Gå til innhold
Arkivverket

Anna Olsdotter frå Luster (1827-1858) - gift med Haldor Olsen frå Austrheim (1831-1914), men døydde i barselseng etter tvillingfødsel - lagnaden til denne huslyden?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Anna Olsdotter Bolstad (1827-1858) frå Luster fekk ei kort livssoge.  Ho rekte å gifta seg, men døydde kort tid etter etter å vera nmnedko0mmi med tvillingar.  Borni voks opp, dotteri vart gift og stifta familie, medan sonen levde heime og gjorde «intet» som det står i FT1900.  So gifte faren seg att etter han var fylt 75 år med hushaldaren sin, og dei fekk tre born i lag!!  Søsken med 50 års avstand i alder - slå den!

 

Eg har greve fram det meste om denne huslyden, men no står eg «fast» og vonar på lite vetta hjelp til å fylla diverse hòl...

 

Manuskriptet ser ut som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange informative innlegg frå Carsten er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #7 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips, særleg for å identifisdera siste kona til Haldor samt dødsfalli til tvillingane?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for mange interessante og nyttige innlegg!

 

Du har finne svar på det aller meste, og får å sjekka ut dødsfallet til Oluf Andreas samt leita opp dødsfallet til Elisa, har eg no sendt spørsmål til Arkivforum ved Statsarkivet i Bergen.  So får me ei endeleg avklaring på det!

 

Det vil føra for langt å gå inn på detaljar om borni etter Haldor og Elisa, men eg manglar framleis eit oversyn over kor mange born Anna Oline og Erik Nilsen eigentleg fekk...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Olsdotter, dotter av Kari og husmann Ole Henrikson på Samgrandane under Svangstu lille (1804-1870), var f. i Luster 11.11.1827.

Anna Olsdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 12.10.1856 gifte seg i Årstad med Haldor Olsen frå Hopland i Austrheim.  Han var son av gardbrukar Ole Olson på Hopland, opphavleg frå Lindås lille, og kona Anna Haldorsdotter frå Hopland og f. i Austrheim 26.2.1831.  Haldor Olsen var tenestedreng, og parfolket budde i Nedre Fjellsmug i Bergen der Anna d. i barselseng alt 1.2.1858.  Haldor gifte seg 23.11.1862 att i Nykyrkja i Bergen med Dorothea Christine Henriksdotter Stabel frå Bergen.  Ho var dotter av hattemakarmeister Henrik Olaus Christianson Stabel i Bergen og kona Sara Knudine Josephsdotter Theting frå Bergen og f. i Bergen 28.1.1831.   Haldor Olsen livnærte seg etter kvart som gesell, og han og Dorothea vart buande i Bergen der Dorothea d. 23.11.1891.  Haldor Olsen gifte seg tredje gongen i Årstad, Bergen 5.6.1906 med Elisa Torstensen frå Lindås lille på Lindås.  Ho var dotter av gardbrukar Torsten Martinusson på Lindås lille og kona Olsine Martine Ellingsdotter, òg frå Lindås lille, og f. på Lindås 3.9.1878.  Haldor d. i Bergen 28.11.1914, medan Elisa Olsen d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1934!)

 

Haldor fekk i alt to born, tvillingar frå første ekteskapet med Anna:

a. Oluf Andreas Haldorson Olsen, tvilling, f. i Bergen 24.1.1858, d. på ein pleieheim i Bergen 3.6.1943.  Oluf var frukthandlar og budde i Bergen levetidi ut.  Han var ugift.

b. Anne Oline Haldorsdotter Olsen, likeins tvilling og f. i Bergen 24.1.1858, d. som maskinmeisterkone i Bergen 31.12.1914.  Anna gifte seg i Nykyrkja i Bergen 1.9.1878 med Erik Nilsson frå Sande i Gaular, i Bergen kjend som Erik Nilsen.  Han var f. i Gaular 16.3.1849 og d. som tidlegare dampskipsmasknist og enkjemann på Haukeland i Årstad, Bergen 4.8.1925.  Erik var dampskipsmaskinist, og han og Anna budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk

 

     ##### (talet på born? – inkl. (fleire som døydde små?):

            * Haldor Olsen Nilsen, f. 1882 – n. 1885/1891/1910

            * Anna Erika Magdalene Nilsen, f. 1884 – n. 1885/1891

            * Einar Nilsen, f. 1886 – n. 1891

            * Dorthea Christine Nilsen, f. 1887 – n. 1891/1910)

 

NB: Haldor fekk òg tre born med siste kona si:

c. Haldor Haldorson Olsen, f. Laksevåg 12.1.1907 – n. 1910/1914/1922

d. Thorstein Oliver Haldorson Olsen, f. Laksevåg 12.7.1908 – n. 1910/1914/1922

e. Pernilla Hansia Haldorsdotter OIlsen, f. Lindås 31.5.1910 – n. 1910/1914/1922/1934

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å komplettera denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

21 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

b. Anne Oline Haldorsdotter Olsen, likeins tvilling og f. i Bergen 24.1.1858, d. som maskinmeisterkone i Bergen 31.12.1914.  Anna gifte seg i Nykyrkja i Bergen 1.9.1878 med Erik Nilsson frå Sande i Gaular, i Bergen kjend som Erik Nilsen.  Han var f. i Gaular 16.3.1849 og d. som tidlegare dampskipsmasknist og enkjemann på Haukeland i Årstad, Bergen 4.8.1925.  Erik var dampskipsmaskinist, og han og Anna budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk

 

 

 

     ##### (talet på born? – inkl. (fleire som døydde små?):

 

            * Haldor Olsen Nilsen, f. 1882 – n. 1885/1891/1910

 

            * Anna Erika Magdalene Nilsen, f. 1884 – n. 1885/1891

 

            * Einar Nilsen, f. 1886 – n. 1891

 

            * Dorthea Christine Nilsen, f. 1887 – n. 1891/1910)

 

Jeg har funnet 2 barn som døde små. Begge døpt og gravlagt i Nykirken:

 

Georg Arnold, f. 25.12.1878 (nr. 17): https://media.digitalarkivet.no/view/7148/163

Han døde 18.01.80 (nr. 4): https://media.digitalarkivet.no/view/7155/82

 

Dorothea Christina, f. 09.10.1880 (nr. 140): https://media.digitalarkivet.no/view/7149/187

Hun døde 22.06.1881 (nr. 45): https://media.digitalarkivet.no/view/7155/194

 

Her er i tillegg fødselsdato på de øvrige barna. Alle døpt i Nykirken:

Haldor Olsen, f. 14.11.1882 (nr. 4): https://media.digitalarkivet.no/view/7148/235

Anna Erika Magdalena, f. 09.06.1884 (nr. 84): https://media.digitalarkivet.no/view/7149/249

Einar, f. 24.05.1886 (nr. 1): https://media.digitalarkivet.no/view/7150/58

Dorothea Christina, f. 04.11.1887 (nr. 4): https://media.digitalarkivet.no/view/7150/82

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. og Sven for nye interessante og utfyllande innlegg!

 

Nytt manuskript følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Olsdotter, dotter av Kari og husmann Ole Henrikson på Samgrandane under Svangstu lille (1804-1870), var f. i Luster 11.11.1827.

Anna Olsdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 12.10.1856 gifte seg i Årstad med Haldor Olsen frå Hopland i Austrheim.  Han var son av gardbrukar Ole Olson på Hopland, opphavleg frå Lindås lille, og kona Anna Haldorsdotter frå Hopland og f. i Austrheim 26.2.1831.  Haldor Olsen var tenestedreng, og parfolket budde i Nedre Fjellsmug i Bergen der Anna d. i barselseng alt 1.2.1858.  Haldor gifte seg 23.11.1862 att i Nykyrkja i Bergen med Dorothea Christine Henriksdotter Stabel frå Bergen.  Ho var dotter av hattemakarmeister Henrik Olaus Christianson Stabel i Bergen og kona Sara Knudine Josephsdotter Theting frå Bergen og f. i Bergen 28.1.1831.   Haldor Olsen livnærte seg etter kvart som gesell, og han og Dorothea vart buande i Bergen der Dorothea d. 23.11.1891.  Haldor Olsen gifte seg tredje gongen i Årstad, Bergen 5.6.1906 med Elisa Torstensen frå Lindås lille på Lindås.  Ho var dotter av gardbrukar Torsten Martinusson på Lindås lille og kona Olsine Martine Ellingsdotter, òg frå Lindås lille, og f. på Lindås 3.9.1878.  Haldor d. i Bergen 28.11.1914, medan Elisa Olsen d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1934!)

 

Haldor fekk i alt to born, tvillingar frå første ekteskapet med Anna:

a. Oluf Andreas Haldorson Olsen, tvilling, f. i Bergen 24.1.1858, d. på ein pleieheim i Bergen 3.6.1943.  Oluf var frukthandlar og budde i Bergen levetidi ut.  Han var ugift.

b. Anne Oline Haldorsdotter Olsen, likeins tvilling og f. i Bergen 24.1.1858, d. som maskinmeisterkone i Bergen 31.12.1914.  Anna gifte seg i Nykyrkja i Bergen 1.9.1878 med Erik Nilsson frå Sande i Gaular, i Bergen kjend som Erik Nilsen.  Han var f. i Gaular 16.3.1849 og d. som tidlegare dampskipsmasknist og enkjemann på Haukeland i Årstad, Bergen 4.8.1925.  Erik var dampskipsmaskinist, og han og Anna budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk seks born i lag.

 

     ##### (sjekka talet på born? – inkl. (fleire som døydde små?):

            * Georg Arnold Nilsen, f. NK 25.12.1878, d. 18.1.1880

            * Dorothea Christine Nilsen, f. NK 9.10.1880, d. 22.6.1881

            * Haldor Olsen Nilsen, f. NK 14.11.1882 – n. 1885/1891/1910

            * Anna Erika Magdalene Nilsen, f. NK 9.6.1884 – n. 1885/1891

            * Einar Nilsen, f. NK 24.5.1886 – n. 1891

            * Dorothea Christine Nilsen, f. NK 4.11.1887 – n. 1891/1910 – ?d. Laksevåg 15.11.1913?)

 

NB: Haldor fekk òg tre born med siste kona si:

c. Haldor Haldorson Olsen, f. Laksevåg 12.1.1907 – n. 1910/1914/1922 – gravlagd Trondheim 21.8.1992

d. Thorstein Oliver Haldorson Olsen, f. Laksevåg 12.7.1908 – n. 1910/1914/1922 – d. 26.4.2004

e. Pernilla Hansia Haldorsdotter OIlsen, f. Lindås 31.5.1910 – n. 1910/1914/1922/1934

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So får me avventa og sjå kva Statsarkivet i Bergen seier om dødsfalli til Oluf Andreas Olsen og Elisa Olsen...

 

Elles KAN vel Anne Oline og Erik Nilsen ha hatt fleire born,  Tross alt var Anne Oline berre 29 år gamal då ho fekk sjette barnet sitt i 1887...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er hva som står om Haldor i AUSTRHEIM BIND II hentet fra side 586 og 587.

 

GNR 155 HOPLAND BNR 6

               

                 16. Anna Haldorsdtr f. 1809 på dette bruket (14b) d. 1842 g. 1830 m. Ola

                Olson f 1802 Litlelindås (152/7) cl. 1880. Ho vart spedalsk. Skiftet etter henne

                vart halde i 1843 med arvingane enkjemannen Ola og to søner. Buet eigde ein

                gardpart i Hopland verdsett til 20 spd og i Asebø i Meland til 28 spd. Gardpar-

                ten i Hopland vart utlagt på sonen Haldor, medan parten i Åsebø vart fordelt

                på Ola og sonen Andreas. Elles var her lausøyre for 40 ½ spd og inga gjeld.

                Skiftekostnaden var 10 spd og enkemannen sitt gravferdsvederlag 2 spd, slik

                at arven vart 76 ½ spd. Dei hadde 1 ku, 1 vêr, 2 sauer med lam, ein seksåra

                båt med segl, to linevad, eit vårsildegarn og eit fiskesnøre med blystein. Her v

                mykje sølv: to agnusdei, ei spiseskei, ein tomling, eit staup, ciii kjede, to spit

                søljer, ei anna sølje, ein ring og eit par spenner. Dei hadde elles ein tinntallerk,

                eit tinnfat, ein messinglysestake, tre kister, ei øks, to bryggjekar, eit laken, ein

                lerretsduk, to bråkvitlar, ein mjukkvitel og ein hynde (benkepute). Anna hatt

                flust med gangklede, kanskje laga ho for sal: tre blå trøyer, ei spettet trøye, ei

                grøn og ei raud trøye, ein blå stakk av bai, ein blå vadmålsstakk, ein blå og ein

                svart stakk, eit raudt liv med to par sølvspenner, eit blått liv med eit par sølv-

                spenner, eit raudt liv, to grene liv, ei ullskjorte, ei lerretsskjorte, seks forkle, eit

                halsplagg, sju halsdukar, ei svart hue, seks linhuer, to kragar, to par forermar

                to brystdukar.

                Born: a. Haldor Olsen f. 1831 d. 1914, gesell/fiskehandlar, bustad Bergen,

                g.1.g. 1856 Bergen m. Anna Olsdtr f. 1827 Bolstad, Luster i Sogn d. 1858

                barselseng (jf Lusterb. I s650), g.2.g. 1862 m. Dortea Kristine Stabel f. 1831

                Bergen d. 1891, og g.3.g. 1906m. ElisaTorsteinsdtr £ 1878 Litlelindås (152

                d. 1958. Haldor eigde heimebruket på Hopland (sjå ovanfor), etter å ha kjøpt

               den siste parten av morbroren Berge Haldorson (Ha) i 1849 for 48 spd. Hal-

               dor selde bruket i 1877 til nr 19 nedanfor. Bnr 8 vart samstundes frådelt, det

               utgjorde halvparten av bnr 6. b. Andreas Olsen f. 1833 d. 1865, matros, arbeids-

               mann, g. 1860 Bergen m. Kari Steffensdtr f. 1830 Hopland (bnr 10) d. 1876,

               bustad Bergen. c. Nils Olai F. 1836 d. 4 veker gl.

               17. Enkjemannen Ola Olson (16) g.2.g. 1848 m. Anna Arnesdtr £ 1818 Hopland

              (husmenn 5d) d. 1859. Ho var søskenbarn til den første kona (sjå ovanfor).

              Ola fekk kårbrev frå Ivar Nilson på bnr 7 i 1854 i samband med delinga av bruket.

              Han skulle ha avdråtten av 1 ku og 4 sauer, og årleg 6 våger havremjøl Kårbrev og

              2 tønner poteter, samt 2 kanner tran og 30 kiper tørr torvbrensel. Han skulle ha fritt

              husvære hjå Ivar, men ingen oppvarting eller tilsyn. Ola og Anna flytta til plassen

              Skitnemyra, som låg under bnr 7. Det var bg ein annan plass der, sjå husmenn 9.

              Bom: a. Anna f. 1848 d. 1 dag gl og b. Marta f. 1848 d. 7 dg gl (tvillingar). c. Andrea

              f. 1849 d. 1851. d Andrea f. 1851 d. 1915 g. 1879 m. Ananias  Ellingson f 1853

              Litlelindås d. 1908, budde der (152/1). e. Arne f. 1854, etter at mora døydde

              vart han oppfostra på Utkilen (132/5). Han utvandra til USA i 1876, bustad Minnesota.

              f Martinus f. 1856, etter at mora døydde vart han oppfostra på Hopland (bnr 1).

              Han utvandra til USA i 1876 saman med broren. g. Anna f. 1858 d. 1860 på Leikvoll.

 

 

 

Endret av Harald Husebø
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Harald for eit interessant innlegg om huslyden til Haldor frå Hopland!

 

So vidt eg tolkar dette, so døydde Elisa Olsen i 1958, og eg ser i dødsmeldingsregisteret ei Elisa Olsen som døydde 13.4.1958.  Eg reknar med at Statsarkivet vil stadfesta denne datoen...

 

Nok ein kjempetakk for framifrå innsats for å «nausta opp» denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Harald for eit nytt avklarande innlegg!

 

Då er dødsfallet til Elisa endeleg stadfest og me ventar vel i grunnen berre på at Statsarkivet skal stadfesta dødsfallet til Oluf Andreas...

 

Ein ny kjempetakk for kjempeinnsats om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.