Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Christen/Christian (Erikson) Bolstad - sjømann og arrestant i Bergen kring 1820 - var han frå Luster i Sogn?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne saki har eg hatt liggjande i mange år merka med eit store spørsmålsteikn!

 

På plassen Naustvolden under Bolstad i Luster budde det i åri kring 1790/1800 ein husmann med namn Erik Johannesson (1743-1809).  Han var gift med Martha Johannesdotter (1759-1824), og dei fekk ni born i lag.  Mellom desse borni var det to søner:

 

** Christian Erikson, døypt i Luster 7.1.1790

 

** Christen Erikson, døypt i Luster 5.2.1792

 

Båe sønene voks opp, og den yngste av dei, Christen Erikson, gifte seg i Luster 6.6.1817 med Kirsti Olsdotter.  Dei busette seg som gardbrukarar på nabogarden Mørkrid i Luster der Christen døydde 18.12.1840,

 

So er det at det i Bergen dukkar opp ein Christen Bolstad som er kalla «søfarende arrestant» då han i 1818 vart far til tvillingar i Nykyrkja:

* Jacob: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011816&gardpostnr=1713&personpostnr=5130&merk=5130#ovre

* Magdalena: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011816&gardpostnr=1732&personpostnr=5187&merk=5187#ovre

 

I 1821 er det rimelegvis same karen som dukkar opp som Christen Erikson Bolstad då han fekk ei dotter i Domkyrkja:

* Elen Christine: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011816&gardpostnr=3129&personpostnr=9377&merk=9377#ovre

men som døydde kort etter som fosterbarn på Rødland i Haus: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000433682

 

Og no spør eg i Brukarforum:

 

Er det nokon som greier å identifisera denne sjømannen/arrestanten i Bergen?  Er det same mann som Christian Erikson frå Bolstad i Luster?

 

Og, i so fall; kvar vart det av denne karen etter 1821?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Kan det være denne som er far til de tre barna? 

 

Nummer 43

 

Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Ministerialbok nr. A 12 (1821-1840), Døde og begravede 1824, Side 506
Permanent bilde-ID: kb20070307610028
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070307610028
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070307610028.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for ei spennande melding!

 

Dersom det er den soldaten som døyr i 1824, so er jo han for gamal og ikkje frå Luster.  Men kanskje arrestanten ikkje var frå Luster i det heile?   Det er jo uansett litt «påfallande» at han aldri skriv Christian og berre Christen!

 

Finst det kan henda arrestant-kjelder?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne karen!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×