Gå til innhold
Arkivverket

Knut Halvorson - bondeson frå Yttri i Luster - fødd 1772 - forsvann frå Luster i 1799 - halvsøsteri Kari Halvorsdotter - fødd 1757 - forsvann òg - kvar i all verdi vart det av dei??


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er eit «forsvinningsnummer» av dei heller merkelege:

 

Halvor Arneson (1730-1805), gardbrukar på Yttri i Fortun sokn i Luster, hadde i alt elleve born frå to ekteskap.  Det yngste barnet med mor Anna Sølfestsdotter (1739-1775) var sonen:

 

** Knut Halvorson, døypt i Luster 15.3.1772, var i perioden frå 1795 til 1799 eigar av eit bruk på nabogarden Fortun i Fortun sokn i Luster, men selde den garden i 1799 og forsvinn!

 

Knut hadde berre tre søsken som voks opp, to brør Arne og Sølfest, budde i Luster, men døydde etter måten unge, og so var det ei halvsøster:

 

** Kari Halvorsdotter, med mor Kari Knutsdotter (1728-1761), døypt i Luster 20.9.1757.  Ho levde i 1770, men forsvinn òg frå Luster, utan å setja spor etter seg.

 

Kvar i all verdi kan dei to søskeni ha teke vegen?

 

Eg har stått «bom fast» på dette spørsmålet i over 35 år og ville sett kjempestor pris på om nokon greidde å løysa «mysteriet»!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kva er årsaka til at Knut, etter 4 år, sel garden sin ?  Dårlig økonomi, eller ...

Kven kom som ny brukar ?  Kom brukaren utaifrå (ikkje frå Lyster), og kan det i så fall væra nærast so eit Gardabyte ?

 

Er utvandringa mot Nord-Norge starta i Lyster år 1800 ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for nytt innlegg!

 

Det hadde seg slik at då Gjertrud Christophersdotter Forthun døydde i 1795, vart garden som ho og mannen sat med på Fortun overlete til Knut Halvorson for gjeld.  Og han selde garden att i 1799 til odelsguten Christopher Torbjørnson!

 

Nei, denne Yttris-ætti var ikkje på noko vis fattig, heller tvert om!  Likevel finst det ikkje noko skifte etter faren Halvor Arneson då han døydde i 1805, men grunnen er truleg at borni på den tidi hadde fått hand om det meste...

 

Flytting frå Luster på siste del av 1700-talet gjekk for ein stor del til Bergen, men noko gjekk òg til øvre Gudbrandsdalen, til Romsdalen og til Nordland, for ikkje å gløyma dei ytre fjordbygdene i Sogn og Sunnfjord...  So det er mange plassar ein kan leita...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.