Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Brørne Lars (1726) og Torkild (1732) Pederssøner - frå Luster til ytre Sogn eller Bergen? - kvar vart det av dei?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i mange år, men som eg no tenkte det var på tide å henta fram!

 

Husmannen Peder Torkildson i Yttrishaugen under Yttri forulukka på fjellet seinhaustes 1738 då han i lag med ein annan lustring var på veg frå Espegard på Ål i Hallingdal og heim att til Luster.  Då skiftet hans vart halde kort etter, let han etter seg enkja og tre born, inklusive to gutar Lars og Torkild.  Han hadde òg ei eldre dotter og ein steson.  Dotteri og stesonen vart gifte i heimbygdi, og særleg stesonen hadde ein kjempestor familie der dei fleste borni etter kvart flytte til Bergen!

 

Men enkja Kirsti Christensdotter og dei to yngste gutane forsvinn frå Luster.  Kan henda fór dei til ytre Sogn, men i alle fall Torkild ser ut til å ha hamna i Bergen der han gifte seg og fekk ei dotter.

 

Manuskriptet ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Torkildson Yttrishaug, frå Bjørkehaugen under Bjørk, var f. kring 1691 og sette livet til allehelgensafta i 1738 (31.10.) då han i lag med Ole Kalhagen skulle reisa over fjellet til Sogn frå Espegard på Ål i Hallingdal.  Peder gifte seg kring 1722 med Kirsti Christensdotter frå Øyene, f. kring 1685.  Ho d.

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1748 – kan henda i Bergen?)

 

 

     ##### (hadde kan henda vore gift før med ein Lars – eller hadde ein son utanfor ekteskap?)

 

 

     Peder er truleg den husmannen under Yttri som er nemnd utan namn i 1723, og han dreiv plassen levetidi ut. 

 

 

##### (seinare lagnad for Kirsti? – kan henda flytt til ytre Sogn eller til Bergen?)

 

 

Peder og Kirsti fekk tre born i lag, men Kirsti hadde òg ein son frå før:

 1. Christen Larsson (1713-1790), son av Kirsti, vart strandsitjar på Kvalsøyri under Kvale.

 2. Kari Pedersdotter (1723‑e. 1762), vart gift med husmann og enkjemann Lars Ellingson i Yttrishaugen 4 under Yttri (1713-1793).

 3. Lars Pederson, f. kring 1726, levde i 1739.

Lars Pederson må vera flytt frå Luster på 1740-talet,

 

 

##### (ikkje konfirmert i Luster – lagnaden hans? – kan henda ytre Sogn eller Bergen?)

 

 

 4. Torkild Pederson, døypt 27.1.1732, levde òg i 1739.

Torkild Pederson må òg vera faren frå Luster på 1740-talet,

 

 

##### (ikkje konfirmert i Luster – truleg denne i Bergen:)

 

 

Torkild Pedersen som gifte seg i Bergen 13.9.1761 med Abigail Henriksdotter frå

 

 

##### (opphavet hennar?)

 

 

Ho var dotter av

 

 

##### (foreldri hennar? – ei Abigail Cathrine vart døypt i NK, Bergen 12.1.1736 som dotter av Henrik Krøger og Abigail Jacobsdotter Widing, men ho er vel litt i yngste laget??)

 

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – 1723?)

 

 

Torkild var dagarbeidar, og han og Abigail budde i Strangehagen i Bergen.  Torkild vart gravlagd i Bergen 4.1.1774, medan Abigail vart gravlagd som enkje(!) same staden 4.10.1773.  Torkild og Abigail fekk ei dotter i lag:

a. Bertha Torkildsdotter, døypt i Bergen 1.1.1761,

 

 

     ##### (lagnaden hennar? - truleg konfirmert frå Hjellestad søndre i Fana 1778!?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Spørsmåli er no følgjande:

 

** Er det mogeleg å finna ut kvar Kirsti og sønene flytte?  Kan dei to gutane finnast konfirmerte til dømes i Gulen?

 

** Er det mogeleg å finna att Lars Pedersen i Bergen?

 

** Er det mogeleg å identifisera Abigail Henriksdotter, kona til Torkild Pedersen, eller finna att dotteri deira?  Namnet Abigail var svært uvanleg i Sogn; einaste i Svanø sokn i Kinn finn eg det nytta på den tidi.  Elles var det jo fleire i Bergen...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for eit spennande og svært lovande innlegg!

 

Namnekombinasjonen Bertha med Torkildsdotter synest vera so uvanleg at eg er nesten heilt sikker på at du har finne den «rette» Bertha!  Ho må med andre ord vera flytt til Hjellestad i Fana for å voksa opp der etter at båe foreldri var borte.  Eg har endra teksten i manuskriptet i innlegg #1 om lagnaden hennar Bertha...

 

Men då har me det neste gode spørsmålet:

 

** Hadde Bertha kan henda slekt på Hjellestad?  Farbror Lars Pederson eller slekt på morssida?

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand og vonar på fleire «gullkanta» oppdagingar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.