Gå til innhold
Arkivverket

Anders Eliassen frå Søilen i Fana (1749-1792) - gift to gongar i Bergen - kven var andre kona hans, Massie Olsdotter - kan henda frå Førde? - kvar vart det av dotteri Bertha Marie?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne utfordringi tek utgangspunkt i Synneva Christensdotter frå Luster (1752-1785) som i ung alder flytte til Bergen, gifte seg der og fekk to døtrer, men som ikkje er nemnd i skiftet etter søsteri Johanna frå 1805, so me lyt tru at det då ikkje levde att nokon av denne huslyden, men heilt sikre kan me vel ikkje vera...?

 

Men kvar vart det då av dotteri, Bertha Marie?

 

Og kven var andre kona til Anders Eliassen - kan henda frå Digernes i Førde?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Synneva Christensdotter (Qualsøren), døypt i Luster 13.8.1752,

Synneva Christensdotter flytte i ung alder til Bergen, men gifte seg på Askøy 29.6.1783 med Anders Eliassen frå Søilen i Fana.  Han var son av gardbrukar Elias Andersson på Søilen og kona Britha Nilsdotter frå Haukeland i Arna, Haus, og vart døypt i Fana 11.5.1749.  Anders Eliassen var snikkararbeidar, og han og Synneva busette seg i Kjældersmuget i Bergen.  Derifrå vart Synneva gravlagd alt 15.2.1785, og Anders gifte seg 24.2.1788 att i Bergen med Massie Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – er det ho som er døypt på Digernes i Førde 26.12.1744?)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – 1746?)

 

Men Anders Eliassen vart gravlagd i Bergen alt 20.2.1792, medan Massie vart gravlagd som enkje frå sjukehuset i Bergen 2.12.1800.  Anders fekk i alt tre born; av dei var desse to frå første ekteskapet med Synneva:

a. Bertha Andersdotter Eliassen, f. i Bergen 1.10.1783, d. i Bergen 23.11.1783.

b. Bertha Marie Andersdotter Eliassen, f. i Bergen 4.2.1785,

 

     ##### (lagnaden hennar? – ikkje nemnd 1805!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

????

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000167702

 

Nr. 5

Bergen fylke, St. Jørgens hospital, Årstad i St. Jørgens hospital, Ministerialbok nr. A 4 (1844-1863), Døde og begravede 1863, Side 257
Permanent bilde-ID: kb20070301690684
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070301690684
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070301690684.jpg

 

 


 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

Denne Bertha Marie Andersen som du har finne avlidi på sjøfarandes fattighus i 1863, høver som «hand i hanske» på ho me leiter etter, men heilt overtydd er eg ikkje.  Om ho levde so lenge, skulle ho ha vore nemnd i skiftet etter mosteri i Luster frå 1805, men me veit me ikkje alltid kan stola på dei gamle skifti, og dersom Bertha alt den gongen var «sjukehuslem» og «gløymd», er det kan henda ikkje so rart...

 

Er det mogeleg å finna denne Bertha Marie i andre kjelder?  Pasientlister for St. Jørgen?  Konfirmantlister?  FT1801 og FT1815?

 

Elles vonar eg at nokon har høve til å gjera eit oppslag i Førde (bygdebok) for å sjå om Massie Olsdotter frå Digernes flytte til Bergen?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.