Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Johan(nes) Larsson Sperstad - husmannsson - fødd i Luster kring 1722 - militær i Lom 1743 - kven var han? - lagnaden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Sesjonsrullen for det 1. Opplandske nasjonale infanteriregiment, det Lomske kompani fra 1751 har fleire interessante namn, mellom anna fire menn frå Luster.  Tre av dei er velkjende frå før, men denne står eg fast på:

 

«Tømmermann Johan Larsen Sperstadt, født i Lyster sogn, husmannssønn, 29 år, fremmed til legdet, gift, innrullert 1743.»

 

Om han heiter John eller Johannes skal vera usagt, men han var fødd i Luster, tydeleg kring 1722, men vart ikkje konfirmert i Luster, so han må vera komen til Lom alt før den tid....  Sperstad er truleg legden som han høyrde til, men han kan ha butt ein heilt annan stad!!

 

Kan nokon hjelpa meg identifisera denne mannen og huslyden hans i Lom?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Om ein ser på det digitaliserte fødselsregisteret for Lom frå 1740-åri, ser me at soldaten Johannes Larsson Offixbø og Marith Torstensdotter Vechin fekk ein «uekte» son Rasmus, døypt 22.10.1747: https://media.digitalarkivet.no/view/9240/83

 

I sesjonsrullen står Johannes som «gift», men det var i 1751, so eg trur det ǵodt kan vera «vår» Johannes som her er nemnd barnefar!?  Og ser ein vidare  vigselsprotokollane for Lom, var det TO stk. soldat Johannes Larsson som gifte seg før 1751, båe etter 1747:

 

* Johannes Larsson soldat og Agatha Andersdotter trulova 13.11.1749, vigde 4.6.1750 - trulovarane var Tjøstel Andvord og Ole Andvord

 

* Johannes Larsson Andvord, soldat og Aasa Knudsdotter trulova 14.4.1750, vigde 25.6.1750 - trulovarane var Sevald Blager og Tjøstel Andvord - brudgom og brur var i 3dje ledd i slekt!

 

Båe vigslene er på denne sida: https://media.digitalarkivet.no/view/9241/191

 

Eg finn ei fødsle:

 

* Lars, døypt 28.5.1752, som av Joh. Larsson Kroken - ingi mor oppgjevi: https://media.digitalarkivet.no/view/9241/8

 

Elles ser det ut til at presten hadde vanskar med å ta med farsnamni på denne tidi..., men ein av desse har tydeleg butt på garden Andvord i Lom og får to døtrer der:

 

* Agatha Johannesdotter, døypt 11.3.1759

 

* Kari Johannesdotter, døypt 9.9.1764

 

So ser eg at Johannes Larsson Andvord vart gravlagd i Lom 11.12.1773, 49 år gamal: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000676756

 

Ikkje godt å vita kven me skal leita etter, men kanskje bygdeboki kan bidra med meir?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per S. Nestande

Hei!

 

Interessant at Johannes og Åse er tremennningar. I bygdeboka for Lom er dei nemde som brukarar på Uppigard Andvord (band 3, side 426). Bygdeboka har ikke funne opphavet til Johannes (f.ca. 1724 d.1773, altså han som du har funne gravlagt i 1773), men Åse var frå Uppigard Andvord f.ca. 1723 d.1770. Ho var dotter til Knut Johannesson fødd på Uppigard Andvord og Ågot Jonsdotter fødd på Sveine. Ut i frå informasjonen bygdeboka har om besteforeldra til Åse og syskena deira, kan eg ikkje seie noko om korleis slektskapet var.

 

Bygdeboka har Ågot dpt.11.3.1759 og Kari dpt.9.9.1764 med som 2 av dei 5 ungane til Åse og Johannes.

 

Eg finn ikkje Johannes Larsson gift med Ågot Andersdotter ført under nokon av bruka eller plassane på Andvord i bygdebok.

 

Bygdeboka (band 3, side 156) har under Kroken nemnd ein Johannes Larsson f.1734 på Nedre Bruheim i Skjåk g.1765 m. Marit Persdotter f.1735 på Grotheim d.1822. Det er ikkje nemd ein eldre Johannes Larsson der. Eg finn heller ikkje nokon Johannes Larsson på nokon plass underr Ofigsbø eller Marit Tostensdotter på nokon plass under Vekkje i bygdeboka, men dei kan vere førde ein annan stad i bygdeboka.

 

Med helsing

 

Per

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per S. Nestande

Eg slo opp i Olav Bræks "Slekter og gårder i Lom og Skjåk". Under Andvord har han opplyst at Lars Eiriksson på Sygard Andvord hadde ein son Johannes som er nemt saman med broren Eirik i 1752 og at dette truleg er den Johannes som vart gift til Uppigard Andvord. Far til Lars var Eirik Gulbrandsson som var bror til Åse Gulbrandsdotter, bestemor til Åse Knutsdotter. Det kan dermed forklare korleis Johannes og Åse var i slekt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Per for nye utfordrande innlegg!

 

Ut ifrå det du seier, so er den einaste mogelege «kandidaten» for husmannssonen frå Luster den Johannes Larsson som gifte seg med Agatha Andersdotter.  Kan henda var det dei som i 1752 fekk denne sonen Johannes på Kroken, men kvar dei so er vortne av, er ikkje so godt å seia...

 

Kanskje bygdebokskrivar Arnfinn Kjelland veit noko meir?  Eller Atle Brandsar?

 

Det hadde vore kjempeartig om me kunne greidd å identifisera denne utflytte lustringen!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips i denne saki!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Atle Brandsar

Det vil nok vera Johannes Larsson som gifta seg med Ågot Andersdotter som er "heitaste" kandidaten din her, ja. Kan det vera Ågot som er avliden her? https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000676418 - Johannes finn eg ikkje i gravferdslistene. 

 

Eg finn ingen Johannes Larsson i konfirmasjonslistene, utanom den seinare brukaren på Andvord, samt ein Johannes Larsson Kjæstad, konf. i 1745 - men det ville vera to år etter at han skulle ha vore innrullert i kompaniet. 

 

Når det gjeld sonen Rasmus, viser dåpsregisterutkastet etter bestefar Kolden til Krøkje (i band 3) - kan nokon sjekke bygdaboka under uplasserte der? Lars, dpt. 1752 (sonen til Johannes og Ågot) er òg lenka dit. Eg finn ikkje fleire born kor Johannes Larsson er far, heller ingen fleire born med Ågot Andersdotter som mor. 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Atle for eit interessant svar!

 

Eg ser du har finne dødsfallet til ei Agatha Andersdotter frå 1768, men er ikkje ho litt i eldste laget?  Alderen kan sjølvsagt vera feil...

 

Elles har eg fått ei melding frå Arnfinn Kjelland, som seier at han diverre ikkje kan bidra med noko når det gjeld denne huslyden.  So då lyt me satsa på at einkvan greier løysa «flokene» på anna vis....  Kanskje kan ein finna - og halda frå kvarandre - dei tre Lars Johannesson'ane fødde i Lom kring 1752/1754 - ein på Bakkeberg, ein på Kroken og ein på Andvord?  Berre ein levde i Lom i 1801, han på Andvord!

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058251000546

 

Det er so synd at kyrkjebokmaterialet frå Lom er so «spinkelt» på 1700-talet!

 

Men eg vonar framleis at noko vil dukka opp og takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Atle Brandsar

Ho vert noko eldre enn Johannes, ja - så det er ikkje sikkert at det er ho. Men, både føre- og farnamn er ikkje av dei aller vanlegaste, så samansetjinga kan nok ikkje gjelde så mange. Ågot som avleid i 1768 er den einaste Andersdottera frå 1733 i Lom (med unnatak av lakuneåra midt i 1780-åra). Moglegheita for at Ågot og Johannes flytte ut or bygda er sjølvsagt òg til stades. 

 

Men: avvent litt kva som står i bygdaboka, band 3, uplasserte under Krøkje. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per S. Nestande

Atle har rett, familien er ført under uplasserte på Krøkje, jf. vedlagde bilete. Det er dessverre lite nye detaljar om familien. 

IMG_9564.JPG

Endret av Per S. Nestande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Atle Brandsar

Takk, Per! Her var det mange usikre både lagnadar og opphav...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Atle og Per for dei siste innleggi om det som vel må vera «vår» Johannes Larsson frå Luster, men me kan ikkja anna gjera enn å «arkivera» opplysningane til meir sikre detaljar skulle dukka opp, ein eller annan stad...  Kanskje flytte dei til ei anna bygd og berre ligg der og ventar på å verta oppdaga...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand so langt!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per S. Nestande

Bygdeboka for Lom har plassert den Rasmus som giftar seg i 1780, som son til Rønnaug Rasmusdotter og Johannes Anderson. Dei er ugifte foreldre i 1751. Rønnaug døydde hjå sonen på Valvål i 1780 opplyser bygdeboka, jf. band 3 side 563. 

Endret av Per S. Nestande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kåre og Per for nye interessante innlegg!

 

For meg høyrest det vel ut som om dette er ein annan Rasmus...

 

Hadde berre kyrkjebøkene for Lom vore litt meir fullstendige...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å freista kartleggja denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.