Gå til innhold
Arkivverket

Kvar vart det av Salomon Larsen i Bergen - døypt i Luster 11.1.1766 pg einaste overlevande barn då båe foreldri døydde (forulukka?) i Bergen i 1774?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i mange år spekulert kvar det vart av Salomon Larsen, den einaste guten som voks opp i denne huslyden!

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Lars og Ingeborg budde på Kvalsøyri fram til kring 1768, truleg i lag med foreldri hans. Lars Christenson (Qualsøren), døypt i Luster 26.7.1738, gifte seg 31.1.1764 med Ingeborg Salomonsdotter frå Berge i Dale, døypt i Luster 8.11.1739.

Dei fekk fire born i lag: Lars livnærte seg som fiskar, og dei budde i Domkyrkjesokni, men båe vart gravlagde i Bergen 25.2.1774, kan henda etter eit ulukkeshende.  Men kring 1768 flytte Lars Christensen og kona Ingeborg til Bergen.

a. Sophia Larsdotter, døypt i Luster 16.11.1763, vart gravlagd i Bergen 12.3.1768.

b. Salomon Larsen, døypt i Luster 11.1.1766,

 

 

 

     ##### (levde att i 1774 – lagnaden hans? – ikkje nemnd i skifte 1805!)

 

 

 

c. Christen Larsen, døypt i Bergen 16.4.1769, vart gravlagd i Bergen 4.9.1771.

d. Bertha Sophie Larsdotter, døypt i Bergen 20.2.1774, vart gravlagd i Bergen 3.3.1774, 14 dagar gamal.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Skiftet eg refererer til frå 1805 vart halde i Luster etter ei søster av Lars Christenson, Johanna Christensdotter Mordøl,

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24146/68?indexing=

 

men dette var eit stort skifte, og me skal ikkje utelukka at ein og annan erving kan ha vorte «gløymd»!  Det hende frå tid til annan....

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til Salomon!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

For ordens skyld, her er vel det nevnte skifte etter Johanna:

 

Namn arvtakar: Johanne, Christensdtr 
Gard: Mordahlen, nr.:4
Husmannsplass:  
Yrke: Gaardmandskone
Skipreide: Luster
Protokoll/side: 12a-66
Datering: 1805-1810
Dato: 4.10.1805
Eiga: 349 Dalar, 4 ort, 12 skilling
Gjeld: 146 Dalar, 5 ort, 4 skilling
Netto: 202 Dalar, 5 ort, 8 skilling
Merknad:  
Personar i skiftet :
(1) Torkild Asbiørnsen Enkemand
(2) Kari Christensdtter Død Søster
(3) Torbiør Olsdatter 18 Aar Søsterdatter
(4) Elsebøe Christensdatter Bergen Søster
(5) Brithe Nielsdatter 25 Aar Søsterdatter
(6) Ingerie Christensdatter Søster
(7) Anders Bergen Gift med Ingerie
(8) Ole Christensen Myndig Bror
(9) Siur Haaversen ? Kreditor
(10) Maritha Sørensdatter Kreditor
(11) Jens Olsen Kreditor
(12) Marie Ericksdatter Kreditor
(13) Sorenskrivaren Kreditor
(14) Henrich Olsen Haugen Kreditor
(15) Hansen Kreditor
(16) Hansen Kreditor
(17) Elias Thorsen Ottum Kreditor
(18) Christen Olsen Ottum Kreditor
(19) Sølfest Mordahlen Kreditor
(20) Jens Pedersen Raum Kreditor
(21) Jens Pedersen Raaum Kreditor
(22) Lars Qvalsøren Formynder for Ingeri
(23) Lars Qvalsøren Formynder for Ole
(24) Urdahl Formynder for Carl
(25) Urdahl Formynder for Torbi
(26) Urdahl Formynder for Christ
(27) Arne Hansen Kreditor
(28) Enkemand Torkild Asbiørnsen Gravferdskostnad
(29) Carl Olsen Myndig Søstersøn, gift
(30) Christie Christensdatter Død Søster
(31) Lars Christensen Myndig Bror
(32) Elling Børresen Bergen Gift med Elsebøe
(33) Lars Christensen Qvalsøren Formynder for Elsebø
(34) Torbiørn Sørensen Kreditor
Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

?????

17.02.1788 - Lars - far er kanskje litt for ung til å være din Salomon?

 

Bergen fylke, Korskirken i Korskirken, Ministerialbok nr. A 5 (1751-1789), Fødte og døpte 1788, Side 232
Permanent bilde-ID: kb20070321610396
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070321610396
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321610396.jpg 
 

 


 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye innlegg, både for presentasjon av skiftet frå 1805, som òg gjeld fleire av dei andre temai som eg har lagt ut i dag, go for forslag til Salomon Larsen i Bergen...

 

Eg har undersøkt denne Salomon litt nærare og er komen til at han IKKJE kan vera «vår» Salomon.  Denne Salomon gifte seg som enkjemann i 1783, og første ekteskapet hans var alt i 1781.  So han er definitivt alt for gammal for «vår» Salomon!

 

So fann eg ein Salomon Larsen som fall overbord og drukna som matros i 1786.  Alderen høver svært bra, men han er oppgjeven fødd på Kolbeinsvik i Sund:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=matr1754&gardpostnr=1352&merk=1352#ovre

 

MEN, ifølgje FamilySearch finst det ingen Salomon Larsson fødd i Sund mellom 1759 og 1771!  Kan det tenkjast at det likevel er «vår» Salomon som, etter foreldri døydde so tidleg, voks opp som fosterbarn på Kolbeinsvik i Sund??  Kanskje ei bygdebok kan stadfesta dette?

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.