Gå til innhold
Arkivverket

SF Gloppen: Jakob Nilsson Slagstad (ca 1734-1795) og kona Brite Olsdtr (ca 1743-1791) - kvar kom dei frå?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Dette paret har ergra meg lenge, og eg er spent på om nokon kan gje meg eit hint om opphavet deira.

 

Dei er ikkje vigde i Gloppen, men får fleire born her:

 

Jens 1773 - Ingeborg 1775 - Jens 1778 - Nils 1780 - Olane 1783 - Henrik 1786 - Katrine 1788 - Brite og Jakob 1791. Alle borna har fadrar frå nabolaget, og eg får såleis ikkje noko hint om foreldra sin bakgrunn gjennom faddervalet. Eg har stussa over namnet Jens og tenkt at Brite kanskje har vore enkje når ho gifte seg med Jakob, og at det er hennar avdøde mann som er oppkalla, men det er berre spekulasjon.

 

Brite døyr på barnseng med tvillingane i 1791, og i 1795 døyr også Jakob. Han har i mellomtida vore i eit barnlaust ekteskap med Ingeborg Rasmusdtr Alme.

 

Skiftet etter Jakob inneheld borna Ingeborg, Nils, Olane, Henrik og Katrine, med alder frå 20 til 7 år. Dessverre er gjelda i buet så stor at det ikkje blir noko å dele, så dermed er det ikkje noko å hente gjennom namn på formyndarar. Det er heller ikkje andre opplysningar i skiftet som peikar på Jakob sitt opphav. Brite er det ikkje skifte etter.

 

Yngstejenta Katrine blir buande hos stemora på Slagstad, og Olane er i teneste på eit nabobruk i 1801. Både Ingeborg og Nils er på Aa i Hyen i 1801, og eg har leita etter ein slektsforbindelse der og, utan at eg har kome over noko av interesse. Henrik trur eg kanskje eg finn på Myklebust i Bremanger (altså ikkje Ålfoten), men er usikker.

 

Henrik får seinare barn med ei jente frå Aa i 1809, og seinare finn eg han att i Bergen, der han stifta familie. Siste observasjon av Ingeborg er på Mardal i 1815 - Katrine er på Alme i 1815, og Nils gifte seg med enkja Brite Devik i 1816.

 

Etterslekta til borna vidare er ikkje så nøye med, men KVEN ER Jakob Nilsson og Brite Olsdtr?

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ser det er skifte etter en Henrik Nielsson på Rake i Olden i 1813. Kanskje en bror? Jacob hadde jo en sønn med det navnet.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg sit akkurat med skifte etter Ola Hansson Mæleim og kona Ingeborg (!) i 1754 - dei har ei dotter Brite som er 8 år, heilt passeleg med alderen på "mi" Brite. Dette luktar av fugl...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser ut som eg skuldar deg ein virtuell pokal full med sjampanje, Rune. Skiftet etter Anne Henriksdtr Rake i 1769 inneheld ein fullmyndig son Jakob Nilsson - og lukta av fugl blir stadig kraftigare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg sat akkurat og las det same som du, Inge, og er strålande fornøgd. Dette må vere rette folka ja.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det einaste som no ergrar meg, er at eg ikkje greidde å finne vigsla sjølv. Dette var ei ripe i lakken ;-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingen grunn til å ergre seg Aase. Da hadde ikke jeg fått anledning til å hjelpe deg. Så du har jo egentlig gjort meg en stor tjeneste :-)

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.