Gå til innhold
Arkivverket

Britha «Birgitte» Torbjørnsdotter - fødd i Luster kring 1696 - gift i Fredrikstad 1730 med skreddar Morten Olsen - budde framleis der i 1740, men kvar vart det av dei? - huslyden deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet freista eg første gongen i Brukarforum for 15 år sidan, i det gamle Brukarforum som # 9217:

 

 

 

men utan resultat den gongen.  Kanskje er det i mellomtidi komme til nye brukarar som kan kasta eit blikk på denne saki?  Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Britha Torbjørnsdotter (Forthun), f. i Luster kring 1696, tente på Kroken i Luster i 1717,

Birgitte Torbjørnsdotter flytte, truleg ein gong i 1720‑åri, til Fredrikshald, og ho gifte seg i Fredrikstad 31.8.1730 med Morten Olsen frå

 

##### (opphavet hans?)

 

Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans?)

 

Morten var i 1730 soldat i kaptein Jurvitz' kompani, men skal sidan ha vore skreddar

 

##### (lagnaden deira? – budde framleis i Fredrikstad i 1740)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Me kjenner til ei dotter etter dei:

 

##### (hadde dei kan henda fleire born?)

 

a. Kirstine Marie Mortensdotter, døypt i Fredrikstad 15.9.1730,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det hadde vore kjempeflott om nokon greidde å finna ut kvar det vart av denne huslyden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Opplysningi kjem frå skiftet etter halvsøsteri Synneva Torbjørnsdotter som døydde på Hovden under Holmestad i Luster i 1740, sjå nest nedste innførsli på høgre side:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24136/219?indexing=

 

Eg vonar verkeleg det let seg gjera finna ut noko meir..., og takkar igjen so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legger for ordens skyld inn skiftet fra fylkesarkivets sider:

 

Namn arvtakar: Synneve, Torbiørnsdtr 
Gard: Holmestad, nr.:2
Husmannsplass: Hovden
Yrke: Dannekone
Skipreide: Luster
Protokoll/side: 5a-222
Datering: 1735-1741
Dato: 27.10.1740
Eiga: 207 Dalar, 2 ort, 4 skilling
Gjeld: 38 Dalar, 2 ort, 8 skilling
Netto: 168 Dalar, 5 ort, 12 skilling
Merknad: Yrke: Huusmandskone
Personar i skiftet :
(1) Knud Torbiørnsen Død Bror
(2) Ole Knudsen 22 Aar Brorsøn
(3) Aagaate Knudsdatter Brordatter
(4) Margrete Knudsdatter Brordatter
(5) Ingeborg Torbiørnsdatter Søster
(6) Aagaate Torbiørnsdatter Halvsøster
(7) Astrie Torbiørnsdatter Halvsøster
(8) Berete Torbiørnsdatter Halvsøster
(9) Morten Olsen Fredrichstad Gift med Berete

(10) Christi dy Torbiørnsdatter Halvsøster
(11) Boets gjeld Kreditor
(12) Mons Eye Debitor
(13) Johannes Berge Gift med Ingebor
(14) Ole Halversen Berge Debitor
(15) Jens Knudsen Boelstad Debitor
(16) Torbiørn Bringe Gift med Aagaate
(17) Johannes Torbiørnsen Fortun Halvsøster
(18) Find Fortun Gift med Christi dy
(19) Find Fortun Debitor
(20) Johannes Fortun Debitor
(21) Arent Christophersen Rein Tilstede for Johanne
(22) Tommes Halversen Reusen ? Gift med Christi
(23) Erich Svensøe Debitor
(24) Hans Øfreschaar Gift med Astrie
(25) Ole Pedersen Steig Enkemanden
(26) Jens Øyen Debitor
(27) Ole Fortun Debitor
(28) Jens Knudsen Boelstad Brorsøn
(29) Johannes Berge Debitor
(30) Christi Torbiørnsdatter Halvsøster
(31) Paul Holmestad Debitor
(32) Arent Christophersen Rein Formynder for Berete
(33) Erich Schagen Debitor
(34) Ole Halversen Berge Gift med aagaate
(35) Torbiørn Knudsen 19 Aar Brorsøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Grethe for innleggjingi av dette skiftet frå 1743, som syner til Britha Torbjørnsdoter i Fredrikstad!

 

Skiftet provar at det er «vår» Britha som budde i Fredrikstad, men diverre får me ikkje vita noko om kvifor Britha flytte dit eller kva slekt ho eventuelt har etter seg der borte...

 

MEN, eg vil gjerne få leggja til følgjande, som KAN ha ein viss interesse:

 

Britha hadde ei moster Johanna Johannesdotter, fødd på Fortun i Luster kring 1635.  Denne Johanna var visstnok gift med Antonius Monsson frå Eide i Luster, ein soneson av borgarmeister Antonius Knutson (Wincke) i Oslo.  Antonius og Johanna ser ut til å vera flytte frå Luster, og med ættesambandet som Antonius hadde til Austlandet (brørne Johan Teiste og Bertel Monsson budde båe nær Oslo (Christiania)), er det ikkje urimeleg å tenkja seg at Antonius og Johanna òg kan ha hamna der?  Johanna levde som enkje i 1679, men ho kan godt ha levd til lenge etter hundreårsskiftet, og kanskje Britha flytte inn hjå denne mosteri då ho flytte austafjells?

 

Kjeldetilfanget frå den tidi er diverre ganske so «tunt», men ein vet jo aldri...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om huslyden til Britha Torbjørnsdotter og vonar at nokon greier finna ut litt meir...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet der eg meiner eg kan ha gjort minst ei spennande oppdaging sidan sist:

 

Den einaste kjende dotteri til Britha «Birgitte» Torbjørnsdotter og mannen Morten Olson var Kirstine Marie, døypt i Fredrikstad 15.9.1730.

 

No ser eg av FamilySearch at:

 

* Kirstine Mortensdotter og mannen Gjert Pederson får ei dotter:

 

** Berthe Marie Gjertsdotter, døypt i Glemmen 12.9.1751: https://media.digitalarkivet.no/view/7452/91

 

Me har ogso ei:

 

* Kirsten Mortensdotter som gifte seg i Tune 1.3.1763 med ein Hans Larsson.  Dei fekk i alle fall ei dotter:

 

** Elen Hansdotter, døypt i Tune 5.8.1764: https://media.digitalarkivet.no/view/7493/17

 

Eg likte særleg godt den første av desse «kandidatane»; Berthe Marie kan godt vera ei oppkalling av «gamle Britha/Birgitte», men det ser ut som om kyrkjebøkene for Glemmen er noko «amputerte» på den tidi, og eg finn ingen andre referansar til dette parfolket!

 

No vonar eg sjølvsagt på at ein eller annan dreg kjensel på desse namni...?  Glemmen er jo ikkje so langt frå Fredrikstad...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg står framleis ganske so «bom fast» på denne utfordringi i Fredrikstad/Glemmen og ønskjer i dag å henta fram att dette emnet.

 

Det er tydeleg vanskeleg å arbeida med kjelder frå Fredrikstad frå 1700-talet, men eg har liti lyst til å gje opp, og kanskje er det i dag nokon som kan sjå ei løysing?

 

Er det kanskje mogeleg å følgja opp denne Kirstine Mortensdotter som med ektemannen Gjert Pederson fekk dotteri Berthe Marie i Glemmen i 1751?

 

Kan det vera ho som i 1801 var gift og busett i Moss??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan bringa oss nærare ei løysing på denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Eg ser eg gløymde å leggja ved referansen, men her følgjer ho: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058192000260

 

Og no ser eg sjølvsagt at eg «bomma» på førenamnet hennar...

 

Derimot finn eg dette dødsfallet til ein Jert Pederson i Borge i 1800: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001254805

 

Kanskje det er den Gjert Pederson som var gift med Kirstine Mortensdotter?  Alderen høver jo godt, og Borge er nabokommune til Glemmen!!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne kjempeutfordrande huslyden?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.