Gå til innhold
Arkivverket

Susanna Ellefsdotter (1849-1933) - frå Luster til Flakstad - Gildeskål og Buksnes - so til Amerika i 1882 - let ho etter seg ei dotter i Nordland? - svigerforeldri hennar frå Voss?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg har spekulert på i mange år.  Kanskje er no tidi komi til å få eit svar på kva som skjedde?

 

Som det står i titelen, Susanna Ellefsdotter flytte i ung alder frå Luster til Flakstad.  Der ho fekk ho ei dotter i 1869.  So gifte ho seg i Gildeskål med ein vossing, men dei flytte opp att til Buksnes for so å utvandra i 1882 til Minnesota.

 

Dotteri var ikkje med på «flyttelasset» til Amerika og vert heller ikkje nemnd i nokon av folketeljingane der borte, men både i 1900 og i 1910 seier Susanna at ho har eitt barn, og dette barnet lever!!  Kan dotteri ha vorte att i Noreg, og i so fall kvar??

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Nye spennande opplysningar er tilkomne, og dette manuskriptet er no erstatta av eit nytt i innlegg #4 nedanfor!

 

I tillegg til den «forsvundne» dotteri, har eg òg vanskar med:

 

** å identifisera svigerforeldri hennar frå Voss, og ikkje minst

 

** å identifisera faren til barnet hennar, «murar Ole Vang frå Gudbrandsdalen».

 

Kanskje barnefaren er «lykkjelen» til lagnaden til dotteri?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legger ved lenke til dåpen til Karen Oline Johanna i Moskenes kirke, nr. 13 her - https://media.digitalarkivet.no/kb20071106630188

 

Og lenke til Susanna i FT 1875, da tjenestepike på Husøy i Lurøy - https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052420000469

Karen Oline Johanna bodde tydeligvis ikke sammen med henne da, så ho var trolig satt bort.

 

Og videre, Susanna innflytta til Lurøy 3. mai 1874, se nr. 21 her - https://media.digitalarkivet.no/kb20070212670640

Heller ikke her er dattera nevnt...

Endret av Frank H. Johansen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Susanna Yttri flytte i ung alder til Nordland og gifte seg i Gildeskål 4.12.1879 med Knut Olson frå Flage på Voss, kjend som Knut Flage.  Han var son av husmann og skomakar Ole Knutson på

##### (ein plass?)

 

under Flage yttre, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – Gjørven? – sjå vigsli Voss 14.5.1841: https://media.digitalarkivet.no/view/11773/179

Er det noen som kan tyde navnet til faren til brudgommen i lenken over ?

Hvis det er Knud Jensen, så er det denne familien

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000001296631

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000007226466

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058378005090

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Frank og Ivar for nye interessante innlegg!

 

Det ser so absolut ut tll at Susanna ikkje lenger hadde dotter si med seg då ho i 1874 flytte til Lurøy.  Eg ser det står ho flytte frå Lofoten, men var det frå Moskenes (Flakstad) ho då flytte?  Eg ser attesten hennar er signert i november 1874 av ein HALD.  Normalt burde jo attesten vera signert av presten der ho sist flytte ifrå, men ho har nok sendt etter ny attest frå heimbygdi i Luster!  Lauritz Andreas Hald (1814-1895) var nemleg sokneprest i Luster frå 1862 til 1875!

 

Når det gjeld opphavet på Voss, ser eg no at det står Knut Jensson GJERME på faren til brudgomen, og etter kontakt i dag med bygdebokskrivaren på Voss har eg fått greie på at Ole voks opp på plassen Haugen under Gjerme, medan kona var frå Rekve.  Ole og Guri var sjølv plassfolk i Lidalen under Flage!

 

Eg har no oppdatert manuskriptet frå innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange kjempeflotte opplysningar om dotteri til Susanna har eg no opppdatert dette manuskriptet i innlegg #12 nedanfor!

 

Det som no står att som «utfordring» her, er kva som skjedde i Lofoten med dotteri Karen Oline Johanna, og kven som var far hennar?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og vonar på fleire «gullkorn»...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Karen Oline Johanna Olsdotter, dotter av Susanna og murar Ole Vang frå Gudbrandsdalen,

 

     ##### (kven kan han ha vore?)

 

     var f. i Flakstad 15.4.1869, men

 

     ##### (ikkje utvandra med mori i 1882 – lagnaden hennar??)

 

Løsningen på denne nøtten ser ut til å ligge nærmere Luster. Jeg har funnet ut at hun ble konfirmert der i 1884!

 

Nr. 22:

SAB, Luster Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 10, 1871-1886, s. 320
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070115350296

 

Navnene på foreldrene ser riktig nok ut til å være byttet om. Men det kan tyde på at farens navn var Ole Johannesen Vang?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nummer 67

Karen Oline reiser til Amerika i 1885

 

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Gaupne, Fortun, Nes i Luster, Ministerialbok nr. A 10 (1871-1886), Utflyttede 1885, Side 511
Permanent bilde-ID: kb20070115350466
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070115350466
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115350466.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg mistenken dette for å være Oline Bolstad som ankommer Philadelphia 13. mai 1885 fra Liverpool med skipet British Princess.

Det står riktignok Holland på opprinnelse, men tar det med ei klype salt...

 

http://search.ancestry.com/browse/view.aspx?dbid=8769&iid=PAT840_5-0813&pid=1029907&ssrc=&fn=Olina++B&ln=Botstad&st=g

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/2880940/person/1225637987/facts

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=58976740&ref=acom

 

Olena Johanna Olson giftet seg 1. april 1888 i Cottonwood, Minnesota,  med Lars Halvorson, trolig fra Ål i Hallingdal

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWFL-2Y3

 

Olena Johanna Olson døde 21. august 1933 i Hennepin, Minnesota

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars Halvorsen Opheim, nummer 29 i 1870

 

Buskerud fylke, Ål, Torpo, Hol i Ål, Ministerialbok nr. I 7 (1865-1881), Utflyttede 1870, Side 274
Permanent bilde-ID: kb20061102360131
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20061102360131
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061102360131.jpg

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000404690

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er jo heilt utruleg og imponerande!!  Hjarteleg takk til Lars W og Sven for fantastiske innlegg!

 

Denne jenta stod på utflyttingslista mi frå Luster som ei av to eller tre emigrantar som eg aldri greidde å identifisera då eg arbeidde som verst med utvandringi frå Luster i 1978/1979, og eg er berre absolutt begeistra for denne gigantiske oppdagingi, først og fremst av konfirmasjonen i 1884, men òg koblingi til utvandringi året etter!

 

Det hadde vore kjempespennande å finna ut kvar Karen Oline Johanne budde ved FT1875, for å ta standpunkt til kvar ho eigentleg voks opp..., men ei endå større utfordring vert å finna ho att i Amerika!

 

Då lyt eg nemna følgjande:

 

FT1895 for Highwater township, Cottonwood Co., MN syner busett i lag med Knut og Susanna Flage ei: Hanna JOHNSON.  Ho vert oppgjevi fødd i Minnesota i 1882, men det står ikkje noko om skyldskap med Knut og Susanna, og ikkje ser eg noko m eir til ho heller seinare!

 

FT1910 for Red Lake Falls, Red Lake Co., MN syner busett i lag med Knut og Susanna Flage ein: Olaf FLAGE.  Han er oppført som SON av Knut og Susanna med ein alder på 8 år!

 

Og nett som eg har skrive innlegget mitt so langt, so dukka innlegget frå Sven opp med oppdagingi av Olina i Amerika!  Eg har ikkje ord!  Dette er jo berre hinsides alt ein kan venta av Brukarforum, men desto meir glede og takksemd føler eg, og; det er eg overtydd om; mange med meg!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden so langt!  Kan henda vil eg òg følgja dei 14 borni som Olina visstnok hadde i Amerika; det kjem litt an på kvar Olina er å finna i FT1875..., om eg skal sjå på ho som ein emigrant frå Luster eller «berre» barn av ein emigrant...

 

Dette manuskriptet erstattar manuskriptet frå innlegg #4 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Susanna Ellefsdotter (Yttri), dotter av Oselda og husmannssonen Ellef Sjurson frå Jerven under Bolstad (1822-1869), var f. i Luster 1.6.1849.

Susanna Yttri flytte i ung alder til Nordland, først til Flakstad og i 1874 vidare til Lurøy, men gifte seg i Gildeskål 4.12.1879 med Knut Olson frå Flage på Voss, kjend som Knut Flage.  Han var son av husmann og skomakar Ole Knutson på Lidalen under Flage indre, opphavleg frå Haugen under Gjerme og kona Guri Larsdotter frå Rekve og f. på Voss 22.9.1842.  Knut Flage var i 1879 handelskar på Hustad i Gildeskål, men vart sidan arbeidsmann i Buksnes og utvandra so derifrå med kona Susanna til Amerika i 1882.  Knute og Susanna Flage slo seg ned som farmarar i Highwater township, Cottonwood Co., Minn., men flytte kort etter hundreårsskiftet til ein farm i Gervais township, Red Lake Co., Minn. og derifrå inn til Red Lake Falls, Red Lake Co., Minn. der Knute d. 20.10.1914.  Susanna Flage flytte i 1919 med svogaren Lars Olson Flage (1845-1932) til Tafton precinct, Snohomish Co., Wash.  Sidan budde ho i Silvana, Snohomish Co., Wash. der ho d. 28.10.1933.  Susanna fekk ei dotter, som var fødd før ekteskapet med Knut:

a. Karen Oline Johanna, kjend som Olina Olsdotter, dotter av Susanna og murar Ole Vang frå Gudbrandsdalen,

 

 

     ##### (kven kan han ha vore?)

 

 

     var f. i Flakstad 15.4.1869, men kom i ung alder attende til Luster og voks visstnok opp på Bolstad til ho 1885 òg utvandra til Amerika.  Ho fór då til mori og stefaren i Cottonwood Co., Minn. der ho som Olena Johanna Olson gifte seg 1.4.1888 med Lars Halvorson frå Opheim på Ål, i Amerika kjend som Lars Halvorson.  Han var son av gardbrukar Halvor Torkildson på Opheim og kona Anna Rasmusdotter, òg frå Opheim, og f. på Ål 4.9.1851, men utvandra til Amerika i 1870.  Lars og Olena slo seg ned som farmarar i Highwater township, Cottonwood Co., Minn. der Lars d. 28.8.1913.  Olena Halvorson flytte sidan som enkje til Lamberton, Redwood Co., Minn. og so vidare til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der ho d. 21.8.1933.  Dei fekk søtten born i lag.

 

 

##### (Knut og Susanna kan ha adoptert ein gut Olaf Flage, f. i Minnesota kring 1902 – n. 1910 – oppl.)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Elles har me jo eit anna «godt» spørsmål på lager:  Kven var denne «halvbroren» til Olina, Olaf Flage, fødd i MN 1902?

 

Og sjølvsagt kjem me alltid attende til spørsmålet om Ole Vang - barnefaren - kven var han?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå dugnadsinnsats so langt med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden so langt!  Kan henda vil eg òg følgja dei 14 borni som Olina visstnok hadde i Amerika; det kjem litt an på kvar Olina er å finna i FT1875..., om eg skal sjå på ho som ein emigrant frå Luster eller «berre» barn av ein emigrant...

 

Da ser det ut til at jeg fant henne på Hagen i Luster i 1875. Legdslem født 1869 i Nordland må jo være henne!

 

https://media.digitalarkivet.no/view/52308/60

 

Endret av Lars Waaltorp
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W for eit svært interessant og nyttig innlegg.

 

Ole Thomasson (1814-1896) og kona Anna Sølfestsdotter (1809-1878) var plassfolk i det dei kalla «Olehagstova» under garden Fortun.  Dei var ikkje i slekt med Susanna so vidt eg i farti har oversyn over, men denne plassen låg rett over elvi (Fortunselvi) frå heimplassen hennar Susanna og soleis i same grendi.  Olina har nok vakse opp fleire stadar i nabolaget.  Far hennar Susanna var Ellef Sjurson Bolstad, so Bolstad-namnet har ho nok derifrå.

 

Uansett, Olina «kvalifiserer» so absolutt til kategorien «emigrant», so eg vil freista samla dei naudsynte opplysningane om alle borni hennar i Amerika.   Eg reknar med hjelp frå etterkomarar «over there», der tydeleg fleire er interesserte i ættegransking!  Eg kjem attende med vidare oversyn.  Kanskje greier nokon å identifisera denne «halvbroren» Olaf Flage!?

 

PS: Eg la forresten merke til at fødestaden hennar ved konfirmasjonen i 1884 var oppgjeven som «Vørøy».  Kanskje mor hennar tente der før ho «parkerte» dotteri i Luster...?

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for siste spennande meldingi di!

 

Eg var òg komen til den konklusjonen at det måtte vera 17 born i denne huslyden, for tre born var avlidne før 1900, som ikkje var medtalde i 1910!  Men lista du sende meg er glimrande som utgongspunkt for vidare oppsett av denne huslyden!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå dugnadsinnsats med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.