Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Nils Larsson Gjerde, Lærdalsøyri (1740-18??) - gift to gongar - kven var andre kona hans frå Vossestrand og kvar vart det av dei? Kvar vart det av døttrene hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne utfordringi tek utgangspunkt i Kirsti Christensdotter frå Kvalsøyri i Luster (17846-1793).  Ho gifte seg med ein skaffar på Gjerde, Lærdalsøyri, og etter ho døydde, gifte han seg att, og so forsvinn både han og andre kona!  Det levde att ei dotter etter Kirsti i 1805, Britha Nilsdotter.  Kanskje var ho i Bergen på den tidi, men dette veit me ikkje...

 

Eg kjem ikkje lenger med denne huslyden no, men vonar at nokon kanskje ser eitt og anna som eg har oversett?

 

Manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kirsti Christensdotter (Qualsøren), døypt i Luster 9.4.1746, vart konfirmert i Luster i 1764.

Kirsti Christensdotter flytte i 1770-åri til Lærdal der ho 18.8.1776 gifte seg i Haugekyrkja med Nils Larsson frå Gjerde på Lærdalsøyri.  Han var son av husmann Lars Knutson på Gjerde og kona Kari Nilsdotter, kan henda frå Fleskheller under Stødnum, og vart døypt i Lærdal 4.9.1740.  Nils var husmann og Skaffar på Gjerde, Lærdalsøyri der Kirsti d. 29.5.1793.  Nils gifte seg 26.5.1794 att på Voss med Britha Knutsdotter frå Tuftene i Opheim sokn på Voss,

 

##### (opphavet hennar? – i bygdeboki for Lærdal sagd å vera frå Tuftene i Opheim sokn på Voss, medan vigsli i kyrkjeboki på Voss seier Ettesvold!?)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

##### (lagnaden til Nils og Britha? – Nils Larsson var 1801 innerst og strandsitjar på Gjerdet, Lærdalsøyri, gift, men åleine!)

 

Nils fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet med Kirsti:

a. Britha Nilsdotter, f. i Lærdal 29.8.1776, d. i Lærdal 11.9.1776.

b. Britha Nilsdotter, f. i Lærdal 28.11.1777,

 

     ##### (ho var i live i 1805! – «uekte» dotter Kirsti Andersdotter f. i Lærdal 1800 – barnefar Anders Blaac frå Bergen! – FT1801: Britha Nilsdotter innerst og losjerande på Øye i Lærdal med dotter si! – seinare lagnad?)

 

c. Lars Nilsson, f. i Lærdal 6.5.1779, d. i Lærdal 2.4.1780.

d. Kari Nilsdotter, f. i Lærdal 19.5.1784, d.

 

     ##### (dødsfallet hennar? – før 1805!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
På 21.3.2017 den 14.54, Lars E. Øyane skrev:

Nils var husmann og Skaffar på Gjerde, Lærdalsøyri der Kirsti d. 29.5.1793.  Nils gifte seg 26.5.1794 att på Voss med Britha Knutsdotter frå Tuftene i Opheim sokn på Voss,

 

 

 

##### (opphavet hennar? – i bygdeboki for Lærdal sagd å vera frå Tuftene i Opheim sokn på Voss, medan vigsli i kyrkjeboki på Voss seier Ettesvold!?)

 

 

 

Ho var dotter av

 

 

 

##### (foreldri hennar?)

 

 

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

 

 

##### (lagnaden til Nils og Britha? – Nils Larsson var 1801 innerst og strandsitjar på Gjerdet, Lærdalsøyri, gift, men åleine!)

 

Legger for ordens skyld inn i vielsen i 1794:

Hordaland fylke, Voss, Evanger, Uppheim, Vinje i Voss, Ministerialbok nr. A 9 (1780-1810), Trolovede 1794, Side 132
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070524630258
 

En Britha Knutsdatter Tufto ble konfirmert i Voss i 1764:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000582735

 

Finner også følgende konfirmanter med farsnavn Knutsen og bosted Tufto:

 

Sjur Knutsen, 1764

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000582717

 

Knut Knutsen, 1767

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000582981

 

Finner en Knut Sjursen Opheim som har datteren Britha til dåpen i 1747:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000004003800

 

Kanskje samme mann som har en sønn Knut til dåpen i 1751??

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000004005016

 

Knut Knutsen Tufto gifter seg i 1772:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000001038327

 

Kan dette være dødsfallet til Knut Sjursen Tusto??

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000867142

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg om dette emnet!

 

Denne gifte Britha Knutsdotter, som du fann som tenar på Sel i Lærdal i 1801, 56 år gamal, kan godt vera jenta me leiter etter frå Vossestrand.  Eg veit det ikkje!  Eg har i kveld blatt meg igjennom dei avlidne i Lærdal frå 1801 til 1833, men finn INGEN Britha Knutsdotter som høver med ho frå 1801-teljingi, eller som kan høva som kona til Nils Larsson i det heile!

 

Derimot, so finn eg ein Nils Larsson «under Øye» som døydde i Lærdal 25.6.1810, men eg tykkjer det står alder 79 år (langt oppe på høgre side),

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11596/102

 

som eigentleg er 9 år for mykje, men det finst ingen andre i Lærdal i 1801 som høver, so kanskje er det han...?

 

Kan Britha vera attendeflytt til Voss som enkje?  Kva seier ætteboki for Vossestrand?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no vore i kontakt med bokskrivaren på Voss, og det ser ut til at Britha Knutsdotter flytte attende dit.  Det vart nemlig gravlagd ei Britha Knutsdotter frå Opheim nedre på Voss 4.6.1815, 64 år gamal. 

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11770/66

 

Ingen andre «lokale» Britha Knutsdotter passar på denne!

 

Ho synest heller ikkje vera på Voss i 1801, so ho er nok identisk med den Britha Knutsdotter som då tente på Sel i Lærdal...

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt i samsvar med desse konklusjonane:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kirsti Christensdotter (Qualsøren), døypt i Luster 9.4.1746, vart konfirmert i Luster i 1764.

Kirsti Christensdotter flytte i 1770-åri til Lærdal der ho 18.8.1776 gifte seg i Haugekyrkja med Nils Larsson frå Gjerde på Lærdalsøyri.  Han var son av husmann Lars Knutson på Gjerde og kona Kari Nilsdotter, kan henda frå Fleskheller under Stødnum, og vart døypt i Lærdal 4.9.1740.  Nils var husmann og skaffar på Gjerde, Lærdalsøyri der Kirsti d. 29.5.1793.  Nils gifte seg 26.5.1794 att på Voss med Britha Knutsdotter, visstnok frå Tuftene i Opheim sokn på Voss.  Ho var i so fall dotter av gardbrukar Knut Sjurson på Tuftene og kona Christi Knutsdotter frå Ure og vart døypt på Voss 3.12.1747.  Nils heldt fram som innerst og strandsitjar på Gjerde, Lærdalsøyri, medan andre kona Britha visstnok var ute i teneste, mellom anna på Sel i Lærdal.  Nils d. visstnok under Øye i Lærdal 25.6.1810, medan britha ser ut til å vera flytt attende til Voss der ho vart gravlagd frå Opheim nedre 4.6.1815.  Nils fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet med Kirsti:

a. Britha Nilsdotter, f. i Lærdal 29.8.1776, d. i Lærdal 11.9.1776.

b. Britha Nilsdotter, f. i Lærdal 28.11.1777,

 

     ##### (ho var i live i 1805! – «uekte» dotter Kirsti Andersdotter f. i Lærdal 1800 – barnefar Anders Blaac frå Bergen! – FT1801: Britha Nilsdotter innerst og losjerande på Øye i Lærdal med dotter si! – seinare lagnad?)

 

c. Lars Nilsson, f. i Lærdal 6.5.1779, d. i Lærdal 2.4.1780.

d. Kari Nilsdotter, f. i Lærdal 19.5.1784, d.

 

     ##### (dødsfallet hennar? – før 1805!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det som etter dette står att å finna ut av her, er soleis:

 

** Lagnaden til Brtha Nilsdotter, fødd 1777?

 

** Lagnaden (dødsfallet?) til Kari Nilsdotter, fødd 1784 og avlidi før 1805?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.