskje fleire born som døydde i ung alder?)

 

a. Elias Johannessen, f. i Askvoll 21.9.1822,

 

     ##### (lagnaden hans? – budde han 1825 på Ramsgrov i Hyllestad? – ikkje nemnd i dødsmeldingi etter mori 1870!)

 

b. Oluf Martin Olsen, f. i Bergen 25.1.1838, d. som snikkarsvein i Bergen 7.3.1893.  Oluf gifte seg i Domkyrkja i Bergen 6.7.1856 med Serene Marie Nilsdotter Ellingsen frå Bergen, f. i Bergen 15.5.1837.  Ho d. som snikkarenkje på ein gamleheim i Bergen 23.5.1919.  Oluf var snikkarsvein, og han og Serene vart buande i Bergen levetidi ut.  Dei fekk åtte born i lag.

 

     ##### (borni deira:

            * Hadler Nils Olai, f. DK 27.9.1856 – n. 1865 med besteforeldri – n. 1875 med foreldri - «sømand med Tysk Bark Marjane paa Reise fra Constantinopel til ...»

            * Hendrikke Oline, f. KK 1.3.1858 – n. 1891

            * Oluf Martin, f. DK 16.6.1860

            * Gjertrud Marie, f. DK 16.1.1863 – n. 1875

            * Olufine Martine, f. NK 16.10.1865 – n. 1875

            * Marie Elisabet, f. NK 9.1.1869 – n. 1875

            * Oluf Marius, f. NK 26.9.1871 – n. 1875/1891

            * Sigvard Bernhard, f. NK 21.7.1875 – n. 1875/1891)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So vil eg på ny få takka for framifrå innsats med denne huslyden, og eg vonar sjølvsagt på fleire «gullkorn».  Kan henda har bygdeboki for Hyllestad (eller Askvoll) noko å by på?  Og kvar kan det ha vorte av Martha Thomassen og Arne Andreas Thomassen??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×