Gå til innhold
Arkivverket

Ole Olson (1700?) og Elisabeth Ingebrigtsdotter (1700) - husmannsfolk på Plassen under Hovland i Årdal - kven var Ole og kvar vart han av? - kvart vart det av borni Ingebrigt, Anna og Johanna?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden frå Årdal har gjeve meg mykje hovudbry i lengre tid.  No vonar eg at tidi kan vera mopgi for å finna litt meir ut om desse folki?

 

Elisabeth sjølv har eg oversyn over, men kven var eigentleg mann hennar og kvar vart det av han etter at ho døydde i 1763?

 

Sonen Ingebrigt og døtrene Anna og Johanna synest òg forsvinna frå Årdal kort etter 1763, men kvar vart det av dei?  Kanskje til ytre Sogn eller Askvoll?

 

Slik ser manuskriptet mitt ut for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Elisabeth Ingebrigtsdotter (Loven), f. i Luster kring 1700,

Elisabeth Ingebrigtsdotter flytte til Årdal der ho 1.11.1729 gifte seg med Ole Olson frå

 

 

##### (opphavet hans?)

 

 

Han var son av

 

 

##### (foreldri?)

 

 

##### (dato og stad for fødsli hans? – kring 1700 eller noko før?)

 

 

Ole og Elisabeth slo seg ned som husmannsfolk på Plassen under Hovland i Årdal der Elisabeth d. 23.7.1763.  Ole Olson d.

 

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kan henda 6.2.1782, 87 år gamal?)

 

 

Dei fekk seks born i lag:

 

 

##### (berre seks born er kjende, alle levde 1763!)

 

 

a. Ingebrigt Olson, døypt i Årdal 10.11.1729, d.

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans?)

 

 

     Han gifte seg i Årdal 28.10.1754 med Anna Andersdotter frå

 

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar?)

 

 

     ##### (yrke og bustad? – 1762: plassfolk under Hovland i Årdal! – Laberg påstår at Ingebrigt med kona Elisabeth var plassfolk på Årøyni under Hovland i Årdal, men det var jo ein annan Ingebrigt Olson – og dei var i Kvinnherad! – kanskje flytte denne Ingebrigt og kona Anna til Vik?)

 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Gjertrud, f. Årdal 6.11.1755 – kan henda på Vikøyri i 1801?

            * Anders, f. Årdal 29.9.1758

            * Ole, f. Årdal 8.6.1761)

 

 

b. Ole Olson, døypt i Årdal 2.12.1731, d.

 

 

     ##### (dødsfallet hans? – truleg i Årdal kring 1780?)

 

 

     Han gifte seg i Årdal 26.10.1761 med Mari Thomasdot­ter frå Seim i Årdal, døypt i Årdal 26.8.1741.  Ho d. som legdelem på Seim 4.5.1825. 

 

 

     ##### (yrke og bustad? – budde på Hestetun i 1765! – sidan?)

 

 

     men som enkje var Mari hushaldar hjå løytnant Melchior Falch i Offerdalen indre i Årdal.  Ole og Mari fekk tre døtrer i lag, mellom anna denne:

- Mari Olsdotter (1774-1850), vart gift med gardbrukar Sølfest Pederson på Øvstetun i Årdal (1771-1835), son av gardbru­kardotteri Ingeborg Sølfestsdotter, opphavleg frå Berge i Fortun (1736-1818) (s.d.).

c. Anna Olsdotter, døypt i Årdal 14.11.1734, d. på Hovland i Årdal 7.12.1801.  Anna vart trulova i Årdal (vigselsdatoen manglar) 27.4.1766 med Baard Halvorson, opphavleg frå Fortun, Lærdalsøyri i Lærdal, men oppvaksen i Hola under Hovland i Årdal.  Han var f. i Lærdal våren 1745 og d. som legdelem på Hovland 28.8.1825.  Som enkjemann gifte Baard seg 2.1.1803 att med Gjertrud Olsdotter frå

 

     ##### (kven kan ho ha vore? – ugift i 1803! – kan henda ho som d. legdelem på Natvik 13.2.1844, 95 år gamal?)

 

     Baard var husmann i Hola under Hovland i Årdal og fekk to born, som båe var frå første ekteskapet med Anna.

d. Hermund Olson, døypt i Årdal 2.6.1737, d. i Årdal 10.6.­1787.  Hermund gifte seg i Årdal 19.6.1763 med Eli Johannesdotter frå Nundal i Årdal, døypt i Årdal 5.7.1739.  Ho d. i Årdal 18.6.1787, berre to dagar etter at mannen vart gravlagd.  Hermund og Eli var gardbrukarar på Nundal i Årdal og fekk i alt åtte born, mellom anna denne sonen:

- Østen Hermundson (1774-1842), vart gift med Maren Hansdotter frå Nattviki i Årdal (1772-1855), dotter av Hans Ørbech Domini­cusson i Nattviki (1740-1805) som ei tid var gardbrukar på Nes i Luster (s.d.).

e. Gro Olsdotter, døypt i Årdal 31.3.1739, d. i Årdal 24.12.­1775.  Ho gifte seg første gongen i Årdal 7.10.1765 med Østen Johannesson frå Offerdalen i Årdal, soneson av gardbrukar Sølfest Hermundson i Offerdalen (1668-1757), opphavleg frå Feigum (s.d.).  Østen vart døypt i Årdal 26.2.1735, men d. i Offerdalen i Årdal alt 8.2.1769.  Gro gifte seg so att i Årdal 3.11.1770 med Ole Erikson frå

 

 

     ##### (opphavet hans? – er det han som tente på Holsete i 1763? – døypt Holsete 10.9.1725?)

 

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans?)

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans? – e. 1775!)

 

 

     Med båe ektemakane sine vart Gro buande i Offerdalen, men

 

 

     ##### (seinare lagnad for Ole Erikson?)

 

 

     Gro fekk fire born, to frå kvart av ekteskapi.

f. Johanna Olsdotter, døypt i Årdal 1.1.1745,

 

 

     ##### (tilstades 1763 – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg ser at det i 1801 bur ei Gjertrud Ingebrigtsdotter på Vikøyri i Vik, som høver svært bra med dotteri til Ingebrigt Olson, f. 1755: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058392000612

 

Kanskje Ingebrigt flytte frå Årdal til Vik?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har antatt at Anna Olsdatter ble gift (forlovet i Årdal 27.4.1766) med Bård Halvardsen på plassen Hola under Hovland i Årdal (1744-1825). En av forloverne het Ole Olsen som kan ha vært broren. Bård og Anna hadde ei datter Elisabet døpt 12.10.1766, trolig oppkalt etter hennes mor. Ved dåpen var en Ingebrikt Olsen fadder. De var husfolk under Hovland 1801. Anna døde der 7.12.1801, og Bård giftet seg igjen 2.1.1803 med ei Gjertrud Olsdatter (ca. 1749-1844). Det ser ikke ut til at Bård og Anna var faddere for barna til hennes antatte søsken. Bård og Anna var begge tjenere på Hovland i ekstraskatten 1763.

 

Ole på Plassen var i 1753 forlover da Botolv Andersen og Siri Olsdatter Jevnaker av Årdal giftet seg, men jeg vet ikke om han var i slekt med dem.

 

Ole Eriksen Holsæter var på Kongsberg i 1745 da det ble holdt skifte etter farmora, men han kan jo ha flyttet hjem til Årdal seinere.

 

 

Endret av Terje Tandsether
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for eit interessant innlegg!

 

Eg har studert huslyden til Baard Halvorson, og eg trur so absolutt du har rett!

 

Eg har retta opp manuskriptet i innlegg #1 tilsvarande!  No spørst det om andre kona til Baard kan identifiserast?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Etter at Ivar Moe kom med ei skikkeleg spennande oppdaging under dette temas innlegg #3:

 

dødsfallet til Ingebrigt Olson Dahl i Bergen 21.12.1810, finn eg det turvande å henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» sidan mars.

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000195448

 

Ingebrigt må nemlig vera eldste sonen til Ole Olson og Elisabeth Ingebrigtsdotter på Plassen under Hovland!  Her finn me mannen i FT1801 i Bergen busett hjå sonen Ole Ingebrigtson Dahl, vertshushaldar, og huslyden hans:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f18011301&gardpostnr=936&personpostnr=6581&merk=6581#ovre

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden frå Plassen der eg har lagt inn fleire opplysningar som eg no har finne om Ole Ingebrigtson Dahl i Bergen:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Elisabeth Ingebrigtsdotter (Loven), f. i Luster kring 1700,

Elisabeth Ingebrigtsdotter flytte til Årdal der ho 1.11.1729 gifte seg med Ole Olson frå

 

##### (opphavet hans? – truleg frå Offerdals sag – son av Ole Paulson og f. kring 1697!?)

 

Han var son av

 

##### (foreldri?)

 

##### (dato og stad for fødsli hans? – kring 1700 eller noko før?)

 

Ole og Elisabeth slo seg ned som husmannsfolk på Plassen under Hovland i Årdal der Elisabeth d. 23.7.1763.  Ole Olson d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kan henda 6.2.1782, 87 år gamal?)

 

Dei fekk seks born i lag:

 

##### (berre seks born er kjende, alle levde 1763!)

 

a. Ingebrigt Olson, kjend som Ingebrigt Olson Dahl, døypt i Årdal 10.11.1729, d. som enkjemann og «bondemand» i Bergen 21.12.1810.  Han gifte seg i Årdal 28.10.1754 med Anna Andersdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – ei Anna Andersdotter, 59, «av Vangs prestegjeld» d. i Årdal 15.8.1778 – kan det vera ho?)

 

     ##### (yrke og bustad? – 1762: plassfolk på Årøyni(?) under Hovland i Årdal! – truleg flytte Ingebrigt på 1780-talet til Bergen med yngste sonen Ole!!)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Gjertrud, f. Årdal 6.11.1755 – vart gift og budde i Årdal!!

            * Anders, f. Årdal 29.9.1758

            * Ole, f. Årdal 8.6.1761 – budde 1801 som Ole Ingebrigtson Dahl, vertshushaldar, i 11. Rode nr. 16 i Bergen, gift DK, Bergen 20.9.1789 med (enkja) Anna Andersdotter (Lindegard), f. 1754 – born:

               ** Nielske Martine Dahl, f. høkerb. DK, Bergen 15.8.1790 – n. 1801

               ** Andreas Dahl, f. høkerb. DK, Bergen 26.10.1792 – n. 1801

               ** Anna Ide Dahl, f. høkerb. DK, Bergen 2.3.1795 – n. 1801

               ** Endre Olai Dahl, f. høkerb. DK, Bergen 24.10.1796 – d. før 1801?)

 

b. Ole Olson, døypt i Årdal 2.12.1731, d.

 

     ##### (dødsfallet hans? – truleg i Årdal kring 1780?)

 

     Han gifte seg i Årdal 26.10.1761 med Mari Thomasdot­ter frå Seim i Årdal, døypt i Årdal 26.8.1741.  Ho d. som legdelem på Seim 4.5.1825. 

 

     ##### (yrke og bustad? – budde på Hestetun i 1765! – sidan?)

 

     men som enkje var Mari hushaldar hjå løytnant Melchior Falch i Offerdalen indre i Årdal.  Ole og Mari fekk tre døtrer i lag, mellom anna denne:

- Mari Olsdotter (1774-1850), vart gift med gardbrukar Sølfest Pederson på Øvstetun i Årdal (1771-1835), son av gardbru­kardotteri Ingeborg Sølfestsdotter, opphavleg frå Berge i Fortun (1736-1818) (s.d.).

c. Anna Olsdotter, døypt i Årdal 14.11.1734, d. på Hovland i Årdal 7.12.1801.  Anna vart trulova i Årdal (vigselsdatoen manglar) 27.4.1766 med Baard Halvorson, opphavleg frå Fortun, Lærdalsøyri i Lærdal, men oppvaksen i Hola under Hovland i Årdal.  Han var f. i Lærdal våren 1745 og d. som legdelem på Hovland 28.8.1825.  Som enkjemann gifte Baard seg 2.1.1803 att med Gjertrud Olsdotter frå

 

     ##### (kven kan ho ha vore? – ugift i 1803! – kan henda ho som d. legdelem på Natvik 13.2.1844, 95 år gamal?)

 

     Baard var husmann i Hola under Hovland i Årdal og fekk to born, som båe var frå første ekteskapet med Anna.

d. Hermund Olson, døypt i Årdal 2.6.1737, d. i Årdal 10.6.­1787.  Hermund gifte seg i Årdal 19.6.1763 med Eli Johannesdotter frå Nundal i Årdal, døypt i Årdal 5.7.1739.  Ho d. i Årdal 18.6.1787, berre to dagar etter at mannen vart gravlagd.  Hermund og Eli var gardbrukarar på Nundal i Årdal og fekk i alt åtte born, mellom anna desse sønene:

- Lasse Hermundson (1768-1818), vart først gift med Anna Sophie Pedersdotter frå Dalaker i Årdal (1772-1795) og sidan attgift med Gjertrud Anfindsdotter frå Vetti i Årdal (1763-1845), ei dotter av gardbrukardotteri Elsa Jørgensdotter frå Urnes i Hafslo (1722-1811) (s.d.).

- Østen Hermundson (1774-1842), vart gift med Maren Hansdotter frå Nattviki i Årdal (1772-1855), dotter av Hans Ørbech Domini­cusson i Nattviki (1740-1805) som ei tid var gardbrukar på Nes i Luster (s.d.).

e. Gro Olsdotter, døypt i Årdal 31.3.1739, d. i Årdal 24.12.­1775.  Ho gifte seg første gongen i Årdal 7.10.1765 med Østen Johannesson frå Offerdalen i Årdal, soneson av gardbrukar Sølfest Hermundson i Offerdalen (1668-1757), opphavleg frå Feigum (s.d.).  Østen vart døypt i Årdal 26.2.1735, men d. i Offerdalen i Årdal alt 8.2.1769.  Gro gifte seg so att i Årdal 3.11.1770 med Ole Erikson frå

 

     ##### (opphavet hans? – er det han som tente på Holsete i 1763? – døypt Holsete 10.9.1725?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans? – e. 1775!)

 

     Med båe ektemakane sine vart Gro buande i Offerdalen, men

 

     ##### (seinare lagnad for Ole Erikson?)

 

     Gro fekk fire born, to frå kvart av ekteskapi.

f. Johanna Olsdotter, døypt i Årdal 1.1.1745,

 

     ##### (tilstades 1763 – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Framleis manglar me ein del detaljar om denne huslyden, men som me i dag har sett døme på; opplysningar dukkar opp på dei mest utenkjelege stadane, og eg lever i voni om at fleire «gullkorn» her vil dala ned...  Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.