Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Peder Jensson eller Johnson - kven gifte seg i Lærdal 1747, og kven budde i Årdal frå 1750 og utover?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne utfordringi tek delvis utgangspunkt i eit emne som eg laut i det gamle Brukarforum i 2005 som tema #32104:

 

 

Det kan ingen svar på dette emnet den gongen, som eg gjentek her i noko omarbeidd form:

 

Peder Jensson og Britha Larsdotter gifte seg i Hauge sokn i Lærdal prestegjeld 6.11.1747 (nesten heilt nede på såpalte #4): https://media.digitalarkivet.no/view/11593/111

 

Eg mistenker denne Peder for å vera identisk med Peder Jensson, fødd i Leirhola i Hafslo kring 1717 som son av ein Jens Andersson og kona Martha Andersdotter.  Denne Peder Jensson var framleis i live i 1761, men budde ikkje i Hafslo på den tidi!

 

Eg kan ikkje sjå at Peder Jensson og Britha fekk born i Lærdal prestegjeld, og eg spekulerte den gongen (og framleis i dag) på om dei kan vera flytte til Bergen eller kan henda til ytre Sogn?

 

So er det at eg vert gjort merksam på følgjande;

 

I den nye ætteboki for Årdal er denne huslyden omskriven som busett på «Ivarsplassen» i Hola under garden Hovland:

 

Peder Johnson Hovland og Brita Larsdotter Lægreid - utan fleire detaljar, men foreldre til fire born:

 1. Guri, fødd 1742 - ingen opplysningar

 2. Johanne, fødd 1751, død 1815 - gift 1787 med Anders Olson Offerdal

 3. Simon, fødd 1753, død 1829 - gift 1775 med Ragnhild Trondsdotter Hæreid

 4. Lars, fødd 1762, død 1828 - gift 1790 med Inga Kristensdotter Tallahaugen (skal vera Tallehagen!) frå Luster

 

Eg finn korkje Guri eller Johanne som døypte i Lærdal prestegjeld, men

 

** Simon er fødd i Årdal 28.12.1753: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/113

 

** Lars er fødd i Årdal 27.12.1761 (mor er feilaktig kalla Jacobsdotter): https://media.digitalarkivet.no/view/11594/154

 

Og eg finn Peder Johnson avliden i Årdal 30.9.1763, 40 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/246

 

Ved alle desse tre høvi står det tydeleg JOHNSON og ikkje JENSSON

 

So er spørsmålet:  Var det Peder Johnson som i 1747 gifte seg i Hauge sokn i Lærdal med Britha Larsdotter, eller talar me om to ulike par!

 

Eg ser ingen Peder Jensson eller Peder Johnson døypte i Lærdal prestegjeld mellom 1711 og 1730!

 

Eg har ikkje noko fasitsvar på denne utfordringi, men kanskje andre har gjort seg tankar om dette?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So er det dukka opp nokre nye spennande opplysningar om denne - eller desse - huslydane:

 

Ein Peder Johnson gifte seg i Årdal 12.2.1730 med Synneva Larsdotter.  Dei budde som husmannsfolk på Mastrehaugen under Offerdalen og fekk i alle fall desse borni:

 

** Anders Pederson, døypt i Årdal 6.5.1731

 

** Kari Pedersdotter, døypt i Årdal 3.4.1734 - kanskje konfirmert i Årdal 1757(?)

 

** Britha Pedersdotter, døypt i Årdal 15.12.1737

 

** Guri Pedersdotter, døypt i Årdal 21.1.1742

 

Guri høyrer altso til her.

 

So får Peder Johnson og Britha Lartsdotter desse borni i Årdal:

 

** NN Pederson/-dotter, fødd i Årdal kring mars 1748 (mor Britha introd. 12.5.1748)

 

** Johanna Pedersdotter, døypt i Årdal 9.5.1751 - vafrt konfirmert i Tønjum 1769

 

** Simon Pederson, f. i Årdal 28.12.1753 - vart konfirmert i Årdal 1770

 

** Maritha Pedersdotter, f. i Årdal 1.3.1757 (men døypt i Tønjum) - vart konfirmert i Årdal 1775

 

** Lars Pederson, f. i Årdal 27.12.1761 - vart konfirmert i Årdal 1778

 

Etter dette trur eg me sikkert kan seia det var Peder Johnson som gifte seg i Lærdal i 1747 med Britha Larsdotter, men om det var den same Peder Johnson som var gift to gongar, sjå det er eit stort spørsmål...!?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.