Gå til innhold
Arkivverket

Ingrid (Inger) Christensdotter (1758-1831) - frå Luster - gift to gongar på Askøy - kven var mennene hennar og kvar vart det av borni?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ingrid, òg kjend som Inger Christensdotter (1758-1831) flytte i ung alder til Askøy og gifte seg der to gongar.  Det har vore sagt at første mannen skulle vera frå Sogndal, men noki stadfesting av dette har eg ikkje finne.  Eg har heller ikkje finne dødsfallet hans på Askøy.

 

Elles vonar eg det let seg gjera finna ut kvar det vart av borni...

 

Manuskriptet mitt ser ut som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingrid Christensdotter (Qualsøren), f. i Luster kring 1758, vart konfirmert i 1774 og budde då på Bolstad.

Inger Christensdotter flytte i 1770-åri til Bergen og gifte seg første gongen på Askøy 16.11.1788 med Johannes Olson frå

 

##### (opphavet hans? – frå Sogndal?)

 

Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans?)

 

Johannes og Inger budde i Nygårdsvik på Laksevåg, men Johannes d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans?)

 

og Inger gifte seg 6.10.1792 att på Askøy med Anders Thorson frå

 

##### (opphavet hans? – Haugland på Askøy?)

 

Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – 1761?)

 

Anders og Inger vart husmannsfolk i Juviken på Askøy der Inger Christensdotter d. 26.12.1831.  Anders d. same staden 22.4.1841.  Inger fekk i alt tre born, ei dotter frå første ekteskapet og to søner frå det andre:

 

##### (hadde ho kan henda fleire born?)

 

a. Bertha Johannesdotter, døypt på Askøy 8.11.1789, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Bertha gifte seg på Askøy 29.6.1823 med enkjemann Jacob Stephenson, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     døypt på Askøy 9.4.1780.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (yrken og bustad? – 1823: paktar i Juviken på Askøy – sidan???)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Else Karine, f. Askøy 20.1.1825

            * Johanne, f. Askøy 8.8.1826

            * Jacob, f. Askøy 20.2.1832)

 

b. Jacob Johannes Andersson, døypt på Askøy 12.1.1794,

 

     ##### (lagnaden hans? – d. før 1801?)

 

c. Thore Johan Andersson, døypt på Askøy 29.7.1798, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Thore gifte seg første gongen på Askøy 11.10.1829 med Olina Johannesdotter frå Tveitevåg på Askøy, døypt på Askøy 19.7.1801.  Men ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     og Thore gifte seg 13.5.1838 att på Askøy med Gjertrud Arnesdotter, òg frå Tveitevåg på Askøy, døypt på Askøy 8.2.1801.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     ##### (yrke og bustad? – Juviken på Askøy?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Christiane, f. Askøy 8.1.1830

            * Johannes, f. Askøy 9.1.1832

            * Inger Martine, f. Askøy 29.10.1834)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har de i min egen slekt

 

Jacob Stephensen er født 1779 - Judvig under Krogaas. Død samme plass 19 nov. 1844

 

Gift med Else Pedersdatter f. 1770 - 8 mai 1821

Barn

Peder Andreas Jacobsen 25 des 1807  Juvig - 28 feb 1873 Krokåsvåg, Askøy

 

Foreldre til Jacob

Stephen Jacobsen 1741 Ravnanger, Askøy - 22 nov 1807 Juvig

Ingeborg Jacobsdatter 1738 Kleppe, Askøy - 4 nov 1810 Juvig

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000548549

https://media.digitalarkivet.no/view/8601/42334/33

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000826141

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058382000383

 

Foreldre til Ingeborg: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011719dk&gardpostnr=4251&personpostnr=35302&merk=35302#ovre

 

Barn til Ingeborg:

Daarthe f. 1783 Holmedal Askøy

Elen f. 1785 Holmedal -  gift med Thorbjørn Andersen f. 1782 Strudshavn, Askøy 

Jacob f. 1779 (Se øverst)

 

Foreldre til Stephen f 1741

Jacob Stephensen Ravnager, bonde - 1706 - 2 juli 1763

Elen Danielsdatter Hegrenes  f. augst 1708 Hegrenes i Jølster - 9 juni 1782 Tveit, Ravnanger Askøy

https://media.digitalarkivet.no/view/11522/51

 

Elens foreldre

Daniel Pedersen Hegrenes

Helga Hansdtr Alhus

 

 

 

PS

Rune Thorstensen har gjort en utmerket jobb med denne familien. Det skal være ett innlegg på forumet

 

 

 

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anders Thoresen f. 1763

Konfirmant i 1783 - https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000692418

 

Jacob Thoresen, sannsynligvis bror av Anders

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000692419

 

Tore Andersen f. 1731 Juvik - Kandidat som far til Anders og Jacob

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000667372

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten, Ivar og Jon for mange spennande og høgst interessante innlegg om denne huslyden!

 

Eg har no sete og «sortert» dei ulike opplysningane og sit no att med følgjande «hovudutfordringar»:

 

** Johannes Olson «Sogndal», første mann hennar Inger, er framleis ei «gåte» - han er ikkje registrert avliden på Askøy, og ættenamnet «Sogndal» som han har ved vigsli, er ei sann utfordring!  Var han derifrå?

 

** Det synest klart at Anders Thoreson må vera son av Thore Andersson og Rachel Jacobsdotter, som får fleire born på Haugland på Askøy frå 1767 og utover.  Rachel synest vera frå Bergen, men fødestaden til Anders er eit «mysterium», likeins vigsli til foreldri hans...?

 

** Elles har eg kkje greidd å finna dødsfallet til Olina Johannesdotter, første kona til Thore Johan Andersson i Juvken.   Ho må vera avlidi mellom 1834 og 1838...?

 

** Endeleg er det uklart for meg kvar eigentleg plassen Juviken ligg (eller låg).  Eg har sett plassen nemnd både under Kleppe og under Krokås, men kva er rett?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #1 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingrid Christensdotter (Qualsøren), f. i Luster kring 1758, vart konfirmert i 1774 og budde då på Bolstad.

Inger Christensdotter flytte i 1770-åri til Bergen og gifte seg første gongen på Askøy 16.11.1788 med Johannes Olson frå Sogndalsfjøra i Sogndal.  Han var son av strandsitjar Ole Jensson i Sogndalsføra og første kona Ragnhild Sørensdotter frå Dalaker og vart døypt i Sogndal 21.10.1764.  Johannes og Inger budde i Nygårdsvik på Laksevåg, men Johannes d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans?)

 

 

og Inger gifte seg 6.10.1792 att på Askøy med Anders Thoreson frå Haugland på Askøy.  Han var son av

 

 

##### (yrkestitel?)

 

 

Thore Andersson på Haugland, opphavleg frå

 

 

##### (opphavet hans? – NB:  budde 1767 på Haugland, Askøy!! – kan henda vart han sidan husmann i Juviken under Kleppe?)

 

 

og kona Rachel Jacobsdotter frå Bergen

 

 

##### (må vera døypt i Bergen 3.11.1737! – for: Jacob Magnusson og Dortha Olsdotter – Rachel vart gravlagd frå Haugland på Askøy 3.2.1771, 33 ¼ år)

 

 

og vart døypt

 

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – truleg 1763!?)

 

 

Anders var fiskar, og han og Inger budde mellom anna som husmannsfolk på ein plass

 

 

##### (kva plass kan dette ha vore?)

 

 

under Holmedal på Askøy, men vart sidan plassfolk i Juviken under Kleppe på Askøy der Inger Christensdotter d. som kone 26.12.1830.  Anders d. som innerst same staden 22.4.1841.  Inger fekk i alt tre born, ei dotter frå første ekteskapet og to søner frå det andre:

 

 

##### (hadde ho kan henda fleire born?)

 

 

a. Bertha Johannesdotter, døypt på Askøy 8.11.1789, d. som innerst og enkje i Krokåsvågen på Askøy 7.5.1854.  Bertha gifte seg på Askøy 29.6.1823 med enkjemannen Jacob Stephenson, opphavleg frå ein plass

 

 

     ##### (heitte plassen Hunvik? – Jacob hadde dette namnet då han gifte seg første gongen i 1802!)

 

 

     under Holmedal på Askøy, døypt på Askøy 9.4.1780.  Han d. som paktar i Juviken 19.11.1844.  Jacob gifte seg første gongen på Askøy 7.11.1802 med Elsa Pedersdotter frå Krokås på Askøy, døypt på Askøy 24.5.1770.  Men ho d. som husmannskone i Juviken 8.5.1821.  Jacob var husmann og sidan paktar i Juviken under Kleppe på Askøy og fekk i alt sju born; av dei var tre frå andre ekteskapet med Bertha.

 

 

     ##### (sjekka om dette stemmer? – kjende born:

 

            * Stephen, døypt Askøy 11.12.1803

            * Peder Andreas, døypt Askøy 16.6.1805

            * Peder Andreas, døypt Askøy 23.8.1807

            * Ingebrigt, døypt Askøy 21.7.1811

            * Else Karine, f. Askøy 20.1.1825

            * Johanne, f. Askøy 8.8.1826

            * Jacob, f. Askøy 20.2.1832)

 

 

b. Jacob Johannes Andersson, døypt på Askøy 12.1.1794, vart visstnok gravlagd frå Follesø på Askøy 24.9.1799.

c. Thore Johan Andersson, døypt på Askøy 29.7.1798, d. som innerst og enkjemann i Juviken 27.2.1864.  Thore gifte seg første gongen på Askøy 11.10.1829 med Olina Johannesdotter frå Tveitevåg på Askøy, døypt på Askøy 19.7.1801.  Men ho d.

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – ikkje finne Askøy 1834-1838!)

 

 

     og Thore gifte seg 13.5.1838 att på Askøy med Gjertrud Arnesdotter, òg frå Tveitevåg på Askøy, døypt på Askøy 8.2.1801.  Ho d. som husmannskone i Juviken 7.4.1856.  Thore var husmann i Juviken under Kleppe på Askøy og fekk i alt tre born, som alle var frå første ekteskapet.

 

 

     ##### (sjekka om dette stemmer? – kjende born:

            * Christiane, f. Askøy 8.1.1830

            * Johannes, f. Askøy 9.1.1832

            * Inger Martine, f. Askøy 29.10.1834)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Finst det kanskje ei bygdebok for Askøy som kan hjelpa oss vidare??

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og vonar på fleire «gullkorn»...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg greidd å identifisera Johannes Olson «Sogndal»!  Det syner seg at han var fødd i Sogndalsfjøra i 1764, for når det i 1797 vart halde skifte etter far hans i Sogndal, står det om sonen Johannes at han var avliden i Bergen og let etter seg ei dotter på 8 år!  Dotteri er rett nok i skiftet kalla Ragnhild, men det MÅ jo vera same huslyden...

 

Eg har retta opp manuskriptet i innlegg #9, men framleis er det ei «gåte» kva tid Johannes døydde...?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg kan heller ikke finne Johannes avdød.

Dessverre så er det vist store mangler i kirkebøkene fra Askøy på slutten av 1700 tall. 

 

Geografien på Askøy.

 

Holmedal, Strusshamn, Kleppe, Krokås, Juvik og Haugland er stort sett nabobygder, og ligger innenfor ett lite geografisk område sør sør/vest på øya.

 

Anbefaler at du sender en mail til Rune Thorsteinsen , han har god kontroll på bosatte på denne delen av Askøy på den tiden

 

Mvh

Ivar

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget!

 

Du har nok rett med omsyn til kyrkjebøkene på Askøy.  Dei er nok mangelfulle, for eg vil tru at ogso Anders Thoreson burde vera døypt der...  Me får vel berre skriva at Johannes døydde på Laksevåg kring 1791 (med mindre eit skifte skulle dukka opp...?), og at Anders Thoreson var fødd på Askøy kring 1763!

 

Elles vil eg ta kontakt med Rune Thorstensen.  Kanskje han har fleire kommentarar...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nettopp hjemme etter 7 uker på Lanzarote. Om jeg får en dag eller to på meg så skal jeg se hva jeg kan ha av opplysninger om denne slekten.

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Rune for nytt innlegg!  Vonar du hadde ein fin ferie og at du no kan nyta våren i Noreg!

 

Eg gler meg til kommentarar om denne huslyden...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Usikker på om dette er noe du kan bruke, men legger det nå inn i tilfelle.

 

1706 - 1763
 
Nordholdaland tingrett, bok 43 - 
17. des 1759
 
For Rætten fremstoed Jacob Stephensen Rafnanger og til kiende gav det hand til dette Ting tiid og Stæd har ladet med muntlig Stevning indkalde Iver Olsen Huus mand i Tvedte Vogen fordie hand sistleeden Aar har slaget 2de Citantens børn nemlig hands Sønn Stephen Jacobsen til blods i Ansigtet hvoraf endnu sees Ahr og Kiendetegn og hands Datter Helge Jacobs datter lige leedis slaget og ilde medhandlet dog paa diverse tiider men i sist leeden Aar, derom at anhøre Vidner som under FalsMaal er indkalte og møder nemlig Ludvig Hendrichsen Ravnanger, Gertrud Rasmusdatter som er huusmanden Peder Danielsen Tvetevogens Hustrue Elling Bastesen Tvedten, Ole Ellingsen Tvedten, Ole Jacobsen tienende hos Elling Tvedten, {Gertrud} for der efter at lide Dom efter Sagens beskaffenhed med Erstattning for foraarsagede Processes Omkostninger.|Elling Bastesen Tvedten fremstoed og efter aflagd Eed forklarede, at hand ongefehr for et Aars tiid siden da hand Var i sin Stue, kom en af hands folk ind bad ham kom/m/e ud for at see hvorleedis Citantens Sønn *Jacob Stephensen* (Stephen Jacobsen) 14 á 15 Aar gam/m/el Var tilreed, hvor da barnet tillige med Citantens Fader sad ude for en Veg, og barnet Var gandske blodig i Ansigtet og paa Klæderne og Vidnet saae at barnet Var slaget huul under det Vænstre Kin been saa stort at en tom/m/elfinger der udi kunde lægges og Var blodig og ilde med handlet, hvorpaa Vidnet tilspurte barnet, som skalv og bevret af frøgt og verck og lidet kunde tale, hvor leedis hand Var kom/m/et til den skade, hvor til barnet svarede Iver Olsen i Tvedtevogen har slaget eller stødt mig i Ansigtet med en Aare Lom, hvilcket og det 2det Vidne Ole Ellingsen Tvedten sam/m/e tiid saae og hørte barnet siige og beklage sig for Vidnet sagde desuden at efter denne Sag til dette ting er bleven paastevnt ind kom Iver Olsen Tvedte vogen til Vidnet siigende med Knur at hand ey burde Vidne mod ham, hvortil Vidnet svarede naar jeg er lovlig stevnt maae jeg Vidne, og hvorfor har du saadant giort imod barnet, hvortil Iver Svarede jeg Vilde ey slaget barnet, men kastede Aaren i barnet, Veed altsaa ey Videre at forklare om denne Skade barnet blev tilføyet, men Veed at barnet endnu har Ahr i Ansigtet paa Vænstre Siide paa Kinden.
 
Mvh
Ivar
 
 
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har ikke stort mer å tilføre enn det som allerede har fremkommet i temaet. Johannes Olsen og Ingeborg Christensdtr. hadde jeg ikke registrert i mitt slektsprogram. Anders har jeg registrert med samme foreldre som er nevnt tidligere i dette temaet, Thore Andersen ca. 1731 - død 23.01.1791 på Juvik. Han var gift med Rachel Jacobsdtr., og jeg har ikke funnet noen vielse på dette paret. Men jeg er rimelig sikker på at Rachel var fra Haugland (Houland) på Askøy, døpt 03.11.1737 i Domkirkesognet (som Askøy tilhørte på den tiden). Hun døde på Juvik 03.02.1771, 33 1/2 år gammel.

 

Da er foreldrene hennes Jacob Magnesen Haugland 1702 - 01.01.1770 og kona Dordi Olsdtr. Krokaas 1709 - 16.12.1787 på Davanger.

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011719dk&gardpostnr=3415&personpostnr=28637&merk=28637#ovre

 

 

Denne dåpen i Domkirken kan være interessant med tanke på Thores opphav. Årstallet er rett nok 1734, men blant fadderne finner man en Jacob Stephensen. Her er imidlertid ikke noe gårdsnavn nevnt verken på foreldre eller faddere.

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011719dk&gardpostnr=2704&personpostnr=22713&merk=22713#ovre

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar og Rune for nye interessante innlegg!

 

Merknaden om desse barnedåpane i Domkyrkja var interessant, og eg ser no at då Guri Andersdotter, ei yngre søster av Thore, vart døypt i Domkyrkja i 1738, vert Ravnanger oppgjeven som bustad!

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011719dk&gardpostnr=3591&personpostnr=30037&merk=30037#ovre

 

Noko nærare ein bustad for foreldri til Thore Andersson trur eg ikkje me kjem...

 

Etter dette står følgjande konkrete spørsmål fram som dei viktigaste å finna ei løysing på:

 

** Eg har framleis vanskar med å identifisera plassen JUVIKEN.  Under kva matrikkelgard var Thore Andersson og sidan sonen Anders Thoreson husmenn?  Eg har sett oppgjeve både Kleppe og Krokås!?  Går det ikkje fram av kart e.l. nøyaktig kvar plassen ligg (eller låg)?

 

** Og kva heitte plassen under Holmedal der Anders Thoreson budde før han flytte til Juviken?

 

** Og endeleg, kva plass under Holmedal kan Jacob Stephenson ha vore ifrå, han som gifte seg med Bertha Johannesdotter?  Eg ser han nytta Hunvik som ættenamn då han gifte seg første gongen i 1802...  Er/Var Hunvik plass under Holmedal?

 

Eg seier meg lei for at geografikunnskapen min på Askøy er so dårleg.  So vidt eg hugsar, har eg berre vore ein einaste gong på Askøy i mitt liv, og det var like etter brui òpna, kring 1987?

 

Her følgjer ein oppdatert versjon av dette manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingrid Christensdotter (Qualsøren), f. i Luster kring 1758, vart konfirmert i 1774 og budde då på Bolstad.

Inger Christensdotter flytte i 1770-åri til Bergen og gifte seg første gongen på Askøy 16.11.1788 med Johannes Olson frå Sogndalsfjøra i Sogndal.  Han var son av strandsitjar Ole Jensson i Sogndalsføra og første kona Ragnhild Sørensdotter frå Dalaker og vart døypt i Sogndal 21.10.1764.  Johannes og Inger budde i Nygårdsvik på Laksevåg, men Johannes d. på Laksevåg kring 1791, og Inger gifte seg 6.10.1792 att på Askøy med Anders Thoreson frå Kleppe på Askøy.  Han var son av husmann Thore Andersson på Juviken under Kleppe,

 

##### (sjekka om under Kleppe eller under Krokås?)

 

opphavleg frå Ravnanger, og kona Rachel Jacobsdotter frå Haugland og var f. på Haugland på Askøy kring 1763.  Anders var fiskar, og han og Inger budde mellom anna som husmannsfolk på ein plass

 

##### (kva plass kan dette ha vore?)

 

under Holmedal på Askøy, men vart sidan plassfolk i Juviken under Kleppe

 

##### (sjekka om under Kleppe eller under Krokås?)

 

på Askøy der Inger Christensdotter d. som kone 26.12.1830.  Anders d. som innerst same staden 22.4.1841.  Inger fekk i alt tre born, ei dotter frå første ekteskapet og to søner frå det andre:

a. Bertha Johannesdotter, døypt på Askøy 8.11.1789, d. som innerst og enkje i Krokåsvågen på Askøy 7.5.1854.  Bertha gifte seg på Askøy 29.6.1823 med enkjemannen Jacob Stephenson, opphavleg frå ein plass

 

     ##### (heitte plassen Hunvik? – Jacob hadde dette namnet då han gifte seg første gongen i 1802!)

 

     under Holmedal på Askøy, døypt på Askøy 9.4.1780.  Han d. som paktar i Juviken 19.11.1844.  Jacob gifte seg første gongen på Askøy 7.11.1802 med Elsa Pedersdotter frå Krokås på Askøy, døypt på Askøy 24.5.1770.  Men ho d. som husmannskone i Juviken 8.5.1821.  Jacob var husmann og sidan paktar i Juviken under Kleppe på Askøy og fekk i alt sju born; av dei var tre frå andre ekteskapet med Bertha.

 

     ##### (sjekka om dette stemmer? – kjende born:

            * Stephen, døypt Askøy 11.12.1803

            * Peder Andreas, døypt Askøy 16.6.1805

            * Peder Andreas, døypt Askøy 23.8.1807

            * Ingebrigt, døypt Askøy 21.7.1811

            * Else Karine, f. Askøy 20.1.1825

            * Johanne, f. Askøy 8.8.1826

            * Jacob, f. Askøy 20.2.1832)

 

b. Jacob Johannes Andersson, døypt på Askøy 12.1.1794, vart visstnok gravlagd frå Follesø på Askøy 24.9.1799.

c. Thore Johan Andersson, døypt på Askøy 29.7.1798, d. som innerst og enkjemann i Juviken 27.2.1864.  Thore gifte seg første gongen på Askøy 11.10.1829 med Olina Johannesdotter frå Tveitevåg på Askøy, døypt på Askøy 19.7.1801.  Men ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – ikkje finne Askøy 1834-1838!)

 

     og Thore gifte seg 13.5.1838 att på Askøy med Gjertrud Arnesdotter, òg frå Tveitevåg på Askøy, døypt på Askøy 8.2.1801.  Ho d. som husmannskone i Juviken 7.4.1856.  Thore var husmann i Juviken under Kleppe på Askøy og fekk i alt tre born, som alle var frå første ekteskapet.

 

     ##### (sjekka om dette stemmer? – kjende born:

            * Christiane, f. Askøy 8.1.1830

            * Johannes, f. Askøy 9.1.1832

            * Inger Martine, f. Askøy 29.10.1834)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vil gjerne på ny få retta ein kjempetakk for framifrå dugnadsinnsats for å komplettera denne huslyden og vonar framleis på eitt og anna «gullkorn»...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Geografien på Askøy kan være vanskelig nok for en Bergenser. I Matrikkelutkastet 1838 finner jeg ikke Juvik, men der er 3 bruk på Krokaas. Vedlegger en lenke til Wikipedias beskrivelse av Juvik på Askøy. Ser ikke Bjørn Davidsen på forumet lengre, han kunne ganske sikkert ha svart på spørsmålet ditt.

 

https://no.wikipedia.org/wiki/Juvik_(Askøy)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Rune og Ivar for nye spennande innlegg!

 

Når det gjeld smed og omstreifar Ole Pederson frå Luster, so er huslyden hans inkludert under gnr. 171 Elvetun i Hafslo (band XI):

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

 5. Ole Pederson, døypt i Luster 7.6.1807,

Ole Pederson reiste òg frå bygdi med foreldri kring 1818, og me finn han att i Strusshamn på Askøy der han 26.12.1827 gifte seg med Karen Simonie Rasmusdotter frå Ystenes i Grytten.  Ho var dotter av kopparsmed og omstreifar Rasmus Simonson og Johanna Marie Johnsdotter Holm som den gongen budde på Ystenes i Grytten og var soleis f. der 30.3.1813.  Ole var omreisande kopparsmed, men han og Karen hadde for det meste tilhald på Erdal på Askøy der Ole d. 21.8.1848.  Karen gifte seg 3.6.1855 att på Askøy med enkjemannen Samuel Jacob Olson, opphavleg frå Slettehaug i Naustdal, Førde.  Han var son av husmann Ole Roaldson på ein plass under Slettehaug, opphavleg frå Kvassheim i Hå, og kona Anna Samuelsdotter frå Slettehaug og f. i Førde 25.6.1823.  Samuel var fiskar og dagarbeidar, og han og Karen budde på Vispenes i Strudshavn på Askøy, men Samuel d. i Skålevik på Askøy 1.6.1874.  Karen Olsen flytte i 1880-åri til Bergen og er kalla både fiskarenkje og smedenkje då ho d. i Bergen 1.5.1897.  Ho fekk i alt seks born, som alle var frå første ekteskapet med Ole Pederson:

a. Johanna Marie Petrine, kjend som Petrine Olsdotter, f. på Askøy 25.10.1828, d. som enkje i Bergen 26.4.1907.  Petrine gifte seg første gongen på Askøy 24.4.1852 med Elias Cornelius Olson frå Slettehaug i Naustdal, Førde, ein bror av Samuel Jacob Olson, som i 1855 vart stefar hennar.  Elias vart døypt i Førde 2.7.1820 og livnærte seg vel helst som innerst, men d. på Skiftesvik, Askøy alt 31.10.1853.  Petrine gifte seg so att på Askøy 28.5.1855 med Nils Fredrik Viborg Fred-riksen, f. i Avaldsnes 27.11.1831.  Han d. på Breideknappen i Lygra på Lindås 13.11.1886.  Nils Fredriksen livnærte seg som dagarbeidar og fiskar, og han og Petrine budde på Skålevik og sidan på Engevik på Askøy, men flytte kring 1880 til Bergen.  Petrine fekk i alt ti born, to frå første ekteskapet og åtte frå det andre.

b. Anna Serine Olsdotter, f. på Askøy 1.2.1832, d. på Erdal, Askøy 31.12.1848.

c. Peter Olai Olson, f. på Askøy 30.7.1834, men døypt i Selje, d. på Nesbø i Selje 17.9.1834.

d. Caroline Olsdotter, f. på Askøy 4.8.1835, d, i Bergen 29.4.1894.  Caroline var syerske og budde på Askøy og sidan i Bergen der ho skrev seg dels Olsen og dels Erdahl.  Ho var ugift.

e. Marie Cathrine Olsdotter, f. i Selje 7.10.1838, vart kalla Marie Evensen då ho d. i Solheimsviken i Bergen 23.8.1917.  Marie var tenestejente og fabrikkarbeidar og budde både i Bergen og på Askøy for ho flytte til Bergen for godt i 1880-åri.  Marie var ugift og skreiv seg lenge for Erdahl, men fekk to døtrer, den siste av dei med strandsitjarsonen Lars Evenson frå Solvornstrondi under Solvorn i Hafslo (1847-1877) og skriv seg sidan Evensen.

f. Monsine Olsdotter, f. på Askøy 29.7.1841, vart kalla sjømannsenkje Monsine Lysne då ho d. i Bergen 8.5.1909.  Monsine var tenestejente og budde dels i Bergen og dels på Askøy, men flytte for godt til Bergen i 1880-åri.  Ho var ugift og skreiv seg for det meste Erdahl, men fekk ein son med husmannsson og matros Jan Nilsson frå Sande under Lysne i Lærdal (1851-    ) og skreiv seg sidan Lysne.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

So her er det nok lite å leggja til...

 

Når det gjeld plasseringi av Juvik, vert eg ikkje klok på Wikipedia og tok i staden ein kikk på FT1900 og ser at bustadane med namn Juvik er fordelte slik:

 

Gnr. 9, Kleppe nedre - bnr. 15: Juvik, gardbrukar Ole Mikkelsen f. 1842 med familie - sonen Mikal er husmann under same bruk

Gnr. 9, Kleppe nedre - bnr. 2: Juvik øvre, gardbrukar Martin Johan Karlsen f. 1871 med familie

Gnr. 9, Kleppe nedre - bnr. 14: Juvik øvre, gardbrukar Paul Olai Hansen f. 1852 med familie

Gnr. 9, Kleppe nedre - bnr. 21: Klype, Juvik, gardbrukar Karl Martines Martinesen f. 1832 med familie

 

Gnr. 14, Kraakaas - bnr. 3: Juvik nedre, gardbrukar Ole Larsen f. 1849 med familie

Gnr. 14, Kraakaas - plass under bnr. 3: Juvik nedre, fiskar Mons Larsen f. 1855 med familie

Gnr. 14, Kraakaas - plass under bnr. 3: Juvik nedre, fiskar Daniel Sjursen f. 1839 med familie

Gnr. 14, Kraakaas - bnr. 14 og 15: Juvik nedre, gardbrukar Nils Larsen f. 1853 med familie

 

Går me so attende til FT1865, finn eg dette:

 

Matr. nr. 18b, Juvik øvre, gardbrukarenkje Johanna Paulsdotter 33 med familie, m.a. son Paul Hansson på 14 år.

Dette ser ut til å vera det som ovanfor er nemnd Gnr. 9, bnr, 14, Juvik øvre!?

 

Matr. nr. 33-35, Judvig, her finn me gardbrukar Lars Nilsson frå Voss 53 med familie - dei må nettopp vera komne dit, for alle borni er fødde på Voss, inkl. Ole på 17 og Nils på 13 - her finn me òg att Daniel Sjurson - samt fleire andre husmenn.  Her er òg ein gardbrukar Johannes Mikkelson pån 26 med familie

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038240004127

 

Men mellom husmannsfolki finn me òg:

* Ole Mikklelson 23 som i 1900 hadde vorte gardbrukar på gnr. 9, bnr. 15!

* Johannes Thoreson 34 - husmann utan jord - var son av Thore Johan Andersson!!

* Ole Olson 42 - husmann med jord - var gift med Johanna Jacobsdotter 40 - dotter av Bertha Johannesdotter og Jacob Stephenson!

 

Ser me på FT1865, ser Kleppe nedre ut til på vera matrikkelnr. 9, medan Kråkås er matrikkelnr. 35a.  Under sistnemnde finn me ein husmann Stephen Jacobsen 63 som vel må vera eldste sonen til Jacob Stephenspn frå første ekteskapet!?

 

Dei opplysningane som eg so langt har finne, peiker ganske klart mot at «våre» folk hadde tilhald under Kråkås, og når me vidare observerer at det i 1801 berre var gardsbruk på Kleppe nedre, medan det under Kråkås i alle fall var tre husmannsplassar, styrker dette etter mitt syn min «teori»!

 

Festesetlar kan sikkert stadfesta noko av dette, men den «materien» har eg ikkje enno sett meg ned for å studera...

 

Berre so synd at me ikkje har nokon som sit med skikkeleg detaljkunnskap om dette...

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips om denne problemstillingi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.