Gå til innhold
Arkivverket

Iver Pederson (1753) og Gjertrud Ingebrigtsdotter (1756) - strandsitjarar på Vikøyri i Vik i 1801 - men kven var dei? - var Gjertrud fødd i Årdal?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Me finn denne huslyden på Vikøyri i Vik i 1801: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058392000612

 

Iver Pederson  48  husmann utan jord, i 1ste ekteskap

Gjertrud Ingebrigtsdotter  45  kona hans, i 1ste ekteskap

Jacob Iverson  8  son deira

 

Ifølgje FamilySearch fekk Iver og Gjertrud fem born i lag:

 

* Peder Iverson, døypt i Vik 9.7.1787

* Ingebrigt Iverson, døypt i Vik 29.8.1789

* Britha Iversdotter, døypt i Vik 7.2.1792

* Jacob Iverson, døypt i Vik 29.4.1793

* Britha Iversdotter, døypt i Vik 20.9.1795

 

Eg finn ikkje dette paret som vigde, men når me veit at vigde i Vik manglar for fleire år til og med 1786, ligg nok svaret der...

 

Gjertrud Ingebrigtsdotter døydde som legdelem på Vikøyri 28.2.1828, 71 år gamal.

 

Spørsmålet mitt er følgjande:

 

** Kven var Iver Pederson og Gjertrud Ingebrigtsdotter?

 

Me har ei Gjertrud Ingebrigtsdotter som var fødd i Årdal 6.11.1755 og som visstnok vart konfirmert der i 1774, men som deretter forsvinn derifrå.  Kan det vera ho me finn att i Vik?  Foreldri hennar, Ingebrigt Olson og Anna Andersdotter, forsvinn òg!

 

Eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

* Peder Iverson, døypt i Vik 9.7.1787

* Ingebrigt Iverson, døypt i Vik 29.8.1789

* Britha Iversdotter, døypt i Vik 7.2.1792

* Jacob Iverson, døypt i Vik 29.4.1793

* Britha Iversdotter, døypt i Vik 20.9.1795

 

Kan dette være Peder, 13 år, tjenestedreng på Graav i 1801?

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058392000122

 

Det er antakelig Jacob Iversen Vikøren som gifter seg i Vik i 1814 med enken Brita Larsdatter:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000002209584

 

Soldat Ingebrigt Iversen Vikøren gifter seg i Vik i 1819 med pigen Brita Larsdatter:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000002209812

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

????

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHTN-V3K

 

Name:    Iver Pedersen
Christening Date:    15 Jul 1754
Christening Place:    VIK I SOGN,SOGN OG FJORDANE,NORWAY
Father's Name:    Peder Gilderhuus
 

Sogn og Fjordane fylke, Hove, Hoprekstad i Vik, Ministerialbok nr. A 2 /1 (1740-1757), Kronologisk liste 1754, Side 113
Permanent bilde-ID: kb20070523640099
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070523640099
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-kb20070523640099.jpg 
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

EG trur her at dette er eit bomskot frå deg, Lars.

 

Fam ser ein på side 221 i Ættabokji frå 2008, utg av GB.

Dei er gift i 1781, og får 

a) Sigrid f. 1781

b) Hans f 1783  fam i Vik.

Ingebrgt f. 1789 og Jakob f. 1793 også fam i Vik.

Per / Peder f. 1787 til Bergen.

 

Far: Ivar Person Vikøyri 1755 - 1805 er fødd på Vikøyri.

Mor: Gjertrud Ingebrdtr 1753 - 1805 er fødd på Gard nr 55, Dalsver i Arnafjorden. IKKJE i Årdal. Foreldra hennar er Ingebrikt Hansson Vetle-Hirt. F 1714 og mor, Anna Nilsdtr Kvassdalen f 1732. Foreldra til Anna kjem frå Vangsnes Lnr 184.

 

Far til Ivar 1755-1805, er også fødd i Vik. Mor er Brita Hermundsdtr gift i 1751, m/ adr Vange. Død 1796. Antatt f 1719.

------

Diverre, Lars, men Gjertrud er nok ikkje f i Årdal. Men det er mogelig at du har ei Brita f ca 1719 som berre forsvant . . . . .

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Jon for interessante og nyttige innlegg, og avklaring!

 

Denne saki har grundig synt meg at berre bròtstykke av det gamle kyrkjebokmaterialet for Vik er digitalisert.  Noko har FamilySearch gjort, medan Fylkesarkivet har gjort noko!  Og me veit ikke kven som har gjort kva!  Dette kan vera ei òrsak til at einskilde huslydar synest heilt å mangla, medan andre er der!  Arnafjorden sokn frå 1750-talet synest heilt å mangla, både hjå FamilySearch og hjå Fylkesarkivet, medan eg har hatt hell med meg når det gjeld Kvamsøy sokn.  Kva kan grunnen vera, tru?

 

No bladde eg kjapt gjennom kyrkjeboki for Arnafjorden sokn frå 1752 til 1755; eg fann ingen born av Ingebrigt Hansson, heller ikkje Gjertrud, men eg tok fleire «stikkprøver» på andre fødsler, og, ganske riktig, alle mangla i dei digitale kjeldene!!  Me lyt likevel tru at bygdebokskrivaren for Vik også rår over andre kjelder som stadfester at Gjertrud Ingebrigtsdotter kjem frå Dalsvær...

 

Då kan me berre slutta at Gjertrud Ingebrigtsdotter har busett seg ein annan stad...  Kanskje fór ho til Bergen?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg 5 må du ha vore trøytt, Lars på fredags kvelden !  Eller kanskje det er trinken, tranken, getrunken ??

--------------------

Uansett så er det 809 stk døypte mellom 1750 - 59 BÅDE i Fylkesarkivet og i Gamle DA fødte i SF 1669-1895, i Vik:

Tidlegare personsøk   Funne
Prestegjeld id.SoknFødd datoFødd årFødd/DøyptDøyptDøypt årHeimedøyptKjønnFørenamnEtternamnEkte/uekteFar farsnamnFar etternamnFar bustadFar yrkeFar sivilstandFar fam.still.Far fødselsår/aFar fødestadMor førenamnMor etternamnMor bustadMor stillingMor sivilstandMor fam. stilliMor fødselsår/aMor fødestadIntroduksjonMerknad (kjelde er likbørjar påbørjar på visinneheldinneheld vis    15250
Prestegjeld id.SoknFødd datoFødd årFødd/DøyptDøyptDøypt årHeimedøyptKjønnFørenamnEtternamnEkte/uekteFar farsnamnFar etternamnFar bustadFar yrkeFar sivilstandFar fam.still.Far fødselsår/aFar fødestadMor førenamnMor etternamnMor bustadMor stillingMor sivilstandMor fam. stilliMor fødselsår/aMor fødestadIntroduksjonMerknad (kjelde er likbørjar påbørjar på visinneheldinneheld vis    Same person som i søk 1Påfølgjande person 809

Om  talet 809 er samlitige, 100 %, det veit eg ikkje !  Heller ikkje kven som står bak.FamilySerach har eg minimum av peiling om. Så du vil finna Arnafjordingar, men om du vil finna ALLE, kan eg ikkje garantera, Lars !  Og når ein finn 3 + 5 + 8 = 16 av 51 på F. 

V har 95 stk i Prestegjeldet. 23 = Valsvik, 2 = Vetlesand.

Dersom du brukar F som byrjar med på fars bustad, finn ein 51 stk i heile prestegjeldet, som rekk ein god del utover, lenger vest.

3 stk på Flæte, 5 på Fretheim og desse 8 på Finden:

Mer
17722 1417   25/3   1759  D   Siovat Anderss.   e    Anders Finden   fglass.gif
17744 1417 21/5  1757 D k Alis Andersd. e Anders Finden   fglass.gif
18703 1417 27/1 1756 D k Lussi Andersd. e Anders Finden   fglass.gif
18708 1417 15/5 1756 D m Joen Olss. e Ole Finden   fglass.gif
18718 1417 5/1 1755 D k Lussi Andersd. e Anders Finden   fglass.gif
18758 1417 7/5 1752 D k Brithe Olsd. e Ole Finden   fglass.gif
18761 1417 13/8 1752 D m Peder Olss. e Ole Finden husmann fglass.gif
18792 1417 0/12 1750 D m Stephen Olss. e Ole Finden  

Uviss dato. fglass.gif

----------------------------------------------------------

Ang Gjertrud Ingebr.dtr født kvar hen, er ikkje opplysningane mine i innlegg nr 4 rett. Ho er ikkje født korkje i Årdal, eller i Arnafjorden, men på Voss.

 

Prot. ref. Side År Døypt Sokn/Kyrkje
414 Voss MINI A8 49 1754 Dom: 19 p Trin. Winje
  Rolle Førenamn Etternamn Kjønn Bustad Ekte/uekte
1706 Barn Giertrud   k   e
1707 Far Ingebrigt Hansen  

Hirt

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget!

 

Då var det ikkje so merkeleg at eg ikkje kunne finna dåpen til Gjertrud Ingebrigtsdotter i Vik i 1753!  Ho vart jo døypt på Voss året etter!!  Då hjelpte det lite om eg var trøytt eller ikkje; den dåpen hadde eg aldri greidd å finna utan å gå over fylkesgrensa...

 

Men eg kom med ei feilutsegn då eg hevda at fødslene i Arnafjorden ikkje finst i digitaliserte kjelder, som eg seier meg lei for.  Dei er hjå Fylkesarkivet, men ikkje hjå FamilySearch, so der er forskjellen!  Elles går det ikkje fram av regiostreringane hjå Fylkesarkivet i kva KYRKJESOKN dei ulike barnedåpane skjedde, og for ein som ikkje er kjend med gardsnamni i Vik prestegjeld, vert det mykje gissing...

 

Uansett, Gjertrud Ingebrigtsdotter frå Årdal er tydeleg IKKJE flytt til Vik, so ho lyt me ettersøkja ein annan stad...

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand i denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har enno ikkje vore innom Slekt od Data, Slektsforum, Sogn og Fj, Vik, "2 damer frå Texas . . " innlegg nr 2, og søkt på Gjer f. 1756, + og _ 10 år, dvs f 1746 til 1766. Fødd i Årdal, Female.

 

Då vil du ha funne Gjertrud Ingebrdtr f. 8.11.1755 og gift 1793 m/ Thomas Olsson Hjelle. Sjølv døyr Gjertrud før 1795.

 

O. Natvik skriv 13.2.2014, at denne Gjertrud f 1755, kan ha døydd lita, men fam MÅ ha fått ei ny Gjertrud i så fall.

Men O. Natvik er rimelig sikker på ekteskapet m/ Thomas, s 412 i Bygabokji for Årdal, utg 1985. Thomas giftar seg på nytt i 1795. Ikkje ongar i ekteskapet frå 1793.

------------

"2 damer frå Texas . . . " er sjølvsagt ikkje nokon FASIT. / so e da, basta! Men er tross alt eit hjelpemiddel.

Medlemskap i Data og Slekt er sjølvsagt kjekt om du ynskjer, slik eg er. Men å søkja på denne lekkja er for alle, innkl deg Lars.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.