Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Nilsson (1753?) og Gunnhild Paulsdotter (1762) - strandsitjarar på Vikøyri i Vik - kven var mannen, og kvar vart det av alle borni deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden der i alle fall kona Gunnhild Paulsdotter hadde opphavet sitt i Luster, busette seg på Vikøyri i Vik, men eg har berre greidd å finna att ein son i Vik.  Kvar vart det av dei andre?  Og kven var mannen, Johannes Nilsson?  Kvar vart det av han?

 

Me ser at fleire døtrer fekk det svært uvanlege namnet Ingegjer, kan henda ei oppkalling etter mor til Johannes??

 

Manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Gunnhild Paulsdotter (Qualsøren), dotter av Synneva Olsdotter og gardbrukar Paul Torstenson på Rønnei (1734‑1814), vart døypt i Luster 1.6.1762 og vart konfirmert på Kvalsøyri i 1778.

Gunnhild Paulsdotter flytte i 1780-åri til Vik der ho 20.10.1789 gifte seg med Johannes Nilsson frå

 

##### (opphavet hans?)

 

Han var son av

 

##### (foreldri?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – 1753!?)

 

Johannes var strandsitjar og arbeidar, og han og Gunnhild budde på Vikøyri i Vik der Gunnhild d. som legdelem 25.9.1840.  Johannes d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Dei fekk åtte born i lag:

 

##### (hadde dei kan henda fleire?)

 

a. John Johannesson, døypt i Vik 20.3.1791, d. i Vik

 

     ##### (dødsfallet hans? – før 1794!)

 

b. John Johannesson, døypt i Vik 7.3.1794, d. som strandsitjar på Vikøyri 3.1.1848.  Han gifte seg i Vik 19.11.1820 med Anna Ellingsdotter frå Vikøyri i Vik, døypt i Vik 10.1.1794.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     John og Anna var strandsitjarar på Vikøyri i Vik og fekk fire born i lag.

 

     ##### (sjekka om dette stemmer? – inkl.:

            * Gunnhild, døypt Vik 9.7.1825

            * Johanna, døypt Vik 3.3.1830

            * Elling, døypt Vik 16.4.1837

            * Anna, døypt Vik 22.10.1843)

 

c. Synneva Johannesdotter, døypt i Vik 30.6.1797,

 

     ##### (n. 1801 – lagnaden hennar?)

 

d. Ingegjer Johannesdotter, døypt i Vik 17.8.1800, d. i Vik

 

     ##### (dødsdatoen hennar? – vinteren 1800/1801?)

 

e. Johannes Johannesson, tvilling, døypt i Vik 28.11.1802, vart gravlagd frå Vikøyri 24.12.1802.

f. Ingegjer Johannesdotter, likeins tvilling og døypt i Vik 28.11.1802, vart òg gravlagd frå Vikøyri 24.12.1802.

g. Ingegjer Johannesdotter, døypt i Vik 24.3.1805,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

h. Johannes Johannesson, døypt i Vik 5.4.1807,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag motteke ei direkte melding frå Jon Sværen om denne huslyden der han mellom anna skriv følgjande:

 

~~~~~~~~~~

 

Eg ser at heile fam er på s 224 i Ættabokji til GB.

Gift i 1789. Navnet er Johannes Nilson Vikøyri f 1761 d 1808.
GB ser ut til å ha funne 10 ongar.
1. Ivar 1788. Hos besteforeldra i FT 1801. Deretter borte.
2. Jon f 1791. Død trulig 1791.
3. Jon f 1794. Meir om han i Ættabokji.
4. Synneva 1797 - 1832. Ikkje noko meir om gift / ongar.
5. Ingegjer f 1800. Død trulig 1800.
6. Ingegjer f 1802. Død trulig 1802.
7. Johannes f 1802. Død trulig 1802.
8. Daniel Johannes f 1804. Død 1819.
9. Ingegjer f. 1805. Ikkje noko meir om ho (eg vil tru det er ei jenta) i Ættabokji.
10. Johannes f. 1807. Død 1819.

 

~~~~~~~~~~

 

Daniel Johannes fødd i Vik i 1804 og avliden i 1819 finst i kyrkjeboki som døypt, men han er fødd berre fem månadar FØR Ingegier i 1805, og mori er dessutan oppgjevi heita Gjertrud i staden for Gunnhild, so eg trur ikkje Daniel Johannes høyrer til huslyden vår.

 

Iver Johannesson finst ikkje døypt i Vik, og dei nemnde besteforeldri Nils Johannesson og Lussi Pedersdotter gifte seg ikkje før i 1761, same år som i bygdeboki er oppgjeve som fødselsår for Nils Johannesson.  MEN alderen til «vår» Nils, både ved FT1801 og ved grav ferdi hans i 1808, peiker heilt klart mot eit fødselsår kring 1753, so eg trur ikkje Nils og Lussi er foreldri til «vår» Johannes og at Iver Johannesson høyrer til ein annan huslyd!

 

Eg har sterk tru på at det sjeldne kvinnenamnet Ingegier, som faktisk finst både i Vik og i Aurland tidleg og midt på 1700-talet, godt KAN vera lykkjelen til opphavet til denne Johannes Nilsson, men diverre manglar so altfor ofte morsnamnet ved barnedåpane på 1750-talet...!

 

Eg har likevel sett opp eit «revidert» manuskript for denne huslyden på Vikøyri:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Gunnhild Paulsdotter (Qualsøren), dotter av Synneva Olsdotter og gardbrukar Paul Torstenson på Rønnei (1734‑1814), vart døypt i Luster 1.6.1762 og vart konfirmert på Kvalsøyri i 1778.

Gunnhild Paulsdotter flytte i 1780-åri til Vik der ho 20.10.1789 gifte seg med Johannes Nilsson frå

 

##### (opphavet hans? – ein Johannes Nilsson frå Bøen under Berge i Dale sokn, Luster vart døypt i Luster 8.2.1755 og forsvinn frå Luster i ung alder – men mori heitte Mari – dårleg med oppkalling!?)

 

Han var son av

 

##### (foreldri?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – 1753!? – både FT1801 og gravferdi i 1808 peiker heilt tydeleg mot fødselsåret 1753 – bygdeboki for Vik hevder han er son av strandsitjar Nils Johannesson og kona Lussi Guttormsdotter på Vikøyri (vigde i Vik 14.4.1761) og fødd 1761 (fødsel ikkje registrert i Vik!), men kan det vera rett??)

 

Johannes var strandsitjar og arbeidar, og han og Gunnhild budde på Vikøyri i Vik.  Johannes vart gravlagd som strandsitjar frå Vikøyri 18.11.1808, medan Gunnhild d. som legdelem same staden 25.9.1840.  Dei fekk åtte born i lag:

a. John Johannesson, døypt i Vik 20.3.1791, d. i Vik kring 1793.

b. John Johannesson, døypt i Vik 7.3.1794, d. som strandsitjar på Vikøyri 3.1.1848.  Han gifte seg i Vik 19.11.1820 med Anna Ellingsdotter frå Vikøyri i Vik, døypt i Vik 10.1.1794.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     John og Anna var strandsitjarar på Vikøyri i Vik og fekk fire born i lag.

 

     ##### (sjekka om dette stemmer? – inkl.:

            * Gunnhild, døypt Vik 9.7.1825

            * Johanna, døypt Vik 3.3.1830

            * Elling, døypt Vik 16.4.1837

            * Anna, døypt Vik 22.10.1843)

 

c. Synneva Johannesdotter, døypt i Vik 30.6.1797, d. ugift på Vikøyri i Vik 27.9.1832.

d. Ingegjer Johannesdotter, døypt i Vik 17.8.1800, d. i Vik kort etter fødsli.

e. Johannes Johannesson, tvilling, døypt i Vik 28.11.1802, vart gravlagd frå Vikøyri 24.12.1802.

f. Ingegjer Johannesdotter, likeins tvilling og døypt i Vik 28.11.1802, vart òg gravlagd frå Vikøyri 24.12.1802.

g. Ingegjer Johannesdotter, døypt i Vik 24.3.1805,

 

     ##### (finn ho ikkje konfirmert eller avlidi i Vik – lagnaden hennar?)

 

h. Johannes Johannesson, døypt i Vik 5.4.1807, vart gravlagd frå Vikøyri i Vik 24.10.1819.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ivar bur hos besteforeldra sine, omtalt som sønnesønnen, v/ FT 1801. Men du skriv at bestemor heiter Lussi Pedersdtr. Ho er ei Guttormsdtr (noko du har i innlegg 2), 1732 d 1809. Og bestefaren levde i 1801, men ukent når han døyr.

--------

Ang Daniel Johannes kan eg væra einig med deg, at han raderast ut i denne familien. 

MEN Lars: Har du ikkje vore borte i personar som døyr før 1820, eller som i dette tilfellet år 1808, har 10 år forskjel på alderen som er oppgjeven og det som ein reknar frå død til født ???

-------

Nils Johannessen f 1726 hadde Anders f 1750 m/ Synneva Andersdtr "Seim" f ca 1719. Ved FT 1801 budde Synneva saman m/ sonen Anders.

Same mann fekk og Johannes f 1754 m/ Åse Johannesdtr. Ikkje noko i Ættabokji om Åse og Johannes f 1754.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget om denne huslyden!

 

Det med Lussi Pedersdotter var ein «prenteleif», som du sikkert òg har forstått!

 

Dersom Nils Johannesson fødd 1726 verkeleg hadde ein son Nils i 1754 med ei Åsa Johannesdotter, stiller jo det saki i eit ganska anna ljos!  Eg gjekk ut ifrå at Nils var fødd i 1761 som son av Johannes og Lussi, slik du skreiv i meldingi di (sjølv om eg heller ikkje kan finna nokon Nils døypt i 1761...)! 

 

Då ville det vore kjekt om du kunne fortelja meg nøyaktig kva som står i bygdeboki om denne Nils Johannesson og borni hans?

 

Og kvar kan eg finna denne dåpen som du nemner frå 1754 av Johannes Nilsson med mor Åsa Johannesdotter?  Og kven var Åsa?

 

Eg er likevel svært i stuss, for aller helst ville eg hatt ein Johannes Nilsson med mor Ingegier!!

 

Jau, unøyaktige aldrar er me vel kjende med, ikkje minst frå 1700- og tidleg 1800-tal, MEN i dette tilfellet er alderen i to ulike kjelder oppgjeven med nesten same fødselsår!?

 

Elles ventar eg framleis på fleire opplysninghar om John Johannesson og kona Anna Ellingsdotter...?

 

Eg er forresten nysgjerrig på: Kva har bygdebokforfattaren skrive om opphavet til Gunnhild Paulsdotter?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og vonar på fleire «gullkorn»...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter at eg vart merksam på at Fylkesarkivet sin base for Sogn, og særleg for Vik, er meir fullstendig enn eg før hadde fått inntrykk av, har eg no oppdaga dåpen til den nemnde Johannes Nilsson i Vik hovudsokn 12.6.1754: https://media.digitalarkivet.no/view/11753/117

 

Her står det at Johannes var son av Nils Johannesson Seljestø og Åsa Johannesdotter.

 

Og då dei vart «publice absolveret» 5.5.1754 kjem det fram at Åsa var frå Øvstedal: https://media.digitalarkivet.no/view/11753/115

 

Samstundes finn eg i Fylkesarkivet sin base dåpen 2.7.1761 til Johannes på Seljestø der faren er oppgjeven til Johannes Nilsson, men der fylkesarkivet har ein kommentar om at dette «må vera feil for Nils Johannesson»....

 

Dersom Johannes Nilsson på Vikøyri i 1801 verkeleg er son av Nils Johannesson, må det etter mitt syn vera han frå 1754 med Åsa som mor.  Men då er eg sjølvsagt spent på kva bygdeboki skriv om lagnaden til Åsa Øvstedal?  Kan det tenkjast at ho hadde ei søster eller anna slektning med namn Ingegjer som fostra opp Johannes og som sida vart oppkalla??

 

Dette vert meir og meir spennande, og eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars !

Kjekt at du kan læra noko frå meg (ang fødte 1750-59 i Arnafjorden ) !

-----------------------------------------------------------------------------

På ‎25‎.‎03‎.‎2017 den 19.37, Lars E. Øyane skrev:

Elles ventar eg framleis på fleire opplysninghar om John Johannesson og kona Anna Ellingsdotter...?

 

Eg er forresten nysgjerrig på: Kva har bygdebokforfattaren skrive om opphavet til Gunnhild Paulsdotter?

 

9 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Dersom Johannes Nilsson på Vikøyri i 1801 verkeleg er son av Nils Johannesson, må det etter mitt syn vera han frå 1754 med Åsa som mor.  Men då er eg sjølvsagt spent på kva bygdeboki skriv om lagnaden til Åsa Øvstedal?  Kan det tenkjast at ho hadde ei søster eller anna slektning med namn Ingegjer som fostra opp Johannes og som sida vart oppkalla??

Side 225 i Ættabokji for Vik, utg 2008, av GB:

Jon Johannesen 1794-1848 gift 1820 m/ Anna Ellingsdtr Vikøyri 1794-1853, budde på Vikøyri.

a)  Barbara f. 1822. Til USA i 1857

b)  Gunnhild f. 1825. 2 ongar på "laust" m/ Per Olason Engum f. 1816 frå Kvamsøy, Anna f. 1849 og Jon f. 1863. Ho og dei 2 ongane til USA i 1866

c)  Johanna 1830.  Til USA 1866.

d)  Erling 1837.  Til USA 1856

e) Anna 1843.  Til USA 1857.

Mor, Anna Ellingsdtr, ei dtr Brita f 1816 m/ Styrk Kjellson Vikøyri 1790-1853

________________________________________

Opphavet til Gunnhild Paulsdtr:  På s 224 står det Skaffargarden, Sjøthun.  No i kveld ser eg ikkje noko svar på dette.

_____________________________________________________________________________

Johannes Nilsson Vikøyri i 1801.

 
18039 1417  2/7  1761  Johannes Nielss. Niels Johanness. Seljestø      

  Ved dåp er faren skriven Johannes Nielsen, men det må vera feil. fglass.gif

Lars:  EG tolka det slik at navnet på ongjen er Johannes Nielsson . DÅ MÅ FAR VÆRA ein Niels.

Altso er far Niels Johannesen.

I Kyrkjebokji vil du finna at både FAR og Barn = Johannes Nielsson !

Nr 10, side 22, venstre side !  Gotisk skrift er du betre enn meg !  Langt betre !

https://media.digitalarkivet.no/kb20070523640344 

___________________________________________

Åse Johannesdtr Øvstedal ? Det står INGENTING om hennar  i Ættabokji !  Sorry !

Noko meir på henne i Gamle DA ?  Her er det eg fann:

Merknad (kjelde)
16676   25/12  1777 D k Ingebor Siurd. e Siur Olss. Jetland Aase Johannesd. fglass.gif
16874 1417  20/11  1774 D m Ingebrigt Siurs. e Siur   Jetland Aase Johannesd. Fødd 12.11. Tvilling. fglass.gif
16875 1417 20/11 1774 D m Gerhard Siurs. e Siur   Jetland Aase Johannesd. Fødd 12.11. Tvilling. fglass.gif
17037 1417 23/2 1772 D m Ole Siurs. e Siur Olss. Jetland Aase Johannesd. Fødd 03.02. fglass.gif
17197 1417 11/2 1770 D m Bottolv Siurs. e Siur   Jetland Aase Johannesd. fglass.gif
18631 1417 13/7 1743 D k Giertrud Hansd. e Hans   Løbø Aase Joend. Øygarden. Truleg døypt i Lavik. fglass.gif
18916 1417 12/6 1754 D m Johannes Nielss. u Niels Johanness. Øvstedal Aase Johannesd.

Far frå Seljestø. Publ.abs. 5.5. Stad derfrå. fglass.gif

Jetland er trulig Kyrkjebø.

------

å copiera frå Gamle DA, då ein ein værta "tussete" !!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Merknad
16676 1417  25/12    1777 D    k Ingebor Siurd. e Siur Olss. Jetland Aase Johannesd. fglass.gif
16874 1417 20/11   1774 D   m Ingebrigt Siurs. e Siur   Jetland Aase Johannesd. Fødd 12.11. Tvilling. fglass.gif
16875 1417 20/11  1774 D m Gerhard Siurs. e Siur   Jetland Aase Johannesd. Fødd 12.11. Tvilling. fglass.gif
17037 1417 23/2 1772 D m Ole Siurs. e Siur Olss. Jetland Aase Johannesd. Fødd 03.02. fglass.gif
17197 1417 11/2 1770 D m Bottolv Siurs. e Siur   Jetland Aase Johannesd. fglass.gif
18631 1417 13/7 1743 D k Giertrud Hansd. e Hans   Løbø Aase Joend. Øygarden. Truleg døypt i Lavik. fglass.gif
18916 1417 12/6 1754 D m Johannes Nielss. u Niels Johanness. Øvstedal Aase Johannesd.

Far frå Seljestø. Publ.abs. 5.5. Stad derfrå. fglass.gif

Diverre datt noko ut frå innlegget eg skreiv nettopp.  Har ho ei EKTE  dtr m/ Hans på Løbø. Så "vår uekte" i 1761. Så frå 1770 til 1777, 5 stk  EKTE  m/ Sjur Olsen Jetland (Kyrkjebø) eller, eller

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.