Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Amund Jørgensen, fødd i Luster 1836 - jarnstøypar på BMV på Laksevåg i minst 50 år! - huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg freistar å komplettera biografien til denne gamle industriarbeidaren frå Luster som gifte seg to gongar i Bergen og fekk minst ni born.  Eg greier ikkje finna dødsfallet hans, og ein del andre detaljar manglar òg om huslyden hans.  Kan henda er det nokon som ser detaljar som eg har oversett?

 

Her følgjer manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Aamund Jørgenson (Yttri), son av Christi og husmann Jørgen Johannesson i Bakken under La i Jørongasokni i Hafslo (1805-1881), var f. i Luster 24.7.1836.

Amund Jørgensen flytte i ung alder til Bergen der han 22.8.1858 gifte seg første gongen med Maria Eriksdotter frå Hofslund i Sogndal.  Ho var dotter av husmann Erik Andersson i Hofsviki under Hofslund, opphavleg frå Kvåle, og kona Mari Stensdotter frå Hofsviki under Hofslund og f. i Sogndal 17.3.1839.  Amund fekk arbeid som jarnstøypar ved ein mekanisk verkstad på Laksevåg og budde på Lille Damsgård på Laksevåg der Maria d. 26.9.1891.  Amund gifte seg so 27.5.1893 att hjå byfogden i Bergen med Martha Monsdotter frå Taule indre i Manger.  Ho var dotter av gardbrukar Mons Mikkelson på Taule indre og kona Martha Pederdotter frå Risnes og f. i Manger 20.1.1856.  Amund heldt fram som jarnstøypar, og han og Martha vart buande på Lille Damsgård på Laksevåg, men Amund d. på ein gamleheim på Laksevåg 27.11.1926.  Martha Jørgensen d. som enkje på Laksevåg 17.12.1934.  Amund fekk i alt ni born, åtte frå første ekteskapet og eitt frå det andre:

 

##### (kan det ha vore fleire?)

 

a. Edvard Christian Amundson Jørgensen, f. i Bergen 2.7.1858, d. som enkjemann på Laksevåg 10.3.1946.  Edvard gifte seg førsten gongen på Laksevåg 2.5.1879 med Elen Bertine Nilsdotter frå Laksevågneset, f. på Laksevåg 8.12.1854.  Men Elen d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfsllet hennar?)

 

     og Edvard gifte seg att

 

     ##### (dato og stad for andre vigsli hans?)

 

     med Kristi Aslaksdotter frå Vik søndre på Fitjar, f. på Fitjar 10.9.1868.  Ho d. på Laksevåg 24.12.1941.  Edvard var støyperiarbeidar, og han og Kristi buddde på Laksevåg. 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Alf, f. Laksevåg 6.10.1891 – n. 1910

            * Edel, f. Laksevåg 13.8.1896 – n. 1910

            * Martin, f. Laksevåg 23.11.1901 – n. 1910

            * Aslaug, f. Laksevåg 13.12.1903 – n. 1910

            * Emma, f. Laksevåg 17.12.1906 – n. 1910

            * Klara, f. Laksevåg 13.11.1908 – n. 1910)

 

b. Anna Marie Amundsdotter Jørgensen, f. på Laksevag 28.6.1861, d. i Bergen 6.8.1944.  Anna var tenestejente og sidan hushaldar og budde i Bergen levetidi ut.  Ho var ugift.

c. Andreas Olai Amundson Jørgensen, f. på Laksevåg 6.2.1863, d. på Laksevag 22.2.1863.

d. Andreas Olai Amundson Jørgensen, f. på Laksevåg 28.2.1864, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910!)

 

     Han gifte seg på Laksevåg 11.1.1903 med Lovise Regine Sivertsdotter Garnes frå Garnes i Ulstein, f. i Ulstein 16.2.1873.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad or dødsfallet hennar? – e. 1910!)

 

     ##### (yrke og bustad? – 1910: støyperiarbeidar Støberigaten 47 i Stavanger – sidan?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Sverre, f. Bergen 15.4.1903 – n. 1910!)

 

e. Johan Severin Amundson Jørgensen, f. på Laksevag 6.7.1867,

 

     ##### (n. 1875 – utvandra til Amerika som sjømann i 1893 – lagnaden hans?)

 

f. Sofie Kristine Amundsdotter Jørgensen, f. på Laksevåg 21.4.1870, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – truleg 18.5.1959?)

 

     Sofie gifte seg i Nykyrkja i Bergen 23.8.1891 med Peder Martin Pederson Nielsen frå Bergen, f. i Bergen 11.5.1868.  Han d. på eit sjukehus i Bergen 17.10.1951.  Peder var optikar og ei tid òg mekanisk verkstadarbeidar.  Han og Sofie budde i Bergen og fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Petra Marie, døypt NK 8.1.1893 – f. 20.12.1891 – n. 1910

            * Margit Amanda, døypt NK 22.10.1893

            * Leif Johan Nikolai, døypt NK 28.7.1895

            * Fridtjof Sigvald, døypt NK 16.8.1896

            * Margit Elfrida, døypt NK 25.3.1900 – f. 21.1.1900 – n. 1910

            * Aslaug, f. 9.1.1902 – n. 1910)

 

g. Antonette Kristine Amundsdotter Jørgensen, f. på Laksevåg 14.2.1873,

 

     ##### (n. 1875 – lagnaden hennar?)

 

h. Adolf Martin Amundson Jørgensen, f. på Laksevåg 17.11.1875, d. som sjømann på Lille Damsgård 30.10.1910, ugift.

i. Jørgine Amundsdotter Jørgensen, f. på Laksevåg 2.7.1895,

 

     ##### (n. 1910 – lagnaden hennar?)

 

##### (fleire born?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kenneth Bratland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Hadde du opphavet til Lovise Regine, Lars?

 

d. Andreas Olai Amundson Jørgensen, f. på Laksevåg 28.2.1864, d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910!)

Han gifte seg på Laksevåg 11.1.1903 med Lovise Regine Sivertsdotter frå

##### (opphav? – p: Sivert Johnson)

f. i Ulstein 16.2.1873.  Ho d.

 

Nr. 11:

Møre og Romsdal fylke, Ulstein i Ulstein, Ministerialbok nr. 509A03 (1848-1882), Fødte og døpte 1873, Side 54
Permanent bilde-ID: kb20070327610058
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070327610058
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070327610058.jpg 

 

I 1900 finner jeg Lovise Garnes, f. 1873 i Ulstein, som tjenestejente i Ålesund:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037370004045

 

 

 

 

     

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven, Kenneth, Carsten og Grethe for kjempefine og spennande innlegg!

 

Dei nye opplysningane har sytt for ein del oppdateringar, og desse har eg nettopp lagt inn i det eksisterande manuskriptet i innlegg #1.  Dessutan har eg lagt inn spørsmål i Arkivforum til Statsarkivet i Bergen om sjekking av diverse dødsmeldingar...  Dei største utfordringane no er:

 

** Lagnaden til Andreas Olai Jørgensen i Stavanger?

 

** Lagnaden til Johan Severin Jørgensen i Amerika?

 

** Lagnaden til Antonette Kristine Jørgensen?

 

** Lagnaden til Jørgine Jørgensen og eventuelle fleire born?

 

Eg takkar på ny for framifrå innsats med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.