Gå til innhold
Arkivverket

Asbjørn Torbjørnson - ein blind gut - fødd i Luster i 1736 - flytte kring 1763 til Gudbrandsdalen der han framleis levde i 1785 - farsslekti hans i Lom med utgongspunkt i farbroren Asbjørn Tollefson (1727-1798) - lagnaden til denne ætti?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i mange år undra meg over lagnaden til denne guten:

 

Asbjørn Torbjørnson, fødd på plassen Vinjane under Bolstad i Luster og døypt der ?.10.1736.

 

Foreldri hans var husmann Torbjørn Tollefson og andre kona Synneva Asbjørnsdotter.

 

I 1762 (ekstraskatten) er Asbjørn nemnd som legdelem og blind busett under Bolstad, men både i 1764 og i 1785 vert det sagt at han budde i Gudbrandsdalen, kan henda hjå farhalvbroren Asbjørn Tollefson - som vert «utgreidd» i innlegg #4 nedanfor?

 

Er det mogeleg å finna ut noko som helst om lagnaden til Asbjørn Torbjørnson?

 

Eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Namn arvtakar: Torbiørn, Tollefsen 
Gard: Bolstad, nr.:1
Husmannsplass: Wingene
Yrke: Huusmand
Skipreide: Luster
Protokoll/side: 7b-591
Datering: 1762-1768
Dato: 20.2.1764
Eiga: 29 Dalar, 1 ort, 4 skilling
Gjeld: 35 Dalar, 2 ort, 4 skilling
Netto: 0 Dalar, 0 ort, 0 skilling
Merknad: Falitt - kan det vere fleire ekteskap?

Personar i skiftet :
(1) Tolleff Torbiørnsen Myndig Søn
(2) Asbiørn Torbiørnsen MyndigGulbrandsdahlen Søn
(3) Ingeborg (dy) Torbiørnsdatter 22 Aar Datter
(4) Boets gjeld Kreditor
(5) Ingeborg Torbiørnsdatter 37 Aar Datter
(6) Maritha Torbiørnsdatter Datter

 

Hadde noen av foreldrene til Asbjørn slektninger i Gudbrandsdalen?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit interessant - og utfordrande - innlegg!

 

Eg har ikkje tenkt so mykje på om Asbjørn kunne ha slekt i Gudbrandsdalen, og eg veit heller ikkje konkret om slekt der oppe, MEN når du spør, so er det fleire «mogelege» løysingar:

 

** Mori Synneva Asbjørnsdotter hadde to halvbrør (felles mor) som «forsvinn» frå Luster:

 

**** Knut Monsson (Nes), fødd i Luster kring 1717, vart konfirmert i Luster i 1738 og vert deretter borte!

 

**** Johannes Monsson (Nes), fødd i Luster kring 1719, var òg konfirmert i Luster i 1738 og vert deretter borte!

 

** Mori Synneva hadde òg ei fullsøster Gunnhild Asbjørnsdotter (1703-1777) som var gift med Peder Endreson Bergum (1697-1752), og dei hadde mellom anna desse to døtrene:

 

**** Guri Pedersdotter (Bergum), fødd i Luster kring 1734, vart konfirmert i Luster i 1756 og vert deretter borte!

 

**** Ingrid Pedersdotter (Bergum), døypt i Luster ?.10.1736 (same dag som Asbjørn Torbjørnson!), vert i 1758 sagd vera «vanvittig» då ho fekk ei «uekte» dotter med «gift mann» husmann Peder Hansson Feigum (1715-1797):

 

****** Ragnhild Pedersdotter, døypt i Luster 24.11.1758, mor og dotter vert borte!

 

** Faren Torbjørn Tollefson var eldst av i alt sju søsken, og ogso her har me fleire interessante «kandidatar», dei to søstrene:

 

**** Anna Tollefsdotter (Heltne), fødd i Luster kring 1710, fekk i 1733 eit «uekte» barn i Luster, som døydde straks etter, og kring 1735 flytte Anna frå bygdi, ujvisst kvar!

 

**** Rannei Tollefsdotter (Heltne), fødd i Luster kring 1718, vart konfirmert i Luster i 1738 og vert deretter borte!

 

** Faren Torbjørn hadde dessutan ei søster Agatha Tollefsdotter (1713-1747) som var gift med Østen Endreson Holmestad (1676-1760), og dei hadde mellom anna desse to borni:

 

**** Kari Østensdotter (Holmestad), døypt i Luster 10.9.1741, vert borte frå bygdi før konfirmasjonsalder!

 

**** Ole Østenson (Holmestad), døypt i Luster 25.5.1746, vert òg borte frå bygdi før konfirmasjonsalder!

 

Eg har sjølv søkt lite vetta hjå FamilySearch avgrensa til Oppland fylke, men finn ingen som høver med nokon av desse som brudgommar eller brurer!  Det var rett nok ei Kari Østensdotter Elvseter som gifte seg i Lom i 1760 med Ole Johnson Galde, og ho var 59 år i 1801, men ei Kari Østensdlotter Elvseter vart døypt i Lom i 1743, so då «rauk» ho òg...

 

Kanskje du, Grethe, eller andre kan sjå ei løysing som eg har oversett?  Det er svært rimeleg å tru at ein eller annan slektning i Gudbrandsdalen har teke seg av den blinde Asbjørn Torbjørnson etter at foreldri var borte...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til denne guten!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisan!

 

Eg er gjennom ei melding frå Terje Tandsether vorten merksam på at Torbjørn Tollefson hadde endå ein bror, som eg ikkje før har identifisert som del av denne huslyden:

 

**** Asbjørn Tollefson (Heltne) vart nemleg konfirmert i Fortun sokn i Luster i 1749, 22 år gamal: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000456529

 

men han står utan gardsnamn, og det, saman med den store aldersforskjellen, har «lurt» meg!

 

Asbjørn Tollefson gifte seg og budde i Lom til han døydde i 1798, og det er vel ikkje urimeleg å tru at det var til denne farhalvbroren at Asbjørn Torbjørnson flytte kring 1763!?

 

Etter denne oppdagingi vil eg no «byggja ut» dette emnet med utgongspunkt i ætti frå Heltne i Fortun sokn, Luster, og eg vil òg endra på emnetitelen...

 

Manuskriptutdrag følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Tollef Asbjørnson Heltne, svoger av føregåande brukar og herifrå garden, var f. kring 1664 og d. visstnok på Heltne kring 1745.  Tollef var visstnok gift to gongar, og me trur første kona hans heitte Ingeborg.  Ho d. truleg kring 1703, for kring 1705 må Tollef ha gift seg att, men andre kona har me ingen opplysningar om.  Tollef dreiv heile garden fram til 1729, då eine svigersonen, Endre Endreson, fekk bygsel på eine helfti (sjå bnr. 10).  Resten av garden dreiv Tollef fram til kring 1738.  Det finst ikkje noko skifte etter Tollef Heltne, men det ser ut til at han i dei to ekteskapi sine fekk i alt åtte born, to frå første ekteskapet og seks frå det andre:

 1. Torbjørn Tollefson (1698‑1764), vart husmann i Mosengi (Vinjane) under Bolstad.

 

~~~~~ mellom borni hans:

 

a. Asbjørn Torbjørnson, døypt ?.10.1736, budde framleis i barndomsheimen i 1762, blind.

Asbjørn Torbjørnson flytte kring 1763 til Gudbrandsdalen og budde framleis der i 1785

 

##### (truleg budde han hjå farhalvbroren Asbjørn Tollefson i Lom – lagnaden hans?)

 

~~~~~   

 

 2. Gunnhild Tollefsdotter (1701‑1745), vart gift med gardbrukar Christopher Østenson på Heltne (1703‑1771); dei fekk sidan to over dette bruket på Heltne (sjå nedanfor).

 3. Ingeborg Tollefsdotter (1706‑1750), vart gift første gongen med gardbrukar Endre Endreson på Heltneåkeren, Heltne (bnr. 10) (1689‑1736) og sidan attgift med husmann Torkild Olson på Åreflaten under Heltne (1715‑1753).

 4. Anna Tollefsdotter, f. kring 1710,

Anna Tollefsdotter flytte kring 1735 frå Luster

 

##### (kan henda flytt til Lom? – lagnaden hennar?)

 

Ho fekk eit barn i Luster før ho dro herifrå:

a. NN Henrikson/Henriksdotter (1733-1733), var dotter av Anna og husmann Henrik Johannesson på Legene under Fortun (1712‑1776).

 

##### (fleire born?)

 

 5. Agatha Tollefsdotter (1713 1747), vart gift med gardbrukar og enkjemann Østen Endreson på Holmestad (1676‑1760).

 

~~~~~ mellom borni deira:

 

a. Kari Østensdotter, døypt 10.9.1741,

 

     ##### (flytt frå Luster før konfirmasjonsalder – lagnaden hennar?)

 

b. Ole Østenson, døypt 25.5.1746,

 

     ##### (flytt frå Luster før konfirmasjonsalder – lagnaden hans? – kan vera identisk med:

 

Ole Østenson gifte seg i Lom 2.2.1776 med enkja Synne Johnsdotter, opphavleg frå

 

##### (opphavet hennar? – Røge slet eller Røgeeiget? – døypt i Lom 10.9.1741? – kven var foreldri hennar?)

 

Ho gifte seg første gongen i Lom 8.12.1769 med Nils Amundson frå

 

##### (opphavet hans? – Skee? – døypt i Lom 21.10.1736? – kven var foreldri hans?)

 

##### (yrke og bustad for Nils og Synne?)

 

Nils d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans?)

 

##### (yrke og  bustad for Ole og Synne? – borni fødde på Løgøyen!! – 1801 plassfolk under Vågesar! – døydde båe på Nørjordet!)

 

Ole Østenson vart gravlagd frå Nørjordet 31.7.1809, medan Synne vart gravlagd som legdelem same staden 6.3.1813.  Dei fekk to born i lag:

 

##### (hadde dei kanskje fleire born? – kva med born etter Nils og Synne?)

 

a. Nils Olson, døypt i Lom 27.9.1778,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

b. Agatha Olsdotter, døypt i Lom 26.5.1782,

 

     ##### (n. 1801 – lagnaden hennar?)

 

~~~~~

 

 6. Ole Tollefson (1715‑1789), hamna som husmann på Flatane under Bolstad (s.d.).

 7. Rannei Tollefsdotter, f. kring 1718, vart konfirmert i Luster i 1738.

Rannei Tollefsdotter flytte kring 1740 frå Luster

 

##### (kan henda flytt til Lom? – lagnaden hennar?)

 

 8. Asbjørn Tollefson, f. kring 1727, vart konfirmert i Luster i 1749.

Asbjørn Tollefson flytte alt i 1749 til Lom der han 21.9.1751 gifte seg med Embjør Sevaldsdotter frå

 

##### (opphavet hennar i Lom?)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – 1712??)

 

##### (yrke og bustad for Asbjørn og Embjør? – til sist i Kvenndalen i L0m!)

 

og derifrå vart Asbjørn gravlagd 22.4.1798.  Embjørg d. same staden ?.6.1798.  Dei fekk tre born i lag:

 

##### (hadde dei kan henda fleire?)

 

a. Sevald Asbjørnson, døypt i Lom 15.3.1750, vart gravlagd i Lom 8.5.1762.

b. Tollef Asbjørnson, tvilling, døypt i Lom 29.1.1754, vart gravlagd frå Skamsdalen i Lom 17.2.1754.

c. Brit Asbjørnsdotter, likeins tvilling, døypt i Lom 29.1.1754, vart òg gravlagd frå Skamsdalen i Lom 17.2.1754.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 5. Agatha Tollefsdotter (1713 1747), vart gift med gardbrukar og enkjemann Østen Endreson på Holmestad (1676‑1760).

~~~~~ mellom borni deira:

 

b. Ole Østenson, døypt 25.5.1746,

 

     ##### (flytt frå Luster før konfirmasjonsalder – lagnaden hans?)

 

Finner dette giftermålet i Lom i 1776

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000001185216

 

Nils, 1778

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006153739

 

Aagoth, 1782 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006156535

 

Samme Ole Østensen i f.t. 1801 for Lom - født (beregnet) 1745:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058251000315

 

Jeg kan jo være fullstendig på villspor her, men legger likevel inn funnene. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for ei skikkeleg spennande - og utfordrande - melding!

 

Nei, eg trur IKKJE du er på villspor når det gjeld Ole Østenson!  Eg har no i kveld sete og studert denne huslyden nærare, og fleire fakta ser ganske so «klare» ut:

 

** Det finst ingen Ole Østenson fødd i Lom på 1740-talet som kan høva!

 

** Og me har alderen til Ole som er ein «perfekt match»

 

** Dessutan oppkallingi av dotteri Agatha!

 

Eg har no oppdatert manuskriptet for denne huslyden i innlegg #4 ovanfor, der eg har lagt Ole inn som ein «kandidat», og so vonar eg at nokon med lokal kunnskap, eventuelt med tilgjenge på dei excellente bygdebøkene frå Lom, kan stadfesta eller, i det minste, uttala seg om denne huslyden?

 

Kanskje har bygdebøkene òg opplysningar om Asbjørn Tollefson og Asbjørn Torbjørnson og huslydane deira??

 

Dette er virkelig spennande, og må på ny få takka for framifrå bidrag til å skaffa oversyn over norsk lokalsoge frå 1700-talet!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser at ei Ingeborg Sevaldsdatter giftet seg i Lom 13.12.1745 med soldat Morten Jørgensen f. ca. 1715 begravet fra Mourstad 11.5.1747. Det kan være den samme som gifter seg i 1751 med Asbjørn Tollefsen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for eit nytt interessant innlegg!

 

Eg ser at denne soldaten Morten Jørgensen har fleire born i Lom på 1740-talet, men kanskje dei har ei anna mor:

 

* Arne, døypt 19.3.1741: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000002154624

 

* Jørgen, døypt 13.12.1744: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000002156254

 

Eg vil tru ei bygdebok vil kunne avklara dette?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Under Løkøyi i bygdebok for Lom (b. 3, side 367) er ikkje opphavet til Ola Østensson kjent, det står berre f.ca. 1747 d.1809 i Nørjordet. Det er berre ført dei 2 borna du har:

 

- Nils f.1778 (er omtalt side 410 i band 3)  d.1834. Han fekk eit barn utanfor ekteskap i 1803 med Kari Tostensdotter frå Systugu Garmo, og vart g.1803 m. Brynhild Tjøstolvsdotter f.1775 i Brekkøyi, d.1840, som vart husmann i Brekkøyi under Flå, men dei budde også i Blakarsøyi og i Duvdalen. Det var skifte etter Nils i Brekkøyi i 1835.

Ågot f.1782, d.1857 som legdlem på Vågåsar. Ho var ugift men fekk ei dotter i 1816 med ein Ivar Hansson.

 

Bygdebok for Lom (b 4, side 72 under Sulheimøyi) har ikkje identifisert opphavet til Nils Amundsson f.ca. 1712 d.1773. Han var g.1.g. 1737 m. Mari Olsdotter f.ca. 1706 på Nørdre Bakken i Skjåk d.1760 og altså 2.g. 1766 m. Synne (ho er nemnt Jakobsdotter under Sulheimsøyi og Jonsdotter under Løkøyi i bygdeboka). Nils var fyrst i Staurustbakken og seinare Nørjordskvei, og husmann i Sulheimsøyi under Uppigard Sulheim frå kring 1749. Nils hadde 6 barn med Mari og borna Amund f.1765 og Marit f.1768 med Synne.

 

Med helsing

 

Per

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.