Gå til innhold
Arkivverket

Nils (1728), Endre (1730) og Siri (1738) Olssøner og Olsdotter - flytte dei i ung alder frå Luster til ytre Sogn eller kan henda til Bergen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Husmann Ole Nielsson Bøe i Luster døydde i farangen som tok livet av so mange småbarnsforeldre i Luster og Jostedalen i 1741. og tre av dei seks borni hans berre «forsvinn» før dei rekte å verta konfirmerte, dei to eldste gutane, Nils og Endre, og den midtre dotteri, Siri.  Samstundes veit me at eldste dotteri  Synneva vart gift med ein enkjemann som hadde dei fleste borni sine i Bergen, medan yngste sonen Johannes sjølv flytte til Bergen!  Yngste dotteri Ragnhild forsvinn òg i 1760-åri med mann sin, uvisst kvar...

 

Eg ville soleis ikkje verta overraska over om eitt eller fleire av dei tre «forsvunne» søskeni òg hamna i Bergen, med mindre dei flytte til ytre Sogn, der so mange unge foreldrelause born òg kom i teneste på den tidi.

 

Dette er ei krevande utfordring som heilt sikkert ikkje vert lett å finna ut av, men «den som intet vover, kan heller ej vinde»...

 

Manuskriptet mitt for denne huslyden ser pr.  dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Nilsson Bøe, herifrå plassen og truleg steson av føregande husmann, var f. kring 1706 og vart gravlagd frå Bøen 22.1.1741.  Han gifte seg kring 1727 med Alis Endresdotter frå Endrehaugen under Søvde i Dale.  Ho var f. kring 1704 og vart gravlagd som legdelem 16.12.1778.  Som enkje gifte seg att med strandsitjar og enkjemann Knut Sjurson på Kvalsøyri under Kvale (1695‑1778) og flytte dit.  Ole Nilsson ser ut til å ha teke over plassen her på Ben kring 1727 og dreiv han til han fall ifrå i 1741.  Enkja flytte straks herifrå, for alt same året kom her nye folk til plassen.  Ole og Alis på Bøen fekk seks born i lag:

 1. Nils Olson, f. kring 1728, levde i 1741.

Nils Olson flytte

 

##### (lagnaden hans? – kan henda til ytre Sogn eller til Bergen?)

 

 2. Endre Olson, f. kring 1730, levde òg i 1741.

Endre Olson flytte

 

##### (lagnaden hans? – kan henda til ytre Sogn eller til Bergen?)

 

 3. Synneva Olsdotter (1733‑1808), vart gift med strandsitjar og enkjemann Christen Larsson på Kvalsøyri under Kvale (1713‑1790).

 4. Johannes Olson (1735‑1804), var ei tid husmann i Hærishaugen under Hæri (s.d.).

 5. Siri Olsdotter, døypt 28.4.1738, levde i 1741.

Siri Olsdotter flytte

 

##### (lagnaden hennar? – kan henda til ytre Sogn eller til Bergen?)

 

 6. Ragnhild Olsdotter (1741‑    ), vart gift med paktar Hans Hansson på Steig (1737‑    ).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ville setja stor pris på sjølv det minste spor...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.