Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Asbjørn Aamundson (Bolstad) - fødd i Luster 1755 - tiltalt som barnefar i 1779 - forsvinn so frå bygdi - sporlaust! - kvar kan han ha teke vegen? - faster Gjertrud Asbjørnsdotter og søstrer Martha og Inga forsvinn òg!?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Me har fleire einskildpersonar i Luster som berre «forsvinn» på 1700-talet.  Ein av dei er denne:

 

Asbjørn Aamundson, døypt i Luster 12.3.1755, var eldste barnet og einaste sonen til husmann Aamund Asbjørnson og kona Britha Olsdotter på plassen Teigane under Bolstad.  Faren døydde i hærteneste i 1763, og mori hadde tydeleg vanskar med å greia seg åleine.

 

Me kan ikkje sjå at Asbjørn vart konfirmert i Luster, men hausten 1779 vart han tiltalt som barnefar i Luster.  Etter den tid ser me ikkje noko meir til han her!

 

To av søstrene hans voks opp som fosterborn på Ottum i Luster, og dei finn me att, men to andre søstrer «forsvinn» òg:

 

** Martha Aamundsdotter, døypt i Luster 12.6.1761

 

** Inga Aamundsdotter, døypt i Luster 30.1.1764

 

Likeins forsvinn ei søster til far deira:

 

** Gjertrud Asbjørnsdotter (Bolstad), fødd kring 1718, var ugift og budde hjå bror sin på Teigane under Bolstad, men KAN ha trått til for å hjelpa med oppfostringi av borni etter at broren døydde i 1763....  Ho forsvinn nemlig òg frå Luster ganske so «sporlaust»... - sjå innlegg #2 nedanfor!

 

Denne utfordringi vert sikkert ikkje enkel å løysa, men kanskje kan Asbjørn finnast og leia oss til dei andre?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har oppdaga at ei ugift Gjertrud Asbjørnsdotter gifte seg i Årdal 14.11.1756 med enkjemannen Peter Sørenson, ein eldre verksarbeidar på verket i Øvre Årdal. 

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11594/219

 

Peter døydde i Årdal 23.9.1761 i ein alder av 90 år, og i 1763 er Gjertrud busett som tenar på garden Ve i Årdal.  Den seinare lagnaden hennar er ukjend, men kan kanskje søkjast i samband med «forsvinningi» av dei små borni til broren Aamund?

 

Peter hadde frå eit tidlegare ekteskap ei dotter Jaasche Petersdotter (1723-    ) som kring 1749 gifte seg med Torsten Knutson frå Bolstad i Luster (1721-    ).  Desse flytte kring 1760 til Ølve i Kvinnherad, sjå elles følgjande tema:

 

 

Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×