Gå til innhold
Arkivverket

Kari Christensdotter (1744-1789) - frå Luster til Lavik - gift der med ein Ole Carlson - so til Leikanger - lagnadane til borni hennar? - svigerdotter Bertha Nilsdotter Økland - kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Utgangspunktet for denne utfordringi er Kari Christensdotter frå Luster (1744-1789) som gifte seg i Lavik med ein ukjend Ole Carlson.

 

Eine dotteri hennar forsvinn heilt, medan einaste sonen fann seg ei kone i Bergen med namn Økland, som eg ikkje finn ut av...

 

Kanskje nokon ser eitt og anna i denne huslyden som mine auge ikkje gjer?

 

Her kjem eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kari Christensdotter (Qualsøren), døypt i Luster 15.1.1744,

Kari Christensdotter flytte i 1770‑åri til Lavik der ho visstnok tente på Værholm nedre då ho 15.9.1781 gifte seg i Lavik med Ole Carlson frå

 

##### (opphavet hans? – tente på Alværa i Lavik 1781!)

 

Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – 1753?)

 

Kring 1782 kom Kari og Ole til Holum på Leikanger, og derifrå vart Kari gravlagd 1.11.1789.  Etter to veker gifte Ole Carlson seg 18.11.1789 att på Leikanger med Cathrina Andersdotter frå Loven i Aurland.  Ho var dotter av gardbrukar Anders Monsson på Loven, opphavleg frå Otternes, og første kona Maria Gjertsdotter frå Tokvam og døypt frå Brekke i 22.2.1759.  Ole og Cathrina flytte til Verken under Grinde på Leikanger, og derifrå vart Cathrina gravlagd 16.11.1800.  Ole gifte seg so tredje gongen på Leikanger 2.7.1801 med Malena Davidsdotter frå Kaupanger i Sogndal.  Ho var dotter av husmann David Olson i Hamni nedre under Kaupanger, opphavleg frå Eidet under Kaupanger, og første kona Dortha Torstensdotter frå Rud og vart døypt på Kaupanger i Sogndal 6.1.1763.  Men Malena vart gravlagd frå Verken alt 22.8.1802, og 4.7.1803 gifte Ole seg fjerde gongen på Leikanger med Anna Olsdotter frå Njøs, ei dotter av husmann Ole Larsson på Røysum under Njøs (1728-1768), opphavleg gardbrukarson frå Høgi i Hafslo.  Anna var f. på Leikanger kring 1764.  Ole Carlson og Anna vart buande som husmannsfolk på Verken under Grinde i Leikanger der Ole d. 26.9.1838.  Anna d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Ole Carlson fekk visstnok fem born med andre kona og to med den siste, men i første ekteskapet med Kari Christensdotter fekk han desse tre borni, og dessutan hadde Kari ei dotter frå før:

a. Maria Nilsdotter, dotter av Kari og husmann Nils Halvorson i Vågen under Kroken i Hafslo (1738-1824), vart døypt i Luster 5.12.1766,

 

     ##### (truleg flytt med mori – lagnaden hennar? – ikkje nemnd 1805!)

 

b. Carl Olson, kjend som Carl Olson Verken, døypt i Lavik 8.12.1781, d. i Bergen 29.10.1816.  Carl Verken flytte i ung alder til Bergen der han 17.2.1805 gifte seg med Bertha Nilsdotter frå Økland

 

     ##### (kvar er det?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – 1779?)

 

     Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Carl Verken var furer og var med i krigen mot svenskane.  Som enkje gifte Bertha seg 7.9.1817 att i Bergen med Anders Knutson frå Elsås i Alversund, kjend som Anders Elsaas.  Han vart døypt i Hosanger 14.4.1790 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (yrke og bustad – båe ekteskap på Øvre Korskirkealmending! - musketer!)

 

     Bertha fekk i alt ti born; av dei var sju frå første ekteskapet med Carl Verken.

c. Torborg Olsdotter, døypt i Leikanger 16.5.1784, vart gravlagd frå Holum i Leikanger 14.10.1787.

d. Torborg Olsdotter, døypt i Leikanger 20.10.1787, vart gravlagd frå Bakken på Henjesanden i Leikanger 22.2.1820.  Torborg tente i 1805 hjå Madame Grunk i Bergen, men kom attende til Leikanger der ho 7.7.1816 gifte seg med Erik Andersson frå Veten under Hamre, døypt i Leikanger 28.9.1783.  Han d. som strandsitjar på Hamre 5.4.1849.  Som enkjemann gifte Erik seg 30.6.1826 att på Leikanger med enkja Thora Andersdotter, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hennar? – far kalla Anders Walders i 1826!)

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar? – kring 1771? – truleg ei av desse:

            * Thora, døypt Vestre Slidre 7.5.1770 – p: Anders Jermundson og Kari Olsdotter - Frigstad

            * Thora, f. i Vang 17.11.1770 – p: Anders Willemson og Berit Asbjørnsdotter – gardsnamn ikkje oppgjeve!)

 

     Ho vart gravlagd som legdelem frå Hamre 10.4.1843.  Erik og Torborg var plassfolk i Bakken på Henjesanden under Henjum i Leikanger, medan Erik med andre kona Thora var strandsitjar på ein plass under Hamre i Leikanger.  Han fekk to born, som båe var frå første ekteskapet med Torborg, men Thora hadde òg fire søner frå første ekteskapet sitt..

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner dette temaet:

Jeg har også sett denne Karen Olsdatter Werken. Men opphavet til Carl er jo allerede fastslått, så da er det bare å glemme denne Karen i denne sammenheng. 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har tidligere fått spørsmål om denne Ole Carlsen (men finner ikke ut hvem som har sendt meg det). Konklusjonen den gang ble i hvert fall følgende:

 

Ole Carlsen er døpt i Aurland 1755 (Skjerdal 80a i bygdeboka), sønn av Carl Olsen på Skjerdal og kona Torbjørg Ellendsdatter Gjerløv.

 

Mor til denne Ole Carlsen het Torbjørg. Ole Carlsens eldste datter het også Torbjørg.

 

Ole Carlsen f. 1755 hadde to søstre som også kom til Leikanger: Marta Carlsdatter Holum f. 1764, gift 1790 med Bård Hansen Lagmannsås, plassfolk på Holum. Guro Carlsdatter Holum f. 1768, gift 1820 med Ole Sjursen i Pileviki under Njøs.

 

Disse tre søsken hadde en morbror som het Lasse Ellendsen Gjerløv og som var klokker i Aurland, men flyttet omkring 1776 til Holum i Leikanger. Ole, Marta og Guro som alle kalles Holum må ha bodd hos morbroren på Holum.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Terje for interessante innlegg om denne huslyden!

 

Eg har vore merksam på at det fanst ei Karen Olsdotter i denne huslyden, og det var kjekt å finna dokumentasjon på dette.  Slik eg tolkar det, voks Karen Olsdotter opp som ei fosterdotter hjå Ole og Kari på Verken på Leikanger, og i so fall tykkjer eg det er på sin plass å ta ho med som ein «del av huslyden».  Eg har difor «bygt ho inn» i manuskriptet, som kjem i ein oppdatert versjon:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kari Christensdotter (Qualsøren), døypt i Luster 15.1.1744,

Kari Christensdotter flytte i 1770‑åri til Lavik der ho visstnok tente på Værholm nedre då ho 15.9.1781 gifte seg i Lavik med Ole Carlson frå Skjerdal i Aurland.  Han var son av husmann Carl Olson på ein plass under Skjerdal, opphavleg frå Midje, og første kona Torborg Ellendsdotter frå Gjerløv og vart døypt i Aurland 26.1.1755.  Kring 1782 kom Kari og Ole til Holum på Leikanger, og derifrå vart Kari gravlagd 1.11.1789.  Etter to veker gifte Ole Carlson seg 18.11.1789 att på Leikanger med Cathrina Andersdotter frå Loven i Aurland.  Ho var dotter av gardbrukar Anders Monsson på Loven, opphavleg frå Otternes, og første kona Maria Gjertsdotter frå Tokvam og døypt frå Brekke i 22.2.1759.  Ole og Cathrina flytte til Verken under Grinde på Leikanger, og derifrå vart Cathrina gravlagd 16.11.1800.  Ole gifte seg so tredje gongen på Leikanger 2.7.1801 med Malena Davidsdotter frå Kaupanger i Sogndal.  Ho var dotter av husmann David Olson i Hamni nedre under Kaupanger, opphavleg frå Eidet under Kaupanger, og første kona Dortha Torstensdotter frå Rud og vart døypt på Kaupanger i Sogndal 6.1.1763.  Men Malena vart gravlagd frå Verken alt 22.8.1802, og 4.7.1803 gifte Ole seg fjerde gongen på Leikanger med Anna Olsdotter frå Njøs, ei dotter av husmann Ole Larsson på Røysum under Njøs (1728-1768), opphavleg gardbrukarson frå Høgi i Hafslo.  Anna var f. på Leikanger kring 1764.  Ole Carlson og Anna vart buande som husmannsfolk på Verken under Grinde i Leikanger der Ole d. 26.9.1838.  Anna d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Ole Carlson fekk visstnok fem born med andre kona og to med den siste, men i første ekteskapet med Kari Christensdotter fekk han desse tre borni, men Kari hadde òg ei dotter frå før, og dessutan vil me nemna ei dotter som Ole hadde frå før og som voks opp hjå Ole og Kari:

a. Maria Nilsdotter, dotter av Kari og husmann Nils Halvorson i Vågen under Kroken i Hafslo (1738-1824), vart døypt i Luster 5.12.1766,

 

     ##### (truleg flytt med mori – lagnaden hennar? – ikkje nemnd 1805!)

 

b. Kari Olsdotter, kjend som Karen Olsdotter Verken, dotter av Ole Carlson og Anna Jørgensdotter

 

     ##### (kven var ho? – ho som i 1801 er kone på Hersvik i Askvoll?)

 

     vart døypt i Lavik 23.1.1778 og d. som fattiglem av kolera i Bergen 20.1.1849.  Karen voks som nemnt opp hjå Ole og Kari på Verken, men flytte sidan til Bergen der ho 20.7.1806 gifte seg i Krosskyrkja med Ole Olson frå Steine i Kvam, Hardanger, i Bergen kjend som Ole Olsen.  Han var f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – 1779?)

 

     Han d. på sjukehuset i Bergen 1.5.1839.  Ole Olsen var bryggearbeidar, og han og Karen budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk fem born i lag.

 

     ##### (sjekka talet på born?

            * Bergitte Susanne, f. KK 24.1.1808, d. 1867

            * Oline Bertine, f. KK 3.12.1810

            * James, f. KK 4.3.1813

            * Jan Olai, f. KK 25.7.1815

            * Jan Olai, f. KK 7.4.1818)

 

c. Carl Olson, kjend som Carl Olson Verken, døypt i Lavik 8.12.1781, d. i Bergen 29.10.1816.  Carl Verken flytte i ung alder til Bergen der han 17.2.1805 gifte seg med Bertha Nilsdotter frå Økland

 

     ##### (kvar er det?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – 1779?)

 

     Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1825!)

 

     Carl Verken var furer og var med i krigen mot svenskane.  Som enkje gifte Bertha seg 7.9.1817 att i Bergen med Anders Knutson frå Elsås i Alversund, kjend som Anders Elsaas.  Han vart døypt i Hosanger 14.4.1790 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1825!)

 

     Anders var komen til Bergen som soldat, men vart sidan bøkkararbeidar.

 

     ##### (bustad? – båe ekteskap på Øvre Korskirkealmending! – 1825 i 19-65!)

 

     Bertha fekk i alt ti born; av dei var sju frå første ekteskapet med Carl Verken.

d. Torborg Olsdotter, døypt i Leikanger 16.5.1784, vart gravlagd frå Holum i Leikanger 14.10.1787.

e. Torborg Olsdotter, døypt i Leikanger 20.10.1787, vart gravlagd frå Bakken på Henjesanden i Leikanger 22.2.1820.  Torborg tente i 1805 hjå Madame Grunk i Bergen, men kom attende til Leikanger der ho 7.7.1816 gifte seg med Erik Andersson frå Veten under Hamre, døypt i Leikanger 28.9.1783.  Han d. som strandsitjar på Hamre 5.4.1849.  Som enkjemann gifte Erik seg 30.6.1826 att på Leikanger med enkja Thora Andersdotter, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hennar? – far kalla Anders Walders i 1826!)

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar? – kring 1771? – truleg ei av desse:

            * Thora, døypt Vestre Slidre 7.5.1770 – p: Anders Jermundson og Kari Olsdotter - Frigstad

            * Thora, f. i Vang 17.11.1770 – p: Anders Willemson og Berit Asbjørnsdotter – gardsnamn ikkje oppgjeve!)

 

     Ho vart gravlagd som legdelem frå Hamre 10.4.1843.  Erik og Torborg var plassfolk i Bakken på Henjesanden under Henjum i Leikanger, medan Erik med andre kona Thora var strandsitjar på ein plass under Hamre i Leikanger.  Han fekk to born, som båe var frå første ekteskapet med Torborg, men Thora hadde òg fire søner frå første ekteskapet sitt..

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hovudutfordringane som står att i denne huslyden no, er følgjande:

 

** Kvar kan det ha vorte av Maria Nilsdotter, dotteri som Kari hadde frå før?

 

** Kven var denne Anna Jørgensdotter, som var mor til Karen Olsdotter Verken?  Er det ho som i 1801 var gardkone på Hersvik i Askvoll?

 

** Kven var Ole Olson (Stene), mann til Karen Verken?  Willy Einar Johannessen har tydeleg overblikk over denne huslyden, om han les dette?

 

** Neste utfordring er so Bertha Nilsdotter Økland.  Namnet førekjem på Stord, men er ho derifrå?

 

** Og kvar vart det av Bertha og Anders Elsaas?  Dei synest forsvinna etter siste barnet var fødd (og døydde) i Bergen i 1825!?

 

** Til sist spekulerer eg på opphavet i Valdres til Thora Andersdotter, andre kona til Erik Andersson Hamfre i Leikanger?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har sett i bygdeboka for Stord, nedre Økland, og øvre Økland, men fann ingenting om Bertha der, heller ikkje på garden Økland på Bømlo fann eg noko om ho, når eg såg etter i bygdeboka. Ser elles i ei kartbok som eg har her, at det er Økland i Austevoll, Etne, Os (i Hordaland), Sveio, Tysnes, og Ølen. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Svein og Lars J. for nye interessante innlegg!

 

Og eg har i kveld vore i kontakt med bygdebokskrivaren på Tysnes, og han stadfester at det ER Britha Nilsdotter frå Økland på Tysnes som gifte seg med Carl Olson Verken i Bergen!  So då er den «brikka» på plass!

 

MEN, det er framleis eit «mysterium» kvar det vart av Anders og Bertha etter 1825.  Eg har no i kveld teke for meg dei ti borni etter Bertha for å sjå om eg fann nokon av dei vigde og eventuelt bortflytte.  Etter det me veit, voks berre fire av dei to borni opp, to frå kvart ekteskap.  Sonen Ole Carlson ser eg ikkje noko meir til etter 1815, medan dotteri av første ekteskapet gifte seg med ein sunnmøring, men vert òg borte frå Bergen.  Berre dei to døtrene ftå andre ekteskapet vart buande i Bergen.  Kan Bertha og Anders vera farne frå Bergen for å bu hjå Ole Carlson eller Karen Christine gift med Ole Abrahamson?

 

Eg har oppdatert manuskriptet med desse opplysningane som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande oppdagingar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #9 nedanfor!

 

Kanskje nokon ser noko som eg har oversett?

 

Av hovudutfordringane frå innlegg #4 står desse framleis att:

 

** Kvar kan det ha vorte av Maria Nilsdotter, dotteri som Kari hadde frå før?

 

** Kven var denne Anna Jørgensdotter, som var mor til Karen Olsdotter Verken?  Er det ho som i 1801 var gardkone på Hersvik i Askvoll?

 

** Kven var Ole Olson (Stene), mann til Karen Verken?  Willy Einar Johannessen har tydeleg overblikk over denne huslyden, om han les dette?

 

** Kvar vart det av Bertha og Anders Elsaas?  Dei synest forsvinna etter siste barnet var fødd (og døydde) i Bergen i 1825!?

 

** Til sist spekulerer eg på opphavet i Valdres til Thora Andersdotter, andre kona til Erik Andersson Hamfre i Leikanger?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

On ‎2017‎-‎03‎-‎24 at 0:10 PM, Lars E. Øyane said:

b. Kari Olsdotter, kjend som Karen Olsdotter Verken, dotter av Ole Carlson og Anna Jørgensdotter

                       ##### (kven var ho? – ho som i 1801 er kone på Hersvik i Askvoll?)

 

Den nevnte Anne Jørgensdtr. var frå Leknessund og døypt 24.10.1742. Ho vart gift 1783 med Jon Jensson Hersvik og i 1792 med Thomas Madsson.

Ho hadde berre dottera Synnøve som vaks opp i Solund .

Om ho var mor til Kari veit eg ikkje noko om. Foreldre til Anne skal vere Jørgen Olsson Leknessund og Sygnie Johannesdtr. - truleg fra Hovlandsdalen.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gisle for ny melding om Anna Jørgensdotter.

 

Anna på Hersvik KAN sjølvsagt ha vore barnemor i Lavik i 1778, men det høyrest vel ikkje so altfor sannsynleg ut.

 

Derimot har eg i kveld oppdaga ein mykje betre «kandidat» til Anna Jørgensdotter, nemlig ho som er nemnd i dette emnet frå i fjor, som eg enno ikkje har fått nokon som helst respons på:

 

 

Eg vil no henta fram att dette emnet for å få litt merksemd kring det!  Den Anna Jørgensdotter som er nemnd heilt nedst i emnet var fødd i Luster i 1751 og var kommi til Bergen i 1780, men kan kan godt ha hatt ei dotter Kari i Lavik i 1778, som ho «sette att» hjå barnefaren!  Mor til Anna Jørgensdotter heitte dessutan òg KARI!  Og me skal òg hugsa på at denne Anna Jørgensdotter og Kari Christensdotter voks opp berre høgstens nokre hundre meter frå kvarandre i same grendi, so då Kari gifte seg med Ole Carlson, kan dei to damene har vorte samde om eit slikt «arrangement»!!

 

Her kjem eit oppdatert manuskript for huslyden til Kari Christensdotter som erstattar manuskriptet i innlegg #7 ovanfor, der eg har lagt inn denne «hypotesen» som eit «arbeidsgrunnlag»...

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kari Christensdotter (Qualsøren), døypt i Luster 15.1.1744,

Kari Christensdotter flytte i 1770‑åri til Lavik der ho visstnok tente på Værholm nedre då ho 15.9.1781 gifte seg i Lavik med Ole Carlson frå Skjerdal i Aurland.  Han var son av husmann Carl Olson på ein plass under Skjerdal, opphavleg frå Midje, og første kona Torborg Ellendsdotter frå Gjerløv og vart døypt i Aurland 26.1.1755.  Kring 1782 kom Kari og Ole til Holum på Leikanger, og derifrå vart Kari gravlagd 1.11.1789.  Etter to veker gifte Ole Carlson seg 18.11.1789 att på Leikanger med Cathrina Andersdotter frå Loven i Aurland.  Ho var dotter av gardbrukar Anders Monsson på Loven, opphavleg frå Otternes, og første kona Maria Gjertsdotter frå Tokvam og døypt frå Brekke i 22.2.1759.  Ole og Cathrina flytte til Verken under Grinde på Leikanger, og derifrå vart Cathrina gravlagd 16.11.1800.  Ole gifte seg so tredje gongen på Leikanger 2.7.1801 med Malena Davidsdotter frå Kaupanger i Sogndal.  Ho var dotter av husmann David Olson i Hamni nedre under Kaupanger, opphavleg frå Eidet under Kaupanger, og første kona Dortha Torstensdotter frå Rud og vart døypt på Kaupanger i Sogndal 6.1.1763.  Men Malena vart gravlagd frå Verken alt 22.8.1802, og 4.7.1803 gifte Ole seg fjerde gongen på Leikanger med Anna Olsdotter frå Njøs, ei dotter av husmann Ole Larsson på Røysum under Njøs (1728-1768), opphavleg gardbrukarson frå Høgi i Hafslo.  Anna var f. på Leikanger kring 1764.  Ole Carlson og Anna vart buande som husmannsfolk på Verken under Grinde i Leikanger der Ole d. 26.9.1838.  Anna d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Ole Carlson fekk visstnok fem born med andre kona og to med den siste, men i første ekteskapet med Kari Christensdotter fekk han desse tre borni, men Kari hadde òg ei dotter frå før, og dessutan vil me nemna ei dotter som Ole hadde frå før og som voks opp hjå Ole og Kari:

a. Maria Nilsdotter, dotter av Kari og husmann Nils Halvorson i Vågen under Kroken i Hafslo (1738-1824), vart døypt i Luster 5.12.1766,

 

     ##### (truleg flytt med mori – lagnaden hennar? – ikkje nemnd 1805!)

 

b. Kari Olsdotter, kjend som Karen Olsdotter Verken, dotter av Ole Carlson og Anna Jørgensdotter, truleg ei husmannsdotter frå Sanden under Dale prestegard i Luster (1751-    ), vart døypt i Lavik 23.1.1778 og d. som fattiglem av kolera i Bergen 20.1.1849.  Karen voks som nemnt opp hjå Ole og Kari på Verken, men flytte sidan til Bergen der ho 20.7.1806 gifte seg i Krosskyrkja med Ole Olson frå Steine i Kvam, Hardanger, i Bergen kjend som Ole Olsen.  Han var f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – 1779?)

 

     Han d. på sjukehuset i Bergen 1.5.1839.  Ole Olsen var bryggearbeidar, og han og Karen budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk fem born i lag.

 

     ##### (sjekka talet på born?

            * Bergitte Susanne, f. KK 24.1.1808, d. 1867

            * Oline Bertine, f. KK 3.12.1810

            * James, f. KK 4.3.1813

            * Jan Olai, f. KK 25.7.1815

            * Jan Olai, f. KK 7.4.1818)

 

c. Carl Olson, kjend som Carl Olson Verken, døypt i Lavik 8.12.1781, d. i Bergen 29.10.1816.  Carl Verken flytte i ung alder til Bergen der han 17.2.1805 gifte seg med Britha Nilsdotter frå Økland på Tysnes, i Bergen kjend som Bertha Nilsen.  Ho vart døypt på Tysnes 7.6.1782 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1825!)

 

     Carl Verken var furer og var med i krigen mot svenskane, men livnærte seg sidan som bryggearbeidar.  Som enkje gifte Bertha seg 7.9.1817 att i Bergen med Anders Knutson frå Elsås i Alversund, kjend som Anders Elsaas.  Han vart døypt i Hosanger 14.4.1790 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1825!)

 

     Anders var komen til Bergen som soldat, men vart sidan bøkkararbeidar.

 

     ##### (bustad? – båe ekteskap på Øvre Korskirkealmending! – 1825 i 19-65!)

 

     Bertha fekk i alt ti born; av dei var sju frå første ekteskapet med Carl Verken.

 

     ##### (dei ti borni var:

            * Ole Carlsen, f. KK 19.3.1805 – n. 1815

            * Karen Christine, f. 30.7.1807, d. 10.8.1809

            * Hans Knudsen, f. KK 22.12.1809, d. 17.5.1810

            * Karen Christine, f. KK 13.4.1811 – n. 1815 – gift KK, Bergen 2.12.1832 med Ole Abrahamson Røsteen, f. Vanylven 1810 – einaste barn i Bergen: Carl Olai, f. 15.12.1832

            * Cornelius, f. KK 26.8.1813, d. 12.12.1813

            * Cornelius, f. KK 26.11.1814, d. 29.5.1815

            * Berthe Karine, f. KK 18.7.1816, truleg d. kort etter!

            * Cecilie Karine, f. KK 30.9.1817 – gift KK, Bergen 1.11.1840 med Haldor Olai Thomasen, f. KK 1818/1819 – mange born i Bergen fram til 1861!

            * Berthe Andrine, f. KK 29.5.1820 – gift KK, Bergen 31.5.1841 med Jacob Jacobson, f. Innvik 1812 – fleire born i Bergen fram til 1858!

            * Karen Helle Torine, f. KK 25.1.1825, d. 18.5.1825

 

d. Torborg Olsdotter, døypt i Leikanger 16.5.1784, vart gravlagd frå Holum i Leikanger 14.10.1787.

e. Torborg Olsdotter, døypt i Leikanger 20.10.1787, vart gravlagd frå Bakken på Henjesanden i Leikanger 22.2.1820.  Torborg tente i 1805 hjå Madame Grunk i Bergen, men kom attende til Leikanger der ho 7.7.1816 gifte seg med Erik Andersson frå Veten under Hamre, døypt i Leikanger 28.9.1783.  Han d. som strandsitjar på Hamre 5.4.1849.  Som enkjemann gifte Erik seg 30.6.1826 att på Leikanger med enkja Thora Andersdotter, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hennar? – far kalla Anders Walders i 1826!)

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar? – kring 1771? – truleg ei av desse:

            * Thora, døypt Vestre Slidre 7.5.1770 – p: Anders Jermundson og Kari Olsdotter - Frigstad

            * Thora, f. i Vang 17.11.1770 – p: Anders Willemson og Berit Asbjørnsdotter – gardsnamn ikkje oppgjeve!)

 

     Ho vart gravlagd som legdelem frå Hamre 10.4.1843.  Erik og Torborg var plassfolk i Bakken på Henjesanden under Henjum i Leikanger, medan Erik med andre kona Thora var strandsitjar på ein plass under Hamre i Leikanger.  Han fekk to born, som båe var frå første ekteskapet med Torborg, men Thora hadde òg fire søner frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Av hovudutfordringane frå innlegg #4 og innlegg #7 står soleis no «berre» desse fire att:

 

** Kvar kan det ha vorte av Maria Nilsdotter, dotteri som Kari hadde frå før?

 

** Kven var Ole Olson (Stene), mann til Karen Verken?  Willy Einar Johannessen har tydeleg overblikk over denne huslyden, om han les dette?

 

** Kvar vart det av Bertha og Anders Elsaas?  Dei synest forsvinna etter siste barnet var fødd (og døydde) i Bergen i 1825!?

 

** Til sist spekulerer eg på opphavet i Valdres til Thora Andersdotter, andre kona til Erik Andersson Hamfre i Leikanger?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.