Gå til innhold
Arkivverket

Herman Jørgensen og Anna Tollefsdotter - vigde i Krosskyrkja i Bergen i 1746 - kven var dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

18.12.1746 vart dette paret vigd i Krosskyrkja i Bergen:

Herman Jørgensen, enkjemann og Anna Tollefsdotter, pige: https://media.digitalarkivet.no/view/8681/11

 

Dei får, so vidt eg kan sjå, berre ein son:

 

* Tollev, døypt KK, Bergen 3.4.1749: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011686&gardpostnr=8451&personpostnr=68308&merk=68308#ovre

 

men Herman har òg eit par born med ei første kona Kirsti Pedersdotter:

 

* Jørgen, døypt KK, Bergen 25.8.1734: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011686&gardpostnr=6520&personpostnr=52703&merk=52703#ovre

 

* Peder, døypt KK, Bergen 21.5.1738: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011686&gardpostnr=7034&personpostnr=57004&merk=57004#ovre

 

Herman Jørgensen vart gravlagd i Bergen 14.6.1762, 60 år gamal: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=28577&merk=28577#ovre

 

men eg ser ikkje noko til dødsfallet hennar Anna Tollefsdotter!?

 

Eg mistenker Anna Tollefsdotter for å vera fødd i Luster kring 1710 som dotter av Tollef Asbjørnson Heltne (1664-1745), men er ikkje i stand til å prova dette!!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips i denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for nytt innlegg!

 

Dette er nok ei vanskeleg sak å løysa...  Eg ser at denne Anna var «pige», og ho er vel kanskje òg litt i yngste laget...?

 

Kanskje det ville hjelpa å freista finna son henner, Tollef Hermansen?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» sidan mars i fjor.

 

Eg ser at skiftet frå 1746 etter Kirsti Pedersdotter, første kona til Herman Jørgensen, no er komme opp i Digitalarkivet, og dette syner at berre sonen Peder då levde: https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000828372

 

Eg kan leggja til om Anna Tollefsdotter frå Heltne i Luster, at ho i oktober 1733 fekk eit «uekte» barn med Henrik Johannesson (1712-1776), seinare husmann på Lægene under Fortun i Luster.  Barnet, som me ikkje kjenner namnet til, døydde kort etter fødsli, og etter den tid er det ikkje noko meir å sjå til Anna i Luster.

 

Når det gjeld far hennar, Tollef Asbjørnson, so var han fødd i Luster kring 1664, og han dreiv eit bruk på garden Heltne til sist på 1730-talet, men me finn ikkje noko dødsfall for mannen i Luster.  Kanskje flytte han herifrå med ei av døtrene sine?  For Anna hadde òg ei søster, den yngste i søskenflokken på i alt sju, som likeins forsvinn frå Luster:

 

** Rannei Tollefsdotter, fødd kring 1718, vart konfirmert i Luster i 1738: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000456201

 

Namnekombinasjonen er svært uvanleg, men det dukkar opp ei Randi Tollefsdotter i Bergen nokre år etter:

 

Østen Olson, ungkar og matros, og Randie Tollevsdotter, pige, gifte seg i Nykyrkja i Bergen 10.3.1743: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000198065

https://media.digitalarkivet.no/view/8723/92

 

Dette parfolket fekk i alle fall ein son i lag:

 

* Ole, døypt i Nykyrkja (frå Strangehagen) 6.7.1746, men faren vert då brått kalla Torsten Olson: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006043960

https://media.digitalarkivet.no/view/8717/225

 

So ser eg at ein matros Torsten Olsen frå Strangehagen vart gravlagd i Nykyrkja 16.4.1749: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=45080&merk=45080#ovre

 

Det er vel store sjansar for at dette var mann hennar Randi Tollefsdotter.

 

Randi Tollefsdotter opptrer elles som fadder fleire gongar i Nykyrkja, men ikkje etter 1748!

 

Eg er interessert i fleire opplysningar om dei to søstrene Anna og Rannei Tollefsdøttrer og borni deira, men det ville sjølvsagt vera ein stor fordel å vita om eg har finne dei «rette» Anna og Rannei/Randi i Bergen...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppsporing av ein utfordrande huslyd!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.