Gå til innhold
Arkivverket
Per S. Nestande

Opphavet til Caspar Wessel f.ca.1768 og Gurine Bjørgan f.ca.1763 – Trondheim(?)

Recommended Posts

Per S. Nestande

Eg vil gjerne løfte fram att mi etterlysing frå 2010 om opphavet til garvarmeister Caspar Wessel f.ca. 1768 som døydde i Trondheim i 1803 og kona Gurine Olsdotter Bjørgan f.ca. 1763, d.1824.

 

Skiftet etter Caspar starta 22. september 1803. Så vidt eg kan lese i kolonne 1, side 669 står det noko om mor til Caspar her, men er usikker på om eg les det riktig "...afdødes moder Karen Jørgens som er enke (og tilholder paa herregaarden Raschenberg ved Nyborg) i Fyen (og en søster Anne Marie Jørgens antagelig (?) 30 aar gl. tienende hos en (...) ved Nyborg). Det kan altså sjå ut som Caspar var dansk? Er det nokon som kjenner meir til opphavet hans?

 

Eg søker også stadig Gurines opphav. Det skal ha vore ei Guri Olsdotter Bjørgan fødd i Haltdalen i 1760 som dotter til Ola Ingebrigtsson Bjørgan og Guri Hansdatter Digre, jf. Nygård: Haltdalen og Haltdalingen, b. II, gard og slekt, bygdeboknemnda for Haltdalen, 1949 s. 183. Her blir det  opplyst at Ola var soldat og nok flytta ut av bygda ”til truleg til Singsås og seinare til Trondheim”. Eg har ikkje funne ho døypt i 1760, derimot har funne ei Guri Olsdotter Bjørgum døypt 10.10.1760 som dotter til ein Ola Johansson. Informasjon som kan stadfeste eller avkrefte om dette sporet er av interesse.

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
kgranmo

Jeg finner ikke noen Ole Ingebrigtsen i bygda på denne tida. Derimot har jeg den nevnte Ole Johansen Bjørgan, født ca 1734, gift 1760 med Guri Hansdatter Digre, født ca 1732. Ifølge Singsåsboka(1994-utgaven) bd 2 s 221, skal Guri Hansdatter i 1783 ha bodd i Trondheim som enke.

Endret av kgranmo

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per S. Nestande

Takk skal du ha!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per S. Nestande

Takk igjen til Knut Granmo.

 

Eg trur det må vere riktig at foreldra til Gurine er Ola Johansson Bjørgan og Guri Hansdotter Digre. I 1801 er det i Trondheim ei enke Guri Hansdotter f.ca. 1730 som bur i huset til dottera Agnete Olsdotter og svigersonen Johannes (Svendsson) Steene i Trondheim. Agnete er omtalt som Agnete Olsdotter Bjørgan da ho blir gift i Trondheim 10. juli 1787 med Johannes. Ho blir døypt i Haltdalen 19. oktober 1766 som dotter til Ola Johansson som da er nemnt Fetten. Agnete og Johannes døyper mange barn i Trondheim, og ved dåpen til dottera Ingeborg Johanna 9. august 1801 er Caspar Wessel blant fadderane.           

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×