Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Breim (Gloppen) SF: Gunnhild Jonsdtr gift på Skinlo (br nr 5 Gabrielbruket), 1752-1826; ei kortslutning i bygdeboka – og hennar rette opphav.

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Denne Gunnhild førekjem i anetavla til svært mange breimningar, og eg har derfor tykt det var av stor interesse å finne ut kven ho eigentleg var. Bygdeboka plasserer henne som dotter til Jon Larsson Bø (1708-1762), men det kan ikkje stemme. Ho er verken nemnd i skiftet etter Jon i 1762, eller i skifte etter sonen hans, Jakob, som er død barnlaus i 1771, og som i så fall skulle vore bror hennar. Eg meiner no eg har identifisert henne, og vil gjerne ha innvendingar...

 

Namnet Bø har ho ved vigsla i 1787, men det finst ingen konfirmant med det namnet; derimot blir ei Gunnhild Jonsdtr Torheim konfirmert i 1770. «Mi» Gunnhild skal då vere rundt 18 år (rekna etter alder i 1801), så det er sannsynleg at det kan vere ho. Det finst ikkje noka høveleg Gunnhild Jonsdtr døypt Gloppen rundt 1752.

 

Nøkkelen ligg i 2 skifte på Bø - fyrst etter Kolbein Andersson Bø, død barnlaus i 1764. http://arkivverket.no/URN:sk_read/24231/274/   Her er det systrene hans eller deira etterkomarar som arvar, og mellom dei er «Anne Andersdatters eeneste barn, navn Gunnhild Jonsdtr».

 

Deretter døyr Kolbein si syster Anne den yngre i 1768, også barnlaus, og mellom arvingane i skiftet etter henne, er «Anne Andersdtr Florens igienlevende datter, Gunnhild Jonsdtr, nu 15 aar».  http://arkivverket.no/URN:sk_read/24232/284/

 

Alderen passar svært godt med den Gunnhild Jonsdtr som eg starta innlegget med. Eg sette meg derfor til å leite etter denne jenta i Sunnfjord, og fann ei høveleg dåpsinnførsle i 1752: Jon Hansson Skorpen si dotter Gunnhild. Deretter fann eg at Jon hadde gifta seg med ei Anne same året; ikkje oppgjeve farsnamn eller bustad på brura. Seinare finn eg ingen av dei.

 

Skorpa ligg i Flora, og eg trur det er svært sannsynleg at dette er rette jenta. Eg finn det også rimeleg at Gunnhild har kome til Breim når ho vart vaksen nok til ta teneste. (Kanskje er faren også død, eller kanskje er det ikkje plass til noka dotter i livet hans lenger).

 

Men kvifor Torheim ved konfirmasjonen? Eg har ein teori: Morbror til Gunnhild, Kolbein, som døydde barnlaus i 1764 var gift med Mari Pederdtr Bergheim, som deretter vart gift med Absalon Olsson Torheim (f.Egge). Heller ikkje i dette ekteskapet fekk Mari born, og kanskje er det hos henne Gunnhild har budd ved konfirmasjonen?

 

Eg tek som sagt gjerne imot innvendingar.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kenneth Bratland

Hei Aase!

 

Har ikke svaret på spørsmålet ditt, men at det har vært forbindelser mellom Skorpen i Kinn og Gloppen viser skiftet etter Brita Larsdtr. Skorpen 22. juni 1789. Hun var barnløs og etterlot seg enkemann og søsken. Den eldste fullbroren var Anders Larssen Vambeset i Gloppen

 

https://media.digitalarkivet.no/sk20081126680123

 

Mvh.

 

Kenneth Bratland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ja, Anders Larsson Vambeset var frå Eimhjellen, og dei "øvste" gardane i Hyen hadde spesielt tette band til Sunnfjord. Men også andre stader i bygda finn vi spor etter "kryssing" med sunnfjordingar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

No ser eg forresten at Absalon Olsson Torheim er sett til verje for Gunnhild Jonsdtr i skiftet i 1768, så då er det vel liten tvil om at ho har vore busett hos han på Torheim ved konfirmasjonen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×