Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Britha Knutsdotter - fødd i Luster 1739 - til Årdal kring 1770 - barn med prokurator Peder Randulf og sidan gift på Dalaker i Årdal - flytte kan henda mori òg til Årdal? - kvar i Valdres kom svigerfaren ifrå?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet tek utgangspunkt i ei bidragssak frå 1771 der ei jente frå Luster, Britha Knutsdotter, som då nylig var flytt til Årdal, truleg fekk so god hjelp av prokuratoren at ho fekk eit barn ogso med han!?  No freistar eg nøsta opp i denne huslyden og vonar at kanskje nokon kan bidra med fleire detaljar?

 

* Kvar vart det av mori til denne Britha, Anna Knutsdotter?  Flytte kan henda ogso ho til Årdal?

 

* Svigerfaren til Britha Knutsdotter, Erik Gullikson, gifte seg i Årdal i 1753, men var barnefødd i Valdres.  Kva gard i Valdres kan han vera komen ifrå, tru?

 

* Og endeleg, kven var denne prokuratoren, Peder Randulf?  (Opplysningar er komne i innlegg #2 nedanfor!)

 

Manuskriptet ser for tidi slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Knutsdotter (Qualsøren), f. i Luster kring 1720, levde framleis i Luster i 1739.

Anna Knutsdotter flytte

 

 

##### (må vera flytt frå Luster etter ho i 1739 gjorde seg skuldig i leigarmål her – men kvar vart ho av? – kan henda til Årdal der dotteri sidan hamna?)

 

 

Men Anna fekk som nemnt ei dotter, og ho ser ut til å vera oppvaksi hjå besteforeldri Knut og Anna på Kvalsøyri:

a. Britha Knutsdotter, dotter av Anna og ein ukjend Knut Olson, vart døypt i Luster 22.2.1739 og budde her fram til kring 1770.

Britha Knutsdotter flytte kring 1770 til Årdal der ho 20.10.1777 gifte seg med Gullik Erikson frå Dalaker i Årdal.  Han var son av gardbrukar Erik Gullikson på Dalaker, opphavleg frå

 

 

##### (kva gard i Valdres? - Månum i Nord-Aurdal?)

 

 

og kona Siri Einersdotter frå Dalaker og f. i Årdal 17.8.1756.  Gullik og Britha tok over som gardbrukarar på Dalaker i Årdal etter foreldri hans, men vart tidleg kårfolk.  Britha d. på Dalaker 21.10.1809, medan Gullik d. same staden 26.2.1811.  Dei fekk ikkje born i lag, men Britha hadde to døtrer frå før:

a. Anna Sophie Torgersdotter, dotter av Britha og gardbrukar Torger Torbjørnson på Råum (1745-1805), vart døypt i Luster 21.11.1769 og d. i Årdal 18.1.1772.

b. Anna Sophie Pedersdotter (1772-1795), dotter av Britha og prokurator Peder Iverson Randulf (1735-1784), sorenskrivarson frå Talle, vart gift med husmann Lasse Hermundson i Hagen under Nundal i Årdal (1768-1818).  Han vart som enkjemann attgift med Gjertrud Anfindsdotter frå Vetti i Årdal (1763-1845), ei dotter av gardbrukardotteri Elsa Jørgensdotter frå Urnes i Hafslo (1722-1811) (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

 ##### (oppl.? – prokurator Peder Iverson Randulf vart gravlagd i DK, Bergen 23.3.1784, 49 år gamal!)

 

Fra Sollieds skifteavskrifter:

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=713&storleik

 

Nevnt også i skifteregisteret for Bergen 1782-1796

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/27/pa00000000743371

 

Av Sollies skifteavskrifter synes jeg det står at hun som var til stede ved skiftet, Inger Kirstina Randulf, og avdøde Peder, var søskenbarn. I tillegg ser det ut som Inger Kirstina hadde to søstre i Nordland, en bror som var gift og hadde barn og var bosatt i Kristiansand, og en avdød bror i Trondheims stift, som var fogd og etterlot seg barn. I tillegg skulle avdøde hatt ytterligere to søskenbarn, det ene gift med presten Kiempe i Salten, det andre søskenbarnet var gift med Michael Hersløff og bosatt i Trondheims stift. 

 

Det ser for meg da ut som Peder døde uten egne barn og søsken, og at arvingene var hans søskenbarn. hvor av altså Inger Kirstina er den eneste som er navngitt. Ektefellene til to andre søskenbarn er imidlertid nevnt ved navn. 

 

Kan Inger Kirstine være identisk med Ingeborg Christine Randulf som gifter seg i Bergen i 1784?

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000431332

 

En Iver Pedersen Randulf var sorenskriver i Sogn:

https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Indre_Sogn_sorenskriveri

http://www.domstol.no/no/Enkelt-domstol/sogn-tingrett/Om-NN-Tingrett/Historikk1/Sorenskrivarane-i-Sogn1/

 

http://www.nermo.org/slekt/d0062/g0000070.html#I48713

http://leskjerv.seria.no/aner/0007/9925.htm

 

Sakser dette fra "google":

Iver ble utnevnt som sorenskriver i Søndhordaland 1729. Sorenskriver og kanselliråd i Stord. Fra 1751 var han sorenskriver i Luster i Indre Sogn hvor han døde i  1756. 

 

Og her er dåpen til sønnen Peder i 1735 - se venstre side:

 

Hordaland fylke, Stord, Fitjar, Valestrand i Stord, Ministerialbok nr. A 1 (1725-1744), Kronologisk liste 1735, Side 44
Permanent bilde-ID: kb20070516630450
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070516630450
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-kb20070516630450.jpg 
 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for fullt svar på spørsmåli kring prokurator Peder Randulf!

 

Han har tydeleg ikkje vilja tilgodesjå barnet han let etter seg  Årdal...

 

Eg ser forresten hjå FamilySearch at det var ein Erik Gullikson fødd på Månum i Nord-Aurdal i 1732.  Han KAN vel vera ein «kandidat» for Erik Gullikson på Dalaker i Årdal, men kanskje finst det andre...  Kyrkjebøkene for Valdres er vel ikkje fullt dekt for denne tidlege perioden...?

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Bryn

I bind 1 av Valdres bygdebok om "Gardar og slekter i Vang" (s. 243) antyder Anders Frøholm at Eirik Gulliksson som giftet seg i Årdal, kan være fra en husmannsplass under Kjerstein i Vang.

EirikGulliksson.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut for eit spennande og nyttig innlegg!

 

Eg tykkjer det høyrest svært so rimeleg ut at Erik Gullikson kan vera komen frå Kjerstein i Vang, og for alt me veit, kan jo ogso søsteri Sigrid vera kommi til Sogn...  Denne kandidaten er i alle fall mykje betre enn han eg fann frå Månum i Nord-Aurdal...

 

Då sit me att med spørsmålet om lagnaden til Anna Knutsdotter.  Dersom ho gifte seg i Sogn eller ytre Sunnfjord, ser eg berre fire alternativ (kjelde FamilySearch):

 

** gift i Tønjum sokn i Lærdal 6.11.1744 med Johannes Johnson: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/100

 

** gift i Gulen (ho med namnet Birknes) 16.7.1743 med Sjur Gregoriusson Qvernøen: https://media.digitalarkivet.no/view/11442/40

Bygdeboki for Gulen syner at ho var fødd på Birknes i Gulen, so ho kan det ikkje vera!

 

** gift i Hyllestad sokn i Askvoll 18.6.1746 med Bendix Mathisson Axe: https://media.digitalarkivet.no/view/8595/95

 

** gift i Hyllestad sokn i Askvoll 13.10.1748 med Erik Clausson Møklebust: https://media.digitalarkivet.no/view/8595/104

 

«Kandidaten» i Tønjum sokn i Lærdal tykkjer eg ikkje høyrest so sannsynleg ut, men kanskje ei av dei i Hyllestad!?  Ingen av dei har gardsnamn ved vigsli!

 

Eg takkar igjen for alle gode tips om denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.