Gå til innhold
Arkivverket

Ole Siverten (1690) og (Mette) Margrethe Pedersdotter Teiste (1709) - busette i Nykyrkjesokni Bergen frå kring 1734 - men kvar vart det av sønene deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei «gamal» utfordring som har lege urøyrd i mange år, men som kanskje no med nye kjelder kan utgreiast meir i detalj?  Fleire greiner av den gamle Teiste-ætti i Kroken i Hafslo flytte til Bergen, og so ogso denne Margrethe med mannen Ole Sjurson (Sivertsen).  Margrethe døydde på Strange fattighus i 1765, men då var sønene hennar alt vaksne, kunne me berre finna dei att?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Sjurson (Lerum/Loven), d.y., f. i Luster kring 1690, gifte seg i Hafslo 8.1.1730 med Metta Margrethe, kjend som Margretha Pedersdotter Teiste frå Kroken i Hafslo, f. i Hafslo kring 1709.

Ole og Margretha flytte straks til Fleskheller, Stødnum i Lærdal og budde visstnok der som paktarar til dei kring 1732 tok over som paktarar av Tolsgarden i Årdal.  Men alt kring 1734 flytte Ole og Margretha til Bergen der me finn dei att under namnet Sivertsen.  Ole livnærte seg som

 

##### (yrke?)

 

og dei budde i Strangehagsmuget i Nykyrkjesokni der Ole Sivertsen d.

 

##### (dødsfallet hans? – kring 1742? – ein Ole Sivertsen vart gravlagd ved NK, Bergen 7.11.1738 – han?)

 

Margretha d. som enkje på Strange fattighus i Bergen 22.5.1765.  Me veit om fire born etter dei:

a. Peder Olsen, døypt i Lærdal 2.7.1730,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

b. Christian Olsen, døypt i Årdal 1.2.1733,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

c. Sivert Brinch Olsen, døypt i Bergen 30.9.1735, vart gravlagd i Bergen 19.2.1736.

d. Sivert Brinch Olsen, døypt i Bergen 5.8.1739,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg ville setja stor pris på om nokon greier å løysa i alle fall ein del av denne utfordringi og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ole Sivertsen d.

##### (dødsfallet hans? – kring 1742? – ein Ole Sivertsen vart gravlagd ved NK, Bergen 7.11.1738 – han?)

 

d. Sivert Brinch Olsen, døypt i Bergen 5.8.1739,

##### (lagnaden hans?)

 

Hvis Ole Sivertsen døde i november 1738, må kona Metta Margrethe ha vært enke da sønnen Sivert ble født og døp i august 1739. Men så vidt jeg kan se av dåpen, står det ikke noe om at Ole en avdød (salig Ole for eksempel):

 

Bergen fylke, Nykirken i Nykirken, Ministerialbok nr. A 3 (1717-1764), Fødte og døpte 1739, Side 176
Permanent bilde-ID: kb20070416610131
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070416610131
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416610131.jpg 

 


 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit interessant innlegg!

 

Eg hadde same tanken då eg fann denne gravferdi til Ole Sivertsen i 1738, so truleg er det feil...

 

Men eg har lagt inn eit spørsmål i Arkivforum til Statsarkivet i Bergen om skifte etter Ole Sivertsen, so får me sjå om dei finn noko...

 

Elles er det nok viktigare å finna ut kvar det vart av borni?  Ein tanke er at namnet Sivert Brinchmann dukkar opp i Bergen kring 1800, men det har vel ikkje nokon samanhang...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil gjerne i kveld få henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» sidan våren 2017.

 

Eg er ikkje komen noko lenger på denne tidi.  Eg hadde ei viss von om at Brinch-namnet kunne hjelpa oss på veg, men eg kan ikkje sjå noko samband med dei andre Brinch-ættene som budde i Bergen på den tidi...

 

Eg syner til manuskriptet i innlegg #1 og takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.