Gå til innhold
Arkivverket

Martha «Martine» Sjursdotter Bolstad (1829-1902) - via Bergen - to ekteskap i Ålesund - til Dale fabrikkar i Bruvik - huslyden hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden med «opphav» i Martha «Martine» Sjursdotter frå Bolstad i Luster har eg hatt mykje arbeid med, og eg føler eg er komen langt, men no står eg «bom fast»!

 

Eg har lagt inn spørsmål i Arkivforum om dødsmeldingar for Martine og eldste dotter hennar, som båe døydde på Dale i Bruvik, men veit ikkje om det er so mykje å henta der...

 

Her følgjer eit manuskript for huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #9 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra Gravminner i Norge:

 

2869309 Knut  Hjertaas  1406  1898  2007  1975  2507  1975      A1  07    Vis  Dale  Vaksdal  
2869310 Knut  Hjertaas    1867  1401  1915  2101  1915      A1  07       Dale  Vaksdal  
2869311 Astrid  Hjertaas  0610  1904  1205  2003  2005  2003      A1  07    Vis  Dale  Vaksdal  
2869312 Olivia Marie  Hjertaas  0503  1865  1502  1931  2102  1931      A1  07       Dale  Vaksdal  
2869320 Alida  Hjertaas  0301  1901  1406  1972  2106  1972      A1  07  14    Vis  Dale  Vaksdal  
2870318 Inger Alfrida  Hjertaas  2510  1908  1209  1992  1709  1992      02  15    Vis  Dale  Vaksdal  
2870319 Sigurd  Hjertaas  2807  1903  0611  1973  1011  1973      02  16    Vis  Dale  Vaksdal  

 

http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=2869309

http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=2869320

http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=2870318

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ole Nielsen Hansen frå Bergen.  Han var son av(....)

 

jenta Ingeborg Gurina Olsdotter frå

##### (opphavet hennar?)

?????

Bergen fylke, Korskirken i Korskirken, Klokkerbok nr. A 5II (1831-1844), Viede 1840, Side 394
Permanent bilde-ID: kb20070321660295
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070321660295
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321660295.jpg 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tore og Grethe for svært interessante og utfordrande innlegg!

 

Etter eg fekk greie på dødsfallet hennar Alida i Bergen, fann eg dødsmeldingi hennar:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/27863/284?indexing=

 

og denne syner mellom anna broren Henrik Hansen som utstroken, medan hin broren Edward skreiv seg Agers!  Under dette namnet fann eg han att, i Winnipeg, MB, som gift med ei engelsk dame Naomi Bartlett, men dei gifte seg tydeleg ikkje før etter 1912, so Edward hadde kanskje eit liv før den tid...?  Han ser ut til å ha vore i St. Louis Co., MN i 1902, men eg finn ingen konkrete opplysningar som stadfester dette!

 

Henrik hsr eg førebels ikkje finne fleire spor etter i Amerika...

 

Her kjem eit manuskript som erstattar manuskriptet frå innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Martha Sjursdotter (Bolstad), f. i Luster 9.3.1829,

Martine Sjursdotter flytte i 1850 til Bergen og sidan vidare til Ålesund der ho gifte seg første gongen 9.8.1860 med Ole Nielsen Hansen frå Bergen.  Han var son av tenestedreng og sidan sjømann Hans Ingebrigtsen i Bergen, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og jenta Ingeborg Gurina Olsdotter frå Bergen og f. i Bergen 2.11.1832.  Ole var målarmeistar, og han og Martine budde i Ålesund der Ole d. alt 27.1.1865.  Martine gifte seg att i Ålesund 25.10.1866 med Agers Olai Anfindson Olsen, òg frå Bergen.  Han var son av skomakarmeister Anfind Nils Olsen i Bergen og kona Alida Johanne Johannesdotter Sivertsen, òg frå Bergen, og f. i Bergen 28.9.1837, men flytte til Ålesund i 1866.  Ogso Agers Olsen var målarmeistar, og han og Martine vart buande i Ålesund der Agers d. 1.2.1891.  Martine flytte sidan som enkje inn hjå dotteri Olivia på Dale i Bruvik der ho d. som enkje 13.9.1902.  Me kjenner til seks born etter Martine, tre frå kvart av ekteskapi:

a. Eduard Severin Olson Hansen, kjend som Edward S. Agers, f. i Ålesund 10.3.1861, var ei tid handelsbetjent i Tromsø

 

     ##### (nemnd der 1885 – ein Edvard Severin Hansen gifte seg borgarleg i Bergen 20.3.1894 med Anne Marie Fredriksen – truleg ein annan(?))

 

     men utvandra til Amerika

 

     ##### (year of emigration?)

 

     og gifte seg

 

     ##### (date and place of his marriage? – probably in Winnipeg, MB after 1912!)

 

     med Naomi Bartlett

 

     ##### (full name and origin? – born London, England about 1876!)

 

     ##### (early residences? – his naturalization in St. Louis Co., MN 1902 – she immigrated to Winnipeg, MB in 1910!)

 

     men flytte hausten 1912 til Winnipeg, Man. der Edward var symaskinseljar («sewing machine salesman»).  Naomi d. i Winnipeg, Man. 23.11.1921, medan Edward Agers d. same staden 5.6.1929. 

 

     ##### (ingen born nemnde 1921!)

 

b. Henrik August Olson Hansen, f. i Ålesund 21.8.1862,

 

     ##### (n. 1865/1875 – utvandra 1883 som handelsbetjent over Bergen til Amerika – er nemnd som Henrik Hansen i dødsmeldingi etter halvsøster Alida i 1923, men namnet er stroke ut! – lagnaden hans?)

 

c. Olivia Maria Olsdotter Hansen, f. i Ålesund 15.3.1865, d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – Dale!?)

 

     15.2.1931.  Olivia gifte seg i Mæland, Alversund 15.4.1894 med Knut Andersson Hjertaas frå Hjertås i Mæland, Hamre, f. i Hamre 27.1.1867.  Han d. som kolonialhandlar på Dale i Bruvik 14.1.1915.  Knut var landhandlar og sidan kolonialhandlar på Dale i Bruvik, og han og Olivia fekk ni born i lag.

d. Alida Johanne Agersdotter Olsen, f. i Ålesund 28.4.1867, d. på eit sjukehus i Bergen 16.8.1923.  Alida var ei tid sjukepleiar på Voss, men flytte sidan til Bergen der ho livnærte seg som butikkdame.  Ho var ugift.

e. Anna Oline Agersdotter Olsen, f. i Ålesund 31.3.1870, d. i Ålesund 29.8.1881.

f. Agers Olai Agersson Olsen, f. i Ålesund 3.9.1871, d. i Ålesund 15.10.1875.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Når det gjeld Hans Ingebrigtsen i Bergen, so føler eg han har eit namn som kan tyda på at han ikkje er nokon «innfødd» bergensar, men kvar han kom ifrå, sjå det er ikkje so godt å seia...

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå hjelp med denne huslyden og vonar sjølvsagt på fleire spennande opplysningar...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.