Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Tobakkspinnar Elling Børresen i Bergen (1750-1807) og kona Elsebe Christensdotter frå Luster (1748-1806) - kven var forfeldri hans og kvar vart det av borni Christian og Sørentine?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne utfordringi tek utgangspunkt i Elisabeth, òg kjend som Elsebe Christensdotter, fødd i Luster i 1748, som i ung alder flytte til Bergen og vart buande der.

 

Eg føler eg har finne «det meste», men står fast på nokre detaljar:

 

** Kvar kom foreldri hans ifrå?

 

** Og kvar vart det av dei to attlevande borni deira, Christian og Sørentine?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Elisabeth Christensdotter (Qualsøren), døypt i Luster 31.7.1748,

Elsebe Christensdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 29.9.1776 gifte seg med Elling Børresen frå Bergen.  Han var son av

 

##### (yrkestitel?)

 

Børre Pedersen i Bergen, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Karen Ellingsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og vart døypt i Bergen 3.4.1750.  Elling Børresen var tobakkspinnar, og frå kring 1778 budde han og Elsebe i Værftsgaten i Bergen.  Elsebe Børresen d. i Bergen 19.5.1806, medan Elling d. same staden 2.5.1807.  Dei fekk sju born i lag:

 

##### (hadde dei kan henda fleire?)

 

a. Karen Marie Ellingsdatter, f. i Bergen 7.5.1776, d. i Bergen 24.1.1777.

b. Børre Ellingsen, f. i Bergen 6.11.1777, d. i Bergen 5.4.1778.

c. Karen Marie Ellingsdatter, f. i Bergen 12.3.1779, d. i Bergen 2.3.1780.

d. Christian Ellingsen, f. i Bergen 19.1.1781,

 

     ##### (var 1801 i skomakarlære hjå Elling Møller i Bergen – seinare lagnad?)

 

e. Karen Cathrine Ellingsdatter, døypt i Bergen 23.6.1784, d. i Bergen 30.1.1788.

f. Sørentine Ellingsdatter, f. i Bergen 19.2.1786, d. som skomakarmeistarkone i Bergen 22.5.1838.  Ho gifte seg i Domkyrkja i Bergen 11.6.1809 med Peder Olson frå

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – 1785?)

 

     og d. som skomakarmeister i Bergen 13.1.1851.  Peder Olsen var garvarsvein og sidan skomakarmeister.  Han og Sørentine budde i Christies gate i Bergen og fekk seks born i lag.

 

     ##### (sjekka at alle borni er medkomne:

            * Oline Marie, døypt DK 17.12.1809

            * Berent Christian, døypt DK 17.3.1811

            * Ole Petersen, døypt DK 7.1.1814

            * Bertha Marie, døypt DK 8.12.1816

            * Berentine, døypt DK 6.12.1818

            * Peder Andreas, døypt DK 17.11.1822)

 

g. Karen Cathrine Ellingsdatter, f. i Bergen 28.1.1789, d. i Bergen 24.8.1789.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten og Randi Elisabeth for kjappe og spennande svar!

 

Eg observerer at Sørentine nytta Ellingsdatter som ættenamn, so kan henda nytta broren Ellingsen i staden for Børresen?

 

Eg har endra manuskriptet i innlegg #1 deretter og lagt inn dei nye fine detaljane.

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet frå sist månad.

 

Eg har sett litt nærare på opphavet til Elling Børresen og ser at foreldri hans gifte seg i Nykyrkja i Bergen 3.6.1742, og dei fekk ei heile rekke born døypte i Nykyrkjesokni:

 

* Maren 1739: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=5506&personpostnr=45187&merk=45187#ovre

 

* Jørgen 1742: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=5983&personpostnr=48979&merk=48979#ovre

 

* Anna 1745: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=6416&personpostnr=52419&merk=52419#ovre

 

* Elling 1748 (fadder Lisbeth Ellingsdotter): http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=6897&personpostnr=56186&merk=56186#ovre

 

* Elling 1750 (fadder Cathrine Ellingsdotter): http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=7193&personpostnr=58488&merk=58488#ovre

 

* Maren 1754: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=7193&personpostnr=58488&merk=58488#ovre

 

* Søren 1758: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=8609&personpostnr=69481&merk=69481#ovre

 

Berre ved to høve finn me fadrar som KAN vera søsken til ein av foreldri, Lisbeth Ellingsdotter i 1748 og Cathrine Ellingsdotter i 1750.  I 1748 har me dessutan ein fadder Elling Jensson - som KAN vera far hennar Karen?

 

Dersom Elling verkeleg ar far til Karen og dei andre Ellingsdøtrene, må han ha levd i 1701, og i Hordaland/Sogn og Fjordane finst det berre EIN mogeleg «kandidat»,  på garden Grimeland i Førde:

 

Jens Crispinusson - oppsitjar 50 år

Crispinus Jensson - son 10 år

Elling Jensson - son 8 år

 

Kanskje ei bygdebok for Førde kan gjera greie for denne Elling Jensson?

 

Elles ser det ikkje ut til at Børre eller Karen har vore nytta som fadrar i Bergen i det heile, so eg sit med ei kjensle av at dei ikkje er frå Bergen nokon av dei...?

 

Går me so over til Peder Olsen og Sørentine Ellingsdotter, har eg òg kikka på barnefødslene deira:

 

* Oline Marie, f. 7.12., døypt 17.12.1809: https://media.digitalarkivet.no/view/8637/17

 

* Berent Christian, døypt 17.3.1811: https://media.digitalarkivet.no/view/8637/26

 

* Ole Petersen, f. 1.1., døypt 7.1.1814: https://media.digitalarkivet.no/view/8637/45

 

* Bertha Marie, f. 27.11., døypt 8.12.1816: https://media.digitalarkivet.no/view/8637/68

 

* Berentine, f. 26.11., døypt 6.12.1818: https://media.digitalarkivet.no/view/8637/92

 

* Peder Andreas, f. 31.10., døypt 17.11.1822: https://media.digitalarkivet.no/view/8643/20

 

MEN, eg finn ingen fadrar til nokon av desse borni som kan tyda på skyldskap på nokon kant!  Derimot er skomaklar Elling Molle eller kona nemnde eit par gongar som fadrar; her er dei i 1801:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390011065

 

og ser me på undersøkjingskommisjonen frå 1804 hadde Elling Molle to skomakarsveinar og ein læredreng:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=3327&merk=3327#ovre

 

Eine sveinen var Christian Børresen, og læredrengen var borgarsonen Petter Olsen, fødd eller døypt i Drammen 1.2.1785!  Og sistnemnde er nok han me finn døypt på Bragernes 1.2.1785: Peter, son av Ole Petersen felbred og Berthe Brynildsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8452/63

 

Denne Peter Olsen må vera den seinare skomakarmeistaren som gifte seg med Sørentine Ellingsdotter!  Alderen ved dødsfallet stemmer jo òg «på ein prikk»!

 

Dei nemnde foreldri, Ole Petersen og Bertha Brynildsdotter fekk desse borni:

 

* Petter Olsen, døypt Bragernes 25.1.1783

 

* Peter Olsen, døypt Bragernes 1.2.1785

 

* Berendt Olsen, døypt Bragernes 4.9.1787

 

* Kirstine Olsdatter, døypt Bragernes 16.12.1789, vart gravlagd 19.7.1790

 

* Elisabeth Olsdatter, døypt Bragernes 30.12.1791

 

Alle er døypte på Bragernes, men eg kan ikkje sjå noko til denne huslyden i 1801!?

 

So kjem me til det siste store spørsmålet:  Kvar vart det av Christian Ellingsen/Børresen, skomakarsveinen, fødd i Bergen 19.1.1781.  Han budde i Bergen i 1804/1805, men ser ut til å forsvinna og er ikkje nemnd fadder for nokon av borni til søster si!  Eit mysterium - og ei stor utfordring!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Elisabeth Christensdotter (Qualsøren), døypt i Luster 31.7.1748,

Elsebe Christensdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 29.9.1776 gifte seg med Elling Børresen frå Bergen.  Han var son av skomakar Børre Pedersen i Bergen, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – vigde i Nykyrkja i Bergen 3.6.1742!)

 

og kona Karen Ellingsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – ?søstrer Elisabeth og Cathrine fadrar?)

 

og vart døypt i Bergen 3.4.1750.  Elling Børresen var tobakkspinnar, og frå kring 1778 budde han og Elsebe i Værftsgaten i Bergen.  Elsebe Børresen d. i Bergen 19.5.1806, medan Elling d. same staden 2.5.1807.  Dei fekk sju born i lag:

a. Karen Marie Ellingsdatter, f. i Bergen 7.5.1776, d. i Bergen 24.1.1777.

b. Børre Ellingsen, f. i Bergen 6.11.1777, d. i Bergen 5.4.1778.

c. Karen Marie Ellingsdatter, f. i Bergen 12.3.1779, d. i Bergen 2.3.1780.

d. Christian Ellingsen, f. i Bergen 19.1.1781,

 

     ##### (var 1801/1804 i skomakarlære hjå Elling Møller/Molde i Bergen – seinare lagnad?)

 

e. Karen Cathrine Ellingsdatter, døypt i Bergen 23.6.1784, d. i Bergen 30.1.1788.

f. Sørentine Ellingsdatter, f. i Bergen 19.2.1786, d. som skomakarmeistarkone i Bergen 22.5.1838.  Ho gifte seg i Domkyrkja i Bergen 11.6.1809 med Peder Olson frå

 

     ##### (opphavet hans? – kvar er han oppvaksen? – i Drammen?)

 

     døypt på Bragernes i Drammen 1.2.1785.  Han d. som skomakarmeister i Bergen 13.1.1851.  Peder Olsen var garvarsvein og sidan skomakarmeister.  Han og Sørentine budde i Christies gate i Bergen og fekk seks born i lag.

 

     ##### (sjekka at alle borni er medkomne:

            * Oline Marie, døypt DK 17.12.1809

            * Berent Christian, døypt DK 17.3.1811

            * Ole Petersen, døypt DK 7.1.1814

            * Bertha Marie, døypt DK 8.12.1816

            * Berentine, døypt DK 6.12.1818

            * Peder Andreas, døypt DK 17.11.1822)

 

g. Karen Cathrine Ellingsdatter, f. i Bergen 28.1.1789, d. i Bergen 24.8.1789.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Og her er ei liste over ganske konkrete «utfordringar» som framleis står òpne:

 

** Opphavi til Børre Pedersen og Karen Ellingsdotter, vigde i Nykyrkja i Bergen 1742?

 

** Lagnaden til Christian Ellingsen/Børresen, fødd 1781?

 

** Og kvar voks Peter Olsen, skomakarmeistaren i Bergen, opp - d.v.s. kvar budde huslyden i 1801?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og vonar på eitt og anna «gullkorn»...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Sidan eg reknar med det kanskje ikkje er so mange som vil oppdaga problemet kring Peter Olsen, skomakarmeistaren i Bergen, som kom dit frå Drammen, vil eg leggja denne saki ut i eit eige «påskenøtt-tema»!

 

Eg vonar på spennande svar...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×