Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Matrosar i Bergen 1754-1800

Recommended Posts

Lars E. Øyane

I denne databasen finn eg følgjande innførsel for Salemon Larsen:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=matr1754&gardpostnr=1352&merk=1352#ovre

 

Eg mistenker denne guten for å vera fødd i Luster, men flytt til Domkyrkjesokni i Bergen med foreldri i ein alder av eitt eller to år.  Foreldri døydde båe i 1774, og eg trur Salomon helst er oppvoksen på Kolbeinsvik i Sund.  (Ingen Salomon Larsson er døypt i Sund på den tidi!)

 

Men bortsett ifrå det:  Kvar var det eigentleg at Salomon fall over bord, «ved Trund. 1786»?

 

Og finst det i originalen andre interessante opplysningar om denne matrosen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
AnitaRiise (Statsarkivet Bergen)

Nedanfor ligg oppslag frå matrosrullane(protokoll merka 32 og 33). Har rådspurt meg når det gjeld tydinga av kvar han falt over bord og då har ordet blitt tyda som Trianden, utan at vi vart stort klokare av det. (Men jamfør oppføringa i det andre oppslagt er han på tur til Arkangelsk dette året.)58d27c39497d0_salomon1.thumb.JPG.a275d329266a9947a773b8e948002bf9.JPG

58d27c39ee6f4_Salomon2.thumb.JPG.3671c7c10c0f0cb0c32c51d1bca16bec.JPG

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anita for desse opplysningane!

 

Salomon var jo verkeleg ein «globetrottar» for den tidi, heilt til Balboa...

 

Eg er relativt sikker på at dette må vera ungguten frå Luster, men meir enn ei «truleg»-nemning er det farleg å gje seg ut på...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×