Gå til innhold
Arkivverket

Mannsnamnet Ole Casper i Sogn sist på 1700-talet - kvar kjem dette namnet ifrå? - er det samband mellom dei som hadde namnet?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har støytt på dette førenamnet Ole Casper eit par gonger i Sogn, og eg tenkte det kunne vera av interesse å sjå litt nærare på desse tilfelli:

 

* Ole Casper Christopherson er fødd på Sundervåg i Kinn og vart døypt der 19.2.1762: https://media.digitalarkivet.no/view/11532/299

Denne Ole Casper har eg ikkje finne noko meir ut om!

 

* Ole Casper Jonasson vert i Undersøkjingskommisjonen i Bergen 1804/1805 påstått vera 44 år gamal og fødd i Luster: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/215/pp00000000013622

Diverre manglar me fødsler i Luster mellom 1759 og 1761, men truleg er Ole Casper son av ein Jonas Jørgenson.  Mori er ukjend.  Det eg veit om denne mannen kjem fram av følgjande tema:

 

 

* Ole Casper Hansson gifte seg i Sogndal 20.6.1782 med Kirsti Jensdotter frå Lunden i Norum sokn, døypt i Sogndal 24.7.1756: https://media.digitalarkivet.no/view/11656/70

Her er trulovingi deira 7.4.1782: https://media.digitalarkivet.no/view/11656/68

Då det i 1794 vart halde skifte etter far hennar, gjestgjevar Jens Johnson i Lunden: https://media.digitalarkivet.no/view/24143/273?indexing=

kjem det fram at Kirsti og Ole Casper Hansson hadde butt i Sogndalsfjøra.  Ho var avlidi, men let etter seg to born:

** Hans Olson, 12 år og

** Kirstine Ellingsdotter, 15 år (døypt i Sogndal 30.12.1778 - barnefar Elling Monsson Slinde)

Eg finn ikkje Hans døypt i Sogn og Fjordane og heller ikkje finn eg grav ferdi til mori Kirsti!

 

Og det er truleg den same Ole Casper Hansson som 21.1.1785 var barnefar då Erik vart døypt i Bø sokn i Gulen med barnemor Britha Findsdotter nedre Værholmen: https://media.digitalarkivet.no/view/11444/96

Ole Casper er då nemnd enkjemann med bustad Frønningen!

 

Eg ser sidan ikkje noko meir til denne Ole Casper Hansson, og nokon dåp for mannen har eg heller ikkje greidd å finna!  På Frønningen ser eg ikkje spor etter han!

 

Om dei tre personane på eitt eller anna vis hade noko med kvarandre å gjera?  Eg veit ikkje, men kanskje nokon ser noko som eg har oversett?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

?????

 

Førenamn: Ole Kasper
Etternamn: Kristoffersen
Gard: Søndervåg
Skipreide: Brandsøy
Protikoll nr.: 8a, page 261 
År: 1763-1769
Fogderi: Sunnfjord

 

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 8a (1763-1769), Skifteprotokollside, Side 261b-262a
Permanent bilde-ID: sk20081126660542
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081126660542
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-sk20081126660542.jpg 
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Førenamn: Kristoffer
Etternamn: Olsen
Gard: Søndervåg
Skipreide: Brandsøy
Protikoll nr.: 8a, page 68 
År: 1763-1769
Fogderi: Sunnfjord

 

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 8a (1763-1769), Skifteprotokollside, Side 67b-68a
Permanent bilde-ID: sk20081126660348
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081126660348
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-sk20081126660348.jpg
 

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 8a (1763-1769), Skifteprotokollside, Side 68b-69a
Permanent bilde-ID: sk20081126660349
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081126660349
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-sk20081126660349.jpg 
 

 

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skifte etter Anne Kaspersdatter Søndervåg - enken etter Christopher Olsen Søndervåg

 

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 8b (1769-1775), Skifteprotokollside, Side 717b-718a
Permanent bilde-ID: sk20081126670264
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081126670264
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081126670264.jpg 
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for interessante innlegg!

 

Eg ser du har finne ei god forklaring på namnet til Ole Casper Christopherson frå Sundervåg i Kinn.  Når faren heitte Christopher Olson og mori Anna Caspersdotter, er jo Ole Casper ein naturleg «konsekvens»...  So då kan me utelukka denne karen med godt samvet!

 

Men interessant er funnet av Petter, fødd i Bergen 26.10.1793 av matros Ole Casper Hansson og Gjertrud Andersdotter.  Eg har søkt litt rundt ikring, og sjå der fann eg han mellom matrosane i Bergen som fødd i Lærdal i 1764:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=matr1754&gardpostnr=435&merk=435#ovre

 

Men no sviktar visst augi mine; eg finn ikkje nokon slik person døypt i Lærdal mellom 1760 og 1768!  Kan det vera same mann som hadde vore gift med Kirsti Jensdotter i Sogndal??  Men kvifor er han so «anonym»?

 

Eg ser at ein Ole Hansson Aasen gifte seg i Førde med ei Gjertrud Andersdotter Aasen 7.11.1789 - kan det vera dei?  Men han var «ungkarl»: https://media.digitalarkivet.no/view/11405/236

Eg finn ingen born etter dei, korkje i Førde eller andre stadar...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit nyttig og interessant innlegg!

 

Då er vesle Petter komen til rette, men eg er stadig like forundra over kvar det kan vorte av foreldri hans?  Det er i det heile ganske påfallande korleis mange personar synest forsvinna frå Bergen siste tiåret før 1800.  Eg er på leiting etter minst ti andre personar som dette gjeld for.  Berre ein fann eg att etter mykje om og men, i København!!

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand med denne problemstillingi og lever framleis i voni...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Påfallande mange som forsvinn frå Bergen siste tiåret før 1800, skriv Lars.

 

Har du teke kontakt m/ ein kollega av deg, som arbeidar på Statsarkivet i Bergen, K. Brattland, som i si tid skreiv Åsane bygdebøkene og som nettopp er ferdig m/ Rødland ?

Særlig m/ arbeidet med Åsane burde Kenneth ha god kunnskap om dette. 

 

Gamle DA har 6.371 gravlagde i Bergen frå 1790 til 1799 fordelt på desse kyrkjesogna i Bergen:

DK, 676

KK, 437

MK, 118

NK,  777

SJ,  373

STJ, 1.920

STM, 1.470

STP,  600.

 

Event testa sjølv på ei av kyrkjene kontra Kyrkjebokji. 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.